Kultur

Lat Høgblokka leve

Høgblokka er eit arkitektonisk kulturminne, eit viktig politisk symbol og ein åstad for kunst i verdsklasse. Å rive Høgblokka vil vekke internasjonal oppsikt. Difor er eg glad for at åtte av ti arkitektar vil bevare Høgblokka, slik NRK melder.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Eg har sjølv jobba i Høgblokka, då eg var statssekretær på Statsministerens kontor. I sommar var eg tilbake for første gong etter 22. juli, i lag med kunstnaren Inger Sitter som har laga fleire av dei innstøypte kunstverka i 2. og 3. etasje. Hennar kunstverk er ein del av byggverket, og ho fortalde korleis ho og dei andre kunstnarane sto der og jobba. Det var eit gripande augeblikk. Ho og eg er heilt samde i at Høgblokka må få stå.

Dessverre er det ikkje så mange som har vore inne i dette monumentale bygget, som har ei fantastisk utsikt frå toppen. Herifrå har USAs president Barack Obama og mange andre verdsleiarar beundra Oslo, med statsministeren som stolt vert.

Det har vekt internasjonal oppsikt at det i det heile tatt blir vurdert som eit alternativ å rive Høgblokka med Picassos kunstverk. Ein artikkel frå nyheitsbyrået AFP gjekk verda rundt:Picasso murals (veggmåleri) debate divides Norway.

Høgblokkas verneverdi og symbolske verdi er stor. Før 22. juli var Høgblokka eit symbol på utviklinga av velferdsstaten, etter 22. juli er den i tillegg eit symbol på heile det norske demokratiet.

Bygningskonstruksjonen er ikkje avgjerande skadd. Den integrerte kunsten som mellom anna Pablo Picasso, Carl Nesjar og Inger Sitter har bidrege til, er intakt. Å rive blokka og samstundes ta vare på kunsten, er ikkje realistisk. Kunsten sit i veggar og konstruksjonar, den er del av sjølve byggverket.

Konsulentgruppa som har utgreia framtidig regjeringskvartal har ikkje hatt kompetanse til å vurdere verneverdiane. Det var heller ikkje mandatet deira. Ut frå ei økonomisk tilnærming har utvalet sagt at det vil vere meir lønsamt å rive Høgblokka enn å bevare den. Før vi tek avgjerda om nytt regjeringskvartal, må konseptvalutgreiinga uansett supplerast med ei utgreiing som tek stilling til den kulturhistoriske verneverdien.

Helga 21. og 22. september kan alle få høve til å sjå Høgblokka frå innsida. Då er det opent hus i 100 bygg i Oslo, der Høgblokka er eit av høgdepunkta. Gå dit og sjå sjølv!

Mer fra: Kultur