Kultur

Når krigføring blir kalla partnerskap -

Når krigføring blir kalla partnerskap - og folk let seg bondefange av handelsavtalar.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

"Det kan ikkje vere sannt" er den spontane reaksjonen eg får når eg refererer meldinga om at Egypt møter enorme erstatningskrav frå vestlege storkonsern når landet vil auke minsteløna i landet. Og om at Uruguay og Australia blir saksøkte på same måte fordi dei vil innføre strengare tobakkslover. Eller om at det svenske kraftselskapet Vattenfall krev fleire milliardar euro av Tyskland fordi landet legg sterke reguleringar på kolkraftverka av miljøomsyn. Og så vidare. Det finns ein haug med liknande eksempel. ( kilde: http://www.citizen.org/documents/TAFTA-investor-state-factsheet.pdf )

Denne absurde situasjonen er ein konsekvens av den den rådande logikken i frihandelsavtalane som har blitt inngått dei seinare åra, ofte mellom svake uland og sterke vestlege industrinasjonar. Det er investorane, og ikkje innbyggarane sine interesser, som, hinsides det rimelege, blir verna i desse avtalane. Avtalar som i stor grad blir “ført i pennen” av nettopp representantar for dei økonomiske interessene som vil sleppe å bli plaga av det dei kallar “handelsirritasjonar”, reglar som hindrar dei i å “maksimere profitten sin” ytterlegare...

Dei som i desse dagar er i ferd med å "snekre" ein ekstremt konsekvenstung frihandelsavtale mellom EU og USA, gjer det i høgste grad i tråd med desse prinsippa. Avtalen har fått namnet TTIP, som står for Transatlantisk handels- og investeringspartnerskap. Og her er det verd å merke seg bruken av ordet partnerskap. Realiteten er at avtalen på ingen måte legg opp til samarbeid, men i staden vil opne for endå hardare økonomisk krigføring mellom "aktørane" på begge sider av Atlanteren, med meir og meir utrygge arbeidsplassar og miljø som resultat... Snakk om "partnerskap"! Når desse irreversible avtalane er på plass, vil nasjonalforsamlingane i stor grad vere nøydde til å danse etter storkonserna si pipe...

I 1998 var ein liknande avtale for investeringar i ferd med å bli vedteken, også her i Noreg, gjennom overflatisk sandpåstrøing i nasjonalforsamlingane. Den gongen greide ein iherdig innsats frå ulike sivile organisasjonar og frontfigurar som Susan George, Transnational Institute og Lori Wallace, direktør i Public Citizen Global Trade Watch, å få opp augene på mange nok parlamentarikarar til at det skapte nok politisk rabalder til å få stansa den avtalen.

Men dei som meiner at storkonserna er dei som skal “styre verda”, gir seg sjølvsagt aldri, og no er dei altså på banen igjen med denne TTIP-avtalen. Denne gongen med den berolegande “partnerskap”-ordet i tittelen. Eit partnerskap som altså er å sjå på som ei rein krigserklæring mot arbeidsfolk sine rettar, mot miljøvern og andre omsyn som risikerer å reduserer storkonserna sin finansielle gevinst.

Både Susan George og Lori Wallace er også denne gongen på barrikadane for å hindre dette i å skje, men vil mange nok vakne denne gongen?

Høyrest dette gale ut? Det er eigentleg endå verre...

Mer fra: Kultur