Debatt

Stiller vi opp på heimebana?

DEBATT: Vi som voksne er ansvarlege for å skape det gode klimaet i heimen.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Anne Kristin Bruns, Stavanger KrF

«Tenåringstiden var tøffe for meg. Eg va usikker på kem eg va og kossen eg sko forholla meg te alt rundt meg. Det e så møje så skjer på alle kanta. Eg trengde eg at du, mamma va det stabile i mitt liv, va der for meg, at du elska meg uansett koss eg oppførte meg».

Vi har ein ærleg og open samtale nokre år etter at eit av barna mine var tenåring. Eg kjenne at dette skapte mange kjensler inni meg som mor. Som foreldre er dette kanskje det mest sårbare. Å få ærlege tilbakemldingar på korleis barna har erfart heimen og foreldreskapet, er vanskeleg og godt. Nettopp fordi ein så gjerne vil gjere alt rett.

Det er ikkje like enkelt å vere tenåringsmor. Etter å ha gått gjennom dette for fjerde gong trur eg at eg veit litt om kva eg snakke om. Ofte kjenne eg meg tilkortkomen, har dårleg samvit for at eg ikkje klare å nå inn til tenåringen min.

Fleire gongar har eg tenkt at dei sikkert ikkje vil ha kontakt, at dei ikkje vil at eg etterspør, at eg er utradert og ikkje forstår ungsdommen min. Så får eg tilbakemelding på at eg var der var det som betydde noko.

Familien er den viktigaste arenaen der borna mine kan kjenna at dei høyrer til og er i fellesskap med andre. Klimaet for trivsel er avgjerande. Å vera ei god mor, som har tid og som er til stades med heile meg handle også om korleis eg som voksen legg til rette for eit godt klima. Foreldre har ansvar for sine barn og vi er deira viktigaste rollemodeller. Vi som voksne er ansvarleg for å skape det gode klimaet i heimen.

Ungdomsundersøkelsen «Hør på meg» 2016 er svart av 5000 ungdommar i Stavanger. Den gir oss eit godt inntrykk om kva for utfordringar ungdommane har, og kva grupper som er mest utsette.

Den viser at ungdommane i Stavanger har det stort sett veldig bra. Dei er fornøgde med foreldra og åtte av ti seie at foreldra er deira viktigaste støttespelarar og dei har god kontakt med dei. Ungdommane seier at dei er nøgde med nærmiljøet og dei er optimistiske med tanke på framtida, dei er aktive og klare seg bra.

Likefult har gruppa som oppleve seg å ha eit svært lav depressiv stemningsleie auka for begge kjønn.  Lav depressiv stemningsleie handle kanskje om å kjenne på og vere klar over kva som skjer inni ein.  Slik som guten min uttrykte at ein leite etter å finne seg sjølv i ei tid der krav og forventningar er store. At dei då har voksne som står saman med dei og hjelpe dei gjennom denne fasa er viktig.

KrF foreslo i 2016 å innføre ordninga «Livsmestring i skolen», etter modell av den kulturelle skulesekken. Nokre skuletimer i månaden kan skulen gi elevane undervisning i tema som vedkjem dei i kvardagen, og der det er rom for samtale og refleksjon utan fagleg vurdering.

God førebygging er kjernen i at fleire kan unngå å utvikle ei psykisk liding, ved å vite korleis å søke hjelp. Her er skolehelsetjenesta sentral. De siste åra har KrF tatt initiativ til å bevilga om lag 1 milliard kroner til skulehelsetenesta, der 320 millioner er øyremerka til fleire stillingar i helsestasjonane og skulehelsetenesta. Dette er mennesker som skal møte barn og unge med dei fysiske og psykiske problemene dei har.

Ungdomssundersøkinga kjem også fram med utfordrande opplysningar om at 21 prosent av jentene seier at dei har prøvd å skade seg sjølv, og 8 prosent av gutane seie det same. Ungdommane har smerte dei ikkje klare å setje ord på, og då er det godt at ungdommane kan få hjelp. Korleis skal vi som samfunn møte desse utfordringane? Her er det ikkje eit enkelt svar. Vi må stå saman på ulike områder, både lokalt og sentralt. I møte med slike resultat er det viktig å få fram at KrF har fått med seg eit samla Storting på ein økonomisk forpliktande opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse. I denne planen skal barn og unge sine eigne erfaringar og råd inkluderast.

God førebygging er kjernen i at fleire kan unngå å utvikle ei psykisk liding, ved å vite korleis å søke hjelp. Her er skolehelsetjenesta sentral. De siste åra har KrF tatt initiativ til å bevilga om lag 1 milliard kroner til skulehelsetenesta, der 320 millioner er øyremerka til fleire stillingar i helsestasjonane og skulehelsetenesta. Det betyr noko for ungdommene våre når helsesøster faktisk er tilstades på skulen mer enn fire timar i veka. For meg som mor er det godt at andre enn meg sjølv kan vere samtalepartner for mine barn.

Det er viktig at skulen og det offentlege er involvert i våre barn sine liv, men vi foreldre må ikkje gløyme at det er viktig at vi også er det.

Eg må gripe dei gylne augneblikka. Då kan eg ikkje alltid vere på farten eller vere oppteken av min karriere og mitt liv. For meg i alle fall, gjev det eit bedre klima om vi klarer å snakke om ting som opptek oss, rett og slett fordi eg er interessert i å bli bedre kjend med barna mine. Eg trur ikkje at eg er åleine om å oppleve og kjenne på utfordringane det er å vere mor og far.

Som foreldre er vi dei viktigaste støttespelarane for ungdommane våre. Det har dei sagt sjølv, så vi må ikkje miste sjølvtillita på at vi faktisk har mykje å bidra med. Det er faktisk vårt ansvar at vi legg til rette for den gode samtalen og lære våre barn og ungdommar å takle både oppturar og nedturar. Heldigvis har vi også moglegheit for å søke hjelp, når utfordringa er for stor å bære sjølv.

På same måte som klimabevisstheit i eit miljøomsyn handle om å ta viktige val, gjer familieklimaet det også. Akkurat som vi er bekymra over miljøklimasituasjonen i verda, må vi også ta vare på og støtte oppunder familieklimaet på heimebane.

Mer fra: Debatt