Debatt

Lyttevenn – kunnskap og venskap

DEBATT: Kva skjer når en pensjonist lyttar til ein skuleelev som les høgt?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Anne Kristin Bruns, Stavanger KrF

«Som pensjonist blir det ein ganske så brå stopp når eit travelt arbeidsliv er over, særleg om ein ikkje har gode aktivitetar å holde på med. Så kom dette med Lyttevenn opp, og det synast eg var ein god aktivitet. Det gjer at du får unge vener i byen. Ein blir veldig godt motteken av barna,» seier Johan som er lyttevenn.

Ein elev seier: «Ein blir veldig god venn med lyttevennen og flinkare til å lese. Det å ha lyttevenn er liksom som å ha ei bestemor eller ein bestefar.»

Ein lærar seier: «Det har vore ein fryd å ha lyttevennen i skolen! Det å få inn dei unge pensjonistane, og dei eldre, og skape møteplassar mellom generasjonane i skulen, det gjer godt”

«No har vi hatt 19 Lyttevenner på Jåtten skule i eit heilt år, og det er ein stor vinn-vinn situasjon for elevane, lyttevennane, foreldre og lærarane.» Rektor Arne Kristian Espedal kan ikkje skryte nok.

Kvifor Lyttevenn? Formålet med Lyttevenn-prosjektet er å bygge bru mellom generasjonane og utvikle ein modell for eldre sin aktiv deltaking i skulen. Det bidreg til å stimulere og motivere leseferdigheiter og leselyst hjå barn i alderen 7 til 9 år (2.-3. klasse) i samarbeid med skulen sitt pedagogiske personale.

Barn får hjelp til å utvikle leseferdigheiter og får regelmessig kontakt med ein trygg voksen som gjev dei udelt merksemd. Vaksne, gjerne pensjonistar, bruke litt tid kvar veke på noko svært meiningsfullt og opplever at det er bruk for dei.

Gjennom Lyttevenn blir det skapt ein arena for fleire generasjonar i skulen. Seniorar og pensjonistar er ressurssterke menneske med mykje energi og livserfaring. Også eldre vil leve sjølvstendige og aktive liv. KrF vil legge til rette for at eldre som ønsker det kan bidra med sin kunnskap og kompetanse i samfunnet. Lyttevenn er her eit godt døme.

Som KrF-politikar er eg mellom anna oppteken av frivilligheit i offentleg sektor. Vi treng nye bilete for korleis dette kan sjå ut, fordi vi har så altfor lite samarbeid på tvers av sektorane. Med Lyttevenn-prosjektet utvidar vi og flytter grensene for frivillig engasjement i offentleg sektor på ein måte som kan vere et førebilete for mange andre.

For fleire år sidan høyrde eg om prosjektet Lyttevenn på ein konferanse for frivilligsentralar i Noreg. Denne ideen har ikkje slept taket og når eg no er både oppvekstpolitikar, bydelspolitikar og styreleiar for Frivilligsentralen på Hinna/Hillevåg fekk eg moglegheit til å jobbe vidare med dette.

Eg tok kontakt med Flekkefjord Frivilligsentral som har drive dette prosjektet i samarbeid med Flekkefjord kommune sidan 2009. Ideen og initiativet kom frå Vest-Agder fylkeseldreråd. No har alle barneskulane i Flekkefjord kommune Lyttevenn som ein naturleg del av skulekvardagen.

Kven kan vere lyttevenn? Lyttevennane er gjerne pensjonistar som har tid til overs og som trivast i selskap med barn. Det er sjølvsagt også høve for andre enn pensjonistar til å ta del i arbeidet som lyttevenner, og du treng ikkje å ha pedagogisk utdanning.

Kva krevst av ein lyttevenn? Ein lyttevenn må ha tid og lyst til å vere med barn. Lyttevennen må ha ein godkjent politiattest og skrive under på teieplikt. Lyttevennar får ikkje lønn, men skal heller ikkje ha utgifter med sitt engasjement. Ein gratis kopp kaffi i «ny og ne» er derimot vanleg.

KrF har i sitt program sagt at vi vil legge til rette for eit nærmare samarbeid mellom skulane og frivilligsentralane. Vi vil og legge til rette for at fleire kommunar nyttar seg av seniorar og eldre som ressurssterke menneske med mykje energi og livserfaring. Her kjem prosjektet Lyttevenn inn som eit prosjekt som både romme samarbeid og tek i bruk eldre som ein ressurs.

Mer fra: Debatt