Debatt

Skatterådgjevarane må stillast til ansvar

Panama Papers verka som ei vekkerklokke for skattemyndigheiter over heile verda. Det enorme omfanget av skatteflukta viser at til og med Finansdepartementet ikkje har klart å få heilt oversikt over taxfree-cocktailen skatterådgjevarar og skatteparadis saman kan lage.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Innlegget er skrevet i samarbeid med Synnøve Ofte Jakobsen, påtroppende leder i utvalg for gjeld og kapitalflukt i Changemaker

No blir søkeljoset ikkje berre retta mot folk og selskap som har flytta profitt og gøymt vekk formuar i årevis, men også rådgjevarar som har hjelpt til og tilrettelagt for denne praksisen.

Skattedirektør Hans Christian Holte har lova oss eit ekspertutval som skal granske skatterådgjevarar og rolla dei har i internasjonal kapitalflukt. Dette arbeidet kjem Changemaker til å følge nøye med på, og me håpar Finansdepartementet no grip moglegheita dei har til å avdekke korleis skatterådgjevarar utnyttar finansielt hemmeleghald og smutthol, og kommer med nødvendige tiltak.

Konsekvensane av hemmeleghaldet inneber blant anna at Noreg og andre land mistar dyrebare skatteinntekter som kunne blitt brukt på velferdsgodar, noko som er særleg tyngande på fattigare land. Slik skatterådgjeving kan også brukast til å skjule ei mengde lyssky aktivitetar, som korrupsjon, sex-trafficking og narkotikahandel.

Ein kan rekne med at summen av all global kapitalflukt er ti gonger større enn verdas samla bistand. Dersom pengane som forsvann i kapitalflukt og ulovleg skatteplanlegging frå eit land heller gjekk inn i statsbudsjettet, ville ein hatt mogelegheit til å løfte eigen befolkning over fattigdomsgrensa.

Når Finansdepartementet no vil granske praksis blant skatterådgjevarar gjev det eit signal om at nok er nok, og ein vil ha meir openheit. Ulovleg kapitalflukt blir også gjort av norske selskap og norske skatterådgjevarar. Difor er det viktig at Finansdepartementet tek sin del av ansvaret, og gjer noko med norsk lovgjeving. Utvalet og politikarane må ta makta skatterådgjevarar har på alvor. Jobben dette utvalet skal gjere må få konsekvensar i lovgjeving og i skattemyndigheitenes praksis. Finansdepartementet kan ikkje la skatterådgjevarar halde fram med å manøvrere og gje råd i «regelverkets ytterkanter – og forbi».

Mer fra: Debatt