Debatt

Kulturkameratar og Facebook-vener

Dagbladets useriøse kjeldegrunnlag kan bidra til å svekke støtteordningane til Kulturrådet framfor å hjelpe kunstnarar.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I 2016 stødde staten utvekling av norsk kunst med 1, 4 milliardar kroner. Midla blir fordelte via Kulturrådet, gjennom fagkomitear og utval. Mange av er utvala er oppnemnt av fagorganisasjonane sjølv. Dagbladet trykte laurdag ein «gravereportasje» om dei utvala og tildelingane. Den solgte seg ut som ei avsløring om nepotisme i komitear og utval som fordeler pengane. Beviset: Komitémedlemmane sine kontaktlister på Facebook.

Tilbake til 1800-talet: Kunstnariske faglege utval innstiller til Statens kunstnarstipend. Men så auker staten stipenda. Frå 1860-talet vil staten ha meir makt, og oppnemner i forfattarane sin stipendkomité, to eigne medlemmar. Etterkvart må komiteen innstille til dobbelt så mange kandidatar som det er stipend. I 1897 leverer komiteen ei lang men prioritert liste til Kyrkjedepartementet. Dei er soleklare på kven som skal ha dei fire store stipenda. Knut Hamsun, mellom anna. Men Hamsun hadde kritisert landsfedrene og statsyndlingane Bjørnson og Ibsen. Departementet byttar Hamsun med eit namn frå nede på lista. Dette blir det bråk av. Underskrivingskampanjar og demonstrasjonar der Bjørnstjerne Bjørnson sjølv er av dei som meiner at staten gjer ein tabbe om dei ikkje lar den taltentfulle, unge Hamsun få legatet. Men staten snur ikkje i saka, og det heile ender med at det faglege utvalet går av, at departementet står heller hjelpeslause attende, og at konklusjonen blir denne: Ein skal vere forsiktig med ein situasjon der den tilpassa, rådande, allmenne smak og kunstsyn får påverke vurderingar om kunstnarisk kvalitet. Og heller jobbe vidare for å sikre gode arbeidsvilkår og retningsliner for fagutvala.

Bra tema, Dagbladet! Statens vaktbikkje skal følgje med staten, og særleg forvaltning av fellesmidla. Dei som forvaltar skal sjå etter forbetringar, vere audemjuke for feil og opne for endringar. I god, gamal Dagbladet-stil skulle journalistane stå på dei svakare sin side og vere kritisk til makta. Dei mindre begunstiga lønnsmessig er mellom anna kunstnarane. I følgje Telemarksforsknings levekårsundersøkjing (2015) er dei av dei fattigaste i landet. I 2008 tente dei 210.000 kroner i året i snitt. Sju år seinare har gjennomsnittsinntekta gått ned, om ein samanliknar med andre yrkesgrupper og prisutvekling.

Men når avsløringane er grunna på useriøst kjeldegrunnlag kan dei heller setje støtteordningane i fare. Dagbladets useriøse metode kan snarare øydelegge enn å hjelpe dei som er mindre tilgodesette. Eg vel å tru at dei ikkje gjer det med vilje. At dei verkeleg meiner å hjelpe. Så kvifor reagerer eg så sterkt på at dei bruker Facebooks kontaktlister som kjeldegrunnlag?

Som sjølvstendig næringsdrivande og som profesjonelle innanfor eit yrke der det er viktig å vere ein aktiv del av og følgje med på fagmiljøet sitt, er Facebook ofte meir av ein «LinkedIn» enn møtestad for vener. Sjølv har eg «alle» norske kunstnarar i min kontaktliste fordi eg mellom anna prøver å få med meg utstilingar og arrangement for å oppleve kunst live og kan gjere meg opp best muleg meining om den.

Å vere profesjonell kunstnar heng saman med å vere ein del av fagmiljøet. Det er óg ein samanheng mellom det å ha norsk pass og vere registrert i det norske folkeregistreret. Og så vidare. Dagbladet får så ein «ekspert», professor i maktnettverk (frå Copenhagen School of Economics) til å uttale at ein må ha «vanlege folk» inn i komiteane.

Fagfellevurdering er ikkje unikt for kunstbransjen. Forskarar, til dømes, vurderer fagleg kvalitet på den måten. I kunsten handlar det ikkje berre om eit «ferdig produkt» men like mykje prosessen av å lage og tenkje. Aktive kunstnarar har oftast kontakt med fagmiljøet sitt og følgjer med i faget. Nokre får tilliten som det er å sitje i utval og innstille til statleg stønad. Tillitsvalte veit kor viktig det at fagfellevurderinga får bestå. Dei vil neppe risikere ordninga med å utøve nepotisme.

I Statens kunstnerstipends komité for Andre kunstnergrupper stiller medlemma i komiteen seg sjølv og oss andre spørsmålet: Korleis ivaretar vi best muleg kunstnarane som må søkje stipend. Medlemmane i komiteen eg leier er opptekne av fellesskap og solidaritet. Kvifor? Kanskje fordi kunstnarorganisasjonane ikkje har forhandlingsrett og det blir særleg viktig å organisere seg og stå saman.

Det er beundringsverdig av Dagbladet å gi innspel til forbetring av systema. Det hadde vore bra om kontaktlistene på Facebook var løysinga. Ei lett og billeg løysing på ein ei avansert problemstilling. Men det blir dessverre ei forenkling. Det frustrerer. Den vonde jekselen min bankar. Eg skulle ha vore til tannlegen for lenge sidan. Men eg liker ikkje så godt å gå til tannlegen. Så eg sjekkar tannlegar som fekk best skussmål og som har dei beste referansane frå sine laug. Eg vel ei av dei som er godkjent av lauget, som har bestått vurderingar frå eksertane i landet, og får fiksa tannpine. Og tenkjer etterpå: Det kan vere meir openheit i forvaltninga. Kulturrådets direktør Kristin Danielsen er samd i det. Men administrasjonen vil koste. Om det kjem nye midlar til Kulturrådet skal dei gå til meir byråkrati og administrasjon eller gå til dei særs mange fortente men ikkje-begunstiga stønadssøkjarane?

Opne arkiv og referat finst. Kulturrådet er ikkje sekreteriat for alle stønadsordningane. Den norske Forfatterforening (DnF) som blir referert til i artikkelen, er eitt av døma. DnF har, på grunn av ein liknande debatt frå tidleg nittital, gitt fullt innsyn. Alle kan komme til foreningens administrasjon og sjå dokument frå Fagleg utval, førd i pennen av sekretæren. Særleg i byrjinga kom journalistar ofte. Dei oppdaga ikkje nepotisme, men snarare eit mykje demokratisk system som var demokratisk og utvekla over hundre år med forsking i nettopp dette: Korleis kan ein best muleg ivareta kunstnarane og deira stadige skjøre sosioøkonomiske situasjon.

Mer fra: Debatt