Debatt

Islamiseringstoget rullar

Kor lenge Europa greier å stå oppreist mot masseinnvandring, demografiske omveltingar og medfølgande kulturskifte, er eit ope spørsmål.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Viser til heilsides innlegg av Unni Helland 18. april. Ho sveivar over mange tema når ho først er i siget.

Eg skal ikkje kommentere det sitatet ho har funne om president Trump sitt syn på kven som har skulda for Jesus på krossen, og heller ikkje gå nærare inn på korleis Trump vann valet ved sterk oppslutning frå arbeiderklassen i ei rekke vippestatar.

Heller ikkje vil eg blande meg inn i kva Jesus ville ha sagt om helseforsikringar og klimapolitikken i USA, og slett ikkje delta i ordskiftet om eit Islamsk Råd Norge som ser ut til å ha spora av.

Derimot vil eg gjerne seia litt om noko som ikkje har spora av: Islamiseringstoget som no rullar gjennom Europa.

Det er ein suksess, på sitt vis. I 1960 var det ikkje meir enn fem millionar muslimar i Vest-Europa. Men så skaut det fart, ikkje minst etter det storpolitiske spelet med arabisk oljeembargo etter nederlaget i Yom Kippur-krigen, OIC si viktige rolle, Den Euroarabiske Dialogen, og opning for friare migrasjon og det geniale grepet for prinsippet om familiegjenforeining.

To klassiske sitat bør i dag gje grunn til ettertanke.

I 1972 heldt leiaren i Algerie, Boumedienne, ein tale i FN som fekk det til å gå kaldt og varmt nedover ryggen på utsendingane, alt etter kvar i verda dei kom frå:

«Ein dag vil menneskemillionar bryte opp frå sørlege område og gje seg i veg nordover. Og dei vil ikkje koma som vener. Dei vil presse seg inn og erobre. Erobringa vil skje ved barnefødslar. Det vil vera magen til våre kvinner som skal gje oss sigeren.»

Den mangeårige diktatoren i Libya, al-Gaddafi, var ikkje snauare då han i 2011 uttalte:

«Det er teikn til at Allah vil gje siger til islam i Europa utan bruk av sverd, utan bruk av skytevåpen, utan erobring. Vi har ikkje bruk for terroristar, drapsmenn og bombemenn. Dei meir enn 50 millionar muslimar vil snu Europa til å bli eit muslimsk kontinent innan nokre få tiår.»

Med andre ord: Panservogner er ikkje nødvendig, når ein har nok barnevogner. Etter mange mislykka forsøk – opp gjennom hundreåra – på å legge Europa under islam, uttrykkjer islamske strategar no eit håp for lys i enden av tunnelen.

Sjefideologen al-Qaradawi i Qatar, Det Muslimske Brorskapet i Egypt og dei 57 medlemslanda i Organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC) arbeider jamt og trutt for fleire vogner på toget. Samtidig går det føre seg ein brei og konstant prosess med å ville påvirke lover og reglar, sed og skikk, tankeliv, kultur og levemåte i det enkelte landet i Europa.

Kor lenge Europa greier å stå oppreist mot masseinnvandring, demografiske omveltingar og medfølgande kulturskifte, er eit ope spørsmål. Men møter me utfordringane med nasjonal likesæle og kortsynt politisk veljartaktikk, er det fare på ferde.

Den dagen lobbyistane får med seg dei folkevalde til å seia: «Pytt, pytt, dette vil gå over», eller at «alt er relativt, også den norske kulturarven» – eller i fullt alvor hevde at kristendom og islam er hipp som happ – ja, då kan både Unni Helland og eg pakke kofferten.

Mer fra: Debatt