Debatt

Debatt: Kunnskapsministeren og Høgre leverer

Høgre i regjering tar grep for at fleire elevar skal få lære meir, og saman med dyktige lærarar og leiare er me på god veg til å realisere kunnskapsskulen, skriv Aleksander Stokkebø (H).

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Aleksander Stokkebø, Leiar Rogaland Unge Høgre, Fylkestingsrepresentant for Høgre

I eit innlegg 25.oktober, og med ein rekke grunnlause påstandar, går likevel Anders M. Andersen til åtak på kunnskapsministeren og underteikna.
For det fyrste påstår han, utan rot i røynda, at kunnskapsministeren og Høgre vil «redusera alle fag med ti prosent». Eit samstemt Storting er einig med regjeringa og det såkalla Ludvigsen-utvalet. Det er nødvendig med mindre overflatisk læring og meir fagleg fordjuping i norsk skule. Derfor er ein no i gong med å rydde opp i kompetansemåla i læreplanane. Det inneber meir tillit til den einskilde lærar til å leggje opp undervisinga og meir tid for den einskilde elev til å lære seg faga skikkeleg. Endringane inneber meir læring, ikkje mindre.

Vidare forsøkjer Andersen å skape tvil om regjeringa si lærarsatsing. La meg være krystallklar: Kvar einaste dag gjer våre dyktige lærarar ein formidabel jobb. Dei vekkjer nyfikne og lærelyst. Dei gjer elevane den fantastisk gode kjensla av å klare noko dei trudde var for vanskeleg. Dei gjer elevane kunnskap som dei ber med seg heile livet. Ingenting kan erstatta læraren sin faglige tyngde og kontakt med den einskilde elev. Det er difor kunnskapsministeren tar til orde for ein gullstandard i norsk skule. På den eine sida vert det auka krav for å verte lærar.

Utdanninga vert ein 5-årig master, det vert auka opptakskrav og krav til fordjuping for å undervise i norsk, matte og engelsk. På den andre sida får lærarane fleire moglegheiter for faglig utfalding og utvikling. Det vert fleire karrierevegar i skulen. Med Høgre er satsinga på etter- og vidareutdanninga tredobla. Talet på dyktige lærarar som årleg får fagleg fordjuping er auka frå 1500 til 5050. Det gjeld mange ulike fagområde, også matematikk og realfag.
Andersen refererer til mitt innlegg 17.oktober og påstår at det er for mange karakterar som er problemet i norsk skule. I neste vending argumenterer han mot å gå frå to til ein karakter i norsk skriftleg. Det er ein logikk som ikkje hengjer på greip.

La meg fyrst presisere at karakterar er eit viktig verkemiddel for å gje gode tilbakemeldingar til elevane. Dei gjev ein konkret status om korleis eleven ligg ann og gjer det mogleg å fange opp dei som treng ekstra hjelp. Samstundes, som eg i mitt førre innlegg tok til orde for, er ikkje flest mogleg standpunktkarakterar i same fag eit mål i seg sjølv. Fleire skular har gjort forsøk med å gå frå to til ein karakter i norsk skriftleg. I Rogaland er resultata positive. Lærarane får tillit til å leggje opp undervisinga. Elevane får meir tid til faglig fordjuping og forståing. Det vert betre rettleiing og ro rundt læringa.

Eg tykkjer framleis at elevane skal få karakter og god oppfylging i norsk, men det held i massevis med ein standpunktkarakter i skriftleg – som i alle andre fag. Derfor kjempa Rogaland Unge Høgre det gjennom på landsmøtet til Unge Høgre, og me er glade for at programkomiteen til Høgre deler same syn.

At Andersen omtalar meg som «ein liten Isaksen», tek eg som ein kompliment. Torbjørn R. Isaksen og Høgre i regjering tar viktige grep for at fleire skal få lære meir. Saman skapar me kunnskapsskulen!

Mer fra: Debatt