Nyheter

«Gjennom Lyttevenn blir det skapt ein arena for fleire generasjonar i skulen»

Kva skjer når ein pensjonist hjelpe eit skulebarn med leseferdigheiter?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

av: Anne Kristin Bruns, bystyrerepresentant KrF

– Som pensjonist blir det en ganske så brå stopp når et travelt arbeidsliv er over, særlig om man ikkje har gode aktiviteter å holde på med. Så kom dette med Lyttevenn opp, og det synes eg var en god aktivitet. Det gjør at du får unge venner i byen. Man blir mottatt veldig godt av barna, seier Johan som er lyttevenn i Flekkefjord kommune.

Ein elev seier:
– Man blir veldig god venn med lyttevennen og flinkere til å lese. Det å ha lyttevenn er liksom som å ha en bestemor og bestefar.

Ein lærar seier:
– Det har vore ein fryd å ha lyttevennen i skolen! Det å få inn dei unge pensjonistane, og dei eldre, og skape møteplasser mellom generasjonane i skulen, det gjer godt.

Og no kjem Lyttevenn til Stavanger!
Kvifor Lyttevenn? Formålet med Lyttevenn-prosjektet er å bygge bru mellom generasjonane og utvikle ein modell for eldre sin aktiv deltaking i skulen. Det bidreg til å stimulere og motivere leseferdigheiter og leselyst hjå barn i alderen 7 til 9 år (2.-3.-klasse) i samarbeid med skulen sitt pedagogiske personale.

Barn får hjelp til å utvikle leseferdigheiter og får regelmessig kontakt med ein trygg voksen som gjev dei udelt merksemd. Vaksne, gjerne pensjonistar, bruke litt tid kvar veke på noko svært betydingsfult og opplever at det er bruk for dei.

Gjennom Lyttevenn blir det skapt ein arena for fleire generasjonar i skulen.

Som politikar for KrF i Stavanger er eg mellom anna oppteken av frivilligheit i offentleg sektor. Vi treng nye bileter for korleis dette kan sjå ut, fordi vi har så altfor lite samarbeid på tvers av sektorane. Med Lyttevenn-prosjektet, utvidar vi og flytte grensene for frivillig engasjement i offentleg sektor på ein måte som kan vere et førebilete for mange andre.

For fleire år sidan høyrde eg om prosjektet Lyttevenn på ein konferanse for frivilligsentralar i Noreg. Denne ideen har ikkje slept taket og når eg no er både oppvekstpolitikar, bydelspolitikar og styreleiar for Frivilligsentralen på Hinna/Hillevåg fekk eg moglegheit til å jobbe vidare med dette. Eg tok kontakt med Flekkefjord Frivilligsentral som har dreve dette prosjektet i samarbeid med Flekkefjord kommune sidan 2009.

Ideen og initiativet kom frå Vest-Agder fylkeseldreråd. No har alle barneskulane i Flekkefjord kommune lyttevenn som ein naturleg del av skulekvardagen.

Det er med stor glede og entusiasme at vi etter haustferien skal starte opp eit pilotprosjekt ved to skular i Stavanger kommune, Jåtten og Byfjord skule.

«Dette må vi få til. Det er ein vinn-vinn situasjon,» sa Arne Kristian Espedal, rektor ved Jåtten skule etter første informasjonsmøte.

«Eg har allerede fleire aktuelle lyttevenner i tankane, og eg gled meg til dette,» seier rektor Kjersti Schibevaag ved Byfjord skule.

Dagleg leiar på frivilligsentralane har stilt seg positive til prosjektet, og er spente på å kome i gang. Målet er sjølvsagt at dette kan vere eit tilbod på alle skular i Stavanger kommune, men det er avhengig av at vi får nok lyttevenner og at det er praktisk mogleg å gjennomføre dette på dei ulike skulane.

I Lyttevenn-prosjektet er frivilligsentralen aktivt inne og kvalitetssikre dei som er lyttevenner. Dei er med å rekruttere, ha informasjonsmøter og lage lister. På Hinna er Hinnasenteret også aktivt med. Skulane sitt ansvar er å legg til rette for ledige og eigna lokaler, lage liste over aktuelle elevar, finne tidspunkt i timeplanen og orientere foreldre om moglegheiten til å reservere seg.

Kven kan vere lyttevenn? Lyttevennane er gjerne pensjonistar som har tid til overs og som trives i selskap med barn. Det er sjølvsagt også høve for andre enn pensjonistar til å ta del i arbeidet som lyttevenner, og du treng ikkje å ha pedagogisk utdanning.

Kva krevest av ein lyttevenn? Ein lyttevenn må ha tid og lyst til å vere med barn. Lyttevennen må ha ein godkjent politiattest og skrive under på teieplikt.  Lyttevennar får ikkje lønn, men skal heller ikkje ha utgifter med sitt engasjement. Dei får der det er nausynt dekka transportutgifter og ein gratis kopp kaffi i ny og ne.

KrF har i sitt program for 2015-2019 sagt at vi vil legge til rette for eit nærmare samarbeid mellom skulane og frivilligsentralane i bydelane. Vi vil og legge til rette for at Stavanger kommune nyttar seg av seniorar og eldre som ressurssterke menneske med mykje energi og livserfaring. Her kjem prosjektet Lyttevenn inn som eit prosjekt som både romme samarbeid og tek i bruk eldre som ein ressurs.

Bli lyttevenn du også!

Mer fra: Nyheter