Annonse
– Studentmediene ved UiS – SmiS – slåt til med ei sak i sitt nye magasin som er både oppsiktsvekkande og nedslåande. Saka fremjar pornokultur, skriv Anne Kalvig i Ottar. Faksimile: SmiS

Studentmagasin fremjar pornokultur

DEBATT: Saka fremjar pornokultur, og Ottar vil utfordra SmiS til å grunngje sitt syn på seksuell opplysning til studentar.

Annonse
Rogalandsavis

Av: Anne Kalvig, medlem av Kvinnegruppa Ottar 

Stadig fleire protesterer mot pornokulturen, slik Kvinnegruppa Ottar har gjort i fleire tiår. I denne skjerpa offentlegheita slår Studentmediene ved UiS – SmiS – til med ei sak i sitt nye magasin (1/17) som er både oppsiktsvekkande og nedslåande. 

Saka «Kampen mot vanesex» av Elise Gundersen får to heile sider (30–31). Trass i at studentar ofte er 19–24 år, blir det her framstilt som om dei har hatt enorme mengder seksuelt samvær som er blitt kjedeleg og rutineprega, og dette må folk gjera noko med. Sex framstår som noko bare heterofile par driv med, og kjærleik, nærleik og varme blir heller ikkje nemnt med eitt ord. 

«Løysningane» Gundersen presenterer på problemet med den allstadnærverande, dårlege sexen, er henta frå pornoens verd, med ideen om sex som noko «skittent» som premissleverandør. Pornoen treng at folk trur på løgna om seksualitet som skittent og forbode, for at pornoindustrien skal vera profitabel. Journalisten foreslår rollespel der underordning og tvang er tema, leiketøy med smerte i fokus, seksuelle praksisar som «dobbelpenetrering» og bondage og sadomasochisme (BDSM), som tyder fastbinding, smertepåføring og underkasting. «Det er på tide å trappe opp drøyhetsskalaen», skriv Gundersen. Kven avgjer det? Kven sitt ærend er det journalisten spring? Hennar avsluttande råd til par som «slit» er å ha sex med fleire på ein gong, gjerne i ein swingersklubb, for det skal vera pirrande å ha «litt konkurranse».  

Denne rådgjevinga – som me må gå ut i frå at SmiS-redaksjonen, i alle fall ansvarleg redaktør, stiller seg bak – er ei oppskrift på dårlegare sjølvbilete, frustasjonar, skuffingar, øydelagde relasjonar, grensekrenkingar, fysiske og psykiske skadar og tileigning av eit forkvakla menneskesyn. Folk – verken unge eller gamle – er ikkje sexmaskinar. Porno er ikkje oppskrifta på sunt samliv og god sex!

Underordning, smerte, overgrep og vold er i kjernen av pornoen. Kvinnehat er den naudsynte understraumen her. Dette kjem til fulle fram i lesarinnlegget frå «Gutt, 24» som får krydra oppslaget med ei forteljing om ei stygg jente han hadde med seg heim. Ho var særleg fråstøytande fordi ho ikkje hadde barbert kjønnsorgan, slik pornoen har normalisert. Ei motorsag kunne kanskje gjort nytte, «spøker» innsendaren med. Tilsvarande skriv «Jente, 22», foraktfullt om at ho har ligge med ein overvektig gut, og det har altså vore hennar «flaue» sexhistorie.

Menneskeforakt, misforstått frigjering, totalunderkasting av pornoens logikk og skadelege krav er altså kva SmiS tilbyr studentane i sitt fyrste magasinnummer. Medan stadig fleire individ og grupper protesterer mot pornoindustri og pornofisering og krev tiltak som skåner barn mot nettporno. Norske barn er i verdstoppen kva gjeld nettpornokonsum blant barn og unge.

Porno er ikkje bare usanne og dårlege sexpraksisar, det er prostitusjon, levande menneske som blir betalte for å stilla kroppane sine til rådvelde, med store omkostingar, på kort og lang sikt, på individ og samfunnsnivå. Det pornofiserte menneskesynet og manglande likestilling fører med seg voldtekter og overgrep – som me veit rettssystemet overhovudet ikkje prioriterer. Dette ville me trudd at eit magasin med studentar som lesarar, hadde greidd å forholda seg til. Ta samfunnsoppgåva dykkar på alvor!

Annonse