Debatt

Treng vi naturen?

Vi har alltid vore avhengig av naturen, men også hatt behov for å beskytt oss mot den. No treng naturen beskyttelse mot oss, og den er avhengig av oss for å få beskyttelse.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Vi menneske har alltid levd i og av naturen. Lært oss å handtere den, beskytte oss mot naturens luner, brødfø oss på den, bu i den, produsere energi av den. Vi tok den i bruk for våre formål, vi meistra den. Gjennom det vart vi samstundes meir og meir avhengig av den.

Vi er sjølv eit produkt av naturens skeive gang. Uendeleg langsamt førte evolusjonen til utviklinga av arten homo sapiens. Men dei siste hundreåra har vi – ufatteleg fort i eit evolusjonært perspektiv – tatt meir og meir kontroll over naturen. Folketalsvekst, teknologi, vitskap og industrialisering har endra verda enormt raskt. Biletet er snudd. Naturen er avhengig av oss.

Vi står no midt i den sjette masseutryddinga av artar. Mangfaldet av artar vert truleg redusert 1.000–10.000 gonger raskare enn normalt. Presset på naturen frå ei aukande folkemengd og auka forbruk, har gjort at mennesket har påverka jorda sin natur meir i løpet av dei siste femti åra enn nokon gong tidligare i mennesket si historie.

Men er det så farlig om nokre artar forsvinn? Vi klarer jo oss godt utan mammut og geirfugl. Om regnskog vert hogd ned, og det blir litt meir plast i verdshava, gjer det eigentleg noko?

Naturmangfald omfattar mangfaldet av artar, men også den genetiske variasjonen som finst innan kvar art og mangfaldet av økosystem, geologi og landskap. Dette mangfaldet er grunnlaget for livet på jorda og den viktigaste livsforsikring vi kan investere i. Mange av oss meiner det har ein eigenverdi, andre igjen har stor glede av å bruke urørt natur til rekreasjon.

Men om du ikkje er så oppteken av det, finst det framleis tre hovudgrunnar for å ta vare på naturen berre fordi det er nyttig:

1. Naturen skaffar oss ei rekke heilt konkrete gode, la oss kalle det produkt. Fisken vi et til middag, kleda vi har på oss, treverket vi byggar husa våre av, medisinar vi brukar og energi vi produserer av den. Desse produkta er avhengig av fungerande økosystem, og god og fornuftig hausting av alt frå fiskebestandar til skogar.

Sjølv om vi menneske har utvikla ei rekke alternativ til naturlege produkt og produksjonsmåtar, er dei naturlege framleis viktige. Fisk til mat, bomull til klede og tre som materiale. Tusenvis av dagens medisinar kom frå ville plantar. Hjertemedisin frå revebjølle, og morfin frå opiumsvalmue til dømes.

2. I tillegg gjev naturen sitt mangfald grunnlag for ei rekke tenester. Naturen er verdas største leverandør av varer og tenester som er heilt naudsynte for livet på jorda. Naturen reinsar vatn og luft, den bind CO2, sikrar pollinering av plantar, resirkulerer næringsstoff, bind jordsmonn, dempar flaum og mykje meir. Mangroveskogane i tropiske strøk dempar bølgjer og stormar.

Mange av desse såkalla økosystemtenestene kostar oss ingenting, til trass for at den økonomiske verdien av dei er enorm. Forskarar har antyda ein verdi på svimlande 125 000 mrd amerikanske dollar – kvart år. Det er meir enn 300 gonger Norges BNP! Samstundes har FN slått fast at om lag 60 % av økosystemtenestene har blitt redusert i løpet av dei siste femti åra.

3. Mindre konkret, men vel så viktig, er det vi kan kalle den økologiske verdien av naturmangfald. Mangfaldet av gener, artar og naturtypar er ein føresetnad for å oppretthalde naturens prosessar. Dei er byggeklossar i jordas ekstremt komplekse økosystem. Dette samspelet har utvikla seg gjennom evolusjonen i millionar av år, og er så finstemt at hogst i skogsområde, temperaturendring i havet eller utrydding av en ein art kan få store konsekvensar for andre artar i næringskjeda.

Eitt kjent døme frå vårt eige land er nedfiskinga av sildestamma på 1960-tallet. Dette øydela næringsgrunnlaget for lundefuglen, og bestanden vart meir enn halvert. I dag er vi vitne til slike prosessar i større målestokk. Utsleppa av CO2 vert bunde i verdshava, men gjer dei samstundes surare. Dette gjer det vanskelegare for mange artar å overleve, til dømes ein del typar skaldyr. I verdas regnskogar kan tusenvis av artar vere tapt som følgje av avskoging. Ein utrydda art er tapt for alltid, og vi veit lite om konsekvensane for økosystem og menneske.

At artar vert utrydda er ikkje nytt i jordas historie. Forskarar omtalar det vi no står i som den sjette masseutryddinga. I motsetnad til dei fem førre er denne menneskeskapt. Kvar dag forsvinn om lag 50 arter. Om utviklinga held fram i same tempo, vil kvar tiande dyre- og planteart vere borte om 25 år.

Mange artar forsvinn frå jorda utan at vi eingong veit om dei. Så langt er mellom 1 og 2 millionar artar skildra, men forskarane reknar med at mellom 5 og 15 millionar artar fremdeles ikkje er oppdaga. Artar som gje oss løysinga på kreftgåta, eller viktig næring – eller som berre spelar ein vital men liten rolle i eit komplekst økosystem.

Det er vi menneske som står bak utryddinga. Heilt og fullt. Dei viktigaste årsakene til at naturmangfaldet går tapt – arealendringar, forureining, overhausting, framande organismar og klimaendringar – er vårt verk.

Det er difor vårt verk å fikse det også. Men det er langt fram.

Vi treng innsats for å sette spørsmålet på den politiske dagsorden, slik vi har fått til med klima. Kanskje bør vi i større grad rekne om naturmangfaldet i økonomiske verdiar, for å vise kor viktig det er for økonomien vår. FNs konvensjon om biologisk mangfald er eit godt internasjonalt rammeverk. Konvensjonen skal sikre berekraftig bruk av natur og stanse tapet av naturmangfald, men manglar autoritet og økonomiske ressursar i ryggen. Det er langt fram også i Noreg. For at vi skal passe på eigne kritisk truga artar som vill-laks, elvemusling og villrein, og for at vi skal verne eller ta særleg vare på viktige naturtypar vi har lite av.

Det vil ta tid. Difor har vi inga tid å miste. Eg trur tapet av naturmangfald kan vere blant dei største problema for våre samfunn i dette hundreåret. Tapet skjer raskt, det går ut over fundamentale funksjonar utvikla av evolusjonen og det har potensielt større, negative skadeverknadar enn klimaendringane.

Difor er også mi spådom at dette spørsmålet vil dominere norsk politikk og samfunnsdebatt i tiåra framover. Fordi det er ekstremt viktig, og har potensielt store konsekvensar.

Mer fra: Debatt