Debatt

Utillateleg av Jonas Gahr Støre.

Han kan ikkje både vere for å gi norske sjøfolk norske arbeidsvilkår, og på same tid vere for TiSA-avtalen.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

På sin halvårlege pressekonferanse 13. desember framstilte Støre seg sjølv som forsvarar av norske arbeidstakarar. Der refsa han nemleg regjeringa «for ikke engang å ønske å utrede muligheten for å gi norske sjøfolk norske rettigheter, og sikre at norsk arbeidsmiljølov gjelder for flerbruksskip som opererer i Norge» (www.siste.no).

Dette burde vere utillateleg frå Støre si side så lenge han samtidig går ut og «forutsetter at Høyesterett følger EU-lovverket i arbeidslivsspørsmål», og «aksepterer at Høyesterett kan overprøves av ESA i Holship-saken (hamnearbeidarkonflikten) og andre dragkamper om disse normene» (abcnyheter). Desse to posisjonane står nemleg i skrikande motsetning til kvarandre!

Dette at Støre på denne måten prøver å blande eld og vatn i den økonomiske politikken, ser vi også igjen i det at han er uforståeleg positiv til TiSA-avtalen. Ein avtale som definitivt vil undergrave «norske rettigheter» for norske arbeidstakarar ved å gi utanlandske bedrifter fritt leide inn på dei nasjonale marknadane. Det er svært skuffande at Støre, som elles kjem med mange fornuftige utspel, så til dei grader rir to hestar som galopperer i stikk motsett retning…
Både Støre og andre TiSA-venlege personar vil ha nytte av å lese for eks om «nødvendighetstesten» i TiSA-avtalen. Sjå evt http://attac.no/2016/12/20/trumps-tisa-avtale-ma-enige/
Elles vil også eit søk på kva Annex on Transparency i TiSA går ut på, også gi eit inntrykk av korleis politiske styresmakter risikerer å bli «kjeppjaga» av internasjonale storkonsern dersom det blir noko av denne avtalen.
At vi no blir nøydde til å angripe Jonas Gahr Støre i staden for Børge Brende i spørsmålet om TiSA, er berre tragisk.

Mer fra: Debatt