ANNONSE

19-04-2017

TiSA burde vere det viktigaste temaet på landsmøtet i Arbeiderpartiet.

TiSA-avtalen vil vere sterkt negativ for sysselsettinga og arbeidslivet generelt, og likevel held Ap fram med å feilinformere om avtalen med å påstå det motsette. AP-landsmåtet bør rydde opp!

Arbeiderpartiet har denne veka eit viktig landsmøte. Viktig fordi vi står rett framfor ein stortingsvalkamp, og fordi dette kan vere siste sjansen partiet har til å snu i det dramatisk viktige spørsmålet om TiSA-avtalen.

Ting tyder på at partileiinga vil gjere sitt beste for dysse ned den usemja som faktisk også i partiet eksisterer rundt TiSA-avtalen som Norge no har forhandla om utanfor WTO i snart fire år. Denne handelsavtalen for tenester går ut på å fjerne flest mogleg av hindringane som utanlandske selskap møter når dei vil inn og «erobre» fristande godbitar i dei ulike nasjonale marknadane. Det er tydeleg, og oppløftande, at AUF har lest seg opp på denne avtalen og innser at TiSA kan får stygge konsekvensar også for norsk arbeidsliv. AUF skriv ma på sine heimesider at organisasjonen vil «At Norge stanser forhandlingene om TISA-avtalen inntil de eventuelt flyttes tilbake til WTO».

Dette står i sterk kontrast til det Ap-leiinga forfektar når dei i sin omtale av TiSA feilaktig påstår at avtalen vil vere positiv for sysselsettinga: «TISA-avtalens har stor betydning for norsk verdiskaping og sysselsettingDette er altså rein feilinformering, ettersom det blir underslått at dette berre gjeld ein forventa positiv effekt for eksportnæringane. For dei bedriftene som ikkje opererer på eksportmarknadane, vil TiSA-avtalen derimot utgjere ein alvorleg trussel gjennom den auka konkurransen frå utlandet som avtalen uttrykkeleg legg opp til. Alvoret i dette blir tydeleg når vi får vite (av SSB) at 8 av 10 arbeidsplassar i Norge er å finne i ikkje-konkurranseutsette næringar!

Det er tydeleg at Ap-leiinga så langt har lytta meir til NHO og norsk storkapital, enn til AUF og store deler av fagbevegelsen når partiet baserer sitt positive syn på TiSA på det som tener dei store eksportbedriftene: «Det internasjonale tjenestemarkedet er stort, og vi har offensive interesser knyttet til at norske tjenesteprodusenter får økt tilgang til det globale tjenestemarkedet». Dette er pinleg likt den smalspora synsvinkelen Børge Brende også brukar når han reklamerer for TiSA.

Det at NHO ikkje evner å løfte blikket og sjå at TiSA har konsekvensar for andre enn eksportnæringane, seier ganske mykje om den organisasjonen. Men at Arbeiderpartiet risikerer å selje restane av den sosialdemokratiske sjela si ved å akseptere ein så ny-liberalistisk handelsavtale som TiSA, er berre regelrett sjokkerande.

Dersom Ap endar opp med å akseptere ein TiSA-avtalen, vil partiet med det latterleggjere sitt valkamputspel om at  partiet denne gongen vil lage «tidenes valgkamp for fagorganiserte».

TiSA vil nemleg i alvorleg grad innsnevre det politiske handlingsromet Ap-leiinga hevdar framleis er stort nok (under EØS) til å drive ein forsvarleg næringslivspolitikk. Det å love å bruke offensivt eit politisk handlingsrom til å styrke arbeidstakarsida, blir heilt meiningslaust dersom partiet evt er villig til å forhandle dette handlingsromet heilt bort gjennom TiSA-avtalen.


""

Se også

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!