Helge Nilsen
Viser innlegg | Se kommentarer (165)Kva vil så Nye Venstre sin innflytelse i norsk politikk eigentleg bety for befolkninga og for norsk næringsliv ?
Venstre vart i si tid av Jon Leirfall kalla for vinglefolket, no ser vi dette synliggjere seg på ny. Det er ikkje meir enn knapt to år sidan ordføraren i Ulvik, Mona Hellesnes frå Venstre fronta motstanden mot Statnett sine naturinngrep i Hardanger landskapsområde og Ola Elvestuen kom frå Oslo på besøk og gjekk i protestmarsj. Så monterte Stoltenberg monstermastene og Hellesnes vart kjapt bytta ut med Terje Breivik, grunneigarane sin beste venn i Ulvik, ein som ikkje kan få nok av hverken naturinngrep, vannkraftdemningar, luftspenn eller stor-eksport av norsk kraft. ....Tenk at for to år sidan kalla Venstrefolk Ap sine kraftutbyggarar for «kraftsosialistar» - no er det ordet avskaffa i det Nye "næringsvenlege" Venstre.
Elvestuen snakka t.d. i går varmt og entusiastisk om ulike planar om massiv industrialisering av norske nærmiljø og norsk natur. Elvestuen og Breivik ønskjer så å legge store straumkablar til EU, slik at grunneigarane skal få best mulig betalt for "varene" sine. Grunngjevinga skal offisielt vere at EU treng veldig vår straum for å kunne «omstille» seg, men det er et svært tvilsomt argument, ja det er mest sannsynlig ikkje et holdbart argument. Realiteten er at om Norge skulle industrialisere alle gjenverande elvar og pepre kyst og innland med høge strømturbinar, så vil det monne rimelig lite for det store EU. Nokon må snart få avkledd energibransjen og utbyggarlobbyistane sin sviktande argumentasjon her.
Men kva vil så Nye Venstre sin innflytelse i norsk politikk bety for befolkninga og for norsk næringsliv ?
Skal ein ta utsegnene frå dagens leiing i Venstre på alvor så vil det vil dessverre bety massive inngrep i norsk natur og dyrare strøm for alle. Ein kan ikkje tolke det annleis. Når politikarar t.d. begynner å bruke begrepet «Miljøvern»istadenfor t.d. ord som naturvern, då skal ein virkelig passe på - for då er det ingen som veit kva dei eigentleg seier.
.....Tru det eller ei men det mest aktuelle spørsmål i det utvikla demokratiet Norge anno 2012 er om etterkrigstidas største rettssak er forsøkt manipulert?
Er 22. juli-rettsaka forsøkt manipulert ?
Korleis kan eg skrive noko slikt og kva meinast i tilfelle med omgrepet « å manipulere »? Sagt på ein annan måte : har enkeltpersonar forsøkt å legge band på rettens arbeid ?
Føresett balanse ikkje til stades
Bakgrunnen for spørsmålet er den bruk av sakkyndige som skjedde i innleiinga av rettsaka. Val av sakkyndige vert slik eg forstår det, gjort etter ein overeinskomst mellom forsvarar og aktorat. Dette er i utgangspunktet gjort for å sikre at ein via partane sine ulike interesser skal sikre balansen og dermed truverde til denne utvalsprosessen. Grunnlaget for dette er at forsvar antakast å bruke sine krefter på å synliggjere det som kan få tiltalte til å sleppe straff mens påtalemakt på vegne av fellesskapet derimot skal sjå til at tiltalte får den straff som gjerningane tilseier. Men kva gjer ein når denne balansen er borte og ein har den svært påfallande situasjon at både forsvar og påtalemakt er innstilt på at tiltalte ikkje skal definerast som kriminell?
Det er her at denne rettsaka har gått feil, noko som skuldast åtferda til leiinga i påtalemakta. Ei leiing der sentrale personar av ein eller annan merkeleg grunn som sagt har bestemt seg for at tiltalte i denne saka ikkje skal sjåast på som kriminell, men som «pasient» ? Dette framkjem blant anna av brevet som Lasse Qvigstad publiserte etter framlegginga av den første psykiatrirapporten. Riksadvokaten bekrefta seinare at dei på denne måten hadde ønska å legge band på rettens arbeid i dette spørsmålet. Det er på denne måten at denne rettsprosessen ser ut til å vere forsøkt manipulert, at avgjersle gjort i det lukka rom skulle styra utfallet av denne rettssaka.
Lite fokus på påtalemakta si åtferd
Ein må her innsjå at det ikkje er sannsynleg at partar, det vere seg i utbyggingssaker eller i rettssaker, vil ynskje å velje sakkyndige som motarbeider deira interesser - spesielt ikkje når partane i praksis sjølve sitt med veto ved val av sakkyndige. Et spørsmål som må stillast er korfor den sentrale leiinga i påtalemakta ynskjer å definere terroristen ikkje som kriminell, men som «pasient»? Denne sentrale problemstillinga har dessverre vore lite drøfta og det er på tide at nokon rettar søkelyset ikkje berre mot forfattarane av den første psykiatrirapporten men også mot oppdragsgjevaren deira. Har påtalemakta endra rettspraksis og i humanismens namn no vil påstå straffefridom straks det kan framskaffast tvil om utilrekneligheit i ei rettssak ? ..Nei, det er ingenting som tyder på det? Årsaka til åferda til påtalemakta står då igjen med tre forklaringar, slik eg ser det:
- Ynskjer påtalemakta på vegne av seg sjølv, politi og PST å skyve ansvaret for terrorangrepet over på andre, t.d. Norsk helsevesen ?
- Ynskjer påtalemakta å frikjenne det norske ytre høgre med same uttalte politiske grunnsyn som terroristen ?
- Ynskjer påtalemakta å bruke psykiatri som ein måte å påføre menneske straff ?
Eg kan pr. i dag ikkje svare på dette, folk får tenke sitt. Men det er grunn til uro for rettssikkerheita når sentrale personar både innan norsk påtalemakt og det juridiske miljø ikkje har forstått at når etikken sviktar, då mistar jussen sitt fotfeste. Tru det eller ei men det mest aktuelle spørsmål i det utvikla demokratiet Norge anno 2012 er om etterkrigstidas største rettssak er forsøkt manipulert?
Med andre ord: ….kva vil skje med tilliten til norsk rettsvesen den dagen det t.d. skulle komme fram at den første sakkyndigrapporten faktisk viser seg å vere eit bestillingsverk frå påtalemakta?
Helge Nilsen,
Blomvåg 21. August 2012