Annonse
Nokre av songarane kringset Jon Balke og Per Jørgensen i Aulaen. FOTO: MATIJA PUZAR/OSLO JAZZFESTIVAL

Ein eineståande konsert

Jøkleba og Oslo 14 tok utfordringa og hausta ståande ovasjonar i Universitetets Aula.

Annonse
Oslo

 

KONSERT

Jøkleba og Oslo 14: «A Love Supreme»

Universitetets Aula

Oslo Jazzfestival

Er noko det eg vil hugse Oslo Jazzfestival 2015 for, er det Jøkleba og vokalensemblet 14 si makelause førestilling tileigna Coltranes «A Love Supreme». Mykje stor, omstridd og avantgardistisk kunst har openberra seg mellom bileta til Edvard Munch. Denne førestillinga reue eg vil bli ståande som ein av dei vakraste og kjenslemessig sterkaste. Ingen saksofon var å høyre, ingen låt av Coltrane. Her var det improvisasjo som såvoren som har stått i sentrum, og kven kan aksle det betre enn trekløveret Jon Balke, Per Jørgensens og Audun Kleive, og vokalensemblet til Elin Rosseland?

I karakteristisk stil er det mimekunstens og vokalens mann Per Jørgensen som opnar det heile. Jon Balke nærmar seg tangenturet på keyboardet, Audun Kleive raslar med trommene, og ein stad på vegen kjem stemmene frå eit tjuetals røyster bakfrå i salen, i rørsle langs kvar sin langvegg. Sterke utbrot frå eit tjuetals røyster, som snart kransar scena eller podiet under Munchs tablå.

Ensemblet heiter Oslo 14 etter året det vart til. I røynda er dei nitten røyster, mest kvinner, men også to menn, som i ein fornøyeleg sekvens allierer seg i ein «man talk» med Per Jørgensen, og første del går mot klimaks.

I tillegg til å levere vakre trompettonar fungerer Jørgensen som ein slags seremonimeister. Vakre arrangement kjem solo, gruppevis eller saman mellom Munch-veggane, frå unge songarar som alle er elevar av høgskulelærar Elin Rosseland, og seremonimeister får salen med på eit nydeleg songtema.

Musikk er den kunstarten som står sjela nærast, vert det sagt. Denne gangen rørte han sterkt ved oss alle. Og om Coltrane snur seg i grava, er det for å høyre musikken betre.

LES MER OM JAZZFESTIVALEN: Oslo Jazzfestival

Annonse