ANNONSE

17-02-2014

UD feilinformerer Stortinget om frihandelsavtale

Noreg er med i ei "utbrytargruppe" som forhandlar om ein frihandelsavtale for tenester utanfor WTO, trass i "regjeringens hovedprinsipp om at et globalt handelsregime forankret i WTO er fundamentet for regjeringens handelspolitikk".

For godt over eit halvt år sidan oppdaga eg at Noreg er med i eit gruppe frihandelsivrige land (Really Good Friends of Services) som UTANFOR Verdens Handelsorganisasjon forhandlar om ein eigen fleirnasjonal avtale for tenester, kalla TISA. Forhandlingane kom i gong etter initiativ frå USA og Australia etter at liberaliseringsframstøta innanfor WTO i det siste har møtt forståeleg stor motstand, særleg frå ulandshald..

Det at Noreg er med på desse forhandlingane, er vedteke på regjeringshald etter tilråding frå UD, men uten den ringaste debatt om dette på Stortinget. Dette har kunna skje fordi UD framstiller desse forhandlingane som "i tråd med" norsk politikk, særleg ved å antyde at dette skjer innanfor ordinære WTO-rammer, noko som altså IKKJE er tilfelle.

Tvert i mot: Tendensen til at sterke land går ut av WTO for å inngå bi- eller fleirnasjonale avtalar, når dei ikkje får det som dei vil innanfor, er sterkt kritisert for å vere øydeleggande for WTO sin autoritet. Det at Noreg er med på dette er ekstra oppsiktsvekkande fordi det stadig er gjenteke at eit "internasjonalt handelsregime forankret i WTO" er så viktig for eit lite land som vårt.

Dei som vil få eit inntrykk av kva protestane mot TISA-forhandlingane går ut på, kan starte med å gå inn på desse linkane:

http://ourworldisnotforsale.org/en/signon/international-civil-society-sends-letter-governments-opposing-proposed-trade-services-agreeme

http://dagens.etc.se/nyhet/mp-%E2%80%9Dtisa-forhandlingarna-borde-avbrytas-omedelbart%E2%80%9D

Det er elles berre å søke på nettet med TISA og negociations som stikkord, så kjem det opp rikeleg med sider som viser at dette i høgste grad er diskutable forhandlingar.

Feilinformering av Stortinget. I Stortingsprop 1 om statsbudsjettet for 2014, brukar UD tre - 3 - setningar på å informere Stortinget om at Regjeringa har vedteke å vere med i desse forhandlingane. Setningane er slik:

"Regjeringen har besluttet at Norge skal delta i forhandlinger om en ny avtale om handel med tjenester (TISA). Det er enighet om at en flernasjonal avtale skal knyttes tett opp til GATS og være et skritt på veien mot en multilateral avtale. En slik avtale vil derfor være i tråd med regjeringens hovedprinsipp om at et globalt handelsregime forankret i WTO er fundamentet for regjeringens handelspolitikk".

Her står det altså med reine ord at det først vil vere når ein evt TISA-avtale eventuelt har blitt del av ein multilateral avtale (i WTO), at TISA vil vere "i tråd med".."fundamentet i regjeringens handelspolitikk". Påstanden om at TISA avtalen vil vere i tråd med regjeringens handelspolitikk, er dermed direkte feilinformasjon... (gitt at det ikkje er sikkert at TISA blir del av WTO)

Dokumentet som i november kom frå UD med dei norske“initial offers”i desse forhandlingane var elles på ingen måte eigna til å overtyde om at dette vil vere bra for norske arbeidstakarar.. UD forsvarar det som skjer med påstandar som denne:

“Norge har klare interesser av at norske tjenesteleverandører får tilgang til andre markeder på samme vilkår som konkurrenter fra andre land.”

Når UD i ein slik samanheng ikkje skriv noko om at mange norske tenesteleverandørar og arbeidsplassar vil bli knekte av hardare utanlandsk konkurranse her i landet, då er det mildt sagt kritikkverdig frå fagfolk som veit bedre...

Korleis skal vi tolke dette? At dette til og med kom i gong med ei raud-grøn regjering? Eg er nesten frista til å tenke at det må vere ein eller annan liberalismevridd sjefsideolog i UD som får lov til å legge premissane. UD-embetsverket skal i prinsippet vere politisk nøytrale i slike spørsmål. Det kan dei avgjort ikkje kallast i denne saka.

Vi har meir enn nok med å handtere den konkurransen vi har fått innanfor EØS. TISA-avtalen vil berre gjere vondt verre.


Internasjonalen Arne Strand Radikale Røster Redaksjonens utvalgte innlegg Perspektiv Publisert på Dagsavisens debattsider samme dag. Blåmandag Grønn hverdag Publisert i Dagsavisens papirutgave samme dag. Ille til mote Anders Heger Diskuter nå Hege Ulstein Espen S. H. Rusdal Ivar A. Iversen Utvalgte innlegg Reidar Sollie Halvor Finess Tretvoll Henvisning 1 Henvisning 2 Cancun Til Dagsavisen.no Refleks Selvbilder Global Voldtekt Dagens leder

Se også

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!