Annonse
Rett og godt namn på det nye fylket er ikkje vanskeleg å finna. Det ligg i dagen. Fylket kan heita Fjordane. Her fra Høyanger ved Sognefjorden. Foto: NTB scanpix

Vi deler landet i fire. Vestlandet er ein av dei.

DEBATT: Desse namna kan vi ikkje nyttast om kva som helst anna. Same namnet på fleire område lagar problem i svært mange samanhengar.

Annonse
Rogalandsavis

Av Anders M. Andersen

Difor går det ikkje å gjera Vestlandet til namn på det samanslegne fylket av Sogn og Fjordane og Hordaland. Då skal namnet snart  tyda det eine, snart det andre. Namnet på landsdelen nyttar alle i heile landet. Det vil gå seint av bruk, kan henda aldri. Same namnet vil bli nytta om begge. Det fører til at bruken kvar gong må forklarast med eit tillegg: Fylket Vestlandet eller landsdelen Vestlandet.

Like fullt kjem stadige mistydingar og samanblandingar. Det lagar endelaust rot og kaos. Slik namnsetjing kan Stortinget ikkje gjera. Ja då; det finst to byar i Tyskland som heiter Frankfurt. Upraktisk på mange vis. Men den eine ligg ikkje inne i den andre. Dette blir heilt anna og mykje verre.

Rett og godt namn på det nye fylket er ikkje vanskeleg å finna. Det ligg i dagen. Fylket kan heita Fjordane. Dei to fylka er berre fjordar, store og små. Kvar einaste kommune ligg til fjord; til og med innlandskommunen Voss. Namnet er logisk og praktisk, og lagar klart skilje mot Rogaland og Møre og Romsdal. Fylket skal styrast på nynorsk. Då er det berre rett og rimeleg at dette går fram av namnet.

Ein liten bit av ein bydel i Oslo, Vika, vil dei gjera til namn på eit vidt og svært landområde av flatbygder, dalar og fjell opp til Hallingdal og grensa mot Hardanger. Vik er det ikkje, og vert det ikkje. Vik er namn på meir enn ein stad. Vikar finst det tusenvis av i dette landet; og kan ikkje vera namn på det største og folkerikaste området i landet. I Oslo-vika sat det i vikingtida småkongar som rådde over Opplanda. Dei stod imot rikssamlinga, fortel Snorre. Her har dei så funne eit historisk-romantisk namn på noko som kan bli stort som ein delstat. Anar vi ein draum om region og union og ikkje lenger nasjon?

Så kjem dei med den unorske (eigenleg svenske) namneforma «Viken», som er nytta i dei norsk-danske og, om ein vil «riksmåls»-omsetjingane av, ja nettopp Snorre. Ingen i Oslo, ikkje ein gong dei mest  riksmålstalande, seier anna enn Vika om den verkelege staden. «Viken» er utanfor verda, utanfor tid og stad.

For den søraustnorske delstaten, om han blir så stor, finst ikkje klart naturnamn. Til det er denne samanslåinga for unaturleg, rett ut sagt. Då er det enkle og sjølvsagde at området får ha namnet som alt er i bruk: Søraustlandet. Endefram og greitt å vedta. Ikkje søkt eller mystisk konstruksjon.

Annonse