Stavanger

Leiar: Renberg og nynorsken

Utsegna frå fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) om at «nynorsk er unaturlig for Rogaland» er triste og historielause, skriv Bjørn G. Sæbø i denne leiaren.

Dette er en leder. En leder er en kommentar som gir uttrykk for avisens meninger og holdninger.

Planane om samanslåing av Rogaland og vestlandsfylka Hordaland og Sogn og Fjordane har vekt kjensler av same typen me kjenner att frå mange andre sentrum- og periferidebattar i Noreg. Etter at innhaldet i samanslåingsavtalen vart offentleg, har Rogaland stått fram som sentrum og utkant, alt etter kva ein vil med diskusjonen. Det er synd på Stavanger viss Bergen vert den vestlandske hovudstaden, medan me framstår som pripne Frogner-fruer når målfolk i dei to andre fylka står på krava om å halda på nynorsken som offisielt skriftspråk.

Utsegna frå fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) om at «nynorsk er unaturlig for Rogaland» er trist og historielaus. Som Tengesdal veit er hennar eige parti ein del av dei vestlandske motkulturane som ga nynorsken kraft, samstundes som det er trist at ein elles klok politikar gjer nytte av ein retorikk som er så kunnskapslaus. Det er mogleg bokmålet ligg nærare sosiolektar i Stavanger og Haugesund, elles ligg talemålet her i fylket tett klistra opp til nynorsken. Det gjeld òg egersunddialekten til Solveig Ege Tengesdal.

Forfattaren Tore Renberg har sjølvsagt rett når han seier at forestillinga om «finhet» har påverka språksynet til Høgre, som har vore det dominerande partiet i både Stavanger og Rogaland. Høgre er elles eit parti som legg vekt på kunnskap og danning, men framstillinga deira av nynorsken som «skittent», for å sitera Renberg, er lite tiltrekkande. Tore Renberg, som elles skriv bøkene sine på bokmål iblanda stavangerske dialektord, er aktuell i desse dagar med romanen «Du er så lys» – skriven på nynorsk. På same viset som andre har Renberg funne ut at kjennskap til to språk er ein ressurs, nett som det er ein føremon å spela på fleire enn eitt instrument. Målsaka står merkeleg svakt i Stavanger, men kanskje kan skrivemålet til den viktigaste kronikøren her i byen få opp auga på fleire?    

Mer fra: Stavanger