Debatt

Nobelprisen bør gå til Ferrante

Anonym eller ikkje – den mystiske Elena Ferrante held gløden heilt til mål i fjerde og siste bind om Elena og Lila. Ho fortener Nobelprisen for heile forfattarskapen.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

ROMAN
Elena Ferrante
«Historia om det tapte barnet»
Omsett frå italiensk av Kristin Sørsdal
Samlaget

Eit litterært jordskjelv råka bokverda denne veka. Eller gjorde det eigentleg det? Ifølge italienske media, er identiteten til forfattaren bak psevdonymet Elena Ferrante visstnok avslørt. Ein journalist har funne ut at ein tysk-italiensk omsetjar og ektemannen hennar begge har investert i dyrare eigedommar enn dei burde ha råd til utfrå vanlege honorar, og meiner dessutan at skrivestilen i Ferrante-bøkene liknar omsetjaren og ektemannens.

Den moglege avsløringa spreidde seg sjølvsagt raskt til alle land kor Elena Ferrante har hatt suksess med Napoli-kvartetten sin. Altså mange. Og vekte med det diskusjonen rundt kva ei slik mogleg avsløring eventuelt betyr. I brev og i dei sjeldne intervjua Ferrante har gjort, alle via skrift, har ho heile tida understreka at ho ønsker at bøkene hennar skal få leve sitt eige liv, frigjorte frå ein forfattarperson, ein forfattarbiografi. Dei skal lesast opp mot verda, ikkje opp mot opphavspersonen. Det gjeld Napoli-kvartetten, som vart publisert i Italia mellom 2011 og 2014, og det gjeld dei fem bøkene ho skreiv mellom 1992 og 2006. Fire av desse finst på engelsk, den femte er på under omsetjing.

Ferrantes manifest er lett å forstå, lett å støtte. Bøkene hennar treng ikkje nokon forfattarbiografi å støtte seg på. Dei skildrar verda. Menneske. Tankar og kjensler. Idear. Er oppdikta, men framstår som sanne likevel. Avslørande og innsiktsfulle. Dei treng ikkje reduserast til faktasjekkbar «sanning» av den typen Aftenposten nett utsette Vigdis Hjorth for då dei «avslørte» at ei skildringa i ei gravferd i hennar nyaste roman «Arv og miljø» liknar programmet i gravferda til Hjorths far. Ferrante-bøkene er kunst, på særs høgt nivå.

Svenska Akademien, altså dei som deler ut Nobelprisen til den som med Alfred Nobels ord «innanfor litteraturen har produsert det mest utmerkede i idealistisk retning», må gjerne notere seg Ferrante. I den lange rekka forfattarar som har fått prisen for å skildre «korleis det er å vere menneske», tilføyer Ferrante noko nytt. Ho skriv også om å vere menneske. Men for ei sjeldan gongs skuld er ikkje mennesket ein mann.

Ferrante skriv om å vere kvinne. Om å sjonglere rollene, dobbelt- og trippeltarbeidande som kone og elskarinne, student og forfattar, mor og dotter. Som venninne og samfunnsborgar. Og ho gjer det allment. Kvinner er også menneske, tenk det! Napoli-kvartetten kan lett lesast som historia om den vestlege verda i det 20. århundret, filtrert gjennom forteljaren Elenas opplevingar. Hennar klassereise går frå dei fattigaste, mest valdelege delen av Sør-Italia, via utdanning og politisk oppvakning ute i verda, før ho atter vender heim att, og berre for å oppdage at mange ting aldri endrar seg der ho har røtene. Men også at nokre faktisk gjer det. I den rørsla representerer Elena ein heil generasjon.

Siste og avsluttande band i kvartetten, «Historia om det tapte barnet», plukkar opp tråden der tredje band slapp. Vi er på syttitalet. Elena, alias Lenú eller Veslelena, har brote med mannen sin for å bli elskarinna til den forjetta Nino. Den briljante venninna Lina, ho som hadde eit intenst elskarinneforhold til Nino tidlegare, er kritisk. Ho vil gjerne at Elena skal flytte frå nord og heim til Napoli, men ikkje at ho skal vere saman med Nino.

Samtidig vert lesaren igjen minna på at forteljaren av historia, den eldre Elena, sit tidleg på 2000-talet og skodar tilbake. «Eg har skrive i svært lang tid, og eg er trøytt, det blir stadig vanskelegare å halde tråden i forteljinga stram med alt kaoset i dei åra, med små og store hendingar, humørsvingingar». Forfattarens kamp med materialet, med hugs og struktur og nivåval, går som ein rød tråd gjennom teksten. Kvartetten er også ein syklus om korleis kunst vert til, gjennom val og tilfelle, og om korleis ei forteljing alltid kan forteljast på andre måtar også, frå andre perspektiv.

Forholdet dei to kvinnene imellom bølgjer framleis fram og tilbake, alt etter kor mykje Elena inviterer Lina inn, og omvendt. I «Historia om det tapte barnet» er Elena for lengst blitt ein feira forfattar. Oppdagar at ho har talent for å omsetje sitt eige liv og sine eigne erfaringar til litteratur, og til samtalar om litteratur og samfunn. Ho er ei moderne kvinne, som klarer seg sjølv. Lever av sitt eige namn, ikkje ektemannens eller elskarens. Eller er ho tvert om meir knytt til menn enn ho hittil har sett og vilja sjå? Elena er lenge usikker. Ho er vaksen. Mor til døtrer sjølv, men også dotter av ei mor. Banda generasjonane imellom er særs kompliserte. Som banda mellom venninnene.

Mest av alt handlar det om identitet, no som i tidlegare band. Kva er eit menneske? Ei kvinne? Ein mann? Saman og kvar for seg? Det er tema Ferrante utforskar også i dei tidlegare romanane sine, til dømes «Days of Abandonement», som handlar om livskrisa ei kvinne går gjennom då ho får vite at mannen hennar vil forlate henne. Ho skriv rått om å vere mor. Om å elske barna sine, men også om å kjenne kor framande dei er. Om tilknytning og fråstøyting, til menneske og stader. Bøkene er utan tvil «utmerkte i idealistisk retning». Ferrante er ein særs verdig kandidat til nobelprisen i litteratur. Same kven ho «eigentleg» er

Mer fra: Debatt