Debatt

Kronikk: Slik får me ein betre kulturskule

For å nå det nasjonale målet om at 30 prosent av grunnskuleelevane skal få plass i Stavanger kommune, treng kulturskulen fleire ressursar, skriv Aps Antonia Kvalsvik i sin kronikk.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Antonia Kvalsvik, Stavanger Ap og styremedlem Stavanger kulturskole

I dag er talet 19 prosent. Stavanger Arbeiderparti vil arbeide for å auke dette og gi dei unge i Stavanger rett på dei same gode tilboda som unge får mange andre plassar i landet.
Det er difor viktig at vi arbeider ut i frå ein visjon som kan realiserast utan omsyn til sosial, økonomisk eller kulturell tilhøyrande. Det må vere eit sterkt prinsipp som baserast på rettferd, og at alle som ynskjer ein plass skal kunne få det same gode tilbodet.

Alle kommunar er lovpålagde å ha eit offentleg musikk- og kulturskuletilbod. Målet må vere å gi alle interesserte born ei moglegheit til å vere elev i kulturskulen. Det er viktig for Stavanger kommune at vi kan ha eit tilbod som kan vere tilstrekkeleg, og som kan konkurrere med tilbodet i dei andre storbyane i Noreg. Dei folkevalde må vise vilje til å satse.

Det viktigaste er alt alle menneske skal ha den same moglegheita til å oppleve og utøve kunst og kultur gjennom eigen aktivitet. Kulturskulen skal vere ein skule for livslang læring prega av glede, oppleving og fellesskap. Brukarane skal oppleve at skulen tek utgangspunkt i den enkelte sine føresetnader, uavhengig av bakgrunn.

Skal vi gi alle våre elevar eit breitt tilbod, er det ein føresetnad at det skal vere økonomisk mogleg for foreldra å ha elevar i kulturskulen. Det er i Stortinget tverrpolitisk einigheit om at det er kommunane sitt økonomiske ansvar å drifte eit godt tilbod for elevane, trass i at det kan vere vanskeleg å finne dei beste løysingane og alternativa i ei krevjande tid. Ein er i kvart enkelt parti ansvarleg for i sitt budsjett finne pengar for dei beste løysingane og tiltaka.

Det er viktig at alle elevar får eit tilbod som kan skape vekst og utvikling. Vidare rekruttering vidare til vidaregåande skular og høgare utdanning viser den viktige samfunnsrolla for kulturskulen; ein kulturinstitusjon for vidareutvikling og talent, for læring og glede for elevar, men også ein institusjon med terapi for dei med spesielle behov eller funksjonshemming.

Stavanger kommune treng ein kulturskule som har sterke samarbeidspartnar. Vi treng eit sterkt samarbeid med grunnskulen, som bidreg med eit sterkt engasjement med sine elevar. Ein kan her også løyse utfordringar med sambruk av lokale, og bruk av eksterne ressursar. Ved eit godt samarbeid kan ein auke kapasitet, og kultur kan implementerast som ein del av skulekvardagen. Eit sterkt samarbeid med kultulivet er ein føresetnad for vidare rekruttering. Likevel er kanskje det viktigaste for kulturskulen å ha eit sterkt og stabilt samarbeid med foreldre og føresette. Kulturskulen er også eit viktig moment i den heilheitlege skuledagen, og må etter mi meining vektleggast meir. Høgre og Framstegspartiet synest vere mest opptekne av målingar og karakterar, og gløymer å sjå heile mennesket.

Stavanger kommune er ein av dei som brukar betrakteleg mindre per elev i kulturskulen samanlikna med andre kommunar. Dette inkluderer også alle i subsidiert undervisning. Stavanger bruker i gjennomsnitt 8.992 kroner per elev. Samanliknar ein dette med Bærum kommune, som likt med Stavanger ikkje har utgifter på husleige, brukar dei i gjennomsnitt 14.275 kroner per elev. Samanliknar ein Stavanger med Sandnes kommune, med den betraktning at Sandnes har husleigeutgifter på 8 millionar kroner i kulturskulen, brukar kommunen 9.200 kroner i gjennomsnitt per elev.

Elevkontingenten for elevane er høge, som også bidreg til at Stavanger kommune har ein av dei dyraste kulturskulane i landet. Dette i tillegg til at kulturskulen har elevgrupper som er større enn gjennomsnittet. Ved det nye opptaket dette året ser ein at ventelistene går ned.
Dette kan sjåast i lys med at kulturskulen er så dyr, at det ikkje er like mange som kan nytte seg av tilbodet når det er økonomisk nedgang i kommunen. Ein kan her til dømes sjå på løysningar som er gjennomførte i andre byar, der dei med lågare inntekt har friplassar og at ingen familiar betalar meir enn tre elevplassar.

Stavanger kommune har talent på mange ulike områder. Det er trass i nedgangstider viktig å vidare ha ei høg prioritering av kulturskulen og nedkjempe kutt. Det er dei politiske prioriteringane som er avgjerande for korleis kulturskulen utviklast og formast vidare. Moglegheitene er der, då er det også på tide å finne dei rette prioriteringane.

Mer fra: Debatt