Hanne Blåfjelldal
Viser innlegg | Se kommentarer (1)Valkampen er i gang, og fleire tek no til orde for at elevane skal evaluere lærarane. Dette skapar sinne hjå mange av mine kollegaer.
Argumenta mot lærarevaluering er mellom anna at elevane er ikkje modne nok og at dei vil gje best evaluering til dei kulaste lærarane, ikkje dei flinkaste.
Alle desse argumenta inneheld ein mistillit mot elevane våre; unge menneske utan lærarutdanning er ikkje i stand til å seie noko om kva som er god og dårleg undervising!
Elevane er sjølvsagt i stand til å seie kva læraren kan justere for at undervisinga skal bli betre. Det kjem an på korleis vi spør.
Vi som lærarar spør sjølvsagt elevane om attendemelding på jobben vi gjer. Kva var bra med dette undervisingsopplegget? Kva kan bli betre? Er det noko eg som lærar kan endre på?
Mitt profesjonelle skjønn som lærar sett eg høgt. Det er eg som skal ta dei pedagogiske avgjerdene. Min pedagogiske filosofi er at eg tek med elevane på evaluering og råd for å justere undervisinga og få attendemeldingar på jobben eg gjer. Men det er eg som skal styre undervisinga, ikkje elevane!
Eg skjønner at mange lærarar syner mostand mot forslag om lærarevaluering når desse ofte er leia av overskrifter som: «Vil setje karakter på lærarane», «Vil rangere lærarane», og når det omtrent blir framstilt som om elevane sjølve skal få velje kva for lærar dei får.
Eg hadde fått piggane ut om Utdanningsdirektoratet hadde kome med eit rundskriv som påla oss lærarar å gjennomføre lærarevaluering der elevane skulle krysse ut eit skjema med karakter på meg ut i frå visse vurderingskriterium. I kva for andre yrke ville vi tillate noko slikt? Legar, sjukepleiarar, byråkratar?
Vi må ha så stor tillit til lærarane at vi tenkjer dei evaluerer seg sjølve kvar einaste dag. Viss vi trur lærarane ikkje jobbar på denne måten, må vi gjere noko med lærarutdanninga eller stillingsvernet til lærarane.
Sjølvsagt finst det lærarar som gjer ein dårleg jobb og som sikkert også burde fått beskjed om det. Men viss desse lærarane ikkje allereie evaluerer eigen praksis ved hjelp av kollegaer eller elevar, blir dei neppe betre lærarar av å få pålagt at dei skal bli evaluert.
Vi kan ikkje endre nokon som ikkje ønskjer å endre seg. Og viss vi likevel tenkjer vi skal få det til, nyttar det i alle fall ikkje med tvang.
Etter fire veker som fersk kontaktlærar på ungdomsskulen er eg fullstendig utslite, men overtydd om at eg har vald rett yrke.
Førre veke arrangerte vi foreldremøte. Min tydeligaste bodskap overfor foreldra var: «Prat alltid positivt om skulen heime». Uansett kor usamd du er i kva eg gjer eller tilstanden på skulen; prat positivt om skulen når du er i lag med ungane dine. Dine haldningar vil nemlig smitte over på eleven, og det går ut over eleven sine prestasjonar i skulen.
Når vi som lærarar er oppteken av at foreldre skal prate positivt om skulen, må dette også gjelde oss sjølve. Vi skal sjølvsagt ha moglegheit til å seie i frå når noko er gale, men vi bør prate positivt om skulen og vårt eige yrke. For kven ønskjer å jobbe i ein organisasjon dei tilsette sjølve pratar stygt om?
Eg skal difor i dette innlegget trekke fram alt det eg elskar med jobben min og kvifor eg gler meg til å gå på jobb kvar einaste dag.
Eg elskar at eg alltid må vere førebudd på å vere impulsiv. Det kan kome eit spørsmål eller utfordring som gjer at du må snu deg heilt om. Dette gjer at du aldri stivnar som menneske.
Eg elskar når elevane stiller gode spørsmål. Spørsmål eg ikkje klarar eller ønskjer å svare på. Målet mitt er ikkje å vere ein lærar som gjev elevane svar på alt dei lurer på, men å oppmuntre nysgjerrige elevar til å leite etter svara sjølve.
Eg elskar energien du finn i eit klasserom. Spontane reaksjonar når noko blir opplevd som urettferdig. Energien elevane viser når dei får delta i problemløysande aktivitetar.
Eg elskar å vere lærar fordi det gjer meg til eit betre menneske. Eg kjenner eg bryr meg. Bryr meg om korleis elevane har det. At dei lærer. Kvar dag tenkjer eg på korleis eg skal få kvar einaste ein av dei til å lære mest mogleg. Og eg merkar sakte men sikkert at eg blir tryggare i min rolle som lærar.
Å jobbe i skulen er fantastisk. Å jobbe med elevar er fantastisk. Å jobbe med læring er fantastisk.
Eg har verkeleg verdas beste jobb. Ein jobb som er slitsam, men som fyller meg med energi.
Dei fyrste vekene har truleg eg lært meir enn elevane mine. Men eg håper at den lærdommen eg får desse fyrste vekene skal gjere at elevane etter åra med meg som kontaktlærar kan seie; «Ja, Hanne Maren, ho var ein god lærar, som gjorde oss i stand til å oppnå akkurat det vi ønskjer i livet».
Eg skal no skrive om noko så usexy som læreplanar.
Eg har eit elsk-hat-forhold til læreplanane. På mange måtar tykkjer eg dei er fantastisk fint formulert, men på den andre sida slit eg med å forstå dei. Eg tykkjer dei er diffuse og omfattande, og at dei set altfor høge krav til elevane.
Finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og reflektere over korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis.
Dette er eit av kompetansemåla i læreplanen for samfunnsfag for ungdomssteget. Ikkje berre skal elevane vite om hendingar som har forma dagens Noreg (kva for hendingar, er opp til oss lærarane å plukke ut), men dei skal også reflektere over korleis samfunnet hadde vore viss desse hendingane ikkje hadde skjedd.
Eg skal undervise for åttande steg i år. For åttande steg er det ikkje eigne kompetansemål, men kompetansemåla er avsluttande etter tiande steg. Det vil seie at eg som lærar sjølv må avgjere kva elevane skal lære i åttande klasse, og kva dei skal lære i tiande klasse. Det sett store krav til oss som pedagogar.
Å forstå læreplanen er vanskeleg nok i seg sjølv. Når vi i tillegg skal finne lærestoff, metodar og litteratur som elevane skal jobbe med for å oppnå kompetansemål, seier det seg sjølv at det er krevjande. Vi kan jo sjølvsagt berre følgje læreboka utan å tenke sjølve, men då gjer vi verkeleg ikkje jobben vår som lærarar. For det er ikkje læreboka elevane skal kunne; dei skal oppnå kompetanse på høgare nivå enn som så.
Lærarane skal ikkje berre jobbe opp mot fagplanane. Vi har også ein generell læreplan (som er så vakker, så vakker, men så ambisiøs, så ambisiøs) som skal integrerast i alt vi gjer. Vi skal lære elevane å bli miljømedvitne, meiningssøkjande, skapande, samarbeidande, arbeidande, allmenndanna og integerte.
Læreplanane seier kva vi ønskjer at samfunnet skal bli. Skulen har både eit mandat om at kvart enkelt menneske skal vere i stand til å klare seg sjølv, og at dei også skal delta i å forme samfunnet til beste for fellesskapet.
Eg vil oppmode deg om å bruke ti minutt til å titte på læreplanverket. Så kan du tenkje litt på kva læreplanane har å si for samfunnsutviklinga, og på alle dei elevane som startar i skulen i dag, og kva for jobb dei har framfor seg.
I skrivande stund er det 22.juli og regnet strøymer ned utanfor vindauget mitt. Akkurat som det gjorde i Oslo for eitt år sidan.
Eg sitt i Høyanger, og følgjer minnegudstenesta frå Oslo domkyrkje. For eitt år sidan var eg i Oslo, og følte at verda vart litt mindre trygg då eg høyrte og følte bomba gjekk av.
Vi må i kvardagen stole på at menneska rundt oss ikkje vil oss noko vondt, men vi veit no at døden og vondskapen kan inntreffe der du minst ventar det. 22. juli førte døden og vondskapen litt nærmare oss alle.
Også eg har det siste året opplevd at fleire av mine mareritt har handla om døden. Eg kan ikkje ein gong tenkje meg korleis folk som står eller har stått ansikt til ansikt med døden må føle seg, ofte kvar einaste dag og natt.
I krigssituasjonar i mange land. I land der terror, truslar og vald er daglegdags. Der kvar dag er ein kamp for å overleve. Det skjer der ute i verda. Kvar einaste dag.
Om ikkje anna, så håpar eg det som skjedde 22. juli kan auke forståinga for mange av desse menneska. Mange av dei kjem til Noreg som flyktningar, og har, som dei som var på Utøya og i regjeringskvartalet, også opplevd at nokon er ute etter å drepe dei.
Det som har imponert meg mest etter 22.juli er den klokskapen og varmen mange av dei overlevande viser. Unge menneske. Unge menneske som ikkje skulle ha behøvd å oppleve slike ting. Eg mista ingen eg kjende godt 22.juli, men det var menneske eg var glad i som overlevde på Utøya.
Som Stine Renate. Som i etterkant har vist ein enorm styrke. Som eg veit ikkje har hatt det lett, men som prøver å få kvardagen til å gå attende til det normale. Som alltid har godt humør, som alltid sett andre menneske og rettferd fyrst og som alltid har auge for rettsstatens prinsipp og grunnleggjande verdiar. Ho, og mange andre, viser ein styrke som er eit førebilete for oss alle.
Eg skreiv i Dagsavisen for om lag eit år sidan, mellom anna dette: No står vi alle i Noreg saman utan å dele landet inn i grupper.
Det var kjenslene eg bar inni meg rett etter terrorangrepa for eitt år sidan. Eg håper det samhaldet vi følte då kan fortsette.
Vi må aldri gløyme at dei aller fleste i verda er enkeltmenneske som ønskjer å overleve døden, utrydde vondskapen og gjere det beste for dei menneska vi er glade i.
Eg blir meir og meir overtydd om at spesialundervisninga i norsk skule må fjernast.
Spesialundervisning skulle vere ein eksklusiv rett for ei lita gruppe. I dag er det eit stadig aukande elevtal som får slik undervisning.
Det er ei kjend problemstilling at spesialundervisninga blir sett inn altfor seint i norsk skule. Vi har sein innsats i staden for tidleg innsats. I tillegg ser det ut til at spesialundervisninga ikkje fungerer. Faktisk kan den i mange tilfelle gjere vondt verre.
Stadig meir av dei kommunale budsjetta blir bunde opp i spesialundervisning. I undervisning ofte utført av assistentar eller personell utan kompetanse på spesialpedagogikk.
Når så mange pengar blir bunde opp i spesialundervisning, går det ut over den tilpassa opplæringa. Dette er ein veldig vond sirkel, som kjem til å bli berre vondare om vi ikkje stoppar opp og vurderer heile spesialundervisinginstituttet.
Dess mindre ressursar det er å setje inn i ordinær undervisning, dess vanskelegare er det å hjelpe dei som treng ekstra oppfylging. Og kva blir resultatet då? Jo, vi ber om ei utgreiing om spesialundervisning på den eleven vi ikkje klarar å følgje opp i klasserommet.
Mantraet i norsk skule er i ferd med å bli «vi må få eit vedtak på han» - i staden for å setje inn ressursane i tilpassa opplæring.
Og når vedtaket om spesialundervisning kjem, er det altså veldig ofte folk utan kompetanse som utfører denne undervisninga. Ofte ved å ta enkeltelevar ut av klassemiljøet sitt og utan at det er samanhang med det som skjer i det ordinære klasserommet.
For å setje det på spissen finn vi no kompetansen på lærevanskar på kontor der dei behandlar stadig fleire søknadar. Desse menneska burde vore ute i klasseromma, i lag med elevane og lærarane for å styrke den tilpassa opplæringa.
Ved å fjerne spesialundervisninga i norsk skule kan vi setje inn ressursane tidlegare og på ein mykje meir fleksibel måte enn det vi klarar i dag. Vi kan til dømes arrangere intensive lesekurs og mattekurs etter behov for dei elevane som treng det. Og utan at elevane som i dag får spesialundervisning føler seg stigmatiserte.
I dag er det dessverre slik at det mange elevar får ut av eit vedtak om spesialundervisning, berre er ein individuell opplæringsplan. Ikkje betre undervisning, slik dei burde ha fått.
Denne veka er det Eurovision Song Contest (ESC) for alle penga. Frå eit land som kan kallast alt anna enn demokratisk.
Frå eg var lita jente har eg elska denne konkurransen. Eg har høyrt deltakarar synge om politikk, fred og krig. Men det er ikkje på grunn av djupe songtekster eg har elska konkurransen. Eg har elska han fordi han har gjort meg grunnleggjande glad.
Brot på menneskerettar gjer meg grunnleggjande trist. For ei jente som bekymringslaust har vakse opp i Noreg, er det vanskeleg for meg å tenkje korleis det er å leve i eit land som Aserbajdsjan.
Aserbajdsjan har lagt ned milliardar av kroner for å ruste opp landet sitt sidan sigeren i fjor. No skal dei framstå som eit glamorøst og demokratisk land der alt er velstand. Det er lettare å bli fascinert av glitter og glamour, enn det er å engasjere seg i aktivistar bak gitter.
Når vi veit at folk har blitt kasta ut av heimane sine utan varsel fordi myndigheitene skal byggje scene til årets mest glamorøse show, då påverkar dette konkurransen.
Når den ikkje-demokratisk valde presidenten bestemmer at kona skal leie arrangementskomiteen for ESC, og svigersonen skal delta som pauseinnslag, er det vanskeleg å oversjå at dette landet ikkje er demokratisk.
Mange homofile er store fans av Eurovision Song Contest. Når vi veit at homofile blir trakassert og diskriminert i dette landet, og dei blir fråråda å vise sin kjærleik offentleg, er det vanskeleg å berre sjå showet og ikkje forholda for homofile i Aserbajdsjan.
Når vi får servert historia om den kvinnelege journalisten som avslører korrupsjon, og myndigheitene difor publiserer ein intim sexfilm av ho, er det vanskeleg å berre sjå ESC, og ikkje korleis det er i dette landet elles.
Å tenkje seg eit land der du kan bli arrestert eller utsett for vold på grunn av meiningane dine, der aktivitet på internett blir overvaka og der ein ikkje kan få skrive det ein vil, er vanskeleg.
Eg elskar Melodi Grand Prix, men eg elskar grunnleggjande menneskerettar meir.
Eg håper vi denne veka kan setje søkelys på manglande demokrati, ytringsfridom og brot på menneskerettar i det landet heile Europas augo er retta mot.
Kan vi denne veka auke kunnskapen om menneskerettar og demokrati, og slik gjere verda litt betre, har vi fått noko meir ut av konkurransen enn berre glitter og glamour.
Mange spør meg om kvifor i alle dagar eg er med i Framstegspartiet. Eg skal her forklare kvifor.
Eg kjem frå ein liberal heim, men ikkje ein liberalistisk heim. Eg har foreldre som har lært meg opp til aldri å skulde på andre viss det ikkje går meg vel her i verda. Eg kjem også frå ein heim som har eit grunnleggjande liberalt grunnsyn der menneske skal respekterast for handlingane sine, ikkje ut i frå kva slags hudfarge dei har eller kva for legning dei har.
Eg har foreldre som aldri hadde stemt Framstegspartiet. Likevel valde eg i ung alder å kalle meg liberalist og å melde meg inn i FpU.
Eg vart liberalist fordi eg trur på enkeltmenneske. Eg trur meir på enkeltmennesket enn på system.
Eg er liberalist fordi eg trur enkeltmennesket er dei som er best egna til å disponere sine eigne pengar. Eg meiner det er ineffektivt med politikarar som dreg inn pengar for så å fordele dei ut att til kva dei meiner er gode formål. Eg meiner at det er du sjølv som veit best kva du treng i livet, og ikkje meir eller mindre velmeinande politikarar.
Eg er liberalist fordi eg trur på den private eigedomsretten. Eg trur på mindre lover og reguleringar som innskrenkar kva grunneigarar skal gjere med sin eigen eigedom.
Eg er liberalist fordi eg trur på likebehandling av alle menneske. Eg trur det er våre handlingar som skal avgjere korleis vi blir behandla som menneske - ikkje kva for legning eller nasjonalitet vi har. Eg har alltid vore for like rettar for homofile og heterofile. Difor ønskjer eg at også homofile bør få moglegheit til å bli vurdert som adoptivforeldre.
Eg er liberalist fordi eg trur på det gode i mennesket. Eg trur også at ein enorm velferdsstat passiviserar altfor mange menneske. Eg trur vi no verkeleg byrjar å sjå resultat av den politikken som er blitt ført i Noreg; fleire og fleire som går på trygd, og som ikkje tek ansvar for eigne liv. Dette er ein trend som oppriktig bekymrar meg, og som skuldast at vi dei siste åra har ført ein altfor lite liberalistisk politikk i Noreg.
Eg ønskjer å skape eit samfunn der enkeltindivid tek ansvar for sine eigne liv og får moglegheit til dette.
Eg er med i Framstegspartiet fordi eg er liberalist. Det er gjennom eit politisk parti eg kan endre samfunnet i den retning eg ønskjer, og det har eg vald å gjere gjennom Framstegspartiet.
Eg har utdanna meg til verdas beste og viktigaste yrke.
Lærarutdanninga var verkeleg lågstatus då eg var ferdig i vidaregåande skule for over ti år sidan. Vi brukte å seie at dei sløvaste av dei sløve, med høgast fråvær og dårlegast karakterar, var dei som søkte seg inn på lærarutdanninga. Det gjorde ikkje akkurat at eg ønskja å bli lærar. Kjære vene; eg hadde då ambisjonar!
I løpet av mine år med studiar mot ein mastergrad, sa eg alltid litt spøkefullt; viss eg ikkje får nokon annan jobb, kan eg jo alltids bli lærar. Å bli lærar var ein slags back up-plan viss eg feila på alle andre område.
Så vart eg politisk rådgjevar på utdanningsfeltet. Eg tok praktisk pedagogisk utdanning for å forstå litt meir av det eg jobba med. Så vart eg prosjektleiar for eit skuleutviklingsprosjekt. Og snart var ikkje læraryrket så framand for meg lenger.
I løpet av desse fem åra eg har jobba med skulepolitikk og skuleutvikling, har eg skjønt at skal vi få til endringar, må desse endringane skje i det enkelte klasserom.
Vi får ikkje tilpassa opplæring ved å lovfeste det. Vi får ikkje betre resultat i matematikk ved å innføre ein time ekstra. Vi får ikkje betre vurderingskultur ved å innføre nye forskrifter. Alt av endringar avhenger av kreative og tydelige vaksenpersonar som rettleiar dei unge i sin læringsprosess.
Til hausten er det ingen veg attende for meg. Då blir eg endeleg lærar på heiltid. Og eg skal bli knakande dyktig! Håvard Tjora kan berre førebu seg på å stige ned frå trona som Noregs beste. Her kjem eg!
Tilbod om millionløn i andre bransjar kan ikkje stoppe meg. Eg har ein gnist inni meg som lokkar meg til læringsprosessane - både i og utanfor klasserommet.
«Har du det i deg?» er kampanjen som no blir køyrt for å få fleire til å velje læraryrket. Noreg kan mangle 18.000 lærarar om åtte år viss vi ikkje gjer noko med rekrutteringa.
Eg kan ikkje tenkje meg viktigare jobb enn å få unge menneske til å tenkje sjølv. Vel du læraryrket, vil du møte meining i jobben kvar einaste dag og du vil utgjere ein stor skilnad i barn og ungdom sine liv. (Viss du ikkje er glad i barn og unge, vil eg likevel anbefale at du vel eit anna yrke.)
Eg har det i meg! Det er lærar eg skal vere.
Eg håper du tenkjer det same, og søkjer deg inn på lærar- eller lektorutdanning innan 15.april.
Det er ikkje berre Gummi-Tarzan som ufriviljug måtte hopp bukk i gymtimane i skulen.
Gummi- Tarzanen i oss
Det er ikkje berre Gummi-Tarzan som ufriviljug måtte hopp bukk i gymtimane i skulen.
I oppveksten var eg overvektig og tidvis lat, men eg hadde heldigvis talent for ballspel og eg trena både handball og fotball på fritida. Eg kom meg gjennom kroppsøvingstimane, sjølv om det aldri var mitt favorittfag. Eg grua meg ofte til gymtimane - fordi det i gymtimane er ekstra synleg når du dummar deg ut. Også eg hata å hoppe bukk.
Elevane i ring rundt. Du åleine mot bukken. Dei andre elevane som skratta når du mislukkast. For min del slutta det alltid med at eg ikkje ein gong orka å prøve. Fordi eg var så redd for å feile.
Eg har ofte tenkt i etterkant på kor forferdeleg mange må ha hatt det i gymtimane. Dei som ikkje klarte å ta i mot ballen, dei som ikkje eigde koordinasjon og dei som aldri følte meistring. Dette er ekstra synleg i eit fag som kroppsøvingsfaget.
Eg trur veldig mange vaksne i dag har eit minne om kroppsøvingslæraren frå helvete. Han eller ho i sine proffe treningsklede og fløyte, og som såg ut som han fryda seg viss vi ikkje klarte noko.
Gymlæraren frå helvete gav ikkje medelevane kjeft fordi dei skratta av han som ikkje klarte. Gymlæraren frå helvete berre teia, og aksepterte slik latteren og hånflira. Ofte deltok han i det sjølv med eit lite smil i munnvika.
Kroppsøvingsfaget er nok det faget flest har dårlege minner frå når dei tenkjer attende på skuletida. Dei som har dårlege minner frå kroppsøvingsfaget er også dei som er mest inaktive i vaksen alder.
Også i kroppsøvingsfaget er det slik at dei som meistrar faget vil ha mest nytte av meir fysisk aktivitet. For mange kan meir fysisk aktivitet bety endå meir av det dei ikkje meistrar og det dei så grundig avskyr.
Det hjelp ikkje å gje ein elev som slit i matte meir matte. Vi må gje han annleis matte. Det hjelp aldri å pøse på med meir av det ein elev følast at han ikkje lukkast med. Det same gjeld fysisk aktivitet.
Det hjelp difor ikkje berre å gjere noko med mengda fysisk aktivitet i skulen viss vi vil ha meir aktive innbyggjarar og betre folkehelse. Vi må gjere noko med forma også. Glede over å vere i aktivitet må vere det viktigaste.
Vi treng ikkje fleire gymlærarar frå helvete som tvingar alle dei med ein Gummi-Tarzan i oss til å hoppe meir bukk og klatre endå høgare i ribbeveggen.
Det er vanskeleg å stå opp mot kvardagsrasismen viss vi ikkje heilt veit kva det er for noko.
I Dagsavisen laurdag 21/1 oppfordrar Jarle Bernhoft oss til å fortsette debatten om
kvardagsrasisme. Eg tek oppfordringa og går no i meg sjølv for å finne ut om eg er flink nok til å stå opp mot rasistiske uttalelser.
Eg er sjølv ein av desse personane som kjenner blodtrykket stige viss eg høyrer folk bruke ordet «neger». Mange blir sinte viss eg fortel dei kvifor dei bør finne eit anna ord, og skjønner ikkje kva
i alle dagar som er så hakkande gale med å seie neger. Dei legg jo sjølve ikkje noko gale i det.
Eg bruker å spørje kvifor i alle dagar dei har behov for å bruke omgrepet «neger» for å karakterisere ei gruppe folk. Vi seier amerikanar, nordmann og svenske om dei som er kvite i huda. Dette burde
også kunne gå bra ovanfor folk som har ei annan hudfarge enn oss.
Eg brukar også ofte å seie at eg i bokhylla mi har ei geografibok frå 1939 om dei ulike verdsdelane. Der er det eit eige kapittel om «Neger-Afrika» som er omgrepet dei brukar for Afrika sør for
Sahara. Eg har ikkje møtt nokon som meiner at «Neger-Afrika» er eit nøytralt omgrep på ein verdsdel i dag.
Det hender dessverre med jamne mellomrom eg høyrer vaksne folk kalle dei som er mørke i huda for apekattar. Nokre gongar når eg har høyrt slike ting har eg ikkje orka å reagere. Det er så mykje meir
behageleg å halde deg i ro mens du tenkjer: «Din intolerante tulling» inni deg. Ofte har eg reagert også, og då har eg nokre gonger opplevd følgjande kommentar attende: «Jamen, dei liknar jo på
apekattar jo!»
Eg har bestemt meg for at eg frå og med no skal reagere kvar gang eg høyrer noko slikt. For ytringsfridom handlar om å ta til motmæle mot ytringar vi ikkje likar. Eg skal stille spørsmålet: «Ville du
likt å bli kalla dette sjølv?»
Uansett om vi omtalar folk med annan hudfarge, utviklingshemma, homofile eller dei som på ein annan måte skiljar seg ut, bør vi ha ein gyllen regel: «Ville du likt å bli kalla dette sjølv?». Viss
svaret er nei, bør du ikkje seie slikt. Dette er kvardagsfolkeskikk, og er ein regel vi kan bruke viss vi ikkje heilt veit kva kvardagsrasisme er for noko.
Så enkelt er det. Det bør vi alle tenkje gjennom viss vi prøver å vere artige på vegne av nokon som er annleis enn oss sjølve.