Kultur

Paris, Texas

Paris blir viktig, men kampen mot klimaendringar vert avgjort i Texas, Beijing, Rajasthan – og Oslo.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Der eg står i ein av dei endelause korridorane på klimatoppmøtet i Paris, byrjar eg å tenkje på Paris, Texas. Filmen «Paris, Texas». Opnings­fotografiet kviler på eit ørkenlandskap. Stille, berre natur, heilt til kameraet finn den dresskledde mannen som sjanglar gjennom landskapet. Kvar han kjem frå, kva han gjer der, kvar han skal, er umogeleg å forstå.

Ein dag på klimakonferanse kan kjennast som ein dag i ein kontorørken. Men bak det kaotiske ytre, ligg alvoret. Og ein fantastisk idé, at vi saman kan løyse eit problem vi sjølve har skapt.

Ideen om ein global klimaavtale som bestemmer kor mykje CO2 verda kan sleppe ut innan ramma av 2-gradersmålet, fordeler utsleppsmål mellom alle land basert på det og gjer gjennomføringa juridisk bindande er vakker. Den ideelle klimaavtale, den vi treng.

Men det er ikkje den avtalen som kjem til å bli vedtatt i Paris om få dagar. I staden for ein internasjonal avtale som bind opp alle lands utsleppsmål, er det alle lands utsleppsmål som bind opp den avtalen vi får.

På førehand har over 180 land meldt inn sine nasjonale klimamål eller ambisjonar til konferansen. Nesten alle land i verda no har ein nasjonal ambisjon, som dei kan bli målt på.

Men samstundes vart det tidlig klart at mange viktige land ikkje ville la seg binde av eit globalt utsleppsmål. Eit land som Kina vil ha klimahandling, dei har gjort eit grundig arbeid med å sette sitt utsleppsmål – men dei har ikkje tenkt å la sin politikk bli bestemt av andre enn seg sjølv. Mange land ser det slik. Dette har ført til at ideen om ein juridisk bindande avtale var død lenge før Paris. Den vart erstatta med å legge til grunn dei nasjonale måla og summere opp kva det blir. Nedanfrå og opp, i staden for ovanfrå og ned.

Det betyr at det ikkje er klimatoppmøtet i Paris som bestemmer kor mykje verdas land skal sleppe ut, det har landa allereie meldt inn. Paris er viktig, men på ein anna måte enn det vi tradisjonelt har tenkt om eit klimatoppmøte. Dei tre tinga eg først vil sjå etter i den endelege avtalen er

i) Innsyn i landa sine mål og utsleppstal. Utan eit bindande mål med sanksjonar, er politisk press og mediemerksemd det viktigaste presset på det enkelte land. Og fordi land rapporterer ulikt, komplisert og kanskje til og med usant er det naudsynt for å skape dette presset.

ii) Oppskalering, altså om avtalen legg opp til jamleg å bli styrka og forbetra, og heve sitt eige nivå og

iii) Finansiering. Rike land har mesteparten av det historiske ansvaret for å ha skapt klimaproblemet, og har mest pengar til å løyse det. Ein av dei viktigaste årsakene til at vi slit med å nå 2C-målet er at mange av desse held fram med å bygge ut fossil kraftproduksjon. Massive investeringar i fornybar energi må til for å hindre det.

Den typen avtale vi ser ut til å få, gjer det også vanskeleg å forstå kva den vil innebere for klimaet. Vi kan summere kva verdas land har lovd, og få ut det globale ambisjonsnivået. Men mange land har meldt inn måla sine på måtar som gjer eit tolkingsrom, eller med atterhald som gjer at vi ikkje veit nøyaktig kva dei vil havne på. Ifølgje FN kan vi rekne med at utsleppa i 2030 er 37–52 prosent høgare enn i 1990 som følgje av desse løfta. Det betyr mellom 2,7 og 3,7 grader global temperaturstigning, dersom verda klarar å redusere utsleppa raskt etter 2030. Som vi ikkje veit noko om i dag. Med andre ord;

Dersom vi tolkar nasjonale mål for 2030 mest mogeleg positivt, og alle politikarar i alle land gjer det dei har lova (kva sjansen for det er vil eg ikkje kommentere), og verda gjer mykje meir etter 2030, så kan vi hindre at temperaturen stig med meir enn 2,7 grader.

Eg hatar å vere ein negativ festbrems, men det er absolutt naudsynt å få det fram: Paris-avtalen løyser ikkje klimaproblema. Den er eit viktig framsteg. Men berre dersom den vert følgt av handling og radikale endringar av energi- og klimapolitikken i dei fleste land.

Paris-avtalen er ikkje ei løysing. Den er eit rop om handling. Når eg forlet Paris relativt optimistisk, er det fordi handling pressar seg fram.

I mange land i verda merkar ein allereie klimaendringane. Fleire naturkatastrofar er dyrt, det påfører myndigheiter og forsikringselskap kostnadar. I storbyar som Beijing må ein jamnleg stenge fabrikkar og flyavgangar for å redusere forureininga, i stor grad skapt av kolfyring – som også fører til klimagassutslepp. Avskoging og erosjon går ut over viktig landbruksproduksjon. Dette gjer Kina, USA, Brasil og andre land ei klårare eigainteresse av å kjempe mot klimakrisa.

Her i Paris har mange av verdas største multinasjonale selskap – Coca Cola, Unilever, Sony, Dell, IKEA og meir enn 100 til – lova å gjere eigne utslepp i tråd med 2-gradersmålet. Ikkje for å vere greie, men fordi det er i deira interesse.

Dei sterke drivkreftene i den globale kapitalismen, basert på fossil energi, har skapt klimakrisa. Dei same kreftene, brukt rett, kan bekjempe krisa. Enkelt sagt: Fornybar energi må bli billegare enn fossil.

Særleg solenergi har eit enormt potensiale. Investeringane er mangedobla på kort tid. I Rajasthan i India skal ein til dømes bygge eit solcelleanlegg med ein kapasitet på 4 gigawatt, det dobbelte av Indias samla installerte kapasitet i dag. Dersom investeringane flyttar frå oljen i Texas til sola i Rajasthan, kan det grøne skiftet gå fort.

Men det skjer ikkje av seg sjølv. Det er framleis over 2000 kolkraftverk under planlegging i verda. Politisk handling må til for å avskaffe subsidier av fossil energi, og prise karbon høgare. Politisk handling må til for å la olje bli liggande, og regnskog bli ståande.

Store solkraftverk er billege i drift, men treng kapital til store investeringar for å bli realisert. Politisk handling, til dømes gjennom vårt petroleumsfond, kan bidra med kapital.

Om berre ein idé skal stå igjen etter Paris 2015 er det denne. Tid for handling. Politisk handling.

Mer fra: Kultur