Debatt

Verdas verste våpen

På to år blei eit norsk initiativ mot atomvåpen til ein kraftfull allianse på 125 land. Men den norske pådrivarrolla er borte, og H/Frp-regjeringa har plassert oss på sidelinja.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Det er natt til 6. august 1945 på Tinian-øya i Stillehavet. Bombeflyet Enola Gay – eit B29 – tar av mot Hiroshima. Det ber på ei 4 tonn tung atombombe av uran. Klokka 08.15 eksploderer den 600 meter over bakken i sentrum av Hiroshima by.

Eg besøkte for nokre år sidan Hiroshima og møtte Seiko Ikeda, 77 år gammal overlevande etter angrepet. Ho fortalde om det ho som 12-åring opplevde denne morgonen, ca 1.5 kilometer frå atombombas episenter:

«Jeg ble plutselig omringet av en voldsom lyd og et sterkt lys, og ble revet overende. Alt ble svart, jeg mistet bevisstheten. Da jeg våknet var klærne mine borte, biter av de hang fast i kroppen. Håret og kroppen min var brent. Skinnet var borte fra kropp og ansikt. Jeg skrek etter hjelp, men det var bare lik og brente lemmer overalt. At jeg var naken hadde jeg ikke energi til å tenke på. Jeg følte først sorg over de døde, men så mistet jeg også denne menneskelige følelsen. Det var for mye død.»

Det var 350.000 menneske i Hiroshima då bomba gjekk av. I desember 1945 hadde om lag 140.000 av dei mista livet.

Atomvåpen er farlig

Atomvåpen er brutale masseøydeleggingsvåpen som i bruk vil føre til massiv, irreversibel øydelegging. Ein kvar bruk av dei vil føre til uoppretteleg skade på miljøet. Dei katastrofale effektane av atomvåpen vil også gjere det umogeleg for redningsarbeidarar og internasjonale organisasjonar å gje humanitær hjelp. Dei er kort og godt djupt inhumane våpen, og utgjer ei av vår tids største humanitære utfordringar.

Til trass for dette møter eg menneske som trur atomtrusselen tilhøyrer fortida. Det er liksom noko 80-tals over det heile. Forsvann ikkje atomvåpena med Reagan og Gorbatsjov, liksom? Nei. atomvåpen utgjer, på andre vis, ein vel så stor trussel mot internasjonal tryggleik i dag som for 30 år sidan:

Det humanitære initiativet

Det var med dette som bakteppe Noreg våren 2013 arrangerte Oslo-konferansen om humanitære konsekvensar av kjernevåpen. Dette markerte starten på det som vert kalla det humanitære initiativet, eit skifte i det internasjonale ordskiftet kring atomvåpen.

Tiåra før var dominert av forhandlingar om nedrusting mellom atommaktene. Etter store framsteg på 80-talet har desse stått nesten stille i to tiår. Det internasjonale regelverket for atomvåpen er svakt.

Oslo-konferansen var eit svar på den manglande framgongen. I staden for å ta utgangspunkt i balansen mellom statane som har våpena, vart konsekvensane ved bruk sett i sentrum – basert på fakta. Det var ein umiddelbar suksess. Nye møte i Mexico og Austerrike følgde, og i løpet av to år var eit norsk initiativ blitt til ein allianse med 125 land bak seg. Mål; å få fram dei humanitære konsekvensane av atomvåpen, og å arbeide for ein konvensjon, avtale eller anna juridisk instrument som forbyr dei.

Metoden var adoptert frå det vellukka arbeidet med å forby andre grusame våpen; landminer, og seinare klasevåpen. Ein samla alle land, organisasjonar og grupper som ønskte å få til handling. Ei lita gruppa særleg ambisiøse land, blant dei Noreg, leia an.

Noreg, leiar eller sinke?

Det vil seie, slik var det fram til regjeringsskiftet. For allereie i 2014 kom signala frå H/Frp-regjeringa om at Noreg ikkje ville arbeide for eit forbod mot atomvåpen. Frå norske og internasjonale organisasjonar, og frå FN-miljøet i Geneve, kom bodskapen om at den norske rolla endra seg frå pådrivar og leiar til forsiktig observatør, og bremsekloss. Veldig synd for arbeidet for ei atomvåpenfri verd. Etter mitt syn også ei tapt mogelegheit for Børge Brende og UD: Vi starta eit initiativ som har rask framgong. Vi kunne vore ein viktig leiar i ein dynamisk internasjonal prosess for nedrusting. I staden er vi på sidelinja.

Atomvåpen er storpolitikk. Dei siste vekene har det også blitt norsk partipolitikk. Grunnen er enkel; eit fleirtal på Stortinget, alle utanom regjeringspartia, har i lang tid etterlyst at Noreg skal arbeide for eit forbod. Regjeringa vil ikkje det. Difor har SV, Ap, Sp, KrF og V rett og slett gjort framlegg om det.

Så kva er problemet, kvifor kan ikkje regjeringa berre gjere det?

Er det i strid med NATO-medlemskapet? Nei, ikkje eit grann. Faktisk er nesten alle som står bak forslaget varme tilhengarar av NATO, ja eit av partia har generalsekretæren i organisasjonen om dagen.

Er det i strid med norsk tryggingspolitisk tradisjon? Tvert om, det er typisk norsk å gå litt framfor andre i nedrustingsspørsmål.

Er det feil av Stortinget å vedta kva regjeringa må gjere i utanrikspolitikken? Det er uvanleg, men naudsynt, dersom ikkje regjeringa vil følge fleirtalet på Stortinget. For det som verkeleg er feil er at regjeringa ikkje følgjer opp stortingsfleirtalet. Vi har parlamentarisme i utanrikspolitikken også.

Det er ingen god grunn til at atomvåpen skal være tillatt. Medan verda har forbode kjemiske og biologiske våpen, er den tredje typen masseøydeleggingsvåpen framleis ikkje ulovlege.

Noreg kan spele ei reell og viktig rolle i å få til ein konvensjon eller avtale som forbyr dei. Det er ein lang og tøff kamp – difor hastar det med å kome i gong.

Mer fra: Debatt