Annonse
Annonse
Annons
Annonse
Annonse

Roald Helgheim

Stolt jazzfestival

Publisert 22 oktober 2012

Dølajazz nummer 33 gjekk i helga i mål med suksess og sterke musikalske prestasjonar.

LILLEHAMMER (Dagsavisen): To av dei beste stod kvinner for, då gitarist Hedvig Mollestad med trioen sin heldt ein av festivalens råaste konsertar, og talentprisvinnar, bassist og vokalist Ellen Andrea Wang, i duo med sin utvalde medspelar Jon Balke, kvitterte med glans for talentprisen ho fekk i fjor. Sterk var også saksofonisten Marius Neset som med sin engelske kvartett sette fyr på Café Stift i kulturhuset Banken, mens Mats Eilertsen med Skydive-kvintetten sin fylte festsalen over siste kveld, før supernatta sette inn.

Dølajazz framstår som ein festival prega av ungdommeleg pågangsmot. Driven 100 prosent på dugnad og med eit budsjett på berre halvannan million kroner er kvaliteten på festivalen med mellom 20 og 30 konsertar imponerande. I går var det avslutningskonsert for det årlege ungjazz-seminaret under festivalen, og med ungdomskonsertane i Jazzincubator-serien som eit flaggskip og sterk satsing på ungdom elles, held festivalen vitaliteten oppe.

Utanom den tradisjonelle «heimkome»-konserten torsdag var det konsertane i Jazzincubator-serien som prega festivalens første dag. Det er eit samarbeid mellom festivalen og Høgskolen i Lillehammer der studentane har regien og gjer filmopptak av konsertane. Invitasjon til deltaking vart også sendt utanlands, 50 band melde seg på, ni av dei vart tekne ut, nok til tre konsertar om dagen. At dei går parallelt med hovudprogrammet, gjer det ikkje lett å få med alle, men møtet med to trombonistar, ein tubaist og ein trommeslagar i det norske bandet 1000 var ei minnerik oppleving. Espen Eriksen Trio opna hovudprogrammet fredag, etterpå var det det ambisiøse bandet Turns utvida til The Turns Tentet som heva temperaturen, før gitarist Hedvig Mollestad med Ellen Brekken på akustisk og elektrisk bass og ein drivande Ivar Loe Bjørnstad på trommer fekk publikum i ekstase. Trioen som CD-debuterte med det kritikarroste albumet «Shoot!», har eit nytt album på beddinga og spenner forventningane høgt.

Etter Wang/Balkes opning av tredje dag, stod konserten til årets jazzintrovinnar Mopti i stil. Steinar Raknes fylte Lillehammer kyrkje med sitt sterke bass- og vokalsoloprogram frå albumet «Stillhouse» med gjester. Mens Jon Balke med nok ei utgåve av trommebandet Batagraf, denne gongen også med Side Brok-vokalist Runar Gudmundson syngjande og resiterande sine malmtunge tekstar, viste nye sider av prosjektet. Og etter Hayden Powell, Marius Neset og Mats Eilertsens respektive band, kom Ole Morten Vågans Motif-band til slutt med tyske Alex Dörner (trompet) og Michael Thieke (saksofon) som gjester. Festivalen gjekk laurdag inn i supernatta med kubanske Pablo Menendez og Mezslabandet hans.

Ein festival heile vegen krydra med jazzinkubatorane i byens bingoklubb gjekk dermed i mål. Starta i 1978 og med to års pause grunna OL i 1994, blir det den 33. utgåva av eit stemne med tradisjonar.

«All about jazz»

Publisert 9 juli 2012

Enten tyder orda at du får du vite alt om jazz, eller så er hovudbodskapen at jazz er den eigentlege meininga med livet.

KONGSBERG (Dagsavisen): Uansett er John Kelman sjefredaktør for All About Jazz i USA, som med nettsida si følgjer med på det som skjer på området. Han sjølv følgjer norsk jazz nøye, og var på Kongsberg ansvarleg for ein konsertserie der kjende norske jazzmusikarar spelte i konstellasjonar valt ut frå ein «outsiders» perspektiv. Resultatet var nokre av dei beste konsertane på festivalen, som då trompetvokalisten Per Jørgensen møtte trøorganisten Sigbjørn Apeland, Terje Isungset, Morten Qvenild og gitaristen Morten Skage på ein av dei beste. I serien inngjekk også Mats Eilertsens Skydive Quintet, som trollbatt publikum med ein av dei finaste festivalkonsertane i det heile.

Med eit tett program er festivaldagar reine stafettløp mellom scenene. Ein konsert med The Thing sist veke går det gjetord om, men varemerket til festivalen er å jakte på det nye og ukjende. Geografisk har festivalen flytta sentrum over elva til Kirketorget med Tubaloonscena, men musikalsk held den store utescena eit ujamt nivå. Uansett er festivalen på Kongsberg den første eg drog eins ærend til, for ein konsert med Bill Evans Trio i 1970.

På tampen av årets siste festivaldag var det det seks mann store svenske bandet Je Suis! («eg er»), leia av den ordhage trompetisten Niklas Bärno, som med sin kraftfull musikk tok publikum på Enerigimølla med storm. Ein sikker publikumsfavoritt er alltid poesioasen, der duoen Live/Lien bak albumet «Låvesalg» var bankers. Avantgardens skanse i Avanthagen er ei merkevare for festivalen. Når Lizz Wright så skulle toppe festival med den tradisjonelle midnattskonserten i kyrkja, var det i par med Stevie Wonder-kloninga Raul Midon. Men det berande elementet var utan tvil Wright og den unike stemma hennar.

Att står å melde at Ola Kvernberg fortent fekk den store jazzprisen, og at den 48. festivalen nådde målet i publikumsoppslutning. Eit jubileum nærmar seg for den lengstlevande jazzfestivalen etter Molde. Det er ei utfordring han ikkje kan ta lett på.

Jazz på roteloftet

Publisert 11 juli 2011

Kongsberg jazzfestival er ikkje som andre festivalar.

Tittelen er inspirert av fysikarane Øgrim og Ormestads serie «Fysikk på roteloftet», ein klassikar frå fjernsynets barndom der dei leika seg med enkle eksperiment. Eg tenkte på dei under Kongsbergfestivalens siste dag i Avanthagen, flytta innandørs til Smeltehytta i regnet, der den elektroakustiske improvisatoren Jérôme Noetinger opererte ei maskin lik ein mellomting mellom Tandbergs gamle lydbandspelar og ein liten telefonsentral til å plugge leidningar i, med lydbandet rundt ein ekstra stav som medverka til eit mangfaldig lydunivers for ei fullsett smeltehytte.

Etterpå var det duo med Spunk-cellist Lene Grenager og svensk vokalfenomen Sofia Jernberg, før Paal Nilssen solo sette punktum for eit publikum i hundre. Eit publikum ikkje av nerdar, men ungdom like prega av nyfikne som dei som har følgt resten av den «alternative» festivalen. Laurdag avslutta syttiåringen Peter Brötzmann konsertveka si gnistrande, med hagescena Det Lille Extra som måtte flytte innandørs i det som før heitte Odd Fellow, fylt til randa. Med den forrykande italienske bassisten Massimo Pupillo og ein Nilssen-Love som spelte skjorta si så våt av sveitte, at han kunne ha tørka golvet etterpå. 

Same dag vart Barry Guy med sin tredje konsert møtt med ovasjonar på Energimølla med det elleve mann store New Orchestra. Mens dei store namna har fylt dei største scenene, har Energimølla, Smeltehytta, Galleri Åkeren og Det Lille Ekstra vore fullsette arenaer for spennande namn. Som den estiske Maria Faust Group, den italienske trioen Zu og australske Will Guthrie trio, attåt norske band som Chilli Vanilla med vokalisten Sunne Sanden, med Andrea Kvintett og mange andre, frå den nye generasjon der ikkje minst kvinnene er på full frammarsj.

Det er dette som gjer denne festivalen til ein vinnar, men sjølvsagt ikkje åleine. Laurdag var det dobbeltkonserten med Motorpsycho og Primus som herska på hovudscena der regnet nok førde til litt publikumstap, fredagen vil eg hugse for den vedunderlege kyrkjekonserten til Charles Lloyd New Quartet, avslutta med Duke Ellingtons «Come Sunday» og den skotske folketonen «The Water Is Wide», som er tittellåten eit av Lloyds finaste album. Vokal og bassduoen Cæcilie Norby/Lars Gustafsson gjorde stor lukke på Kongsberg Kino, der det laurdag var Arild Andersen og blåsarane Markus Stockhausen og Tommy Smith og trommefenomenet Patrice Heral som tok kinoen med storm. Med polske Marcin Wasilewski som glitrande stand in på piano, og med Wayne Shorters «Masqualero» som gav namnet til Andersens mest kjende band, mellom låtane.

Med det var det duka for midnattsmesse med Mary Mazur’s Celestial Circle som avslutning. Arve Henriksen vann festivalens DnB NOR-pris på 300.000 kroner, in absentia då han også var på Nordsjøfestivalen i Haag for å spele og ta imot Paul Ackett-prisen same dag. Ein innovatør i jazzen, verdig ein pris på ein vellukka Kongsbergfestival, prega av ungdommens nyfikne for alt det nye som hender. Det som er alle festivalars framtid.