Simon Malkenes
Det er ikkje berre å gå inn i klasserommet og følgje ei opp skrift, sjølv om heile det politiske Norge trur det.
No konkurrerer det politiske Norge om å satse på læraren. Ein snakkar som om ein veit kva ein lærar er og kva ein lærar gjer. Ein strør kring seg med etterutdanning, draumelærarar og klasseleiing. Men tilgje dei, dei veit ikkje kva dei gjer, dei veit ikkje kva ein lærar er. La oss sjå. Klasseleiing, kva er til dømes det?
For erfarne lærarar er klasseleiing ein erfaringskunnskap ein har tileigna seg gjennom mange års virke i klasserommet. Dei opparbeider ein undervisningsrutine, dei kan fagstoffet betre, dei verkar tryggare, undervisninga flyt betre og dei er romslegare i forhold til elevane. Dette gjer dei til betre klasseleiarar, i kraft av si erfaring. Denne praksiskunnskapen er evna læraren har til å forstå situasjonen i klasserommet og å handle utifrå den. Dette gjer den også til ein moralsk form for kunnskap, fordi måten læraren forstår klasserommet på og korleis han handlar viser kva ein skal gjere og ikkje gjere i klasserommet.
Men heile tida må ein hugse på at klasseleiing først og fremst er situasjonsbestemt mellommenneskeleg handling. Eleven er ikkje eit objekt ein skal påverke mekanisk. Nei, eleven er eit subjekt i relasjon til andre subjekt, som læraren. Likevel skil eleven seg frå læraren ved at læraren har meir kunnskap og erfaring som han vil dele med eleven og klassen i undervisninga. Difor er det ikkje berre å gå inn i klasserommet og følgje ei oppskrift sjølv om heile det politiske Norge trur det.
Alle hugsar «favorittlæraren». Ein viktig grunn til at du hugsar nettopp den læraren er at han hadde ei rolleforståing som lærar. Han var profesjonell, ikkje privat. Klasseleiing føregår nemleg i ei rolle der forståinga og bruken av lærarrolla er avgjerande. Rolla skil mellom ein profesjonell og ein privat veremåte. Ein profesjonell lærar som meistrar lærarrolla gjev uttrykk for dette ved å ha eit bevisst forhold til kunnskap, ferdigheiter, verdiar og haldningar i klasserommet og eit bevisst forhold til makt og avmakt i relasjonar med elevar.
Det er viktig å understreke den etiske sida ved klasseleiing. Fordi klasserommet er ein sosial arena der elevar og lærar opptrer saman i ein kontekst, er alle handlingar der situasjonsbestemte, praktiske handlingar. I klasserommet skal læraren ikkje berre finne ut korleis eleven er, han skal også gripe inn i det som hender og endre tinga sin gang. Dette skil livet i klasserommet frå mekaniske, målretta handlingar. Det betyr ikkje at læraren ikkje er målretta, men til forskjell frå ei mekanisk målretting er der krav til læraren om kva som er akseptable måtar å gå fram på. For læraren sin måte å oppnå målet sitt på har form av ei dygd som stiller strenge krav til korleis ein kan nå målet. Dette står i sterk motsetnad til den mekaniske målrettinga. Den gjer eleven til eit objekt der ein ved å tilføre ein faktor kan påverke resultatet. Slik jobbar ikkje ein lærar. Fordi eleven er eit subjekt krev lærarrolla ei etisk framferd frå klasseleiar. I denne relasjonen skal læraren forsøke å handle utifrå prinsipp som også alle andre skal handla utifrå, han skal forsøke å vere eit godt døme.
Eit anna døme: Det aukande dokumentasjonskravet i skolen gjeld også for relasjonen mellom lærar og elev. Men ein når ikkje elevar i skjemaveldet si standardiserte samtaleform. Skjema med spørsmål og blanke svarfelt kan ikkje å skape den livsviktige relasjonen som elevane treng. Den avgjerande relasjonen vert bygd gjennom relasjonelle og faglege tilbakemeldingar i klasserommet, på gangen og på skoleplassen gjennom skoleåret. Av natur skil til dømes relasjonsbygging og tilbakemelding med urolege elevar seg frå standardforma. Relasjonen må nemleg byggast der og då, og ein må ha tid til å gjere det.
PISA-undersøkinga peiker på uro i klasserommet som problem. Det er grunnleggjande for forståinga av klasseleiing og uro i klasserommet å være klar over at noko av det viktigaste ein gjer som lærar er det relasjonelle. Kjem relasjonen under press, frå til dømes dokumentasjonskrav, vert det uro i klasserommet. «PISA-sjokket» har sett nytt lys på klasseleiing.
Klasseleiing veks ut av dei situasjonane læraren vektlegg og måten dei vert løyste på. Det viktigaste er at klasseleiing er praksis, den vil alltid være bunden av det som skjer der og då. Difor har klasserommet ei spesiell forståing av autoritet. Den seier at i klasserommet er autoritet noko som elevane gjev læraren utfrå opplevinga dei har av læraren. Dette står i motsetnad til å sjå på klasserommet og elevane som noko læraren skal laga ro, orden og resultat av. Ønskjer læraren å oppdra elevane til deira eige beste kjem gufset frå den autoritære læraren frå historias skraphaug. For klasseleiing er også ein etisk praksis. Ein klasseleier kan ikkje påtvinge haldningar hos elevane. Dei må læraren gjere seg fortent til gjennom situasjonsbestemt, mellommenneskeleg handling. Klasseleiing er altså ikkje berre å følgje ei oppskrift. Ein klasseleiar utleier heile tida forståing direkte frå situasjonen, han tek avgjerder og utfører handlingar i tråd med det den krev.
Derfor er kunnskapen læraren bruker i sitt virke også ei moralsk form for kunnskap. For læraren sin måte å nå eit mål stiller strenge krav til korleis han kan gå fram. Slik er vegen målet i klasserommet. For langs vegen er målet om å gjere det rette, det som skapar tillit og samhald. Det er derfor frå ein elementær tillit, som i opplevinga av samhald og rettferd, at læring kan skje. Utan dette vert klasserommet kaotisk og uroleg. Derfor er ropet på klasseleiing etter «PISA-sjokket» ikkje eit rop på den autoritære læraren som får elevane til å være stille. For ropar ein på han ropar ein på ein ytre orden som skal erstatte den indre orden av tillit og rettferd. «PISA-sjokket» fødde eit ønskje om å betre skolen, betre undervisninga og betre læraren. Derfor er det også læraren som får ropet på autoritet til å stilne. Læraren må nemleg vite kva han snakkar om for å være ein god lærar. Det same gjeld for politikarar.
”Vårt svar er mer demokrati, mer åpenhet og mer humanitet” var ordene som oppsummerte kva retning Norge skulle gå etter 22. juli. Onsdag kom svaret frå Stoltenberg og Faremo. Men svaret var feil.
Forutsetningane for å ha velfungerane offentleg tjenester er nettopp “meir demokrati, meir openheit, meir humanitet” i dei offentlege tjenestane. For i dag er politi, helse og utdanning organisert utfrå målstyring. Det gjer at dei som arbeider der vert overstyrte og kontrollerte av eit svulmande byråkrati og leiarskap. Dette er eit demokratisk problem. Kvifor?
Målstyring seier at berre målretta handlingar i tråd med den store planen er akseptable. Alt anna er irrasjonelt, inkompetent eller styrt av negative motiv. Og då vertikkje kritikk forstått som interessemotsetnadar eller legitime meiningsforskjellar. Nei, kritikk vert sett på som manglande innsikt i og kunnskap om heilskapen, målet, visjonen. Dette kneblar kritikken. Og då ekskluderer ein dei naudsynte erfaringane, kunnskapen og den kritiske innsikta som lærarar, politi og helsearbeidarar og fagforeiningane deira sit på. For målstyring overser at deira jobb tek utgangspunkt i dømmekraft og forståinga av det mellommenneskelege, det situasjonsbestemte. At dei byggjer sitt virke på erfaring, dømmekraft og taus kunnskap som ikkje er målretta. I staden krev ein tallfesting, dokumentasjon og målretta, instrumentell praksis.
Utan indre kritikk, motstand og meiningsbrytning kjem til uttrykk og har reell innflytelse forsvinn difor den korrigerande og kritiske funksjonen. Ei slik nedbryting av det indre deltakerdemokratiet har gjeve ei overdreven innflytelse til det politiske leiarskap og etat. Og då dei får ikkje nok formell og institusjonell motmakt til å bli korrigert i si verkelegheitsforståing. Og, dei får heller ikkje kompetanse eller innsikt nok til å fylle dei forutsetningane om eit allmektig og allvitande leiarskap som målstyringa krev. Fordi den kompetansen og innsikta er målbunden.
Dette kjem til syne i språket og retorikken, der fornektar målstyringa den rasjonelle politimann, helsearbeidar, lærar og den rasjonelle fagforening. I staden må dei målbindast, kontrollerast og styrast. Dette har erstatta dei naudsynte tillitsrelasjonane. Forståing av læraren, politimannen og helsearbeidaren som politisk kompetent er derfor eit grunnleggande demokratisk premiss som manglar. Difor følgjer innføringa av målstyring i Norge ei rørsle frå deltakardemokratisk og inkluderande til ein konkurransedemokratisk og ekskluderande. I denne rørsla er komplekse kunnskapsområder innan skole, helse og politi ignorert. Konsekvensen av New Public Management si politisering av offentleg forvaltning er difor òg at dei ulike aktørande er tvungne ut i offentlegheiten for å fremje sitt syn. Dette har gjeve flotte fasadar, tal og mål. Men bak fasaden rår mistilliten. Med sin særeigen dynamikk står New Public Management difor sjølv i vegen for ”meir openheit, meir demokrati meir humanitet” ved måten den snakkar på. For bak fasaden er den politiske retorikken styrt av ei autoritær samfunnskontrakt. Den strir mot moderne demokratiske ideal.
Problema knytt til New Public Management spring ut av elitistiske og visjonære syn på leiarskap. Elefanten i rommet til Faremo og Stoltenberg er kåra til demokrati og åpenheit i målstyrte offentlege tjenestar. Spørsmålet blir då om ein skal underkaste New Public Management ein kritikk eller om ein skal underkaste seg leiaren. Ein kan begynne med å sjå korleis målstyringa snakkar, kven som kjem til ordet og kven som ikkje gjer det. Til syne kjem eit uforståeleg byråkratispråk og ein grunnleggande mistru til læraren, politimannen og helsearbeidaren. Mistrua er eit demokratisk problem. Den gjer læraren, politimannen og helsearbeidaren målbunden.
Etter 22. juli har Frp moderert ordlyden i innvandringsdebatten, men standpunkta står fjellstøtt.
For Frp appellerer fortsatt til dei som trur norsk kultur er truga av ein muslimsk fiende, dei som ser seg som offer for Ap sin politikk, dei som delerChristian Tybring-Gjeddesin draum om Norge. Dei er avgjerande for Frp, dei er ”folk flest” og dei er no igjenTybring-Gjedde sitt publikum.
Rett etter 22. juli,den 12. august 2011, sier Tybring-Gjedde om «Drøm fra Disneyland»: « jeg innrømmer at det kunne blir sagt på ein mindre krass måte, en mindre kategorisk måte, og kanskje budskapet hadde kommet vel så godt over allikevel.» Og det er det han gjer no. Det starta med spørsmål til Hadja Tajik i Stortinget: ”Hvordan definerer statsråden norsk kultur og i hvilken grad mener hun det er viktig for landet å verne om og beskytte vårt lands kultur og tradisjoner?” Og debatten er i gang. Men Frp har lært. Dei seier ikkje lenger at innvandring vil ”dolke norsk kultur i ryggen”, den vil ikkje lenger ”rive landet i filler”. Det er for tøft å seie i norsk politikk etter 22. juli. Det ligner for mykje på Anders Behring Breivik sine ord. Så kva gjer Frp då? Christian Tybring-Gjedde har fast plass på Uriasposten. Han bærer fana mot den skjulte muslimske trussel. For han kan fryktas politikk. Den har han drive med før. Og no er han i gang igjen.
Som vanleg let Tybring-Gjedde all argumentasjon skli ned skråplanet og ut i det absurde. Som vanleg henter han sitt eksempel på den eksistensielle trussel mot Norge frå Oslo aust. Og som vanleg er det ifølgje Tybring-Gjedde rett før muslimane tek over. Oslo først, så Norge. I bråket rundt ”Drøm fra Disneyland” brukte han ei historie der norske gutter slutta på eit fotballag som utgangspunkt for ei vill ferd ned skråplanet. Der vart dette til slutt bevis for at det han kallar ”norskkulturelle” rømmer Oslo aust. Dette viste vidare at det er rett før muslimane tek over, og ”river landet i filler”. No har han med seg blant anna bønnerom på skolar aust i Oslo. Det beviser det same. At Oslo aust snart vert muslimsk land. At Norge og no norsk kultur, er truga. I si ville ferd ned skråplanet har han òg med seg SSB. Tybring-Gjedde omformer resultatet av SSB sine prognoser om innvandring til bevis for at Norge er i ferd med å bli overtatt i det skjulte. For sjølv om SSB stort sett snakkar om innvandring frå Sverige og Europa, vrir Tybring-Gjedde det til ein muslimsk trussel. For han ser kva som verkeleg er i ferd med å skje. Korleis?
Jau, han er utvalgt. Frå Oslo vest har han ei spesiell kontakt med det norske folket. Dette gjer han i stand til å sjå bak bønnerom, busettingsmønster og SSB. Han ser kva som eigentleg er i ferd med å skje. Han ser at Norge er truga. Og han er ikkje den velståande høgrepopulisten frå Oslos beste vestkant. Nei, han er berre ei ærleg stemme for ”folk flest”, sitt eige norske folk . Han snakkar for dei, ikkje seg sjølv og Frp. Desse ærlege han taler saka for er offer for Ap sin politikk og dei er truga av muslimsk overtaking. Men dei har Tybring-Gjedde, folkets talerør. Og då må han jo få ordet, i ytringsfriheitens namn. For no, som sist , får han epostar, telefonar, hundrevis, ja tusenvis, frå det truga norske folk. Difor kan han fortelle.
Det er heilt uinteressant for Tybring-Gjedde kva Hadja Tajik definerer som norsk kultur. For han vil aldri gje ho rett. Han skal berre stadfeste for ”folk flest” at Tajik og Ap ikkje veit kva norsk kultur er, og at dei ikkje vil forsvare den. At han no følgjer sitt eige råd frå vekene etter 22. juli og modererer ordvalget endrar ikkje standpunktet. Det står, som han sa sist, ”politisk fjellstøtt”. Difor ser ”folk flest”, no som då, at Ap har dolka Norge i ryggen og deira politikk vil rive landet i filler. ”Folk flest” kan, saman med Tybring-Gjedde nemleg lese mellom linjene, dei ser kva som eigentleg skjer. Dei let seg ikkje lure. No som då nyttar han ein stråmannstaktikk mot Ap, og denne gong Hajik, ved å fiendtleggjere og mistenkjeleggjere dei. Slik angrip han, no som då, deira truverd ved å påstå at dei har ein skjult agenda og skjulte mål. Slik snakkar Frp igjen med to tunger, ei provoserande til kulturnorge og Ap og ei stadfestande til ”folk flest”. Og når kulturnorge blir forbanna bekreftar det ”folk flest” sitt syn. For dei har Tybring-Gjedde og Frp har rett.
At riddaren Christian Tybring-Gjedde no har fått ein væpnar i Jon Hustad er òg ei side ved dette. Hustad si FOX News-inspirerte Harde Fakta var i haust det einaste faktaprogrammet som ikkje var venstrevridd, alle dei andre var det. Difor kunne Hustad og co fortelje sanninga. Den fantes ikkje hos resten, dei venstrevridde, ikkje då og ikkje no. Og no har væpnaren Hustad fått riddaren Tybring-Gjedde og Frp i sentrum av den offentlege debatt. Der trivst dei. Dei har igjen laga drama og skandale. For når Tybring-Gjedde kjem i søkelyset, kan han på nytt etablere det rette forholdet mellom offer og syndebukk. Og då kan Tybring-Gjedde og Frp le heile vegen til NRK. Og Frp kan appellere til dei høgreekstreme. Og halvanna år etter 22. juli handlar den politiske debatten igjen om den muslimske trussel, om Frp og om Christian Tybring-Gjedde sin draum om Norge.
Simon Malkenes - forfattar av Apokalypse Oslo, om høgreekstrem retorikk før og etter 22. juli.
New Public Management byggjer si verdsforståing på det som kan målast.
Slik er sanningsomgrepet i NPM henta frå dei logiske empiristane sine teoriar frå tidleg i forrige århundre. Men verda har gått vidare sidan den gong. No veit vi at ei slik sanning ikkje seier alt om verda. Tvert om, det er mange fenomen NPM ikkje kan seie noko sant om. Det viktigaste av desse er sanninga om det mellommenneskelege.
I politikken konkurrerer desse to sanningsomgrepa med kvarandre, kvar frå si side. La oss ta Osloskolen som døme sidan eg arbeider der.
Aftenposten 10.10. fortel at ein økonom frå revisjonsbyrået Ernst&Young no sit i klasserommet på ein av 13 utvalde ”problemskolar” på Oslo aust. Der krysser av om han meiner undervisninga oppfyller dei skjematiske krava til god undervisning. Og skjemaet fortel at det gjer den ikkje, for ”det er stor forskjell på kvaliteten på undervisningen”.
Men pedagogikk tek utgangspunkt i ei anna forståing av sanning enn den den skjemaet til økonomen byggjer på. For i motsetnad til eit eksperiment på naturfagrommet utøver læraren sitt arbeid som situasjonsbestemt, mellommenneskeleg handling. Difor: For å kunne seie noko om kva som er sanninga om eit klasserom må ein forstå det mellommenneskelege. Og då hjelper det ikkje med ein økonom med eit skjema. Då må ein ha ein pedagog med pedagogiske forståing av klasserommet. Det er nemleg ein del av det daglege pedagogiske virke å forstå, tilpasse seg og bruke situasjonen til læring.
Kvifor sit økonomen der då? Jau, grunnen til at Osloskolen går til eit revisjonsfirma og ikkje til pedagogar er fordi faktaproduksjonen er politisert. For dette er politikk og ikkje vitskap. Difor er det økonomar frå Ernst & Young som sit der og ikkje pedagogar. Utgangspunktet for mistrua til den vitskaplege sanning er at NPM ikkje anerkjenner at sanninga er kompleks og samansett. For i klasserommet finn ein ikkje den enkle og heilskaplege sanninga NPM søkjer.
Og kva gjer ein då? Jau, ein forkastar det vitskaplege. I staden lagar ein eigne pseudovitskaplege sanningar, sanningar som passar det politiske målet i eit valgår.
Men kva fortel Osloskolen oss då? Kvifor betale økonomar 10 millionar, eller over tjue lærarårsverk, for å krysse ut om læraren er god nok? Jau, det fortel at Osloskolen leiter etter ei sanning dei sjølv ønsker å finne.
Difor kan utdanningsdirektøren seie at ”Vi har for liten solid kunnskap om hvilke tiltak som virker best for å sikre en mer stabil resultatutvikling…” Slik hevdar ein eit induktivt vitskapsideal, ein vil bekrefte hypotesar. Og då står alt bra til i Osloskolen. Det er berre eit problem, det er ikkje sant.
Forholdet mellom pseudovitskap og vitskap er ein politisk kamp. I den politiske retorikken er det langt enklare å presentere ei enkel løysing enn å seie at dette er komplekst og samansett. Difor er det lett å seie at læraren skal løyse problema i skolen, at betre mål gjer målstyringa betre. At om læraren er ”i særklasse god” så vil ”Svært krevande adferd frå elever som ofte er ledere i nærmiljøet. Kriminalitet er velkjent for flere av disse. Foresatte som er arbeidsledige, trygdede og har lav utdanning, noen har negative erfaringer fra egen skolegang som påvirker deres holdning til skolen. Svake norskferdigheter hos elever og foresatte”, alt dette , vil forsvinne om berre læraren er ”i særklasse god”.
Problemet er fortsatt det same, det ikkje er sant. For dette utgjer skiljet mellom sanning (episteme) og meiningar (doxa). Fremjinga av enkle, heilskaplege sanningar har stor politisk appell. Difor er løysinga som økonomen føreslår knytt til læraren sin person: ”hvis du er heldig med læreren, går det bra”, sier han. Borte er alt det som ei vitskapleg og pedagogisk forståing av klasserommet ville ha fortalt.
Og når skoledagen er over gjer økonomen barmhjertigheitsarbeid på leksehjelpa. Der skal han sjølv delta i den mellommenneskelege, pedagogiske relasjon han tidlegare forsøkte å observere. Om han sjølv går utanfor skjemaet sitt, og inn i det mellommenneskelege vil vi aldri få vite. For der er ingen plass å sette kryss for det.
Til slutt: Det ironiske i alt dette er at i læreplanane Osloskolen er sett til å undervise skal elevane lære nettopp det Osloskolen sjølv ikkje har lært seg, korleis ein kan seie noko sant om verda. Det lærer nemleg elevane av læraren.
For ein rektor er læraren eit middel til å nå etatens mål. Og i klasserommet er eleven ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel til å nå lærarens mål som igjen er etaten sitt mål.
Hausten har løfta lokket på New Public Management (NPM) og sett att på innsida av helse-Norge, skole, byråkrati og politi er det ikkje slik ein trudde. NPM har opphav i såkalla spelteori.
Utgangspunktet er at spelarane handlar rasjonelt, at dei held seg til reglane for spelet, og at dei handlar for å maksimere eigennytten sin, dei vil vinne. Det organiserande prinsippet for målstyring
er ein jamnvekttilstand, ein maktbalanse, som skal oppstå mellom spelarane, slik at dei begge har nytte av den. Men drivkrafta er egoistisk, ein skal ikkje ha empati med dei andre spelararne.
NPM er òg ein del av den politisk ideologien kalla nyliberalisme som slo ut i full blomst rundt 1980, i Storbritannia med Thatcher og i USA med Reagan. Røtene går likevel attende til då den kalde
krigen var på sitt kaldaste. Og i rota finn ein menneskesynet NPM hevdar. NPM-menneske er det motsette av den kalde krigen sitt kommunistiske menneske, det som ofra og underkastar seg fellesskapet i
eit og alt. NPM-menneske er slik ein negasjon. Det er rasjonelt, det inngår ikkje i nokon form for fellesskap, det tek alle valg sjølv, utan hjelp. Derfor er det fritt.
Korleis ser dette ut i NPM-organisasjonane i Norge: La oss ta osloskolen som døme sidan eg arbeider der. Når NPM målstyrer osloskolen endrar det alle relasjonar i heile organisasjonen, mellom etat og
rektor, mellom skoleleiing og lærar og mellom lærar og elev. For ein rektor er læraren eit middel til å nå etatens mål. Og i klasserommet er eleven ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel til å nå
lærarens mål som igjen er etaten sitt mål.
Osloskolen snikinnfører i desse dagar målstyring av det enkelte klasserom. I ei ny form for medarbeidersamtale skal læraren no formulere mål for arbeidet sitt i klasserommet, og måla skal talfestast.
I klasserommet skal no læraren forsøke å auke eigennytta si. Han skal bli eit målstyrt NPM-menneske. Han skal bruke eleven til å oppnå målet sitt, få betre resultat, betre tal. Han skal finne
jamnvektstilstanden der eleven lærer mest og læraren sjølv når sine eigne mål (som igjen er etaten sine mål). Slik vert eleven eit middel for å oppnå eit mål, og ikkje eit mål i seg sjølv. Skille
mellom å bruke andre menneske som middel for å oppnå mål og å sjå dei som mål i seg sjølv er grunnleggande innan moralfilosofien. Der skil det ei god handling frå ei ikkje-god. Den gode handling skal
kunne brukast som regel for alle, den ikkje-gode brukar menneske som middel for å oppnå eit mål. Men dette er NPM. Og NPM brukar eleven til å oppnå organisasjonens mål, i ein jamnvekttilstand der dei
begge skal tjene på det. Og, er eleven ein god spelar kan han spele det strategiske spel mellom menneske til sin fordel. Er eleven ein dårleg spelar er spelet over.
Dei BI-utdanna rektorane i Oslo vert målt på godt over 100 ulike mål av skoleetaten. Og dei er i skvis, for skolen og lærarane får stadig pålegg om nye oppgåver, særleg å dokumentere kva dei gjer.
Men læraren får ikkje meir tid, og skolen får ikkje meir pengar. For dei følgjer eleven. Men ein rektor må nitidig dokumentere oppover, til alskens tilsyn. Han vert jo målt på det. Korleis løyser han
det? Jau, dei systemiske kreftene trer inn og gjer han til eit NPM-menneske. Han puttar altfor mange elevar i klassen, han uthuler ordlyden i den lokale arbeidstidsavtala. Med eit ”nyspråk” ein kun
ser maken til hos Orwell. For- og etterarbeid til undervisning blir til dokumentasjon og pedagogiske oppgåver blir til IKT-vakt. Til slutt er der ikkje tid att til det ein eigentleg skulle gjere, å
undervise. Slik må han jukse for å få kabalen til å gå opp, for å vinne spelet. For dei lenger opp krev måloppnåing. Men lærarar, fagforeining og avtaleverk er i vegen for målet. Dei tek ein ikkje
hensyn til, ein høyrer ikkje på dei. Dei må spelast ut, i eit spel Machiavelli ville vore stolt av. Spelet riv slik sund fellesskapet, for eigeninteressene kjem først. For NPM-leiararar kan
fritt velge løysingar i eit spel der målet helliggjer middelet.
Dette er dei systemiske kreftene eller spelereglane som rår i NPM. Dei grip inn og styrer forholdet mellom etat og rektor, mellom rektor og lærar, og no mellom lærar og elev. Og dei lagar
gjennom sin eigenarta dynamikk eit biletet som frå toppen ser bra ut. For i spelet har leiing og topp betre kort enn dei andre. Difor speler dei ut all motstand og gjer som sigerherrer alltid
har gjort, skriv sigerherrane si historie, utan omsyn til taparen. Difor manglar bilete praksiskunnskapen og erfaringskunnskapen til den enkelte politi, lærar og helsearbeidar. Dei skriv under på
sigerherrene sin versjon i ein dokumentasjonsflaum ein sist såg hos NPM-menneske sin motpart under den kalde krigen. Spelet NPM tek utgangspunkt i lagar slik eit bilete av verda, av skolen, av
politiet, av helseforetaket som ikkje stemmer med den verkelege verda. Men no går spelet mot slutten. For den siste levningen frå den kalde krigen viser no sitt sanne ansikt. Den er bygd på mistillit
mellom menneske, ein mistillit som gjennomsyrer alle målstyrte organisasjonar. Det er denne mistilliten som gjer at frå toppen ser alt bra ut. Men på bakken er kaos og på innsida kjempar alle mot
alle.
22-kommisjonen nytter menneskesynet frå New Public Management (NPM).
Gjørv-rapporten er no hovudforteljinga om 22. juli. Utvalet, rekkjefølgja og aktørar utgjer hendingsforløpet 22. juli. Lesinga og forståinga av rapporten legg føringar for forklaringarmåtar, kva som kunne vore gjort annleis og då tilslutt kven har ansvaret. Den slår fast at det «er kommisjonens syn at de strukturelle organisasjonsutfordringene er mindre viktige enn utfordringene knyttet til holdninger, kultur og lederskap».
Kommisjonen nytter slik menneskesynet frå New Public Management (NPM). NPM forstår leiaren som karismatisk, ansvarleg for heile organisasjonen, dette er eit personleg ansvar leiaren har. I NPM-organisasjonen ser ein individet som ein rasjonell og autonom storleik som står fritt til å oppnå dei måla han er sett til. Når feilvurderingar førekjem, som når gule lappar vert forlagt eller når helikopter ikkje er der, kjem dette av manglande leiing. Svaret er difor leiarskap og autoritet.
Rapporten ser kulturen i politiet som ein mangel. Der er ein ukultur som ved leiarskap, styring og autoritet skal drivast ut. Difor ber VG Jens om å gå, han har ikkje vore hard nok, tøff nok, karismatisk nok. Leiaren må drive ut ukulturen, ropar dei.
Men der er ein annan måte å kaste lys på dette. I dette lyset ser ein menneske som sosiale vesen, forma av omgjevnadane, heile tida i samspel med omverda. Lyset gjer synleg at NPM-organisasjonen lagar systemiske og situasjonsbestemte krefter som formar den enkelte politibetjent sine valg. Rapporten seier: «Politidirektoratet må etablere et tydelig målstyringssystem». For når politimannen oppfyller alle mål gjer han ein god jobb. Men, i dette lyset er «Mål og resultatstyring et konsulentpåfunn som har svært lite for seg i offentlig sektor generelt, dette gjelder også i Forsvaret og politiet», (tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen) Og «Folk får ikke lov til å bruke hodet.» (Bård Kuvaas, professor ved Institutt for ledelse og organisasjon på BI).
Det som er avdekka er eit system som ikkje forstår fagkunnskapen, praksiskunnskapen og erfaringskunnskapen til den enkelte politimann. For dei systemiske og situasjonsbestemte kreftene formar òg resten av organisasjonen. Byråkratiet skil ikkje mellom politikk og fag og frå toppen ser alt bra ut. Det viser jo tala, sist ved politiets eigenevaluering. Slik vert den enkelte politimann si faglege, erfaringsbaserte vurdering pulverisert av NPM. Så når rapporten krev andre mål er ein like langt.
Derfor vil valet av forståingsform òg seie korleis ein forstår menneske. På den eine sida står dei som ser at det systemiske og det situasjonsbestemte formar den enkelte, på den andre dei som meiner det frie, rasjonelle individ saknar inspirasjon og autoritet frå ein karismatisk leiar.
Skole var ei hovudsak ved kommunevalget sist. I medvinden frå høgre ropte ein på autoritet og karismatisk leiing av klasserommet. Osloskolen var glansbilete, dei målstyrte og dei produserte flotte tal, betre enn alle andre hevda dei sjølve. Dei fekk aldri kasta på seg det lyset som trenger igjennom glansbilete og viser innsida. Eit år før stortingsvalet kjem konflikten mellom desse menneskesyna til overflata. No er det offentleg forvaltning og målstyringa av politiet som er på bordet. Men innhaldet er det same. For kampen om kven som skal styre Norge dei fire neste åra vil stå mellom dei som ropar på autoritet og dei som ser at mennesket vert til i samspel med andre.
Knust er bilete av fredsnasjonen, av ibuande godskap, av å «sjå til Norge». For vondskapen kjem no frå ein av våre eigne, fødd og oppvaksen i Oslo, som skoleelev, konfirmant og russ.
Anders Behring Breivik sprengde regjeringskvartalet. Han sprengde òg samtidas forståing av vondskap. Det vondes problem, eller guddommeleg rettferd, er sentralt i religiøs tenking og i apokalypsen. Men det er òg eit retorisk topos. Forståinga av vondskap ber derfor i seg ei forståing av det gode. Difor handlar vår forståing av Anders Behring Breivik òg om forståinga av oss sjølv.
I si verd, full av urett, full av liding, i ei verd der Breivik ikkje lukkast, omfamna han apokalypsen. Den lovar rettferd, at alt skal bli bra. I Breivik sin apokalyptiske kamp mot vondskap skulle dei gode krefter sigre. Slik blei han på guterommet gjenfødd som verdfrelsar og martyr. For å fri seg frå si eiga liding. Og då kan han skildre det vonde. Difor er muslimar som dyr for Breivik. Og som frelsar er hans eigen kamp den same som den verda gjennomgår. Derfor er små bagatellar, som knuffing på bussen og ein øydelagd sykkel, viktige delar i ein verdsomspennande, endeleg kamp mot vondskap, ein kamp der han sjølv spelar hovudrolla. Som det godes profet speglar difor hendingar i livet hans den store kosmiske kamp mellom det gode og det vonde.
I Breviks apokalyptiske verd er det ingen tvil: Han sjølv er det gode, verda er fylt med vondskap, og han er kalla til å fjerne den. Slik spring Breiviks apokalypse ut av det vondes problem. Det er: Korleis kan det finnes ein allmektig og elskande guddom når der er slik liding og urett på jorda? For Breivik lever ikkje opp til biletet i sin stand av korleis verda skal vere. Om det er slik at den globaliserte økonomien skal gje lukke, at hovudstaden i verdas beste land ikkje kan gje anna enn nederlag. Om ein føler seg truga av delar av den aukande befolkninga i byen, kva er då grunnen? Kven lurer meg? Kven tek alt ifrå meg?
For Breivik handlar det vondes problem om korleis han skal forstå det han opplever som ei urettferdig verd. Kvifor skal han, ein uskuldig, lide? Dei som er skuld i verdas urett går jo fri? Det kan ikkje være slik. Difor søkjer han svar overalt. 15000 timar på nettet hevdar han. Svara han finn er: Saman med det gode eksisterer det ei vond kraft, ein muslimsk Satan, som er ansvarleg for all verdas vondskap. Liding er vegen til frelse. Der er meining i uretten. For Breivik lir for å få innsikt og bli frelst. Både på guterommet og som martyr i rettssal 250. For lidinga er midlertidig. Sigeren vil gje eit liv utan den, i ei verd fridd frå vondskap. Slik skal verda igjen bli rettferdig, ifølgje Breivik. Han må berre fjerne det vonde, så vert alt bra. Slik vert dei politiske prosessane personleggjort og flytta over i eit konspiratorisk landskap der apokalypsen rår.
Før 22. juli var Norge ein vegvisar i godheit, fred og rettferd. Det vonde var ikkje her. Historia hadde vist oss kva vondskap var. Vondskap var Hitler-Tyskland og Holocaust. Svaret var ja, alle som deltok, administrerte og visste om hendingane, ja, alle som i det heile tatt ikkje greip inn og forsøkte å forhindre dette, var vonde. Men korleis blei dei vonde? Korleis kunne kulturnasjonen Tyskland hamne i slikt barbari? Svara fann ein fleire stader. Svar som barneoppdragelse. Den unge Adolf Hitler vart jo slått av far sin då han var liten. Svar som hos Adolf Eichmann i det byråkratiske apparat. Menneske vart tal, og tal kan ein jo viske ut. Som at der eksisterte ein eigen tysk Sonderweg, ei historisk forklaring. Og ved å demonisere Adolf Hitler. Han forførte massane med sin djevelske retorikk, som djevelen stal han sjela deira. Kva seier dette om det gode? Dei gode er alle andre. Slik er til dømes nordmenn gode, eit godt folkeferd, som gjer godt og vil godt. Men dette endra seg 22. juli.
Når dørene stenges i rettssal 250 tek bearbeidinga av hendingane til. Dei skal settast saman i ei forteljing om kven, kva og ikkje minst kvifor? Rettssaka har vist at der er ulike meiningar om kva denne forteljinga skal byggast rundt. Er det til dømes galskap eller politisk ideologi? Slike forklaringsmåtar inneheld svar på vondskapens problem. Men dei hentar svara frå ulike stader. Forteljinga om 22. juli vil gje nye svar på vondskapens problem. Knust er bilete av fredsnasjonen, av ibuande godskap, av å «sjå til Norge». For vondskapen kjem no frå ein av våre eigne, fødd og oppvaksen i Oslo, som skoleelev, konfirmant og russ. No står vondskapen ved døra. Og kven er vi då? Er vi òg vonde? Innhaldet i forteljinga skal ikkje berre romme ei forståing som alle skal kunne leve vidare med. Den skal ikkje berre forklare denne nye vondskapen som steig opp frå djupet. Den skal òg forklare kva det norske samfunnet er, kva det gode er, for å gje meining til tida etter 22/7.
Vondskapen krev svar. Ein søkjer difor svar på kva den vondskapen som steig opp frå djupet 22. juli er. Kvar kom den frå? Og korleis kan ein unngå at den kjem att? Difor leitar ein på guterommet til Breivik, hos meiningsfellande hans, i det nye politiske landskapet som er avdekka, i særtrekk ved det norske samfunnet eller ein demoniserer Breivik. I tillegg ser ein på internett og dataspel om svaret ligg der. Slik leitar ein etter svaret på stader utanfor eit oss. Dermed unngår ein ubehaget i den norske kulturen, ubehaget ved at han er ein av oss, ved at det vonde sprang ut av det vi forsto som godt, nemleg oss sjølve. Grunnen er at vondskapens problem plasserer det vonde utanfor fellesskapet. For uretten er påført utanfrå, av nokon som ikkje er som oss. Berre slik gjev verda meining. Og då kan vi igjen være dei gode og dei andre vonde.
Vondskapens problem er like gamalt som menneskesinnet. Å stille seg dette spørsmålet er djupt menneskeleg. Svara menneske har funne har gjennom historia skapt både kultur og apokalypse. Når Breivik stiller seg spørsmålet om guddommeleg rettferd er han djupt menneskeleg, lik alle andre. Svara han fant gjer han djupt umenneskeleg. Kva det betyr ligg framfor oss.
Publisert i Dagsavisen torsdag 21. juni.
Breiviksaka er ikkje lenger hovedsak i media. Og det høyreekstreme stikk igjen hovudet fram.
I ordskiftet er ein difor: Anti-arbeiderparti, anti-media, offer for media og Ap styrer Norge i det skjulte. Ein hyller nasjonen, den oppvoksende slekt og kampen mot fascisme før 1945. Og ein har eit ridderlig mannsideal. Først ut var Dan Odfjell i Bergens Tidende 16.05. Han ser Eskil Pedersen si flukt frå Utøya mot eit ridderlig mannsideal, kapteinen som aldri forlater skuta, og motstandskampen under krigen.
Han ser «et velregissert politisk spill» der «Arbeiderpartiet gjør alt for å definere terrorangrepet som et angrep på Norge». Det kan «like gjerne defineres som et angrep på førstnevnte (Ap) med henhold til maktarroganse». 22/7 er difor sjølvpåført, ifølgje Odfjell. Videre syder landet «over av hva jeg kaller misbilligelse over 22. juli-regien til Arbeiderpartiet. Det hevdes dertil av stadig flere at Breivik skal i rettsapparatet for sine handlinger, ikke for sine meninger». Men Odfjell ser kva som eigentleg skjer, Breivik skal dømmes for sine meninger. Og Ap står bak: «Selv ikke topp-politikere har kunnet holde seg borte fra ukonstitusjonelt å komme med visse føringer». Også media er ein del av konspirasjonen: Dei «viser en tilbakeholdenhet som ikke tjener landet» og dei er partiske: «Media må fremme dialog mellom ulike synspunkter på en nøytral, mer sannferdig måte.»
Dette gjør, ifølgje Odfjell, at «ensretting av politiske synspunkter skaper helt unødig frustrasjon med henhold til makt, styre og stell.» For «Ap forvitrer dessverre nasjonens oppfatning av hva som er en god leder», dette er «meget uheldig for den oppvoksende slekt». Og grunnen er at dømet Eskil Pedersen og Ap «opererer i et lukket nettverk, et nettverk med makt til å definere sannhet.» 21. mai skrev Hanne Nabintu Herland kronikken «Politisk heksejakt» i Aftenposten. Ho nektar å vitne i rettssal 250 fordi der er «en rå politisk tautrekking som helt siden 23. juli har mistenkeliggjort personer i opposisjon til maktens høysete». Slik inntar hun offerrollen.
Ho viser videre til Odfjell som ho hevder «påpekte godt hvorledes Behring Breivik brukes i et usedvanlig kynisk politisk spill.» Ho identifiserer òg konspirasjonen som gjør at «slik det nå er, framstilles det nærmest som at hvis man er kritisk til Ap, settes man automatisk i samme bås som en massemorder.» Dette gjør at Herland meiner at «den politisk heksejakten er nå så sterk at vi kan snakke om udemokratisk totalitære forhold i Norge».
Offeret for 22/7 vert slik dei konservative, ikkje Ap: «Er det kommet så langt at vi ikke tåler konservative røster? I så fall er vi på god vei til å bli det nye Øst-Tyskland, der intolerante sosialister danner fronten. Dermed stanses den frie demokratiske tanke, og staten formes i retning av et totalitært demokrati.» Ved å insistere på å være offer for Ap sitt «totalitære demokrati», krev Herland å være utsette for «udemokratiske totalitære forhold». Etter 22/7 er ikkje Ap offer.
Nei, dei bruker 22/7 til å omforme Norge til eit totalitært demokrati, som ho er eit offer for, og derfor òg ein fridomskjempar for Norge. At ho selv set seg over rettsstaten ved å nektet å møte som vitne er difor òg eit opprør mot «det nye Øst-Tyskland», der den politiske leiinga styrer alle prosesser i samfunnet, også retten. I politikken kjem det høyreekstreme til uttrykk gjennom ein appell til frykt. 23. mai skriv Christian Tybring-Gjedde for første gong etter 22/7 om innvandring. Som ei røyst frå folkedypet stig han fram som forsvarer av velferdsstaten. For «ingen snakker om de enorme velferdsutgiftene som kommer i kjølvannet av rekordhøy innvandring fra fattige land i Asia og Afrika (...) for eksempel Addis Abbeba, Mogadishu eller Kabul.»
På vegne av Oslos befolkning let han argumentasjonen skli ned skråplanet slik at SSB sine prognoser om Oslos befolkningsvekst mot en million innbyggere i 2037, ender opp som eit bilete av framtida der «byen står overfor utfordringer vi aldri tidligere har vært i nærheten av.» Og de blir drevet ut i det absurde: «Hva om SSB varslet en befolkningsvekst som tilsa et innbyggertall på to eller tre millioner kroner i løpet av et par tiår?» Etter å ha fylt innvandringsbegrepet til SSB med mennesker fra «Addis Abbeba, Moghadishu eller Kabul», konkretiseres frykten: «Vi snakker i stor grad om mennesker fra Asia og Afrika, som ankommer Norge uten økonomiske ressurser eller relevant utdannelse eller yrkesfag. I mange tilfeller voksne mennesker uten skolegang, og som ofte verken kan lese eller skrive.»
Tybring-Gjedde ber leseren lese mellom linjene. Der står det at ein, to eller kanskje tre millionar vaksne innvandrarar utan utdanning er på veg til Norge, ikkje for å arbeide, men for å leve av velferdsstaten. Dette ser Tybring-Gjedde, for «så langt er det ingen andre som snakker om de enorme velferdsutgiftene som kommer i kjølvannet av rekordhøy innvandring fra fattige land i Asia og Afrika.» Og fordi han ser det, og seier det, vert han eit offer for makta, for det politiske spel. Sjølv er han berre ærleg. Dette gjer han òg til offer for media: Dei fører «politikk som alle partier, bortsett fra Frp har sluttet seg til. For øvrig en politisk alenegang som et samlet Media-Norge i ulik grad og styrke har karikert og mistenkeliggjort.» Til slutt kobler han den trusselen mot velferdsstaten til kultur og religion.
For det handlar ikkje om økonomi. «Den varslede befolkningseksplosjon vil skape store utfordringer», de største vil sannsynligvis være knyttet til kultur og religion.» Igjen, mellom linjene: Trusselen mot Norge, velferdsstaten, er ein flaum av innvandrarar med «ein annan kultur og religion». Dette ser Tybring-Gjedde, difor er det «ubegripelig for ham at et stort flertall på Stortinget ikke vil ta lærdom av erfaringer gjort i andre land i Europa». Trusselen utanfrå er nemleg retta mot Europa.
Slik blir fryktretorikken kopla med å lese mellom linjene av leiaren i Oslo Frp. Slik kan han, ved å være offer, kommunisere til den høyreekstreme velgaren sine no når verdas auge ikkje lenger er retta mot rettssal 250.
Før oppvakninga, før openberringa, før gjenfødinga var der ein ung mann, ikkje eit overmenneske, ein martyr og verdsfrelsar. Ein ung mann som streva med å forstå verda ikring seg.
På guterommet viska Anders Behring Breivik ut skillet mellom fiksjon og røyndom. Han omfamna apokalyptiske bilete av dommedag, antikrist, frelsaren og tusenårsriket og fylte dei med nytt innhald. Biskop Tor B. Jørgensen understrekar dette i Klassekampen (26.04) når han slår fast at manifestet 2083 er eit religiøst dokument, og at handlingane til Breivik får sin rasjonalitet gjennom eit religiøst, nærmast apokalyptisk konfliktbilete. Slik kviler Breiviks politiske og ideologiske prosjekt på religiøse og rituelle symbolmønster.
Breiviks rasjonale er ein særeigen måte å tolke, forstå og gje meining til si eiga tid på som for han gjev meining til det meningslause, som lovar bot og betring, som lovar frelse for liding. Dette gjer Breivik ved å skru saman ei spesiell forståing av tid, vondskap og autoritet. Det gjer Brevik slik: For han er samtida slutten på ein epoke, ei endetid. Heile den vestlege, kristne europeiske sivilisasjonen er truga av vonde krefter. Den utvalde Breivik ser at kampen mot dei vonde kreftene skal innleiast. og at sigeren vil gje eit paradis fri for vondskap. Slik er samtida spunnen rundt vondskap. I dei siste dagar blir vondskapen synleg for den utvalde Breivik. Han ser at den vestlege verda i det skjulte er i ferd med å bli overteken av islam. I ein avgjerande kamp skal trusselen utslettast. Det vonde må fjernast, verda reinsast og gjenoppstå. Frelsaren Breivik skal ta «urfolket» til paradis.
Eitt av teikna Breivik ser er at ei vond kraft tek over alle styringsprosessar i samfunnet. Når han fyller bilete av Antikrist med nytt innhald er det kulturmarxistane som speler denne rolla. Dei har ein enorm kapasitet til å utøve vond makt i det skjulte. Dei står i ledtog med vondskapen sjølv, islam. Og dei har dolka Breiviks «urfolk» i ryggen. Difor må dei døy. For Breivik konspirerer kulturmarxistane mot det lova landet som Gud har gjeve sitt folk. I eigne auge utfører martyren Breivik Guds vilje på jorda når han fjernar dei. For berre slik kan nasjonen overleve.
Slik ser verda ut for Breivik. I denne verda speler han sjølv ei spesiell rolle ved å hevde ein spesiell autoritet. Han er ein frelsar som saman med «urfolket» skal fri verda frå liding. Som den utvalde har han ei spesiell evne til å tolke og forstå verda. Ei verd som har ein symbolsk karakter. For «2083» er som sagt ein heilag tekst. Den inneheld sanninga om verda, ei verd full av jartegn og varsel. Det er nemleg når Breivik fyller apokalypsens bilete og symbol med nytt innhald at skille mellom fiksjon og røyndom vert viska ut. For der eksistarar det gode og det vonde, tempelriddarar og motstandsrørsler, kulturmarxistar og eit vondt islam.
Breivik krev truverd i rolla som bindeledd mellom «urfolket» og planen han har for verda. Som eit overmenneske veit han kven som skal til himmelen, og kven som skal til helvete, kven som skal leve og døy. I rettssalen insisterer han på nettopp denne rolla når han, ein massemordar med 77 liv på samvitet forlangar å bli trudd og teken alvorleg når han sår tvil om motiva til dei psykiatriske sakkyndige. Han ser det, for han er frelsaren.
Men han snakkar ikkje berre til retten, han snakkar og til sitt eige «urfolk». Dei følgjer han og ser at han held det han har lova. Han let ikkje seg knekke av kulturmarxistane. Ved i insistere på ei rolle som martyr vert han den karismatiske leiaren for vekkinga han skal starte, for «motstandskampen» han veit skal komme. På same måte som han kan undergrave heile den norske rettspsykiatri, hevder han visjonær innsikt og spår den endelege kampen i tre fasar av den europeiske storkrig. Derfor angrar han ingenting og derfor ville han gjort det same om att.
Autoriteten han hevdar i rettssalen har sådd tvil om dømmekraft og vurdering inn i fagmiljø og media. Premissene for denne autoriteten, den utvalde, karismatiske leiaren, går rett inn i sakas kjerne. I retorikken er retten ein kamp om sakas kjerne. Den som definerer sakas kjerne, definerer og sakas utfall. I rettssal 250 er sakas kjerne om Breivik er tilrekneleg eller ikkje. Sjølv hevdar han at han er tilrekneleg med den same autoriteten som grunngjev handlingane, som overmenneske, martyr og frelsar. Med den modererer Breivik seg av omsyn til dei pårørande, med den hevdar han sjølvinnsikt og sjølvforståing, med den er han overberande, men fast i si tru. Slik kan han i frelsarrolla ha forståing og empati med dei fortapte. Sjølv om han ordlegg seg i sitt eige ideologiske språk, med ei eiga tilnærming til fakta og sanning er det gjennom dei religiøse symbolmønstera han ser seg sjølv og derfor også gjennom desse han må forståast. Difor er sakas kjerne om Breivik er psykotisk når han hevdar han er overmenneske, martyr og frelsar.
Der er ei side til ved dette: Den ungarske kandidaten til Nobelprisen i litteratur, Péter Nádas, forklarer i BT 27.04 at for ungarske høgreekstreme er Breivik ein helt. I rettssal 250 stadfestar nemleg Breivik sitt politiske prosjekt i rolla som martyr og frelsar for følgjarskaren over heile Europa (i Russland har dei starta omsetjinga av manifestet - Dagbladet 29.04). Dei ser at han er fast i trua, sjølv omgitt av vondskap. For følgjarskaren gjev han den autoritet han krev. Dei er med han i kampen som kjem.
Om Breivik omfamna apokalypsen på guterommet ligg kanskje og sakas kjerne gøymt der. Om sakas kjerne er om han er utilrekneleg eller ikkje, er der ei heil guteverd å dykke ned i. Før oppvakninga, før openberringa, før gjenfødinga var der ein ung mann. Ein ung mann, ikkje eit overmenneske, ein martyr og verdsfrelsar. Ein ung mann som streva med å forstå verda ikring seg. Han bør ein òg få i tale.
Når Breivik hevdar å ha opplevd den islamske trusselen som vald på kroppen, koplar han straks dette til at islam utgjer ein trussel mot Norge og vidare at det er ein del av ein kosmisk kamp mellom det gode og det vonde.
Tårene til Anders Behring Breivik kom når hans eigen youtube-video vart avspelt i rettsal 250. Dei kom fordi Breivik set seg sjølv i scene som tempelriddar, som helt i det godes kamp mot det vonde. Ein helt er eit bilete på det gode, han viser kva slags eigenskapar og val som er dei rette. Ei slik helterolle har Anders Behring Breivik tiltenkt seg sjølv. Helten er ufeilbarleg i kampen mot draken, han kan ikkje overvinnast av ein ytre fiende. Men helten kan bli dolka i ryggen av sine eigne. Eit nederlag kan difor berre komme dersom ein indre fiende dolkar nasjonen i ryggen. Men om ein ser trusselen komme må ein peike ut den indre fienden og fjerne han for godt. I forteljinga om tempelriddaren Breivik rettar kampen seg difor ikkje først og fremst mot den islamske draken. Den får vente. Først skal han forhindre ein dolkestøyt frå den indre fienden.
Motivet er kopla til politisk retorikk, til dømes i Hitlers «Mein Kampf», ved at det held opp eit dualistisk bilete av verda der det gode kjempar mot det vonde. I dolkestøytlegenda er den indre fienden som konspirerer mot nasjonalstaten, ein del av ein mykje større verdsomspennande vond konspirasjon. Der Adolf Hitler fylte biletet med den jødisk-kommunistiske konspirasjonen, fyller Breivik det med islam og «multikulturalisme/kulturmarxisme». I denne sekken puttar han Ap, akademia, journalistar osb. For sjølv om Breivik kallar AUF for Hitlerjugend, veks han ut av den same underverda som Hitlers tredje rike. (At han er motstandsmann viser samstundes óg forsøka på å ta avstand frå Hitler). Konspirasjonen mot Norge kallar Breivik til handling. Fienden Breivik ser er Arbeiderpartiet. Dei skil seg frå dei rettruande ved berre å «gje seg ut» for å tilhøyre nasjonen. Men Breivik gjennomskodar dei og ser at dei eigentleg er ein del av det vonde styre. Difor må dei døy.
Breivik hentar alle bevis og fakta som underbyggjer dette frå andre stader enn der konspirasjonen rår, ikkje i vanleg anerkjend forsking. Forskinga er infisert av vondskap, og alt den fortel er falskt. Difor bryt Breivik med ei forskingsbasert tilnærming til sanning. Breivik fyller i staden på med eigen statistikk, bilete og illustrasjonar som skal gje belegg for påstandane hans. Difor er det ei offisiell løgn at 99,9 prosent av muslimar ikkje støttar vald. Sanninga ser Breivik, den er at 25-40 prosent av muslimar støttar jihadistisk vald. Men det er ikkje berre statistikk som er bevis. Historiske hendingar inngår òg i argumentasjonen. Sjølve namnet på manifestet, «2083», spelar på ei omtolking av den ottomanske beleiringa av Wien i 1683. Den blir forstått som ein del av den pågåande kampen mellom det gode og det vonde. Når Breivik skriv sin eigen kamp inn i historia, heng den nøye saman med årstalet 1683. Breivik viser at den endelege kampen skal kronast med siger i år 2083, fire hundre år etter 1683.
For Breivik er det sentralt ikkje berre å utfordre fortolkinga av historia, men òg fortolkinga av vitskap og vitskapleg sanning. Bevisførselen insisterer på å finne bevis i eigne samanstillingar og eigen produksjon av fakta. Derfor nemner han Sitting Bull og Thomas Hylland Eriksen i same andedrag. Og er der noko som ikkje passar, har dei vonde kreftene forfalska det. Breivik må difor leggje til vonde krefter for å få ideologien til å henge i hop. Den føreset ei verd fylt av gode og vonde krefter, dei inngår i bevisførselen, og verda til Breivik kan ikkje forståast utan dei. Bakgrunnen for dette er at som helt må ikkje Breivik bli freista til å tenkje som djevelen. Han må tenkje, skrive og bevise på sin eigen måte, som berar av sanninga.
Breivik gjev alt tre betydningsnivå. Alle hendingar og dei forteljingane dei blir plasserte i, er organiserte i tre konsentriske sirklar med Breivik i sentrum. Det Breivik erfarer i ein ring, finn han att i dei to andre. Når Breivik hevdar å ha opplevd den islamske trusselen som vald på kroppen, koplar han straks dette til at islam utgjer ein trussel mot Norge og vidare at det er ein del av ein kosmisk kamp mellom det gode og det vonde. Den same koplinga skjer når han opplever at nokon påstår at muslimar trugar Norge. Breivik kan sjølv bekrefte dette gjennom si eiga erfaring, noko som igjen blir kopla til den kosmiske kampen. Dei tre sirklane bind på denne måten saman tre nivå som alle tek utgangspunkt i den personlege erfaringa til Breivik. Den personlege erfaringa til Breivik blir lik den nasjonale, som igjen er lik den kosmiske. Konsekvensen er at Breivik kan overføre den personlege kampen han sjølv har med omgjevnadene sine, til ein kosmisk kamp mellom godt og vondt.
I denne kampen er han ikkje ein ung mann på Oslo vest som mistrur bebuarar i Groruddalen og på Holmlia. Nei, han er ein helt som skal drepe det vonde. Og kampen mellom det gode og det vonde skal no flyttast ut og involvere heile verda. Difor gjer Breivik verda til eit magisk univers, ein stad der gode og vonde krefter utkjempar ein endeleg kamp, ein stad der Breivik spelar ei avgjerande rolle. Dette er ei skjebnebestemt oppgåve der den utvalde er «pålagd» å bere ansvaret med å innleie motstandskampen. Slik hentar Breivik eit skjebnebegrep der nokre få er utvalde til å spele viktige roller i den endelege kampen mot det vonde. Å lyde skjebnen er hos Breivik å underkaste seg den og være den som gjev det største offeret for det norske folk, for fellesskapet. Breivik hevdar slik ein autoritet bygd på einskap med det utvalde folket, « urfolket» som han kallar det. Og evna til å avkode folkeviljen gjer Breivik i stand til å bringe dette offeret, å frelse «urfolket» frå det vonde. Difor kjem tårene når hans eigen youtube-video vert spelt i retten. For det er snart fullbrakt. For Breivik må få formidla visjonen sin og rolla si som verdsfrelsar. For det er den som skal leve vidare etter offeret hans, som Breiviks vitnesbyrd.
Simon Malkenes er aktuell med boka «Apokalypse Oslo» der han analyserer høgreekstrem retorikk før og etter 22. juli.