Annonse
Annonse

Olav Magnus Linge

Full skjerping!

Publisert 21. februar

Massakrane i Syria avslører intellektuell forstopping og moralsk forfall i mariginale, men likevel eksisterande venstresidemiljø i Noreg.

I følgje nokre av mine venar på Facebook avslører Russland vestleg hykleri i Syria. I følgje dei same røystene er den relevante debatten no korleis vi kan unngå ein ny militær intervensjon mot Syria. Sanninga er at massakrane i Syria avslører intellektuell forstopping og moralsk forfall blant marginale, men likevel eksisterande venstresidemiljø i Noreg. 

Lat meg for ordens skuld gjenta følgjande: Sjølvsagt hyklar vestlege stormakter om demokrati. USA og EU-land som Storbritannia og Frankrike har vore imponerande konsistente i å støtte brutale diktatur, ikkje minst i mellom-Austen.  Det har eg sagt i eit utal debattar, artiklar og innlegg. Det er bra andre seier same sak. Like sjølvsagt er det at venstresida i Noreg bør vere klåre motstandarar av militære åtak mot Syria. NATO kan ikkje bombe demokrati på plass. Forsøker USA eller NATO å «gripe inn» vil det sannsyn leie til voldsame og langvarige valdshandlingar med omfattande sivile tap som følgje. Ønskjer vestmaktene bruke våpen til noko fornuftig i Mellom-Austen vil det beste vere å starte med å slutte å selje dei til okkupantar og diktatur.  

Men. Med respekt å melde er det relativt hjelpelaust å meine at det som skjer i Syria no først og fremst handlar om vestleg hykleri eller ønske om militær inngripen frå USA. Situasjonen i Syria handlar om at Assad-diktaturet massakrerar tusenvis av sivile i eit desperat, men kraftfullt forsøkt på å knuse opposisjonen. Det internasjonale samfunnet sin evne til å reagere er svak, først og fremst fordi Russland med vilje står i vegen. Dei som trur Russland handlar som landet gjer i eit (mislukka) forsøk på å få verdas merksemd over på andre brotsverk som vert ignorerte av EU og USA, har anten ein rørande vilje til å framheve Vladimir Putins engasjement for menneskerettar, eller ei fullstendig manglande evne til å forstå at også andre stormakter enn dei vestlege kan setje demokrati og menneskeliv til side for å fremje eigne interesser.

Eg synes det er bra at fleire av dei som rosar Russlands obstruksjonspolitikk i Syria-spørsmålet, og som vil at venstresidas engasjement i Mellom-Austen alltid skal dreie seg om USA, har meldt seg ut av SV. Eg skal halde meg for god til å ønskje eventuelle parti dei har meldt seg inn i lykke på reisa. Eg mistenkjer ikkje desse venstresidemiljøa for å vere tilhengjarar av diktatur, verken i Syria eller andre stader. Eg mistenkjer dei i alle fall ikkje for å støtte eller like massakrane til Assad. Eller ein gang for å ha skrive eller sagt noko som kan tolkast dit.  Eg mistenkjer dei berre for å tilhøyre den venstresidetradisjonen som altfor lett gjer fiendens fiende til eigen ven. Dei som diverre både skrur hjerne og hjarte av og glatt overser bjelken Assad-regimet slår sitt eige folk i med, medan dei finkjemmer kvar krok av Syria på leiting etter fliser laga i USA. Sagt på eit språk desse miljø kjenner: Eg mistenker dei for å vere imperialismens nyttige idiotar.

 

 

Bustad-elefanten

Publisert 19. mai 2011

Olav Thon Eigedom melder om rekordoverskot og Aftenposten spår bustadkrakk på same dag. Bustadmarknaden har blitt ein elefant i det norske politiske rommet.

Du får verken kreativitetspoeng eller fantasitillegg for å spå krise i bustadmarknaden. Gjetarane i bustadmarknaden har ropa ulv i fleire år.  Det er ikkje fordi dei kjedar seg, men fordi dei som følgjer med har hatt god utsikt til korleis gråbeinen har herja i nabolaget. Tre år etter at finanskrisa starta er dei som flirar av åtvaringar om bustad-krise anten veldig svaksynte eller usannsynleg dumme.

 

Sidan 1999 har prisane i bustadmarkanden og gjelda til folk i Noreg auka monaleg raskare enn inntektene. Allereie har folk flest dobbelt så mykje i lån som i inntekt. Innan tjue år vil forholdet vere fire til ein, i favør gjelda.

 

Både leige- og eigemarknaden glødar. Ofte må folk ut med heile stipendet eller halve lønningsposen for å betale husleiga. Inngangsbillett til eigemarknaden får unge berre om dei har foreldre med pengar til å vere med på kjøpet.

 

Trass farane for plutseleg prisfall og panikk, og trass krisa som allereie er her når stadig fleire rett og slett ikkje har råd til ein skikkeleg stad å bu, er bustad om lag for framandord å rekne i politikken.

 

ikkje ein gang den borgarlege opposisjonen klarer å få seg til å klage på tilhøva i bustadsektoren. Det er kanskje ikkje så rart, i og med at Noreg har Europas mest liberaliserte bustadsektor. Vi er for fyrtårn å rekne kva gjeld tiltru til at marknadskreftene kan ordne opp i når det gjeld hus og heim. Sveriges Reinfelt tykkjer det er grunn til å ”sjå til Noreg” i bustadpolitikken. Om ingenting anna funkar bør i alle fall det vere eit varsko for den raud-grøne regjeringa,

 

Kva er alternativet til dagens bustadpolitikk? Attende til 1960-talet? Til priskontroll og svartebørs? Neppe.

 

Alternativet er å lage alternativ til den liberaliserte marknaden. I dag står det offentlege i praksis berre for bustader for studentar og stortingspolitikarar. Tilbodet til den første gruppa er til overmål langt mindre enn behovet skulle tilseie.

 

Noreg treng ein robust ikkje-kommersiell bustadsektor. Ein sektor med stort mangfald som kan tilby skikkelege heimar folk flest til ein stabil og moderat pris. Ein slik sektor kan berre bli til gjennom målretta nybygging, men også oppkjøp av bustader som i dag på den private marknaden. Ekspropriering av tomme eigedommar og vurdering av regelverk for å avgrense kor mange bustader ein person kan disponere, kan inngå som suppleringar av ein slik politikk.

 

”Marknaden er ein god tenar, men ein elendig herre” plar Jens Stoltenberg seie i festlege lag. Det er eit godt slagord for den ein ny sosial bustadpolitikk som regjeringa må meisle ut i løpet av neste år. Om åtte år med raud-grønt fleirtal betyr litt dårlegare årstal for Thon Eigedom og blir møtt med mindre entusiasme hjå Reinfelt og Europas marknadsfundamentalistar, er det ein liten pris å betale for å unngå nye bustadkriser og heimløyse i vårt eige land.

 

 

Osama og avisene

Publisert 4. mai 2011

Osama bin Laden er død. Det er det ingen grunn til å felle tårer for. Men haldningane som kjem til overflata i norske medier i kjølvatnet av likvideringa er til å grine av.

Eg orkar ikkje debattere Osama bin Laden. Han var ein massemordar med uhyrleg lite sympatiske standpunkt og endå mindre elskverdige måtar å framsetje dei på. No er hand død. Ferdig.

Eg orkar heller ikkje diskutere USA. USA nyttar valdsmakt for å fremje sine interesser. Titusenvis er døde i Irak og Afghanistan i ulovlege okkupasjonskrigar. Amerikanske våpen og dollars sikrar nattesøvnen til diktatorar og terroristar verda over. 11. September 2001 vart USA utsett for eit brutalt terroråtak. Uansett kva ein tykkjer om amerikansk politikk før og etter det, var desse grove brotsverk mot menneska. Dei som stod bak bør straffeforfølgjast og dømmast strengt. Ferdig.

Men når USAs drap på Osama bin-Laden utløyser kollektiv feiring i norske avisredaksjonar er vi nøydd til å ta debatten. Avisenes “bin Laden-ekstra”, er rettsstatlege nekrologar. Krydra med nasegrus USA-lojalitet og islamofobi.

For det første: Kva er det som taler for at likvideringa av ein terrorist er ein siger for ”Retten”? Er det slutt på den tida då spørsmålet om korleis ein handsamar brotsmenn heng saman med rettslege og juridiske vurderingar? Eller er det rett og slett sånn at alle USA meiner er skurkar, uansett skal drepast? Rettstat eller ikkje? Og moralen til side: Er det verkeleg ingen journalist som har matvit nok til å tenkje over kva scoop bin Laden tek med seg I grava? Eg trudde kanskje at spørsmål som kven verdas mest ettersøkte man samarbeida med, om han fekk pengar av nokon, eller kven som kjende til kor bin Laden oppheld seg, var av interesse for den frie pressa. Kanskje til og med av så stor interesse at ein og annan redaktør ville nytta sjansen til å la seg irritere over at ingen nokon gang vil kunne stille dei spørsmåla, verken journalistar eller advokatar.

For det andre: Barack Obama nytta sin tale til å åtvare mot å dra Islam og muslimar inn i debatten om terror og krig. Bin Laden var ”ikkje ein muslimsk leiar” sa Obama i talen sin. Dette held ikkje for til dømes VG. Noregs nest største avis plasserar seg trygt til høgre for USAs president. VG nyttar høvet til å la trommene virvle over ”demokratiet, friheten og modernitten” i vesten i kontrast til ” religionsbundnelover” og ”middelalderske doktriner.” Leiartartikkelen med den illustrerande tittelen ”Retten seiret” dreg det heilt ut: det ”viktigaste ”med aksjonen er i følgje VG at ”muslimer verden over har fått symbolisert at det ikke er formålstjenlig å begå terror og drap i islams navn” Dersom muslimane har noko å klage på får dei rak beskjed ”Heller enn å sprenge seg selv og andre i luften, bør de forsøke å løse sine problemer og traumer ved å reformere sine egne samfunn og sin egen tro. ” VGs verdsbilete er like ukomplisert som det er kvalmande: muslimane er “dei,” og “dei” vil blåse seg sjølv til himmels for å innføre middelalderlover og religionshysteri. Vi i vesten har fridommen, demokratiet og rettstaten. Difor kan vi drepe kven vi vil. Når vi vil.

Finst det noko betre tidspunkt for å skru på medienes kritiske søkjelys enn når verdas mektigaste militærmakt avrettar ein av verdas mest hata men, utan lov og utan dom? Ein eller annan redaktør burde kjenne seg kalla til å svare på det spørsmålet.

 

 

Vestens frykt for demokrati

Publisert 29. april 2011

Demokrati: Bak store ord og varme støttetalar ligg det dårleg skjult uro over dei demokratiske revolusjonane i Nord-Afrika og Mellomausten.

«Demokrati!» roper dei minste fuglane i kor. «Teokrati!» kaklar dei større fuglane. «Ok, lat oss ta jævlane og bestemme oss for kva vi gjer etterpå», foreslår ein. Youtube-filmen om revolusjonane i Nord-Afrika, inspirert av mobilspelet Angry Birds, triumferar på internett. Som vanleg gjev underhaldningsindustrien dei mest treffande bidraga til forståinga av vestlege haldningar til omverda. 

Sett på spissen er det vestlege bildet av framtidsutsiktene for det revolusjonære Egypt og Tunisia ikkje langt unna Angry Birds-versjonen: Mellomausten kjem til å verte prega av kamp mellom demokrati og prestestyre. Vel arabarane å organisere samfunna sine på skikkeleg vis ved eit vestleg demokrati, eller kjem dei berre til å røyste fram islamistar, terroristar, teokratar og bandittar når dei får sjansen?

Den amerikanske TV-kommentatoren Glenn Beck har svaret på det spørsmålet klart: «Det er vanskeleg å nekte for at radikalarar, islamistar, kommunistar og sosialistar vil arbeide saman mot Israel, mot kapitalismen, og at dei vil arbeide saman for å øydelegge stabiliteten.»

Beck er sjølvsagt meir klovn enn analytikar. Likevel er Fox-kommentatorens konspirasjonsteoriar illustrerande for uroa mange statstoppar i vest nærer. Tidlegare CIA-sjef Michael Haydens pinsame ros av Gaddafi og Assads kamp mot terror stinkar av frykt for kva som kan skje om folk flest får bestemme. Hillary Clintons atterhald mot å støtte opprøret i Egypt avslørte at støtta til diktatur har breiare nedslagsfelt i USA enn dei nykonservative krinsane kring landets førre president. I fleire tiår har europearar og amerikanarar væpna og finansiert så mange autoritære regime som dei har fått sjanse til i Mellomausten og Nord-Afrika. Når revolusjonane tok til var det også i Noreg lenge øyredøyvande stille frå høgre falanks, der det til vanleg ikkje er mangel på engasjement i spørsmål som på ein eller annan måte gjeld muslimar eller muslimske land.

Islamist-eksperten Ed Hussein hevdar at frykta for demokrati kjem av at stormaktene ser Mellomausten gjennom «tre prismer, den første er Israel, den andre olje, og den tredje terrorisme». Det står til truande at i alle fall forholdet til Israel og viljen til å la stormaktene definere oljepolitikken kan bli endra av at diktatur vert erstatta med demokrati.

Edward Said syner i klassikaren «Orientalismen» at det vestlege biletet av orienten alltid har omfatta mistru til desse samfunnas evne til sjølvstyre og demokrati. Allereie i 1910 greia den britiske kolonitoppen Arthur Balfour ut om problemene som vil møte oss i Egypt, og slo fast følgjande skilje mellom vesten og orientens forhold til det demokratiske: «Så snart de dukker opp i historien, viser vestlige nasjoner de første tegn på evnen til selvstyre. (...) Dere kan se gjennom hele historien til orientalerne (...) og dere vil ikke finne spor av selvstyre. Alle de storslagne århundrene deres (...) har vært tilbragt under tyrrani, under et eneveldig styre». Demokrati høyrer vesten til, ikkje austen. Følgjeleg kan ikkje revolusjon føre til noko anna enn eit nytt diktatur.

Revolusjonane utviklar seg føre augo på oss. Å vurdere kva det faktiske resultatet av dei vert, er ikkje enkelt. Men nokre ting verkar klart. Verken i Egypt eller Tunisia har revolusjonane vore leia av islamistar, eller for den saka si skuld av andre ekstremistiske rørsler som ønskjer å erstatte eit diktatur med eit anna. Det var uorganisert arbeiderklasseungdom frå dei fattigaste delane av Tunis som tok leiartrøya i kampen mot Ben Ali. Folkemønstringa i Kairo romma eit tverrsnitt av det egyptiske folket, og det var knappast nokon einskapleg organisasjon som dreiv det fram. Heller ikkje i Syria, der muslimbrorskapet i 1982 faktisk stod bak eit opprør mot Assad-regimet, ser det ut som om det er islamistar som er i leiinga.

Spørsmålet om framtida for demokratiet i landa som allereie har kvitta seg med sine despotar, må frigjerast frå diskusjonen om kor mange prosent vi trur islamistar vil få ved val. Det fremste trugsmålet mot demokrati i Egypt er ikkje at Det muslimske brorskapet kan få 15-30 prosent oppslutning. Trugsmålet mot demokratiet etter revolusjonane er at dei gamle maktelitane langt på veg har helde fast på sine posisjonar. Skal revolusjonane i Egypt og Tunisia opne opp for reell demokratisk utvikling, må dei også få ein sosial karakter og utfordre den klassen som har gjort seg rike på diktatura og framleis ser ut til å ha grepet om store delar av statsmakta sjølv etter at diktatorane har falle.

Mange politikarar og analytikarar i Vesten spør seg kva rørsler «vi» skal støtte i dei landa der regima er velta, eller revolusjonar enno går føre seg. Den problemformuleringa er dobbelt problematisk. For det først finst ikkje noko klårt «vi». Folk meiner nok at utviklinga i Nord-Afrika og Mellomausten er noko grunnleggande positivt. Men om vi ser vekk frå Libya og Syria, er bidraget frå regjeringar i Europa og Nord-Amerika først og fremst å halde fram væpninga av og støtta til regime som anten har slått ned, forsøker å slå ned eller vil måtte komme til å slå ned demokratiske opprør. Saudi-Arabia er eit openbart døme, Jemen og Jordan andre.

For det andre ligg spor av Balfours historiesyn til grunn for dei idealistane som no ivrar med å komme i gang med å finne rørsler vi i Vesten kan finansiere eller støtte på anna vis. Det er ikkje naudsyntvis ein flaum av bistandspengar til «demokratitrening» eller utviklinga av ein sivilsamfunnsindustri, Tunisia og Egypt har størst bruk for no. Dei av oss som brenn for demokratisk utvikling i Nord-Afrika og Mellomausten, bør snarare presse regjeringane i våre land til å slutte å stå i vegen for demokratiet enn å reise på misjoneringstokt.

Asylsøkere må få jobbe

Publisert 10. februar 2011

Asylsøkere må få muligheten til å jobbe mens de venter på å få sine saker behandlet. Alternativet er framveksten av en papirløs underklasse.

Regjeringen har strammet inn muligheten for å få skattekort å kunne jobbe legalt mens en venter på å få asylsøknaden behandlet. De 60 etiopierene som sultestreiker i Domkirka i Oslo er blandt de som ikke lengre har muligheten til å gjøre noe meningsfullt eller sikre seg en skikkelig inntekt mens de venter på å få sine asylsøknader behandlet.

Arbeids-nekten er feil av tre grunner

1) Alle som ønsker å bidra i Norge må få muligheten til det. Ingen tjener på at folk som ønsker å jobbe blir nektet anledning til å betale skatt og jobbe lovlig.

2) Når mange asylsøkere nektes muligheten til skikkelige inntekter gjennom arbeid, bidrar det til å øke frustrasjonen og desperasjonen blandt mennesker som allerede er i en sårbar situasjon.

3) Summen av innstramminger ovenfor asylsøkere som venter på å få sine saker behandlet, eller som har fått avslag uten å kunne returneres, bidrar til å skape en papirløs underklasse. Det bidrar til et uorganisert arbeidsliv og til sosiale problemer.

Det pågår et kaotisk kappløp mot bunnen i norsk asyldebatt. Nær sagt alle for-jævlifiseringer av situasjonen for de som søker asyl forsvares ut i fra det eneste hellige prinsippet i asylpolitikken: å stimulere til at flest mulig reiser ut.

Virkeligheten er en annen. Uansett hvor ille politikerene lykkes å gjøre livene for asylsøkere i Norge, vil Oslo fremdeles være en tryggere by en Kabul og Mogadishu for de fleste. Kriger, diktaturer og klimaendringer stanses ikke gjennom pålegg fra det norske Justisdepartement.

Norsk asylpolitikk må ta utgangspunkt i virkeligheten. Et godt sted å begynne vil være å gi alle som søker asyl sjansen til å bidra til et samfunn som kanskje snart blir deres nye hjem.

 

 

Revolusjonene i Midt-Østen utfordrer ikke bare Ben Ali og Mubarak. Også Siv Jensen og Hege Storhaug skulle nok ønske at ord som Egypt og Tunisia forsvant fra internett.

 

Diktaturene skjelver i Midt-Østen. Folket eier gatene i arabiske hovedsteder og får velfortjent støtte fra journalister, nettaktivister og menneskerettighetsorganisasjoner fra hele verden.  Men en gruppe som vanligvis ikke går glipp av en sjanse til å kommentere det som skjer i arabiske land, glimrer med sitt fravær.  Høyrepopulistiske partier og tenketanker er ikke å se, verken i støttemarkeringer eller på TV-skjermen. Hvor blir det av Siv Jensen og Hege Storhaug nå som nyhetssendingene fylles med masser av sinte muslimer, slike som dere bruker å advare mot? Hvor blir det av de flammende talene fra FrPs Per Villy Amundsen, som vanligvis har slikt et rørende engasjement for demokrati og ytringsfrihet? Hvor er pressemeldingene fra Human Rights Service og Hege Storhaug, etter at kvinner med og uten hijab har begynt å klatre på stridsvognene i Kairo?  Det er talende tyst fra ytterste høyre.

Jeg vet selvsagt ingenting om hvorvidt Hege Storhaug og Siv Jensen heier på diktatorene. Jeg konstaterer bare at hat-industrien som i et tiår har manet til sivilisasjonskrig mellom vestlig “frihetskultur” og østlig “underkastelsesmentalitet,” har blitt like ettertrykkelig avkledd av virkeligheten som propagandasendingene fra Mubaraks stats-TV.

Selvsagt er storpolitikken med på å forklare usynligheten til folk som Siv Jensen. Den øredøvende stillheten fra FrP er et ekko fra Tel Aviv. Diktatorene som utfordres av sine egne, er ikke bare korrupte og brutale. Flere av dem er også vestens menn i Midt-Østen. Betalt for å holde samarbeide med okkupanten Israel og med USA. Ingenting får nattsøvnen til å forsvinne så lett i “Midt-østens eneste demokrati”, apartheid-staten Israel, som tanken på at deres venner på maktens tinder i Jordan og Egypt erstattes folkestyre. Okkupanten Israel er avhengig av at arabiske ledere er ikke er villige til å tale eller handle for palestinernes sak.  For europeiske høyrepartier har skepsis i Washington og frykt i Tel Aviv, gjennom historien vært grunn god nok til å holde kjeft og stille håpe at torturistene og generalene tar siste stikk.

Men denne gangen dreier det seg også om noe enda større. Revolusjonen truer ikke bare fysiske størrelser i maktpolitikken, men også hele fortellingen Norge og Europas muslim-hatere bygger på. Fortellingen om at arabere – og da muslimer spesielt – ikke ønsker demokrati, og at om de ønsket frihet hadde de uansett aldri lykkes fordi deres religion forbyr opprør mot autoriteter. Denne fortellingen er en forutsetning for å kunne skremme liberale europere med at Islam også truer vårt demokrati og vår frihet. Hvor mange ganger har vi ikke hørt om konsekvensene av snik-islamisering og innvandring? Frykten for at bare muslimene blir sterke nok, så blir kommunestyre til Kalifat og bunad til burka, har fått slå rot hos skremmende mange.

Frykten har vært en forutsetning for å sende unge kvinner og menn til håpløse og ulovlige kriger i Irak og Afghanistan. Frykten har vært avgjørende for å få folk til å godta økt overvåkning, datalagring og mer hemmelig politi. Frykten koster menneskeliv, milliarder og minutter for hver eneste bombe, hver eneste økning av forsvarsbudsjetter og hver eneste flytur. Politisk har frykten vært avgjørende for den økte oppslutningen om og makten til fremmedfiendtlige høyrepartier, som i allianse med selvoppnevnte islam-forskere og tenketanker, dominerer debatten om innvandring og integrering over nesten hele Europa. I Norge heter de først og fremst FrP og Human Rights Service. De har malt og malt på det gamle bildet der Østen og Vesten tilhører kulturkretser som aldri vil enes om synet på individets frihet og demokrati. Men deres intense tilstedeværelse i snart alle debatter som omhandler eller kan fås til å handle om Islam og muslimer, er i himmelropende kontrast til deres totale stillhet de siste ukene.

Når bildene av Ben Ali og Mubarak rives ned, henger også deres virkelighetsfortelling i en tynn tråd.

Januar-revolusjonene kan vise seg å bli et avgjørende brudd med vår tids fiendebilde. Selvsagt er ikke demokrati og ytringsfrihet, eller politisk kamp for sosiale endringer i arabiske land, noe nytt. Men tidspunktet og oppmerksomheten rundt de folkelige opprørene i Tunisia og Egypt kommer på et avgjørende tidspunkt. Bare ved å tvinge frykten og islamofobiens talspersoner i stillhet, har de satt viktige spor i den politiske debatten i vesten. For få uker siden var egypt preget av uro og vold mellom koptisk kristne og muslimer. Nå står mennesker med ulik religion (og ikke-religion) sammen i gatene. Det er et varsel om mulig nedbemanning i den europeiske hat-industriens hjørnesteinsbedrifter.

Energien som settes fri i revolusjonære øyeblikk varer selvsagt ikke evig. Vi kan bare håpe at den er sterk nok til å rive over ende de idéene som har fått råde ubestridt de siste tiårene. Kampen for frihet og demokrati kommer ikke med kulturell patentering. Neste gang Siv Jensen ber oss frykte mennesker som bærer hijab, er det grunn til å håpe at flere husker hvor de så hodeplagget sist: Blant folk som danset på stridsvogner.