ANNONSE
perspektiv1210

FEIRET: ICAN-koordinator Daniel Hogstan (t.v.), daglig leder Beatrice Fihn og hennes mann Will Fihn Ramsey har nettopp fått budskapet om at ICAN er tildelt årets Nobels fredspris. FOTO: FABRICE COFFRINI/NTB SCANPIX

Vis bildetekst

Yes, ICAN

Fredsprisen til den internasjonale kampanjen for å avskaffe atomvåpen var viktig og gledeleg.

ICAN har skapt framgang i eit arbeid som lenge har stått stille – arbeidet med å avskaffe og forby atomvåpen.

Atomvåpen, det er unekteleg noko 80-tals over det. Det vekker minner om atomkofferten, massedemonstrasjonar og toppmøte mellom Reagan og Gorbatsjov. Men atomvåpen er truleg eit større trugsmål i dag, enn det var den gongen:

Fleire land har atomvåpen. Til saman ni land har om lag 16.000 atomvåpen. Det skjer ei massiv kjernevåpenmodernisering på begge sider av Atlanterhavet, i USA og ikkje minst i Russland. Risikoen for at fleire statar, eller ikkje-statlege aktørar, skal få tilgang på atomvåpen er etter alt å døme større enn før. Og dagens våpen kan gjere langt meir skade enn dei som vart sleppt over Japan i 1945.

Desse katastrofale konsekvensane var bakteppe då Noreg våren 2013 arrangerte Oslo-konferansen om humanitære konsekvensar av kjernevåpen. Denne konferansen markerte ei endring i det internasjonale ordskiftet kring atomvåpen.

Tiåra før var dominert av forhandlingar om nedrusting mellom atommaktene sjølv. Oslo-konferansen sette konsekvensane i sentrum. Alle vi som kan bli ramma av våpna, i staden for dei som har dei. Slik vart det såkalla humanitære initiativet fødd, med land som Norge, Mexico, Austerrike og Sør-Afrika som pådrivarar.

Minst like viktig var ein relativt ny organisasjon, initiert i 2007. ICAN – International Campaign to Abolish Nuclear Weapons utvikla seg gradvis til den leiande krafta i arbeidet for eit forbod mot atomvåpen. På få år utvikla det humanitære initiativet til eit potent internasjonalt initiativ. Metoden var adoptert frå arbeidet mot klasevåpen, og før det landminer: Ta utgangspunkt i offera, dokumenter konsekvensane av våpena, involver alle land og partar sidan det faktisk angår oss alle.

Som med landminer og klasevåpen bevega prosessen seg vidare. Ein byrja å snakke om å forhandle fram ein konvensjon – eit juridisk bindande instrument som forbaud atomvåpen. I Wien i desember 2014 vart ei rekke land samde om dette målet, og utover i 2015 slutta eit fleirtal av verdas land opp om dette «humanitære løftet» som ICAN og andre dreiv fram. Det var bakgrunnen for at eg i januar 2016 foreslo ICAN til Nobels fredspris. Dei har hundrevis av partnerorganisasjonar, og samarbeider tett med Røde Kors, forskingsmiljø og ei rekke land sine regjeringar.

Optimistane trudde at det kunne bli forhandlingar om eit forbod i FN-regi i løpet av eit år eller to. Det trudde ikkje eg, men ICAN hadde like fullt skapt stor framgang på kort tid.

For ein gangs skuld fekk optimistane rett! Mot slutten av desember vedtok FNs generalforsamling, med støtte frå 123 land, at det i 2017 skulle starte forhandlingar med sikte på å vedta ein konvensjon som forbyr atomvåpen. Eg nominerte organisasjonen til Fredsprisen igjen, meir håpefull enn sist, og i juli 2017 vart det semje om «Treaty on the Prohibition of Nuclear Weapons». Så langt har litt over 50 land underteikna traktaten. Resten er moderne historie; Sist fredag fekk ICAN Nobels fredspris for 2017.

Det er langt fram til eit fungerande forbod mot atomvåpen som kan sørge for at dei vert avskaffa og destruert. Ingen av atommaktene er med på avtalen, og det er heller ingen NATO-land. Sjølv om fleire land blir med, har vi ikkje institusjonane eller mekanismane til å sette den ut i livet. Det er også utenkeleg at dei store atommaktene vil seie frå seg sine eigne atomvåpen, utan at andre gjer det samstundes. Denne prosessen må komme i tillegg til traktaten.

Alt dette er gode argument for å understreke kor mykje som står att. Men det er elendige argument for å stå på sida av heile prosessen og snakke det ned, slik den norske regjeringa gjer.

Allereie i 2014 kom signala frå H/Frp-regjeringa om at Noreg ikkje ville arbeide for eit forbod mot atomvåpen. Sjølv om vi hadde starta det humanitære initiativet, trakk Norge seg ut av det. Det var synd for arbeidet for ei atomvåpenfri verd. Etter mitt syn var det også ei tapt mogelegheit for Børge Brende og UD: Noreg starta eit initiativ som har hatt rask framgang og stor suksess. Vi kunne vore ein viktig leiar og premissleverandør, i staden er vi på sidelinja utan innverknad.

Etter mitt syn er argumenta mot særs svake.

Utanriksministeren har fleire gonger hevda at det kan sette andre nedrustingsprosessar i spel, og då særleg ikkjespreiingsavtalen NPT. Det er eit uforståeleg argument. Tvert imot, traktaten understrekar at NPT-regimet er ein vital hjørnestein som må bestå. Problemet er motsett, at ein knapt har gjort framgang under dette regimet på 30 år.

Er det i strid med NATO-medlemskapet å arbeide for eit forbod, slik enkelte har hevda? Eg kan ikkje sjå det. For det første har ikkje NATO atomvåpen, men enkelte av landa i organisasjonen har det – og NATO baserer seg på det i sitt strategiske konsept. Men det strategiske konseptet seier også at NATO skal skape vilkår for ei verd utan atomvåpen. Det å utøve normativt leiarskap for det, er ikkje i strid med medlemskap. Ingen har foreslått ei einsidig avskaffing av atomvåpen frå NATOs side. Det er også verdt å merke seg at stort sett alle som stør eit forbod i Norge samstundes er varme tilhengarar av NATO.

Er det i strid med norsk tryggingspolitisk tradisjon? Tvert om, det er typisk norsk å gå litt framfor andre i nedrustingsspørsmål.

Det er ingen god grunn til at atomvåpen skal være tillatt. Mens verda har forbode kjemiske og biologiske våpen, er den tredje og verste typen masseøydeleggingvåpen – atomvåpen – framleis tillatt.

Det naturlege no er å greie ut konsekvensane av ei eventuell tilslutning til FNs traktat om eit forbod mot atomvåpen, slik SV har foreslått i Stortinget. Og like viktig; å ta tilbake den naturlege leiarrolla vi har i spørsmål om nedrusting. Å bli ein bidragsytar igjen, ikkje ein bremsekloss. Då kan vi også påverke vegen vidare.


["nyemeninger" "Meninger"]

Se også

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!