Stavanger

Kronikk: Hugsar du då Stavanger var ein eigen kommune?

Kva vil du svare om 30 år dersom dine barnebarn eller oldebarn spør deg om du stemte for eller mot kommunesamanslåing i 2016 – og kvifor? spør Anne Kristin Bruns (KrF).

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Anne Kristin Bruns, bystyrerepresentant KrF

Kva vil du svare om 30 år dersom dine barnebarn eller oldebarn spør deg om du stemte for eller mot kommunesamanslåing i 2016 – og kvifor?
   – Levde du i gamle dagar, mormor, då Stavanger var ei eiga kommune? Hugse du då dei stemte over om Stavanger skulle slå seg saman med andre kommunar i 2016? Kva svarte du då?  
   – Eg svarte ja, det ville eg. Men det var mange diskusjonar og mange meiningar. Eg var politikar på den tida og sat i bystyret for KrF. No er det 30 år sidan vi bestemte dette, og i 1965 hadde vi den same diskusjonen. Begge gongane var det mykje debatt og krangling, men i dag ville vi ikkje gått tilbake. Du veit at folk helst vil ha det slik vi alltid har hatt det.
   – Var der verkeleg eit rådhus i Stavanger? spør Frida vidare.
   – Ja, det låg midt i byen. Det var ikkje så mange som visste kvar det var, men vi politikarar hadde kontor og mange møter der. Her kunne folk kome og spørje om ulike ting som vi i dag finn på nettet. Etter kvart blei det så mange som hadde desse tekniske hjelpemidlane at det ikkje kom nokon på rådhuset lengre. Derfor var det ikkje viktig for folk at rådhuset låg i Stavanger.
   – Men, kor mange folk hadde vi vore om vi berre hadde blitt Stavanger åleine?
   – Då hadde vi vore ein middels stor kommune, men sidan vi slo oss saman med fleire er vi no Noregs tredje største kommune, og vi er halvparten av Rogaland sine innbyggjarar. Vi har rikt med arbeidsplassar her, men hadde ikkje vi politikarar teke grep saman med næringslivet og folket, hadde nok mange forsvunne og nye ville ikkje etablert seg her. Vi måtte bli einige om kva næring vi skulle satse på, og kva slags kollektivtilbod vi skulle byggje.

– På den tida var det krise i oljeindustrien og mange mista jobbane sine. Heldigvis klarte vi å begynne med nye næringar, som mat- og havindustri og nye gründerverksemder. Vi måtte jobbe saman for å skape nye arbeidsplasser.
   – Kommunen vår hadde heller ikkje fått så mange oppgåver fordi vi hadde vore mindre enn dei andre nye kommunane i landet. Meir hadde blitt styrt frå Oslo og politikarane der. Eg trur ikkje vi hadde klart å få til det gode sambandet til flyplassen og resten av Jæren om vi ikkje gjorde dette saman. Heller ikkje nordover mot Haugalandet. Så er det jo klart at det ikkje hadde vore noko kjekt om vi blei mindre enn Kristiansand og i alle fall ikkje bitte liten i forhold til Bergen.
    – Kva vi skulle heite skapte mange kjensler hjå folk. Ja, eg forstår at folk ikkje likte at kommunen skulle heite Nord-Jæren,  men vi tenkjer framleis om oss sjølve som Stavanger, Sandnes, Sola, Rennesøy og Finnøy. Ja, du kan smile, du, men for mange var det faktisk viktigare kva vi skulle heite, enn kva vi skulle bli. For meg var det viktigaste at du og dei som kjem etter oss bur i ein kommune og ein region som kan ta eigne val, som kan styre våre eigne utfordringar slik vi på Vestlandet og Rogaland meiner det er best.
   – Derfor måtte vi tenke framover. Ut over vår eiga tid og vidare slik at du, Frida, kunne bu i ein kommune der byane samarbeide om å gjere det best mogleg for deg. Eg har heile tida tenkt at saman blir vi betre, og saman blir vi sterkare. Vi måtte få ein sterk region som ikkje blei styrt frå Oslo. Vi ville styre oss sjølve.

– Byane jobba godt saman i den nye kommunen for å skape attraktive bykjernar og nabolag for din generasjon, Frida, med minst mogleg trafikk og støy. Eg hugsar då KrF tok initiativet til sykkelstamvegen der far og mor sykla til jobben kvar dag.
   – Det er også viktig at vi har gode tilbod til alle, uansett kvar ein er i livet. Som du veit, Frida, koste alt pengar, og ved å vere større og sterkare kan vi faktisk spare pengar. Mykje mindre byråkrati. Eldreomsorga har blitt dyrare, fordi vi er fleire eldre i kommunen vår. Då er det godt at vi også er fleire som betaler skatt og bidreg på ulike måtar. Fordi vi slo oss saman har tenestetilbodet blitt styrka. Mellom anna er der fleire barnehagar og fleire ulike sjukeheimar å søkje på.
   – I politikken gjorde vi det slik at det blei færre medlemmer i bystyret og fleire i bydelsutvala. Det gjorde vi for å styrke lokaldemokrati i alle deler av kommunen og for å spare pengar. Du veit at eg sat i bystyret i Stavanger kommune?
   – Ja, det veit eg, men det var i gamle dagar, mormor. Det var ganske interessant at du var med å bestemte dette. Tenk kor annleis alt hadde vore om de hadde sagt nei.

Følg RA på Facebook og Twitter!

Mer fra: Stavanger