Bilde 1 av 2
Nye takter

Dei fire første

John Abercrombies trippelalbum med hans første ECM-kvartett er frå ein stilskapar i gitarjazzen.

«The First Quartet» (ECM/Musikkoperatørene) kjem ut i ECMs Old and New Master Series med albuma «Arcade», «Abercrombie Quartet» og «M», innspelt i perioden 1978-80. Med Richie Beirach, piano, George Mraz (bass) og Peter Donald (trommer) var dette Abercrombies første band som leiar. Musikarane har vore hyppige gjester på norske jazzfestivalar, Abercrombie mellom dei mest trufaste. Han dyrka sin eigen stil bort frå den første jazzrocken. Saman med pianisten skreiv han det meste av musikken, og som eldre i eit felt gitaristar med Metheny, Scofield m fl. har han vore spennande å følgje. Her med den eminente bassisten George Mraz og dei andre som møttest i jazzmetropolen for ein mannsalder sidan. Ein fyldig tekst av John Kelman er med om tida då musikken vart til og vegane deira kryssa kvarandre ved fleire høve. Med denne utgjevinga er alt Abercrombie har gitt ut som leiar, samla på ECM. Det er musikk utvikla vidare frå den grunnleggjande styrken frå dei første åra.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Finale med marinen

Med albumet «Latitude» (Lunde Records/Naxos) avsluttar gitarist og komponist Halvard Kausland og vokalist Helle Brunvold trilogien sin med stil, med Det Kongelige Norske Marines Musikkorps. «In Our House» og «Your Song» var dei to første platene, perler i den norske jazzkatalogen med Brunvolds fyldige og vakre vokal, Kauslands stilsikre gitarspel i tradisjonen etter Jim Hall. Med marinebandet forsterka med Håvard Fossum på tenorsaksofon, Magne Arnesen piano, Hans Backenroth trommer og dugande arrangørar, har det musikalske vore i dei beste hender.

Jazz på nordnorsk

«Eg syng jazz på den dialekten eg kjenner best», seier jazzvokalist Eline Hellerud Åsbakk om den fine debutplata «Utenfor» (Turn Left/Musikkoperatørene). Ho har skrive all musikk, med fire framifrå jazzmusikarar frå nord i bandet.

Mer fra: Nye takter