Debatt

Godhetstyranni og folkevekst

Det er to faktorar som i hovudsak avgjer korleis fødselsraten utviklar seg.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Professor Sigurd Skirbekk knyter i kronikken sin i Dagsavisen 27. april folkeveksten i verda til diskusjonen om godhetstyranniet. Om eg forstår han rett, så meiner han det er eit slags godhetens tyranni som har ført til den kraftige folkeveksten i verda, som så trugar kloden si berekraft. Det er eit resonnement eg finn djupt problematisk. Men først om dei tala Skirbekk brukar.

Skirbekk peikar på den kraftige folkeveksten mellom 1950 og 2015, og viser til land i Midtausten der folketalet har blitt om lag firedobla i perioden, slik at Tyrkia nå har 79 millionar innbyggjarar, og eit land som Libanon har auka folketalet frå 1,3 til 5,9 millionar. Skirbekk hevdar at den såkalla lova om demografisk overgang, at når folk får det betre og lever lenger, vil barnetala gå ned, stemmer dårleg med den verkelege situasjonen. Her tar han grundig feil. I Tyrkia har talet på fødslar per kvinne gått ned frå 4,65 i 1975 til 2,1 i 2015. Tyrkias befolkningsvekst er difor kraftig redusert, og etter 2050 reknar FN med at folketalet i Tyrkia går ned. I Libanon er fødselsraten redusert frå 4,7 til 1,7 i same perioden, altså under det som er nødvendig for å oppretthalde befolkninga på sikt. Andre land med økonomisk framgang kan vise til liknande oppsiktsvekkjande tal. Det gjeld for eksempel Bangladesh, som har hatt ein reduksjon i talet på fødslar per kvinne frå 6,9 til 2,2 i same periode, og det gjeld andre muslimske land (Iran nå 1,7, Malaysia 2,0) Unntaka er dei landa der det har vore liten eller ingen framgang, som i Afghanistan.

Det regionale unntaket frå den låge fødselsraten i verda er Afrika. Fødselsraten for Afrika sør for Sahara har frå 1950 til 2015 ifølgje FN gått ned frå 6,6 barn per kvinne til om lag 4,5 barn, sjølv om den i visse delar av Afrika, særleg i Vest-Afrika, er svært høg. Men så sto då også levestandarden i dei fleste afrikanarane stille frå 1970-åra og fram til etter 2000.

Det er to faktorar som i hovudsak avgjer korleis fødselsraten utviklar seg. Den eine er økonomisk framgang, den andre er utdanningsnivået i befolkninga, spesielt kvinner. «Befolkningspolitikk» og familieplanleggingstiltak i seg sjølv har liten verknad, om ikkje jenter får utdanning. Det gjeld om ein ikkje vil gå drastisk til verks, som med Kinas eittbarnspolitikk, eit tiltak som det uansett ikkje ville vere muleg å gjennomføre i Afrika.

Men også i Afrika kan ein sjå samanhengen mellom utdanning og tal på fødslar. I Botswana er fødselsraten nå 2,90. Zimbabwe, der han i 1975 var 7,3, er nå på veg under 4. Sør-Afrikas fødselsrate er i perioden meir enn halvert, frå 5,0 til 2,4. I alle desse landa er det satsa sterkt på utdanning.

Det er den kraftige folkeveksten i Afrika som bekymrar Skirbekk mest. Afrikas befolkning, som nå er kalkulert å vere på om lag 1,2 milliardar, vil ifølgje FN om lag fordoblast innan 2050. Veksten vil gå sterkt ned ut over hundreåret, men likevel kan Afrika nesten ha tatt att Asia i folketal innan neste hundreårskifte.

Skirbekks problemstilling er at human politikk, utan korrigerande motførestillingar, som han seier, kan over tid føre til inhumane tilstander, og viser til dystre spådommar om overbefolkning, krig og emigrasjon. Vår generasjon kan i framtida bli sett på som naive og uansvarlege, til og med som godhetsterroristar.

Ja vel? Det er ikkje vanskeleg å vere med på at den norske stat og norske organisasjonar har hjelpt afrikanske land med å redusere barnedød, i å bekjempe aids, i å byggje opp betre helsetenester, alt saman i det godes teneste. Og med det resultatet at fleire barn har levd opp og folk lever lenger. Meiner Skirbekk det har vore naivt og uansvarleg? I så fall må han også meine det er ille at afrikanske myndigheter satsar på å byggje opp sine eigne helsetilbud. Alternativet vil eg helst ikkje tenkje på, og ebola-utbrottet burde gjere det klart at det ikkje berre er Afrika sjølv som har interesse av betre helsetenester på kontinentet. Men dersom Skirbekk meiner at det vi er med på er uansvarleg, eller i det heile tatt ser dette som eit dilemma, må han vel ha tankar om kva vi skulle ha gjort?

Mer fra: Debatt