Debatt

Eit pinsamt kapittel i norsk velstandshistorie

KRONIKK: Au pair-ordninga må avviklas, skriver Ingrid Kristine Aspli (SV).

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Ingrid Kristine Aspli, Bystyrerepresentant, Stavanger SV

Vi kan ikkje vere kjende med å framleis halde på ei ordning som har så mange tilfelle av utnytting og misbruk.

«Eg arbeider frå 7 om morgenen til 22 om kvelden», «Foreldra reiste ei veke til New York mens eg var heime med barna», «Han sa vi har andre reglar her heime enn dei som sto i kontrakten», «Han pressa meg til sex mens kona var i etasjen under», «Då politiet kom vart eg trygla om å seie at eg hadde det bra.»

Vi har lest ein del om au pairar i Noreg dei siste åra. Det heile toppar seg med ein rettssak mot eit ektepar i Oslo denne månaden, med opplysningar og forklaringar som er rett og slett smertefullt pinsamt.

Vi har tatt imot au pairar sidan 1969. Spør du den gjengse nordmann no i dag, er det nok eit mindretal som forbind au pairar med språk- og kulturutveksling. Men det var det som var den opprinnelege tanken. Vi skulle få unge menneske på besøk, og sende unge menneske ut, for at dei skulle få kjennskap til nytt språk og ny kultur. Tanken var jo god.

Det er omtrent 3000 au pairar i Noreg kvart år. 86 prosent av dei kjem frå Filippinene. Eit land kor 11 prosent av bruttonasjonalproduktet er pengar som vert sendt heim frå personar som arbeider i utlandet. Eit land som strever med eit folketal i rask vekst, eit land med stor fattigdom og naud.

På det norske au pair-senteret sine sider står det følgjande oppfordring til norske vertsfamiliar: «Han eller hun er først og fremst et ungt menneske dere som familie må være oppriktig interessert i å bli kjent med.» Retningslinene seier at au pairen skal behandlas som eit familiemedlem.

«Glem aldri maktbalansen» står det vidare. Eg les: «mange au pairer som kommer til Norge fra land utenfor Europa kommer fra fattigdom og endog nød. At vi som vertsfamilier er rike, kan språket og systemet, skaper en skjev maktbalanse i forholdet mellom au pair og vertsfamilie. Som vertsfamilie må man alltid være dette ansvaret bevisst (…).»

I kontrakten for ordninga står det at au pairen skal ha lommepengar på 5200 norske kroner, og kan gjere lett husarbeid, opp til 30 timar pr veke. Det er her nordmenn syndar mest. I følgje ei undersøking gjort av «Brennpunkt» i NRK, svarer ein av tre au pairar at dei arbeider meir enn kontrakten seier. Au pairen skal ikkje passe barn om natta, men halvparten svarer at dei har vore åleine med barna over ei eller fleire netter i strekk. Au pairane skal ha ein fridag i veka, men 10 prosent arbeider sju dagar i veka. I tillegg kjem historiar om familiar kor au pairen må spise på kjøkkenet mens familien inntar middagen i spisestua. Eller familiar kor alle går frå bordet når dei er mette, mens au pairen må ta tallerkenane.

Dette er vel ikkje definisjonen på korleis vi behandlar nye familiemedlem. Her må vi til med heilt andre ord: Maktmisbruk. Utnytting. Underbetalt arbeidskraft, utan nokre av dei rettane andre arbeidstakarar har. Ein bistandsadvokat på feltet har omtalt ordninga som «vår tids slaveri».

Samstundes er det openbart at i relasjonar med stor maktubalanse aukar risikoen for andre typar overgrep. Vi bør ikkje bli sjokkert over nyheiter om at au pairar vert utsett for voldtekt og seksuelle overgrep i sine vertsfamiliar. I vårt eiget fylke har vi til dømes hatt ein stygg sak kring nettopp det, kor ein mann vart dømt for valdtekt og menneskehandel mot to au pairar.

Noreg har blitt råda til å stoppe ordninga, av norske ambassadørar på Filippinene. I 1998 la filippinske myndigheiter ned forbod mot å sende au pairar til Europa, på grunn av at mange av dei unge kvinnene vart grovt utnytta som arbeidskraft, og utsette for seksuelle overgrep. Trass i dette forbodet heldt talet på filippinske au pairar i Noreg fram med å auke dei påfølgjande åra. Fordi dei betalte for å omgå forbodet og likevel kom seg ut av heimlandet. Slik bidrog Noreg til korrupsjon over fleire år.

Og kva har politikarane gjort med alt dette?

Den førre, raud-grøne regjeringa innførte fleire tiltak, mellom anna ei karanteneordning. Det vil seie at vertsfamiliar som bryt reglane til dømes med hensyn til arbeidstid, ikkje får ha au pair på nokre år. Berre i 2016 vart 29 personar ilagt karantene. Satsane for lommepengar og norskkurs vart oppjustert, og det vart oppretta eit Au pair-senter kor både au pairar og vertsfamiliar kan ta kontakt for å få råd og bistand. Den blåblå regjeringa derimot, har gjort kvardagen mindre trygg for au pairane. Dei har i 2016 trukke tre millionar i stønad til Au pair-senteret, til tross for at senteret har rapportert å få mange hundre henvendingar per tertial. Justisminister Anders Anundsen har gjentatte gongar måtta svare på spørsmål i Stortinget om korleis dei følgjer opp ordninga. Han har hevda at det ikkje er grunnlag for å avvikle ei ordning som i dei aller fleste tilfella fungerer. Eg er stygt redd for at han er for naiv.

Både SV og Sp har vore tydelege på at ordninga må avviklas. LO har gått ut og hevda det same. Saka var sist oppe i Stortinget i 2015. Men fleirtalet ville behalde ordninga.

Vi har ansvar for å avvikle ei ordning som viser seg å ha så høg risiko for å likne på sosial dumping, og heller vise til andre, ryddigare ordningar som alternativ. Marit Arnstad (Sp) og Kirsti Bergstø (SV) har vore tydelege: Om norske familiar vil skaffe seg hushjelp, så får dei gjere det på skikkeleg vis ved å kjøpe tenestene frå nokon som faktisk er ein arbeidstakar, og som hevar vanleg løn. Og til familiar som faktisk ønskjer språk- og kulturutveksling, så finnas det mange andre ordningar ein kan nytte.

Au pair-ordninga er ei hybridordning som vi har misbrukt og øydelagt. Au pair- ordninga sett unge kvinner i ein sårbar og avhengig posisjon i eit samfunn dei ikkje kjenner, med eit språk dei ikkje kan. Ordninga fungerer nok framleis godt for mange, men samstundes for dårleg altfor ofte. Vi treng ikkje fleire rettssakar eller fleire familiar i karantene for å forstå alvoret. Ordninga må avviklas.

Mer fra: Debatt