Debatt

Skamlaust bra

Nancy, Sofia og Amina satte ord på sterk sosial kontroll i minoritetsmiljøer.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I går vart Nancy Herz, Sofia N. Srour og Amina Bile tildelt Fritt Ords honnør for sin personlige og modige innsats for å belyse sterk sosial kontroll i minoritetsmiljø.

«Hun eier ikke skam!» Det var påstanden Nancy Herz fekk servert då ho spurte etter ei bok av forfattar og feminist Joumana Haddad i ein bokhandel i Beirut. Ein måte å rakke ned på den sentrale menneskerettsforkjemparen og feministen på. «Skamlaus» er eit skjellsord mange jenter med minoritetsbakgrunn har blitt møtt med. Vi kjenner jo talemåten frå bedehusa på Vestlandet, nabopraten over gjerda, frå rykta som spreier seg.

«Hun eier ikke skam». Det betyr «ho nektar å innordne seg normene, kodane for klede og oppførsel, dei usagte spelereglane». Men det betyr også meir enn det. Det betyr også «vi kan ikkje kontrollere ho».

Nancy, som sjølv er fødd i Beirut og har libanesiske foreldre, skreiv om det i Aftenposten den 26. april i fjor. Ho sette ord på sin motstand mot det gjennom det enklaste og mest effektive verkemiddelet: Ved å ta eigarskap til ordet, kalle seg «skamløs» og dermed gjere skjellsordet ufarleg. Med det utløyste ho eit skred. Eit skred av gjenkjenning og støtte.

Berre dagar etterpå følgde Sofia N. Srour opp. Ho skildra ryktesamfunnet som ikkje gjer deg plass til å tenke sjølv, velje sjølv eller handle slik du vil. Eit glashus, med veggar av skam, som skal hindre jenter og kvinner å bryte ut. Og som den mest sjølvsagte ting i verda tok Sofia i bruk omgrepet, då ho inkluderte seg sjølv i «oss skamløse arabiske jenter».

Like naturlig, og med stor takksemd, tok Amina Bile i bruk omgrepet litt over ei veke seinare. «Jeg skjelver og smiler av lettelse», skreiv ho. «Skamløse arabiske jenter har løftet fram en realitet hos mange jenter: sosial kontroll.» Artikkelen stod ironisk nok på trykk over to smale spaltar ved sida av ein stor sak om russefeiringa landet rundt. Men innverknaden frå Amina sin artikkel har blitt langt større, ho sette ord på det mange må ha følt: «For om Sofia og Nancy kan, hvorfor kan ikke jeg?»

I går vart Nancy Herz, Sofia N. Srour og Amina Bile tildelt Fritt ords honnør for sin personlige og modige innsats for å belyse sterk sosial kontroll i minoritetsmiljø. Dei fekk prisen som representantar for seg sjølv, men også for mange andre skamlause jenter.

Nancy er 20 år, kjem frå Haugesund, studerer jus og er mellom anna aktiv i Amnesty International.

Sofia er 22 år, kjem frå Nøtterøy, er ein bevisst feminist og ein aktiv skribent og bloggar.

Amina er 18 år, og kjem frå Skien. Ho går på vidaregåande skule, og er leiar i Telemark SU.

Dei kjem frå ulike stader i landet, har ulik oppvekst, trur på ulike ting, går ulike vegar. Til felles har dei at foreldra ikkje er født i Noreg. Dei er tre ulike unge kvinner som i sum er ganske typisk norske. Og som har ytra sine viktige meiningar det siste året.

Ytringar kan vere viktige på mange vis. Prisvinnarane sette ord på det usagte. Det mange føler og meiner – men som ikkje blir sagt. Det var viktig.

Ytringar kan også vere viktige fordi dei er modige. Menneska bak ytringa tek ein risiko. Eller fordi dei står opp mot – og peikar på – ein urett i samfunnet.

Det spesielle med dei skamlause jentene sin bruk av ytringsfridomen er at den har vore viktig på alle desse visa, samstundes.

Dei har vore modige. I intervju og artiklar fortel dei om eit engasjement som har kosta. Dei har begynt som forsiktige, usikre, nervøse – ja redde – før dei tok steget. Det er dei også opne om. Denne openheita om at det kostar kan ha vore ein viktig del av bodskapen, fordi det har skapt gjenkjenning.

Når andre skal hente fram mot frå kjensler som også er fylt av tvil og redsle, ja så hjelper det å vite at andre har slitt med det same. Slik har mot fostra mot.

Jentene som inspirerte prisvinnarane var også usikre, ja av og til redde. Dei som har følgd i fotspora deira hadde det på same vis. Ikkje fordi dei var svake, for som dei tre peika på i sin felles kronikk den 2.1; «De er noen av de sterkeste vi har møtt».

Prisvinnarane sine ytringar har også vore viktige fordi dei tek opp ein stor urett mange vert utsett for. I den nemnde felleskronikken definerer dei sjølv sitt tema som å knuse glashus. Glashusa ein kan vere i om ein er minoritetsjente i eit fritt land, men ikkje er fri, fordi ryktesamfunnet, æra og skammen styrer livet ditt.

Vi er vant til å måle feil og manglar ved samfunnet vårt i tall, og kvantitative størrelsar. Andelen arbeidslaue, fråfall i vidaregåande skule. Lønnsforskjellar mellom menn og kvinner. Men sosial kontroll er ei undertrykking som ikkje kan målast, og presenterast i ein tabell.

Det er dei usynlige stikka, den usagte, men likevel effektive måten å styre eit liv på.

Den undertrykkinga kan ikkje ein tabell fortelje om, den må komme fram i historier fortalt av dei som opplever den. Og skal den bli meir enn einslege historier, som kan avskrivast som unntak, så må mange fortelje om det – igjen og igjen, i ulike variantar, heilt til vi alle ser at det er eit mønster. Og at det er alvorlig. At det dreier seg om fridomen i samfunnet vårt.

For dei skamlause jentene sin bruk av ytringsfridomen har vore viktig på ein måte til – ja kanskje aller viktigast. Dei har sett ord på noko som angår oss alle, i dag og i framtida. Dei har gått inn i sin tid.

Ideen bak våre menneskerettar er at dei er universelle, at dei gjeld alle. Om nokon sin fridom er truga, så er alle sin fridom truga.

Dersom vi meiner at Norge skal vere eit samfunn med like muligheiter som ideal, er minoriteter i Norge sine muligheiter vårt felles ansvar. Om vi syns ytringsfridom og likestilling er universelle verdiar, er det ei felles oppgåve å sikre at alle i Norge kan nyte godt av den desse fridomane.

Som dei skamlause jentene sjølv har sagt: «Dette er ikke en minoritetskamp, det er en samfunnskamp».

Nancy, Sofia, Amina og alle andre i bevegelsen av skamlause jenter sitt engasjement på den offentlige scena er noko av det beste som har skjedd det siste året. Dei skamlause jentene sin kamp angår oss alle, uavhengig av kjønn, bakgrunn og tilhøyrsle. Den treng vår støtte.

Mer fra: Debatt