Annonse
Annonse
Annons
Annonse
Annonse

Per Engene

Viser innlegg | Se kommentarer (288)

Viktig med bevis

Publisert 28 februar

Det er fysisk umogeleg at UTSLEPP av CO2 kan føre til målbart høgare temperatur. Det er beviset for at propagandaen frå IPCC er feil, basert på fleire sentrale naturlover.

 Her nemner eg Lambert-Beers lov, også kalla absorpsjonslova, som viser at etter 15 m opp frå bakken har CO2 absorbert så godt som alle varmestrålar i sitt spekter. All varmen som CO2 kan absorbere, er absorbert, så då hjelper det ikkje med meir utslepp av CO2 eller større CO2-innhald i lufta. Ein kan heller ikkje fange fisk i ein dam som er tom for fisk.

Likninga for absorpsjonslova viser at CO2 absorberer 60% av varmestrålane i sitt spekter på 1 m, 79% på 2,5 m, 90% på 5 m og 99% på 10 m. University of Chicago har gjort målingar av absorpsjon med CO2 som viser det same.

Me kan ikkje kontrollere varmestrålinga frå bakken med sansane våre. Men det kan me gjera med den mykje sterkare varmestrålinga frå ein vedomn inne. Heilt innmed omnen på 10 cm er strålinga sterk, men 1 m frå omnen er det att berre 40% av strålinga. Den reduksjonen er lett å kjenne. På 2,5 m og 5 m er det att 21% og 10%. Kroppen vår er ikkje eit godt måleapparat, men det er lett å kjenne at varmestrålinga minkar med avstanden frå omnen. Her måler me at både vassdamp (fukt i lufta) og CO2 absorberer varmestrålar. Det er naturvitskaplege fakta som me kan kontrollere sjølve på denne måten. Men dei 1% av strålane som er att etter 10 m, er det dei færraste som kjenner på kroppen.

Det er logisk at med dobbel CO2-mengd blir strålinga absorbert på halve avstanden. Det viser likninga for absorpsjonslova også. Som nemnt før, er det også logisk at når det ikkje er att fleire varmestrålar, så blir det ikkje meir varme med dobbel CO2-mengd.Var ikkje dette både interessant og lett å forstå, kanskje? Fakta er ikkje til å kimse av!

Til samanlikning tek eg med litt av ein epost som eg fekk:

"Professor Knut Alfsen anmelder i siste nummer av Klima (CICERO) boka Atmosphere, Clouds and Climate, av David A. Randall. Her forklarer han hva klimasystemet består av: Atmosfære, Hav, Is, Snø og Deler av biosfæren."

Det er både typisk og påfallande at "professoren" ikkje nemner sola som del av klimasystemet!!! Utan sola kom jorda til å bli ein isklump på kort tid. Sola yter 1366 W/m2. Til samanlikning får me 0,055 W/m2 frå jordvarme og 0,015 W/m2 frå brenning av kol, olje og gass, til saman 0,05 promille av solstrålinga.

Kor mykje kan me stole på CICERO og dei som arbeider der, som går ut med slik skakk informasjon? CICERO har i dag 8 stillingar i informasjonsavdelinga, og redaktøren for medlemsbladet Klima søkjer om fleire stillingar. Er det rimeleg av Staten å gi CICERO fleire stillingar til skakk informasjon?

Nye overtramp av NRK.

Publisert 27 februar

Dei norske jentene vann skiskyttarstafetten i VM. Men det var ikkje godt nok for dei kravstore journalistane i NRK.

Dei to unge på laget som gjekk 1. og 2. etappe svikta og tapte mange sekund som dei to siste måtte ta inn att, klaga journalisten gong etter gong i reportasjen. Kva skal det vera godt for å klaga unge debuttantar for at dei gjer så godt dei kan, og i tillegg blir verdsmeistrar? Stafett er stafett, heiter det. Og når dei unge takla presset likevel, skulle det vera all grunn til å gi dei ros. Det fekk dei ikkje, endå dei gjorde det dei skulle slik at laget tok 1. plass, og det var det som var målet. Kor lenge kan me vente at desse lovande jentene vil halde på, når dei får slik ”inspirerande oppmuntring” frå media? Dersom journalisten ikkje var fornøgd med at jentene vann, kvifor klagar han ikkje då på dei som tok ut laget? Her må nok Bjerkaas ut og beklaga på nytt.

Det er noko merkeleg med VM-kvelden også. Me er godt kjende med at det er viktig å vinne medaljar. Og dermed blir det så gale med den ”kjedelege” 4. plassen, endå om det skilde berre et par tidels sekund mellom 3. og 4 plass. Men for det om den ”kjedelege” 4. plassen er ein media-flopp, så det er vel ikkje nødvendig å gjera det verre enn det er? Dei norske jentene vann firedobbelt i 15 km langrenn. Dei var nesten like gode og vann over alle utlendingane. Dersom dei tre beste ikkje hadde vore med, så hadde Størmer Steira vorte verdsmeister på 15 km føre Kowalczyk. Steira vann over alle utlendingane, og tapte 3. plassen med berre eit par tidels sekund, men vart ikkje funnen verdig til å vera med på VM-kvelden. Her viser NRK-sporten ekstremt dårleg dømmekraft på nytt!

Nesten det same tok seg opp att etter at gutane var ferdige med 30 km langrenn, der Noreg fekk både 2, 3. og den ”kjedelege” 4. plassen. Her måtte NRK demonstrere på nytt. Petter Northug vart ikkje funnen verdig til å vera med på VM-kvelden for landet vårt, endå han hadde vunne over alle utlendingar bortsett frå Cologna. Dersom ikkje dei to medaljevinnarane våre hadde vore med, så hadde Petter fått si andre sølvmedalje. Petter har vunne så mykje og fått så mykje ros før, så han greier seg nok. Men det spørst om NRK-sporten greier seg etter så mange fadesar?

NRK skal likevel ha ros for repriseprogramma frå langrenn og hopp frå 1950-90. Det er trivelege program frå den tida då NRK kunne laga gode sendingar frå norsk idrett. Verre er det med programma om norsk idrett dei siste åra som blir sende ved kvart nyttår. Det er ikkje noko gale med at fotografar prøver seg med ulike vinklar å fotografere i, eller at dei prøver seg med å laga ”kunst” av arbeidet sitt. Det som er gale med desse programma, er at programredaktøren kamuflerer reportasjen frå idretten det siste året med alle slags fotografiske triks som høyrer heime i heilt andre program. Dei siste åra er det berre litt av desse programma eg har sett, før eg slår dei av. Og det var kanskje det formålet redaktøren hadde med programmet? 

 

Cecilie Mauritzen tok over som direktør for CICERO senter for klimaforsking frå 2012. I eit intervju på tre sider i Teknisk ukeblad 2312 hevdar ho at ho vil informere folk.

 ”Jeg synes heller vi skal diskutere vitenskap”, seier ho, men ”det kommer til å bli sagt stygge ting om meg personlig og ikke saken”, insinuerer ho. Det er ein merkeleg måte å invitere til diskusjon på! Det einaste ho legg fram av informasjon på tre sider, er at klimamodellane har vorte betre! Kor mykje betre?

Det er godt kjent at klimamodellar er kjepphesten til Mauritzen. Professor Hendrik Tennekes seier at systemet for veret er kaotisk. Me forstår mindre enn 10 prosent av drivkreftene som styrer utviklinga av veret. Me manglar det nødvendige matematiske rammeverket for å gje pålitelege vermeldingar for meir enn nokre få dagar, uavhengig av kor sterke datamaskinene er, og kor presise og detaljerte basistala er. Derfor er spådommar om klimaet 100 år framover aldri til å stole på, jamvel om dei er baserte på datamaskinmodellar. Den blinde tiltrua til den tankelause ideen om at klimamodellar kan skapa ”realistiske” simuleringar av klimaet, er den fremste årsaka til at eg blir verande ein klimaskeptikar, konkluderer Tennekes (Hagelstam 2007).

Spådommar om klimaet på grunnlag av klimamodellar har aldri slått til så langt, så her er det tydeleg at Mauritzen har satsa på feil kjepphest. Molbuane hadde som kjent også ei lettvint innstilling til naturen. Det er slik molbu-tenking som får nokon til å innbille seg at dei kan spå klimaet i 100 år framover, eller til å innbille seg at UTSLEPP av CO2 kan føre til målbart høgare temperatur, stikk i strid med likninga for Lambert-Beers-lov, absorpsjonslova, brukt på CO2. At reemisjon skulle gje ekstra varme, er i strid med dei termodynamiske lovene.

Henrys lov viser at det er temperaturen som styrer med CO2-balansen, som er 1 del CO2 i luft i forhold til 50 delar CO2 i vatn, dvs. som 1:50. Masseverknadslova, Guldberg-Waage-lova, har i mill. av år styrt med deponering av overflødig CO2 frå jordskorpa, vulkanar og fossilt brensel til sedimentære bergartar, karbonat som kalkstein, krit og marmor m.fl., på botnen av havet. Og best av alt, det gjer naturen heilt gratis. Dermed er det like nyttig å prøve å tøme lufta for CO2, som det er å tøme Oslofjorden for vatn. Havet etterfyller både vatn og CO2 like fort som det blir fjerna.

Mauritzen meiner at med nødvendige politiske vedtak skal me greie å takle alle utslepp av CO2. Reknar ho då med utsleppa frå jordskorpa og vulkanar som er kalkulerte til det dobbelte av fossile utslepp? Og meiner ho det same no etter klimamøtet i Qatar der store land som Russland, Japan og Canada ikkje vil vera med lenger? I 2005 vart Kyoto-avtala gyldig fordi Russland vart med. Men korleis kan Kyoto-avtala vera gyldig no etter at både Russland, Japan og Canada har trekt seg? 

Det mest overraskande er at ho meiner at det blir verre med naturlege klimaendringar som me ikkje får gjort noko med! Kvifor det? Dei naturlege klimaendringane har då alltid vore der? Er det ikkje lenger tilfelle at dei innbilte klimaendringane, pga. utslepp av CO2, er dei verste? Det blir ikkje likare når ho vil manipulere klimaet med geo-enginering som å plassere store speil i verdsrommet for å stanse sollyset! Hennar mange merkelege meiningar om klimaet får meg til å tolke det slik at ho har mista bakkekontakten fullstendig og flyg med sine speil og andre strukturar kring i stratosfæren?

 

 

 

Merkeleg bruk av fakta

Publisert 12 august 2012

Hege Ulstein er på nytt ute for å skremme folk med innlegget ”Null Hull” på nyemeninger.no. Ho vil at Noreg skal slutte med å leite etter olje og gass, og viser til påstandar frå miljøaktivist Bill McKibben. Ulstein skriv om energi og klima, men har ein miljøaktivist greie på det?

Den første påstanden er at temperaturen ikkje må stige med meir enn to grader etter 1850. Det har politikarane ved FN’s klimapanel bestemt, politikarar som TRUR dei kan forandre på naturlovene. Men temperaturen går stadig nedover, så det kjem dessverre ikkje til å skje, endå det beste for jorda hadde vore om temperaturen hadde gått opp 4-5 grader.

Dei to neste påstandane handlar om verdiar for utslepp av fossil CO2, som er mindre enn 4% av alle utslepp av CO2? Påstand nr. 2 er at me må ikkje sleppe ut meir enn 565 gigatonn CO2 før 2050 for å unngå høgare temperatur. Den tredje påstanden er at alle kjende reservar av fossil energi kan frigjera 2795 gigatonn CO2 når dei blir brende. Ingen av påstandane er dokumenterte.

Påstand nr. 2 held ikkje mål. Eg har før påvist her på nyemeninger.no at det er ein bløff at utslepp av CO2 til atmosfæren kan føre til målbart høgare temperatur. Sjølv om CO2-mengda i lufta likevel skulle tidoble seg, kan temperaturen maksimalt stige nokre promille av ein grad.

Den tredje påstanden kan godt vera rett. Men det ”skremmande” talet 2795 gigatonn CO2 er heller ikkje så skremmande. Det er nesten nøyaktig så mykje CO2 som det er i atmosfæren frå før, slik at eit momentant utslepp kom til å doble CO2-mengda til 780 ppm ein kort periode. Det er likevel lite i forhold til ei sjudobling på 2700 ppm, som er middeltalet dei siste 600 mill. år med verdiar opp til 7000 ppm.

Det viktigaste å få med seg er at naturen sjølv regulerer CO2-mengda i lufta med hjelp av CO2-balansen mellom luft og vatn som er som 1: 50, ein del CO2 i luft i forhold til 50 delar CO2 i vatn. CO2-balansen er avhengig av temperaturen. Kaldt hav løyser opp overflødig CO2 i lufta. Det skjer om vinteren og i polare strøk. Varmt hav må gje frå seg CO2 til lufta. Det skjer om sommaren og i tropiske strøk, ein sirkulasjon på til saman 500 gigatonn CO2 per år fram og attende. Fossile utslepp av CO2 på om lag 30 gigatonn per år blir med i denne sirkulasjonen, på same måte som utsleppa av CO2 frå jordskorpa og vulkanar på kanskje 60 gigatonn har vorte regulerte ned i havet i mill. av år.

Dei massive utsleppa av CO2 frå det indre av jorda har alltid ført til overflødig CO2 i atmosfæren, men har vorte løyst opp i havet. I havet blir overflødig CO2 avleira som karbonat i sedimentære bergartar på havbotnen, m.a. kalkstein, krit og marmor i samsvar med Guldberg-Waage-lova, ei grunnlov i fysikalsk kjemi, den einaste naturlova som har fått namn etter norske vitskapsmenn. Det er meir enn merkeleg at Noreg overser ei så sentral naturlov så lenge, for deponering av CO2 under havbotnen er fullstendig bortkasta arbeid og pengar.

Ulstein vil at Noreg straks skal slutte med å leite etter gass og olje. Ho bør lesa innlegget ”Vindmøller – til liten nytte” av Odd Handegård, som vart lagt inn på nyemeninger denne veka, 7. aug., men vart fjerna av moderator Stian Bromark etter kort tid. Eg nemner den massive og meiningslause satsinga på dei ustabile vindmøllene som er prosjekterte, med ein produksjon som kostar over to kr per kWt i forhold til mindre enn 10 øre per kWt for jordvarme. Denne overskotkrafta skal deretter sendast til utlandet for mindre enn 20 øre per kWt, og det kallar dei raudgrøne for lønnsam investering! Kan det vera nødvendig å spela så naiv og kunnskapslaus for å skrive innlegg i Dagsavisen?

 

   

God ”klimapolitikk”?

Publisert 23 april 2012

Dette innlegget kan også vera eit svar til Anne Helen Eide.

     Michael Hoel har 14. april fått inn ein lang artikkel i DN om kor mykje klimatiltaka kan og bør koste. I dag må norske bedrifter og hushald betala mellom 100 og 400 kr per tonn utslept CO2, ein politikk som påfører både hushald og bedrifter enorme kostnader. Mange bedrifter må leggje ned produksjonen eller flytte ut av landet, men det meiner Michael Hoel er god ”klimapolitikk”! Artikkelen hans er ein kommentar til fem andre innlegg i DN på vel 14 dagar, ein debatt som heilt manglar realistisk grunnlag. Dei stiller ikkje ein gong spørsmålet om utsleppa av CO2 påverkar temperatur og klima så mykje at det kan målast?

     CO2 står for ein varmeeffekt på i middel 0,53 grader av dei 33 grader som atmosfæren står for (Nordell 2003). Politikarane som etablerte FN’s klimapanel, IPCC, trudde at drivhuseffekten auka lineært, dvs. i takt med auken av CO2 i lufta. Det er feil, for både likninga for absorpsjon og målingar av CO2-absorpsjon gjorde av University of Chicago viser at absorpsjonslikninga er logaritmisk, dvs. at auken av absorpsjonen er stor i starten, men minkar logisk nok fort etter kvart som varmestrålane blir absorberte.

     Likninga for absorpsjon viser at etter 1,25 m er 67% av varmestrålane i CO2-spekteret absorberte, etter 5 m 90%, etter 10 m 99% og etter 20 m 99,99%. Målingar av absorpsjon viser det same, 20 ppm CO2 absorberer 74% av varmestrålane, nye 20 ppm absorberer 15% til, nye 40 ppm 6% til, nye 80 ppm 3% til og nye 160 ppm 1,5% til , slik at 320 ppm CO2 absorberer 99,5% av alle varmestrålane i CO2-spekteret. Då er det att mindre enn 0,5% av varmestrålane å absorbere. Viss atmosfæren skulle få tilført så mykje CO2 frå fossil energi eller frå utslepp frå jordskorpa og vulkanar, som på Island og i Italia eller frå tusenvis vulkanar på havbotnen, at CO2-mengda steig til det mangedobbelte, så ville verknaden likevel bli minimal.

Ein halv prosent av 0,53 grader er mindre enn tre promille av ein grad. Det er så lite at det er vanskeleg å måle. IPCC hevdar kanskje at effekten av CO2 er ti gonger så stor, eller 5 grader. Men 0,5% av 5 grader som er mindre enn tre prosent av ein grad, er også vanskeleg å måle. Siri Kalvig m.fl. reiste omkring og feilinformerte lærarstudentar med at CO2 stod for heile effekten på 33 grader: ”Uten CO2 ville vi hatt en ugjestmild planet med en middeltemperatur på ca –18 grader. Men akkurat passe mengde CO2 har vi en livgivende og pustende planet med en middeltemperatur på ca 15 grader. Det er for mye CO2 som er farlig”, sjå hennar heimeside www.storm.no i 2010. Her påstår Siri Kalvig at CO2 står for den effekten som heile atmosfæren har for jorda. Men det er ingen katastrofe i denne grove bløffen heller, for 0,5% av 33 grader er berre 0,165 grader eller ein seksdels grad, som er den maksimale potensielle stigninga av temperaturen som denne bløffen kan få. Det blir så visst inga klimakrise av det.

Det interessante er at IPCC i sitt siste Summary har gått attende på påstandane sine om at utslepp av CO2 fører til klimakrise, sjå http://ipcc-wg2.gov/SREX/ side 9. Her meiner IPCC at naturlege årsaker kjem til å styre klimaet dei neste 20-30 åra og endå lenger, og det er heilt usikkert om utslepp av CO2 kjem til å ha nokon påverknad.. Det er derfor påfallande at verken media eller politikarar ser ut til å vilja ta den nye informasjonen frå IPCC til etterretning.

     Denne debatten skjer i ei tid då temperaturen på Austlandet har gått ned med 6 grader sidan 2003, middeltemperaturen for heile landet målt av Met. inst. har gått ned med 3 grader på 4-5 år, og ein liknande nedgang er observert over heile jordkula med katastrofar som hard tørke og uår. IPCC har heile tida påstått at ein oppgang i temperatur på to grader kom til å få katastrofale følgjer. Denne skremselspropagandaen har IPCC ikkje hatt noko grunnlag for å koma med. Faktum er at det beste som kunne hende jorda vår er eit 2-5 grader varmare klima, slik det var for 10.000 til 3000 år sidan då Hardangervidda var kledd med grov furuskog. 

     Det hjelper ikkje med all økonomisk ekspertise i denne debatten i DN når det er nok med nokre enkle fakta frå ei av naturlovene til å vise at dei driv med skuggeboksing i eit tomrom. Fleire naturlover viser det same. I gamle dagar kalla dei det diskusjon om pavens skjegg eller om ”keisarens nye klede”.

     Er det ikkje heller nødvendig for DN som er eit blad for næringslivet, å argumentere mot politikk som er skadeleg for næringslivet? Både staten og norske bedrifter har hittil kasta bort fleire hundre milliardar kr på CO2-hysteriet. Og når eg skriv det, så er det fordi det er ført bevis for at menneskelege utslepp av CO2 aldri er skadelege for klimaet. Det er feil når politikarar argumenterer med at utslepp av CO2 får temperaturen til å stige. Argumentet stemmer ikkje når stadig større utslepp av CO2 dei siste 10 åra ikkje har greidd å hindre at temperaturen har gått kraftig ned.

     I depresjonen 1929-32 vart så mange fabrikkar stansa at utsleppa av CO2 minka med 30% på tre år. Likevel steig både CO2-mengda i lufta og temperaturen i det same tidsrommet som ingen ting skulle ha hendt. Kvifor ikkje lære av slike eksperiment? Å innføre ei ny krise med 30% reduksjon av CO2-utsleppa har verken Noreg, Europa eller resten av verda råd til i dag. Og heldigvis, for det hadde ikkje påverka verken CO2-mengda i lufta eller temperaturen det minste! Så alle CO2-avgifter og alle CO2-kvotar må fjernast straks, saman med den utsette klimameldinga.

 

Per Engene, biolog, miljøaktivist og stiftar av organisasjonen Klimarealistene

     

Mytar om klimaet.

Publisert 7 desember 2011

Alle kjenner ordtaket om at ingen kan gjera noko med veret.

 Ein del politikarar innbiller seg at UTSLEPP av CO2 til atmosfæren kan få temperaturen til å stige, og at litt høgare temperatur er skadeleg for jorda, - to hardnakka klimamytar. Det kjem av at dei er ukjende med viktige naturlover. Dei forstår heller ikkje at det er for lite med fossile brensel på jorda til å doble CO2-mengda i lufta. Likevel arbeider FN’s klimapanel og ein del ”forskarar” med å rekne ut kor mykje temperaturen kjem til å stige dersom CO2-mengda i lufta blir dobla, - noko som aldri kan skje. Politikarane ved IPCC manglar med andre ord sansen for proporsjonane til CO2.

I tidlegare periodar kunne det vera 7000 ppm CO2 i lufta. I middel for 600 mill. år har det vore 2700 ppm CO2. I dag skal det vera 390 ppm eller 0,039% CO2 i lufta. Det er lite, og det utgjer berre 2700 mrd. tonn CO2, som alt kunne få plass i ein av dei minste kommunane i Noreg. Heile atmosfæren har ein effekt som gjer at jorda er om lag 33 grader varmare enn utan atmosfære. I alt står CO2 for mindre enn 2% eller 0,53 grader av denne effekten.

Det er nok med 300 ppm CO2 for å gje så godt som full effekt i CO2-spekteret. Ev. tillegg til 300 ppm gir så småe tillegg at tilleggseffekten ikkje let seg måle. Ev. tillegg til 390 ppm gir endå mindre effekt. Det kjem av at 300 ppm absorberer så godt som alle varmestrålar i spekteret til CO2. Og når det ikkje er att fleire varmestrålar å absorbere, hjelper det lite med meir CO2 i lufta. Det viser både målingar av absorpsjon og likninga for absorpsjon.

Utsleppa av fossilt CO2 på jorda per år er 25-30 mrd. tonn. Det er mindre enn 4 ppm. Det kom til å ta meir enn 100 år å doble CO2-mengda i lufta, dersom atmosfæren var statisk. Det er likevel ikkje realistisk, for så mykje fossilt brensel er det ikkje funne på jorda enno. Og som nemnt, kom det til å få så liten effekt på temperaturen at tilleggseffekten ikkje kan målast.

Men atmosfæren er ikkje statisk, for det skjer ei utveksling av CO2 mellom luft og hav, og mellom hav og luft på 500 mrd. tonn CO2 per år kvar veg, pluss minus. Dermed blir fossile utslepp av CO2 med i denne sirkulasjonen mellom luft og hav. Temperatur og trykk styrer CO2-balansen mellom luft og hav som er 1 del CO2 i luft i forhold til 50 delar CO2 i vatn. Med høgare temperatur kan lufta ta opp og halde på meir CO2, med lågare temperatur blir overflødig CO2 i lufta løyst opp i havet.

Denne utvekslinga av CO2 mellom luft og hav skjer heile tida. Om vinteren og i polare strøk blir CO2 løyst opp i havet, om sommaren og i tropiske strøk ”boblar” havet CO2 som ei flaske brus som blir varma opp. Blir det for lite CO2 i lufta, blir det etterfylt med meir CO2 frå havet. Derfor er det ei innbilling å tru at deponering av CO2 under havbotnen, skal gje lågare CO2-mengder i lufta. Månelandinga til Jens Stoltenberg på Mongstad kan best samanliknast med mannen som prøvde å ause Oslofjorden tom for vatn. Når mannen fjernar vatn frå Oslofjorden, fyller havet på med nytt vatn. Og når Jens fjernar CO2 frå atmosfæren, fyller havet på med ny CO2. Båe delar er like unyttige og like håplause.

Derfor er det fysisk umuleg at UTSLEPP av CO2 kan føre til høgare CO2-mengder i lufta, eller til klimaendringar eller klimakrise.Det er CO2-balansen styrt av temperatur og trykk som bestemmer CO2-mengda i lufta, ikkje utsleppa av fossilt CO2. Andre overflødige utslepp, som t.d. dei doble utsleppa av CO2 frå jordskorpa og vulkanar, har i mill. av år blitt løyst opp i havet utan at det verkar inn på temperaturen på jorda. I havet blir overflødig CO2 i samsvar med Guldberg-Waage-lova avleira som karbonat som kalkstein, krit og marmor på botnen av havet, i samsvar med likningaCO2i luftCO2i vatnHCO3- oppløyst i vatnCaCO3= kalkstein. Kvar skulle elles desse sedimentære bergartane vera komne frå?

I havet varierer pH-verdien for det meste mellom 8,0 og 8,4. Visse ”forskarar” skal ein ikkje ta høgtideleg når dei skremmer med at havet blir for surt fordi pH-verdien har gått ned med 0,1 frå pH 8,2 til 8,1. Det er det normale at pH-verdien i havet varierer heile tida mellom årstidene og havstraumane. Bufferverdien for oppløysing av CO2 i havet er nærmast uendeleg.

Eksperimentet med sterk redusering av CO2-utslepp er gjort før, ufrivillig. Etter depresjonen i 1929 vart mange fabrikkar stengde. CO2-utsleppa gjekk ned med 30% frå 1929-32 utan at verken kurva for temperatur eller CO2-mengd i lufta i 1930-åra reagerte på det, heilt i samsvar med viktige naturlover. Det er det berre å kontrollere. Kan det vera nødvendig å laga ei ny 1930-års krise når me VEIT at det ikkje får nokon verknad.

Merk at temperaturen kan gå opp eller ned, utan at det har noko med utslepp av CO2å gjera. Isbreane kan vekse eller smelte, havet kan stige eller minke, det kan bli flaumar eller tørke, det kan bli stormar, orkanar, tornadoar eller stille ver, det kan bli uver og katastrofar, det kan bli sjukdom, pest, krig eller fred, utan at det har noko med utslepp av CO2å gjera.

Den norske staten har hittil kasta bort meir enn 100 mrd. kr på CO2-hysteriet. Er ikkje det nok? Det er kalkulert at full reinsing for fossile CO2-utslepp kom til å koste 80.000 mrd. kr per år. Det er lett å forstå at andre nasjonar tek omsyn til naturvitskaplege fakta heller enn å vera med på denne sløsinga til ingen nytte, berre til skade for vegetasjon og miljø! Lufta i vår tid er så sveltefora på CO2 at gartnaren pøser på med det firedobbelte med CO2 i veksthusa for å få brukbare avlingar.

Er det ikkje snart på tide for politikarar å slutte med å basere politikken sin på mytar?

 

Per Engene, biolog, miljøaktivist og stiftar av organisasjonen Klimarealistene

 

 

Politiske mytar om klima.

Publisert 11 september 2011

Både Ola Borten-Moe og Lars Haltbrekken har nyleg hatt innlegg her på denne sida. Borten-Moe stoler på IPCC som hevdar at temperaturen kan stige 6 grader, Haltbrekken er redd for at jorda snart skal koke. IPCC, politikarar og fleire statar har bestemt at temperaturen ikkje skal gå opp med meir enn 2 grader. Er det realistisk at politikarar kan overstyre naturen slik?

Det politisk korrekte i dag er at utslepp av fossilt CO2 fører til høgare temperatur og klimakrise. Utsleppa av fossilt CO2 aukar stadig. Men sentrale naturlover viser at det er fysisk umuleg at utslepp av CO2 kan få temperaturen til å stige. Og kvar blir det av den høgare temperaturen når temperaturen på Austlandet, målt av m.a. Met. inst., har gått ned med 6 grader på 8 år frå 2003-11? Temperaturen har gått sterkt ned i resten av verda også. Alt anna er feilinformasjon, som det er mykje av i media. Det er ein myte at utslepp av CO2 fører til høgare temperatur. Og det er ein myte at høgare temperatur er skadeleg. Tvert imot, det beste som kunne skje med jorda vår, var at temperaturen gjekk opp 5-6 grader.

Naturlovene er eit bevis på at det politisk korrekte om klimaet er ein myte. Men naturlover med sine matematiske likningar er kanskje vanskelege å forstå når ein ikkje har realfagleg bakgrunn. Folk med kunnskap i historie avslører likevel fort humbugen bak påstandane til IPCC og medløparar.

Ein annan måte å sjå det på er at politikarane ved IPCC manglar sans for proporsjonane til CO2. I dag skal det vera 390 ppm eller 0,039% CO2 i lufta. Det er lite, og det utgjer berre 2700 mrd. tonn CO2. I alt står CO2 for mindre enn 2% eller 0,53 grader av den effekten atmosfæren har for jorda, som er om lag 33 grader. Det er nok med 200 ppm CO2 for å gje så godt som full effekt i CO2-spekteret. Ev. tillegg til 200 ppm gir så små tillegg at tilleggseffekten ikkje let seg måle. Ev. tillegg til 390 ppm gir endå mindre effekt.

Utsleppa av fossilt CO2 på jorda per år er 25-30 mrd. tonn eller mindre enn 4 ppm. Dersom atmosfæren var statisk, kom det til å ta 100 år å doble CO2-mengda i lufta. Det er ikkje realistisk, for så mykje fossilt brensel er det ikkje funne på jorda enno. Og som nemnt, kom det til å få ein heilt marginal effekt på temperaturen.

Men atmosfæren er heller ikkje statisk, for utvekslinga av CO2 mellom luft og hav, og hav og luft er 500 mrd. tonn CO2 per år kvar veg, pluss minus. Dermed blir fossile utslepp av CO2 og andre overflødige utslepp, som t.d. dei doble utsleppa av CO2 frå jordskorpa og vulkanar med i denne sirkulasjonen mellom luft og hav. CO2-balansen mellom luft og hav, som er 1 del CO2 i luft i forhold til 50 delar CO2 i vatn, blir styrt av temperatur og trykk. 

Dermed er det fysisk umuleg at UTSLEPP av CO2 kan føre til klimaendringar eller klimakrise. Det er CO2-balansen styrt av temperatur og trykk som bestemmer CO2-mengda i lufta, ikkje utsleppa av fossilt CO2. Månelandinga til Jens Stoltenberg på Mongstad kan best samanliknast med mannen som prøvde å ause Oslofjorden tom for vatn. Etter kvart som mannen fjernar vatn frå Oslofjorden, fyller havet på med nytt vatn. Og etter kvart som Jens fjernar CO2 frå atmosfæren, fyller havet på med ny CO2. Båe delar er like unyttige og like håplause.

Eksperimentet med sterk redusering av CO2-utslepp er gjort før, ufrivillig. Etter depresjonen i 1929 vart mange fabrikkar stengde. CO2-utsleppa gjekk ned med 30% frå 1929-32 utan at verken kurva for temperatur eller CO2-mengd i lufta i 1930-åra reagerte på det. Det er det berre å kontrollere. Kan det vera nødvendig å laga ei ny 1930-års krise når me VEIT at det ikkje får nokon verknad.

Med bakgrunn i desse naturvitskaplege fakta, må det vel vera rett å ta med alle fakta i debattane? Den norske staten har hittil kasta bort meir enn 100 mrd. kr på dette CO2-hysteriet. Er ikkje det nok? Det er kalkulert at full reinsing for fossile CO2-utslepp kjem til å koste 80.000 mrd. kr per år. Det er lett å forstår at andre land ikkje vil vera med på denne sløsinga til ingen nytte, berre til skade for vegetasjonen og miljøet! Lufta i vår tid er så sveltefora på CO2 at gartnaren pøser på med det firedobbelte med CO2 i veksthusa for å få brukbare avlingar.

Er det ikkje snart på tide å slutte med å basere politikken på mytar?

 

Per Engene, biolog, miljøaktivist og stiftar av Klimarealistene

No er det Arctic Programme (AMAP) som kjem med skremselspropagandaen sin om at havet KAN stige 90-160 cm fram til år 2100, fordi temperaturen KAN stige med 3-7 grader.

Den delen av media som er sterkast infisert av klimareligionen, slår opp rapporten frå ”ekspertgruppa” AMAP (200 ”forskarar” frå heile verda) med store overskrifter, Aftenposten på klimasidene og NTB på forskning.no.

AMAP kjem med desse ville spådommane utan å ha noko konkret å vise til, som vanleg frå klimaalarmistane. Tvert imot, NRK kunne sist veke melde om ein nedgang i temperaturen i Norskehavet og Barentshavet på 1,6 grader på 4-5 år som ei forklaring på at skreien hadde kome attende til Lofoten for fullt. For eit par år sidan kom silda attende til fjordane på Vestlandet fordi havet hadde vorte kaldare. Regelmessige målingar i Skien viser at temperaturen har gått ned med 6 grader på 8 år frå 2003-11, målingar som er stadfesta av Met. inst. Målingar frå Met. inst. viser at i dei same åra har temperaturen gått ned med 3 grader i middel for heile landet. Året 2010 var det kaldaste på over 100 år her i landet.

Den same nedgangen i temperatur er registrert over alt der det bur folk på jorda dei siste 8 åra. Både i Mexico og Florida fraus avlingane i haust, noko som ikkje hadde skjedd i manns minne. Denne utviklinga er skremmande dersom temperaturnedgangen skulle halde fram. Det er klart at AMAP må kjenne til desse fakta. Kva slags ”forskarar” er dette som ikkje melder om reelle målingar i staden for ville spådommar om temperatur og havstiging om 90 år?

Apropos havstiging! Havet KAN stige 1,6 m fordi den arktiske havisen kjem til å smelte. Kva slags ”forskarar” er dette som ikkje kjenner til Archimedes lov, som har vore kjend i 2300 år? Etter Archimedes lov kan all isen i havet smelte utan at havet stig med ein einaste millimeter.

Det er det vanlege for klimaalarmistar og politikarar, også politikarar ved IPCC, at  dei ikkje kan naturlovene. Det finst norske professorar i meteorologi som ikkje kjenner namnet på dei sentrale gasslovene som styrer klimaet. Det er ikkje berre skremmande. Det er tragisk at desse skal vera rådgjevarar for politikarane våre.

Klimaalarmistar som Audun Hjertager sluker slike meldingar frå AMAP og IPCC rått. Korleis kjem det til å gå med Bangladesh når havet stig 1,6 m, spør han. Kvifor spør han ikkje korleis det kjem til å gå med operaen i Oslo? No må eg tilstå at eg har større tiltru til naturlovene, og naturen representert ved silda på Vestlandet og skreien i Lofoten, enn på 200 ”forskarar” ved AMAP. Kva skal me med slike institusjonar som IPCC og AMAP som ikkje har noko anna enn skremselspropaganda å koma med?

Det er trist å lesa innlegg som er så urealistiske som det Kari E. Kaski skriv i innlegget "CO2-fangst er nødvendig". Tor Gulowsen er meir realistisk, men båe tek feil på vesentlege punkt.

1. Utgangspunktet er feil, for det er aldri påvist nokon klimakrise i vår tid. Politikarane ved IPCC påstår at viss temperaturen skulle stige med 2 grader, så blir det krise. Det er tøv, for ei temperaturstigning på 2-4 grader var det beste som kunne skje jorda. I tida for 10.000 – 3000 år sidan vaks det edellauvskog over ein stor del av landet. Då var det i snitt 4 grader varmare enn no. Situasjonen i dag er den motsette. På Austlandet har temperaturen gått ned med 6 grader på 8 år, stadfesta av Met. Inst. Det same gjeld Europa, Amerika, Kina, Australia, Ny Zealand m.m. Sist haust fraus avlingane både i Florida og Mexico for første gong på svært lenge. Året 2010 var det kaldaste i Noreg på over 100 år. At 2010 skulle vera det varmaste året, er ei innbilling basert på ”beregnede” og manipulerte data, som vanleg frå den kanten.

2. Atmosfæren i dag er med sine 380 ppm CO2 sveltefora på CO2. I middel i mill. av år har det vore 2700 ppm CO2 i lufta. I fotosyntesen der CO2 er det einaste næringsstoffet produserer plantene mat både for planter og dyr. Det er svært skadeleg både for miljøet og livet på jorda å hindre utslepp av CO2. Tenk over kvifor gartnaren bruker firedobbel mengd CO2 i veksthusa sine?

3. Som drivhusgass yter CO2 så godt som full effekt i sitt spekter med 300 ppm i lufta, ein effekt på mindre enn 2% av 33 grader C. Dobbel CO2-mengd gjev ingen tilleggseffekt som er målbar. Utslepp av CO2 kan derfor aldri føre til høgare temperatur. Det er vassdamp som er den viktige drivhusgassen.

4. Det er eit feilsteg å reinse eit gasskraftverk for CO2. Bygging av kraftverket blir fleire gonger så kostbart. Bort imot 50% av energien går med til reinsing, komprimering, transport og deponering av CO2. Netto energi blir så dyr at gassen må sendast til utlandet. Det er halslaus gjerning å kaste bort dei knappe resursane av fossil energi på slike eventyr. Det kostar kanskje 10 mrd. kr å reinse eit gasskraftverk for 1 mill. tonn CO2 per år, langt på veg eit norsk vegbudsjett. Men kva hjelper 1 mill. tonn når utsleppa er 30.000 mill. tonn per år? Er det merkeleg at Frankrike og Tyskland har sagt nei til CO2-reinsing?

5. Eksperimentet er gjort før. Etter depresjonen i 1929 vart det stengt så mange fabrikkar at CO2-utsleppa gjekk ned med 30% frå 1929-32. Det fekk ingen verknad på verken CO2- eller temperaturkurvene, heilt i samsvar med naturlovene. Reduserte utslepp på 1000 mill. tonn fekk ingen verknad! Likevel vil Kaski og hennar likesinna tvinge den same depresjonen på oss i dag berre til skade for vegetasjon og miljø og enorme kostnader for samfunnet! Det viser kor utopiske og urealistiske dei er.

 

 

Det avgjerande beviset mot IPCC.

Publisert 19 november 2010

Nokre sentrale naturlover som styrer klimaet viser at FN's klimapanel, IPCC, tek feil.

Den eine av naturlovene seier at det er temperatur og trykk som bestemmer kor mykje vassdamp lufta kan ta opp og halde på. Med høgare temperatur kan lufta ta opp meir vassdamp. Når varm fuktig luft blir avkjølt, må lufta gje frå seg overflødig vassdamp. Me får dogg, skodde og nedbør, noko alle kan observere. Når varm havluft møter fjella på Vestlandet, og lufta blir pressa til vers og avkjølt, får me kraftig nedbør. Det same skjer når varm fuktig luft møter ein kaldfront. Denne naturlova styrer fordamping og nedbør, som er ein viktig del av klimaet. 

Den same naturlova gjeld på same måten for CO2 og fleire andre gassar. Når varm luft med stort innhald av CO2 blir avkjølt som hjå oss om vinteren og i arktiske strøk, blir overflødig CO2 løyst opp i nedbør, vatn og hav i samsvar med gassbalansen for CO2 mellom luft og vatn, som er om lag 1 del CO2 i luft i forhold til 50 delar CO2 i vatn. Det motsette skjer om sommaren hjå oss og i tropiske strøk der eit undertrykk av CO2 i lufta får vatn og hav til å boble CO2 på same måten som ei flaske øl boblar CO2. Til saman er det 500 mrd. tonn CO2 som blir sirkulert ned i havet, og nesten like mykje opp av havet per år. Det er tjue gonger så mykje CO2 som dei 25 mrd. tonn som kjem frå brenning av fossilt brensel, og som blir med i dette dragsuget. Denne naturlova styrer dermed gassbalansen for CO2 mellom luft og vatn, som er ein del CO2 i luft i forhold til 50 delar CO2 i vatn.

 

Dette er det avgjerande beviset mot IPCC, men det kan tilføyast at CO2 er usynleg. Og "nedbøren" frå CO2 er usynleg. Me kan heller ikkje sjå at havet boblar CO2, berre at ølet boblar CO2. Naturlova gjeld like fullt, og fører til at det er fysisk umuleg at UTSLEPP av CO2 kan gje høgare temperatur på jorda. Normal mengd CO2 i lufta på 300-390 ppm gjer at CO2 står for 1,6% av atmosfæreeffekten, eller om lag 0,5 grader C, av i alt 33 grader C. Ekstra UTSLEPP av CO2 fører ikkje til høgare temperatur; for det første fordi overflødig CO2 blir effektivt løyst opp i vatn og hav, for det andre fordi 390 ppm CO2 absorberer så godt som alle varmestrålar i CO2-spekteret, slik at det ikkje er fleire varmestrålar å absorbere. Legg merke til at det trengst ikkje fleire bevis for å leggje propagandaen frå IPCC død. Ei klimakrise pga. utslepp av CO2 er berre rein innbilling.

 

Fleire naturlover som styrer klimaet viser det same: Absorpsjonslova, Henrys lov, Guldberg-Waage-lova og dei termodynamiske lovene.

 

Per Engene, biolog, miljøaktivist og stiftar av organisasjonen Klimarealistene