Kultur

«Hva mener MDG om EU og EØS?»

Under denne overskrifta mellom anna i Dagsavisens debattspalter den 21. september, har leiar i Nei til EU, Kathrine Kleveland, som dessutan er Sp-medlem, dette aktuelle og interessante spørsmålet til Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Eg svarar på vegne av meg sjølv og min organisatoriske og politiske posisjon, som styremedlem både i Telemark Nei til EU og Vest-Telemark Nei til EU, og som kommunestyrerepresentant for MDG i Kviteseid, leiar i Vest-Telemark MDG og 1. vara for MDG til fylkestinget i Telemark.

Mitt syn er at MDG må seie nei både til norsk EU-medlemskap og til gjeldande EØS-avtale, slik ordførarkandidaten til vårt parti i Oslo gjer. Ikkje bare fordi eit stort fleirtal i det norske folket gjer det, men fordi MDG sin politikk samsvarar dårleg med dei grunnleggjande prinsipp som er forankra i EU sine kapitalistiske og marknadsstyrte stordriftsprinsipp, noko som ikkje passar i Noreg.

MDG er eit jordnært, miljø- og distriktsvenleg parti, som mellom anna meiner at me må trygge og helst auke sjølvforsyningsgraden av mat i vårt eige land gjennom ein målretta distrikts-, landbruks- og jordvernpolitikk. MDG har mange fellestrekk med Nei til EU-partiet Sp sin politikk på dette og ein del andre område, som ikkje kan harmoniserast med det EU står for og det som ligg til grunn i EØS-avtala. I min eigen kommune, Kviteseid, blir det samarbeid mellom mitt eige parti, MDG, og m.a. Sp etter valet.

Mer fra: Kultur