Debatt

Hjelp til dei som stoppa IS?

Solidaritet med Kurdistan besøkte nyleg grensebyen Kobanê lengst nord i Syria. For snart tre år sia starta IS-fascismens nederlag der.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Før krigen hadde Kobanê by omtrent same folketal som Grünerløkka bydel i Oslo. Dvs. rundt 50.000. Etter frigjeringa låg byen i ruinar. I dag er det 1.200 martyrfamiliar i byen. Dvs at minst ein i familien har mista livet i kampen mot IS.

Kan du tenke deg at forsvarskamp mot fascisme krev så mange liv i ein bydel i Oslo? Trur du resten av Europa da hadde svara med taus passivitet? Eller trur du europeiske statar hadde send humanitær hjelp og bidratt til gjenoppbygginga?

Etter si eiga frigjering har befolkninga i Kobanê fortsett kampen mot IS. – Den kampen vi fører mot IS, er ein kamp for heile verda. Ikkje berre for Syria, seier YPJ-kommandant Nesrîn Abdullah. YPJ er dei kvinnelege forsvarsstyrkane som stod i fremste linje mot IS i Kobanê.

Hadde ikkje befolkninga i Kobanê ytt dei store ofra, hadde IS i dag truleg kontrollert store delar av Syria og Irak. Og hatt større evne til å utføre terroraksjonar i Midtausten – og utafor.

Likevel: Verken martyrfamiliane eller dei folkevalde i Kobanê har fått eit einaste takkens ord frå det offisielle Norge. Før stortingsvalet stilte Solidaritet med Kurdistan eit enkelt spørsmål til partia:

«Vil partiet støtte statleg hjelp til gjenoppbygging av Kobanê?»

Fem parti klarte ikkje å ta standpunkt. Dei svara TJA, med litt ulike ord. TJA-partia har fleirtal i Stortinget: Høgre, Arbeidarpartiet, Venstre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. Samtidig veit vi at Kobanê-befolkninga har takknemlege vener i alle desse partia.

Det gode med dette er at dei fem partitoppane ikkje har sagt nei. Dei har plassert seg i tenkeboksen. Men så lenge dei er der, står dei i praksis for det same som presidentane Erdogan i Ankara og Assad i Damaskus. Og det er praksis som avgjer om skoleungar og krigsskadde i Kobanê får hjelp.

Solidaritet med Kurdistan utfordrar derfor Erna Solberg, Jonas Gahr Støre, Knut Arild Hareide, Trygve Slagsvold Vedum og Trine Skei Grande:

• Kom ut av tenkeboksen!

• Støtt gjenoppbygginga av Kobanê!

• Bruk statsbudsjettbehandlinga i Stortinget til å sende eit JA-signal frå det offisielle Norge og til befolkninga i byen som ga IS det første nederlaget.

Mer fra: Debatt