Debatt

Litteratur og vald i Colombia

Vald utgjer paradoksalt nok haldepunkt i livet for mange colombianarar.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Søndag går colombianarane til valurnene for å røyste for eller mot ei fredsavtale i landet etter fleire tiår med brutal borgarkrig. Ein ny generasjon colombianske forfattarar som har vakse fram, skriv om valden i fleire romanar. Dei gjev norske lesarar innsikt i korleis det er å leve i det valdsherja landet.

«Kor var du då Brå brakk staven?» er ein frase vi nordmenn vaks opp med. Eigentlig ville «kor var du 22. juli?» passe betre for samtida vår, i alle fall om vi freistar å lage knaggar til å hengje skilsetjande hendingar på. I Colombia fungerer bombeåtak og drap som ei kjede med hendingar som gjev livet ein indre sammanheng, nett som uventa besøk frå fjerne slektningar, skriv Juan Gabriel Vásquez i «Lyden av ting som faller» (på norsk 2015). Og det er nok å ta av i det søramerikanske landet. Rutefly har blitt sprengt i fillebitar, justisminister og presidentkandidat skotne, politibygg, kjøpesenter og diskotek sprengde i lufta, massakrar av bønder og endelause kidnappingar av kjende og ukjende personar utgjer paradoksalt nok haldepunkt i livet for mange colombianarar som har vakse opp under borgarkrigen.

Nasjonalt traume

I fjor vart 12.193 drepne i Colombia, det lågaste talet på 40 år. Likevel er den nære historia prega av langt høgare tal; i 2002 vart 28.775 drepne. Korleis kan colombianarar takle det å miste ein slektning eller ein kjenning. Ein colombiansk poet har sagt at valden i landet har gjort at dei har fleire vener på kyrkjegarden enn på puben. Det er nettopp det å forstå kvifor nokon brått vert riven vekk som er så vanskeleg. Spørsmålet om kvifor nokon vert drepen, og av kven, gjev ikkje lenger noko meining i byen min, seier hovudpersonen i Vásquez’ roman. Valden i landet er som rystingar frå tektoniske plater i rørsle. Dei skapar ein ulækjeleg frykt og har jamne, lunefulle utbrot. Drap i Colombia vert utførte av ei brokete og uoversiktleg samling av hærsoldatar, geriljasoldatar, paramilitære, leigemordarar, småkriminelle, narkotikabaronar og -smuglarar. Det er vanskeleg å vite kven som er kven, og motiva kan stundom vere uforståelege.

Likevel kastar hovudpersonen seg ut på ei reise for å trengje gjennom det nasjonale traumaet som får så mange colombianarar til å kjenne seg makteslause. Samtalane i boka avslører eit inntrengjande behov for å fortelje historier som kan forklare korleis og kvifor valden og krigen gjennomsyrer landet. Det er nærmast som å leite etter og finne att den svarte boksen etter ein flystyrt. Slike samtalar og forteljingar som nøstar opp fortida for å forstå samtida, er ein del av det litterære prosjektet til Vasquez, og vi finn det att i Informantene (på norsk 2010) og ikkje minst i den aller nyaste boka, som (enno) ikkje er omsett («La forma de las ruinas», 2016).

Fanga i vald

Medan Vasquez skriv om byfolk, skildrar Evelio Rosero korleis borgarkrigen råkar landsbygda. I den dystre romanen «Hærene» (på dansk 2010) sit innbyggjarane i den vesle landsbyen San José fast mellom geriljaen og hæren. Hendingane i boka er henta frå røynda og sydde saman i ein gripande tekst om ein uunngåeleg lagnad. Dei som har pengar, har allereie flytta; resten lever i eit klaustrofobisk helvete. Til slutt vert hærposten forlaten, og innbyggjarane står makteslause att når geriljaen tek over. Det kan ikkje ende godt, og boka skildrar meisterleg endetida for dei attverande. Frykt er ein grunnleggjande livsføresetnad for mange som lever på den konfliktfylde landsbygda i Colombia. I 2015 var det 6,9 millionar internflyktningar i Colombia, fleire enn i Syria.

Laura Restrepo er ein forfattar som langt på veg utgjer overgangen frå Gabriel García Márquez til den nye forfattargenerasjonen i landet. Med bakgrunn som journalist kjenner ho godt til korleis borgarkrigen har herja i landet som eit altoppslukande monster. «Leoparden i solen» (på dansk 2000, svensk 2011) har eit persongalleri og eit plott som minner om filmar av Tarantino og Kusturica. Vi er på innsida av to nyrike familiar som har slått seg opp på narkotikasmugling. Ein og ein vert drepen i ein absurd valdslogikk basert på gamle æreskodeksar, og familiane er i ferd med å utslette kvarandre. Boka vart mykje kritisert då ho kom ut i Colombia, fordi mange landsmenn og -kvinner meinte ho stilte landet i eit dårleg lys.

Meir subtil er boka hennar «Delirium» (på svensk 2008). Her spelar ikkje valden ei så framståande rolle, men skjuler seg i familierelasjonar og i livshistoriene som pregar fleire av romanfigurane. I bakgrunnen vakar narkobaronen Pablo Escobar, som brått kan gripe inn og styre forteljinga i ei ny retning. I romanen syner Restrepo korleis det etablerte borgarskapet vert avhengig av narkobransjen, ein relasjon som dei ikkje vil vedkjenne seg. Som narkohandlaren Midas seier det; det er han som sørgjer for at dei rike kan servere hummar til middag. Samstundes er boka først og fremst ei vanskeleg kjærleikshistorie som vert fortald med ei tydeleg plassering i 90-talets Colombia. I motsetnad til Rosero kan ein likevel lese ei underliggjande framtidsvon i bøkene til Restrepo.

Krig og fred

Tidlegare denne månaden gjekk Laura Restrepo ut i ein kronikk i den spanske avisa El País og etterlyste litteratur som utforskar forsoninga som må kome om colombianarane røystar for fredsavtala, og det gjer dei truleg. Forfattarane i landet har i generasjonar skrive for å forstå valden, no må dei skrive om freden for å forstå korleis det kan verte å leve eit daglegliv utan terror, drap og vonløyse. Eit nytt kapittel i colombiansk historie opnar såleis opp for nye retningar og tema i colombiansk litteratur. I mellomtida kan romanar fortelje norske lesarar historier der nyheitsreportasjar og valdsstatistikk kjem til kort.

Mer fra: Debatt