ANNONSE

06-02-2017

Handelsavtalar - ikkje til å spøke med

I mai i 1998 skreiv eg eit avisinnlegg om globalisering og utrygge arbeidsplassar, som er nifst aktuelt i desse TiSA- og TTIP-tider. Litt seinare det året vart ein TTIP og TiSA-liknande MAI-avtale stansa i tolvte time, men no prøver altså dei same udemokratiske kreftene seg på nytt.

Ved gjennomlesing av dette innlegget i dag, fann eg at det er ytterst illustrerande for den kampen mot dei miljø-,  arbeidstakar-, og demokratifiendtlege avtalane vi no står midt oppe i. Derfor publiserer eg det igjen her, snart 19 år seinare...

Innlegget frå 1998 ser altså slik ut:

Globaliseringa - ikkje til å spøke med.

Røkke og Gjelsten kom med sitt RGI-konsern med eit brak inn i norsk næringsliv. Dei hadde vore ute i verda og lært seg oppskrifter på rask og stor forteneste og har gitt fleire ein leksjon i korleis globaliseringa av økonomien kan utnyttast . Her er eit ferskt og «pedagogisk» eksempel: 

I 1995 betalte RGI 125 millionar kroner for 50% av tekstilbedrifta Helly Hansen (Orkla kjøpte andre halvparten). To år seinare selde RGI (no Aker RGI) seg ut att for 430 millionar(!) for den same aksjeposten... Kva slags mirakel hadde skjedd med Helly Hansen på to år?? 

Forklaringa er like enkel som den er urovekkande:

I 1995 foregår storparten av produksjonen for Helly Hansen i Portugal. Straks RGI får styringa, set dei i gong med «restrukturering» av bedrifta, noko som betyr at dei ca 500 portugisiske arbeidarane mister jobbane sine. Produksjonen blir flytta til Asia, der RGI frå før har erfaring med å bruke svært så billeg arbeidskraft (eksempelvis i Brooks skoproduksjon). Denne ekstremt billege arbeidskrafta gjer at inntjeninga for Helly Hansen på kort tid blir sterkt forbetra. Aksjeverdien stig dermed kraftig, og Aker RGI kan altså, etter to år(!),  stikke av med ein bokførd gevinst på 265 millionar kroner! (Frå Aker RGI si eiga pressemelding).

Dei som faktisk tilfører denne enorme verdiauken på aksjane i Helly Hansen, er dei lutfattige asiatiske fabrikkarbeidarane, som syr Helly Hansen produkt for truleg godt under 20 kroner dagen.  Dersom det lovpriste frie markedet virkeleg var fritt, ville arbeidarane som faktisk produserer det meste av meirverdien i Helly Hansen, sjølvsagt ikkje vere nøydde til å  gi frå seg 265 millionar slik det no skjedde.  Men det er  som vi ser makta som rår...

Og Helly Hansen-operasjonen har gitt Røkke meirsmak: I mars i år (altså i 1998) kjøpte han det danske investeringsselskapet Gefion for 650 millionar kroner. I ei pressemeldinga går det fram at selskapet nettopp skal drive med kjøp og salg av bedrifter...

RGI sitt Helly Hansen-eventyr er eit av mange eksempel som burde få oss til å våkne. Situasjonen til arbeidslause portogisarar og slavearbeidande asiatar kan virke fjern for kjøpesterke norske lønsmottakarar. Det er likevel nettopp no vi burde ha evne til å løfte blikket og reagere når spelereglane i næringslivet,og dermed maktforholda i samfunnet, på kort tid blir så dramatisk endra. Sjølv om vi her til lands for tida har eit uvanleg stramt arbeidsmarked, kan det som ramma dei portugisiske arbeidarane, fort skje med norske arbeidsplassar. Fordi markedet er gjort globalt, og fordi dei globale konsernleiarane no får boltre seg friare og friare, blir  arbeidsplassar verda over sett under eit nådelaust press. All arbeidskraft som på global basis kan erstattast med ein billegare arbeidsstyrke, er truga av globaliseringa. Effekten har for lengst gitt stygge utslag også i fleire industriland:  I USA arbeider no ein femdel av alle arbeidstakarar for lønningar som ligg under den offisielle fattigdomsgrensa. Trur vi dei gjer det for moro skuld?

 Fordi grensene vart opna for fri kapitalflyt og global konkurranse, kan storkonserna, under trussel om å «flagge ut», drive den reine utpressinga mot regjeringane for å få redusert sine skatteutgifter til fellesskapet. I tillegg er storkonserna ekspertar på å bygge opp «komplekse fleirnasjonale firmakonstruksjonar» som gjer det lett å flytte overskott til firmafilialar der skattenivå og offentleg innsyn ikkje er direkte plagsomt... I Tyskland klarte bilprodusenten BMW å redusere sine skatteutgifter til det tyske samfunnet frå 545 millionar mark i 1988 til null i 1993! Og det trass i auka gevinst og uendra aksjeutbytte i konsernet!  Var det nokon som fekk ein assosiasjon til dei nye skattereglane for norske reiarlag? 

Der Spiegel-redaktørane Schumann og Martin tar i boka «Globaliseringsfellen» for seg korleis storkonserna, etter at ein uregulert verdsmarknad er etablert på snart alle områder, no trugar både velferd og demokrati verda over. Likevel gir dei hovedansvaret for det som skjer ikkje til storkonser og finansspekulantar, men til regjeringspolitikarane i dei vestlege industrilanda: «Avtale for avtale, lov for lov, var det hele tida regjeringer og parlament som med sine beslutninger fjernet barrierene for den grenseoverskridende flyten av kapital og varer. Fra frigivelse av valutahandelen via det europeiske indre marked til den stadige utvidelsen av verdenshandelsavtalen GATT, har regjeringspolitikere i de vestlige industrilandene systematisk skapt den situasjonen som de ikke lenger er herre over».

Dei har gitt frå seg kontrollen og slept laus ein økonomisk krig. Ei handling som franskmannen Bernard Maris i ei bok  kallar «sosialt sjølvmord». 

Det neste eksempelet på avtalar som regjeringpolitikarane «er med på», uten å sette seg skikkeleg inn i konsekvensane(?), kan verte den sokalla MAI-avtalen (Multilateral Avtale for Investeringar) som anomyme OECD-ekspertar  har forhandla om dei par-tre siste åra.  Avtaleutkastet viser  tydeleg korleis makta og rettane til dei multinasjonale storselskapa ytterlegare skal styrkast og korleis tradisjonelle politiske styringsreidskap faktisk blir ulovlege!  Regjeringane, ja, til og med kommunane, skal t.d. gjerast økonomisk ansvarlege dersom politiske vedtak reduserer fortenesta utanlandske storinvestorar elles ville fått... Leve konsernet - skitt i samfunnet, ser ut til å vere parolen.

Det som har skjedd t.d. i Stortinget når MAI-avtalen så vidt har vore lufta der, tyder på at storparten av det politiske miljøet ikkje har brukt tid på å sette seg inn i kva MAI-avtalen faktisk legg opp til av politisk abdisering... På ein eller annan måte har det festa seg ein livsfarleg myte om at det som er bra for handlefridomen til storkonserna i verda, uten vidare også er til beste for menneska i dei samfunna der slike konsern opererer .   Dei portugisiske Helly Hansen-arbeidarane som miste jobbane sine i fjor, har nok si bestemte meining om den saka.... 

Det er likevel teikn som tyder på at motkreftene til denne ukontrollerte utviklinga så smått er veksande. På internet manglar det ikkje på informasjon om ulike initiativ for å få organisert motstanden mot maktdominansen til storkonserna («End Corporate Governance» o.l.).  Den omtala MAI-avtalen ser i første omgang ut til a få seg ein nasestyvar : Til og med EU-parlamentet har no vakna med bakoversveis og krev drastiske endringar i høve til avtaleutkastet, og vidare forhandlingar om avtalen vart i april utsett i eit halvt år..  Den storkonsern-dikterte MAI-avtalen er nemleg så avslørande ille, at dersom/når   den kjem skikkeleg fram i lyset, kan den kome til å spele ei viktig rolle for politisk mobilisering i motsett lei av det initiativtakarane til avtalen la opp til... Eit anna spennande initiativ kjem no frå fleire hald samstundes: Innføring av ein sokalla Tobin-skatt på alle kapitaltransaksjonar vil effektivt kunne stanse den uhyre skadelege finansspekulasjonen. Dei globale finanssjonglørane protesterer sjølvsagt vilt, men kanskje ser mange nok sentrale politikarar at slike og liknande tiltak er på høg tid?

Ålesund 1998.


Så langt innlegget frå 1998.

Dei som i dag les om protestane mot TiSA, TTIP, TPP og CETA, vil straks sjå at det er dei same udemokratiske kreftene som i 1998 ville ha MAI-avtalen, som gjennom desse nye avtalane vil ha på plass nifst udemokratiske reglar til fordel for dei fleirnasjonale (altså "nasjonslause") storkonserna. Konsern som gir blaffen i å ta vare på dei samfunna dei opererer i...


Se også

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!