Kultur

Kven lar læraren vere lærar, Trond Giske?

Arbeiderpartiet har ved Trond Giske snakka om "realkompetansevurdering" som eit alternativ til Torbjørn Røe Isaksen si kompetanseforskrift med tilbakeverkande kraft som rir skule-Norge som ei mare for tida. Innhaldet saknar vi.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Diskusjonen går høglydt og intenst om kunnskapsministeren sitt kompetanseløft av norske lærarar, der tilbakeverkande kraft om krav til formell kompetanse gjer at sjølv røynde lærarar får ein ti års frist på å ta ekstra studiepoeng i faga sine. Mange politikarar vil vere med på å endre dette vedtaket med å ta det opp til ny handsaming i stortinget før jul. Arbeiderpartiet, ved Trond Giske, har kome med eit framlegg om realkompetansevurdering, som eit tredje alternativ, der lærarar med for lite studiepoeng skal få ei slags godkjenning av kompetansen sin. Ein kvalitetsgaranti og eit kvalitetsstempel som då må vere formelt likeverdig med å ha ei viss mengd studiepoeng. Giske har diverre ikkje vist korleis denne vurderinga kan bli gjennomført. Det kan tyde på at Arbeiderpartiet ikkje har tenkt gjennom sitt eige forslag.

Forslaget om realkompetansevurdering er prinsipielt godt. Med ei godkjenning av lærarar som vi allereie har, vil fleire nyte godt av etter- og vidareutdanning. Skulen får arbeidsro, og vi får fortsette med kompetanseheving utan tvang. Søkartala til etter- og vidareutdanning har vore større enn tilbodet i fleire år. Dette har vore heilt underkommunisert i pressen.

Om realkompetansevurdering vil bli eit reelt alternativ til vidareutdanning under tvang, vil sjølvsagt stå og falle med korleis gjennomføringa blir organisert. Det er ikkje umogleg å vurdere realkompetanse, og det er ulike måtar å gjere det på.

Ein sentral godkjenningsordning vil skape eit nytt og tungrodd byråkratisk ledd, som med stor avstand til den einskilde lærar vanskelig vil kunne gje godkjenningar med presisjon. Realkompetanse kan ikkje få ei skikkeleg vurdering utan nærleik til den konkrete læraren.

Å delegere godkjenningsmynde til den enkelte rektor er og ein måte å gjere dette på, men det er eit tviegga sverd, eller kanskje eller ein sløv reiskap Om ein rektor godkjenner realkompetanse for 70 prosent av lærarstokken, veit han/ho at mobiliteten til dei resterande blir fastlåst. Dei blir dermed verande i skulen, fordi dei vil vere lite attraktive på søkarlister til andre skuler. Vi kan difor ende opp med at rektorar godkjenner “flatt”, og vi får ei godkjenning som ikkje reflekterer den eigentlege tilstanden. Det blir og eit spørsmål om denne godkjenninga er mobil i det heile teke, slik at den følgjer læraren frå jobb til jobb. Kan ein rektor, som sjølv kanskje har treårig lærarskule og rektorutdanning frå BI/NHH bli tildelt ein fagleg godkjenningsfunksjon?

Det er mange prinsipielle og pragmatiske spørsmål når ein reflekterer rundt vurdering av realkompetanse. Eg voner at om dette forslaget blir stilt, at det blir tatt so mange moglege refleksjonar som mogleg om den praktiske gjennomføringa, slik at det kan bli eit levedyktig forslag til Røe Isaksen sin “tilbakevirkende kraft”-strategi.

Å heve 35000 lærarar 30 studiepoeng vil i undervisningsinnhald koste over 20 millioner vikartimer, og kunnskapsministeren kan sjølvsagt ikkje garantere for kvaliteten på desse. Når eg bruker ordet «koste» er det då kostnad i form av usikker fagleg og pedagogisk verdi eg meiner.

Eg håper at Arbeiderpartiet kan komme med eit konkret utkast til korleis ei slik vurdering av realkompetanse kan bli gjort på ein reinhårig måte. Om det viser seg umogleg, er det rimeleg å forvente at de er med på å stoppe vedtaket om tilbakevirkande kraft, i Stortinget. Både tilbakevirkande kraft og realkompetansevurdering er kostnadskrevjande tiltak med lite validert garanti om pedagogisk spissa effekt. Å utdanne og vidareutdanne framover må vere fokuset, og bygge superkompetente fagpersonar med både bredde og djupne i alle sider ved yrkesutføringa si. Fordi det er det vi sjølv vil, som moderne og oppdaterte profesjonsutøvarar av eitt av verdas viktigaste yrke.

Mer fra: Kultur