Debatt

Kor trygt er Kabul og Afghanistan?

Heller ikkje kriteria UDI sjølv nyttar for å definere trygge og utrygge provinsar tyder på at vurderinga av Kabul som ‘trygt’ gjer meining.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Innlegget er skrevet i samarbeid med Torunn Wimpelmann, forsker ved Chr. Michelsens Institutt

Noreg er det europeiske landet som returnerar flest avviste asylsøkjarar til Afghanistan, langt meir enn andre land, over 500 til no i år. Mange av desse har nett fylt 18 år. Tvangsreturane skjer med utgangspunkt i at berre 2 av landet sine 34 provinsar er generelt utrygge, Nangarhar og Helmand. Alle afghanske statsborgarar, uavhengig av heimstad, kan verte returnert til Kabul som er definert som trygg for retur. Men, ifølge FN er Kabul no den farlegaste provinsen i Afghanistan. Heller ikkje kriteria UDI sjølv nyttar for å definere trygge og utrygge provinsar tyder på at vurderinga av Kabul som ‘trygt’ gjer meining.

Det er allment akseptert at situasjonen i Afghanistan har forverra seg over dei siste åra. Det gjeld både i forhold til sikkerheit, økonomisk utvikling og styresett. Økonomisk er der no ei vedvarande krise, fattigdomen aukar på tross av internasjonal støtte, og Verdsbanken åtvarar om konsekvensane av stor ungdomsarbeidsløyse. Desse utfordringane er forsterka av at Pakistan deporterte nærare ein million Afghanarar i 2016 og Iran nesten ein halv million.

Sikkerheit sterkt forverra

Sikkerheita er likevel det som har forverra seg mest over dei siste år. Amerikanske data syner at regjeringa berre kontrollerarar 55 % av landet, resten er enten under Taliban kontroll eller utafor nokon sin kontroll. Den Islamske Staten har fått ein avleggjar som målrettar sine angrep mot Afghanistan sin shia minoritet. Situasjonen er så ille og uversikteleg at sjølv Internasjonale Røde Kors har drastisk reduserte sitt nærvær, FN har nyleg omdefinert Afghanistan frå «post-konflikt» til å vere eit land i konflikt.

Det er derfor ikkje noko overrasking at NATO ivrar for auke i militære operasjoner, at President Trump aukar talet på amerikanske syner kor stor utforderinga er. USA har meir enn tidobla luftangrepa dei siste to år, meir enn 2500 amerikanske bombeangrep er gjennomført så langt i 2017. Ei slik militær opptrapping skaper motreaksjonar. Siste veka har Taliban gjennomført ei rekke angrep over heile landet, IS tek ansvar for fleire sjølvmordsangrep. FN organisasjonen UNAMA har ført statistikk over sivile som er såra og drepne sidan 2009, deira rapport syner at første halvår av 2017 er perioden med høgaste tapstal. Mykje på grunn av dei mange sjølvmordsangrepa i Kabul.

Kabul minst trygt

Til tross for dette definerer framleis Utlendingsdirektoratet (UDI) berre 2 av Afghanistan sine 34 provinsar som generelt utrygge. Kabul, provinsen alle vert returnert til, og som er internflukt alternativet for mange, er framleis vurdert som trygg. Utifrå UDI sine egen kriterier gjer dette lite meining. I sitt praksisnotat om Afghanistan oppgjer UDI følgjande kriteria for om provinsar kan klassifiserast som generelt utrygge;

  • om dei stridande partane nyttar metodar og taktikk for krigføring som rammar eller er direkte retta mot sivile
  • om bruken av slike metodar og/eller taktikk er utbreidd mellom partane
  • om kamphandlingane er geografisk avgrensa eller utbreidd
  • talet på sivile drepne, sår og fordrivne som følgje av kamphandlingane

Utviklinga så langt i 2017 gjer det vanskelig å forstå korleis UDI utifrå disse kriteriene kan klassifisere Nangarhar og Helmand som utrygge, og Kabul ( og andre provinsar ) som trygge.  Landinfo, som dokumentarar forholda i Afghanistan påpeikar i sin rapport frå september 2017 at:

Blant landets provinser, har Kabul det høyeste antallet sivile drepte og skadde, og nasjonalt står provinsen for 20 prosent av alle registrerte sivile ofre for konfliktrelatert vold.

Dei seier vidare at

Sivilbefolkningen risikerer å være på feil sted til feil tid, å oppholde seg der det gjennomføres et komplekst angrep, eller der det detoneres en bombe. Sivile kan være tilfeldig forbipasserende, personer som arbeider for institusjonen som angripes, eller som befinner seg i nærheten av åstedet.

Angrepsfrekvensen i Kabul by er uregelmessig og uforutsigbar. Konfliktmønsteret følger ikke den tradisjonelle syklusen med redusert aktivitet i vintermånedene.

Krigføringa i Kabul by skjer hovudsakleg gjennom sjølvmordsangrep frå Taliban og IS. I utgangspunktet gjekk dei etter militære mål, og høgst prioritert var amerikanske militære styrker. Desse forflytte seg sjeldan på bakken lenger, og målgruppa er derfor utvida til afghanske sikkerheitstyrkar, utanlandske diplomatar, internasjonale og lokale hjelpeorganisasjonar, restaurantar, butikkar, hotell og myndigheitskontor og transportbussar for statstilsette.

Det siste året er også eit høgst sivilt mål stadig oftare vorte angrepet; shia-moskear. Sidan i fjor sommar har minst 9 slike angrep ført til 150 drepne, dei fleste i Kabul. Felles for alle sjølvmordsangrepa i Kabul er at dei fleste som vert ramma er sivile, uavhengig av om angrepet er retta mot eit militært mål eller ikkje.

Dei to provinsane UDI definerar som generelt utrygge, Helmand og Nangarhar, har begge lågare tal på sivile drepne og såret enn kva Kabul har på tross av mange krigshandlingar der. Dei sivile tapa i disse to provinsane er hovudsakleg frå bakkekampar, og er slik sett meir geografisk avgrensa og mogeleg å forutsjå enn kva tilfellet er i Kabul, der angrepa rammer sivile meir tilfeldig.

I motsetjing til Helmand og Nangarhar vil dessutan mange som returnerar til Kabul ikkje ha stamme/familienettverk å trekkje på eller beskytte seg. Returnerte som vert i Kabul over tid er i større grad eksponert for fare/angrep når dei skal oppsøkje offentlege kontor, få returstøtte om dei har nytta seg av frivillig retur, gå på/søkje jobbar eller gå på skular eller universitet. Stengde grenser til nabolanda og at vegane ut av Kabul vert meir utrygge gjer dei returnerte få andre val enn å vert verande der.

I tillegg gjer den pågåande internasjonale militære opptrappinga, og Taliban og IS sin respons, grunn til å frykte at sikkeheita kjem til å verte ytterlegare forverra i store deler av Afghanistan. Det er også all grunn til å tru at Taliban og IS vil halde fram med å blinke ut Kabul for sine terrorangrep. Angrep på militære mål, ambassadar og offentlege kontor og ansatte gjer dei stor merksemd, det gjer også dei høge sivile tapa.

Men, sjølv idag framstår sikkerheita for returnerte dårlegare i Kabul enn i Helmand og Nangarhar provinsane- om me nyttar UDI sine egne kriterier. Trekkje me på UNAMA og Landinfo sine statistikkar over drepne og såra og analyser av sikkerheitssituasjon er det vanskeleg å sjå at Kabul kan definerast som trygt for internflukt – eller retur i det heile.

Mer fra: Debatt