Debatt

Finst «sentrum-venstre»?

Finst det eit idéfellesskap i det vi kallar sentrum-venstre, og kva er i så fall det?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I byrjinga av det moderne demokratiets framvekst forma samfunnsgrupper politiske parti som stilte til val. Ei gruppe delte ikkje berre interesser, men gjerne også ei felles forståing av verda. Slik gav samfunnsgruppene sine fellesskap grunnlag for ideologiar, tankesystem som forklåra korleis verda hang saman og var retningsgjevande for handling i enkeltsaker.

I løpet av 1800-talet etablerte tre store ideologiar seg i Europa. Konservatismen, liberalismen og sosialismen nådde alle Noreg, og består i dag med sine mange avleggarar. Dei siste tiåra har det også vekse fram nye idéretningar, basert på nye stridsspørsmål og endra interesser i samfunnet vårt. Høgrepopulisme og grøne idear er to sentrale døme. I dag finn vi politiske parti med utspring i desse ideologiane i dei fleste vest-europiske land. Men når vi i dag skal snakke om politiske mønstre i vårt demokrati, gjer vi det som oftast ved å vise til samarbeidsmønstre mellom partia, ikkje ideologi. Vi kategoriserer samarbeid funksjonelt, etter plassering på ein skala. Ikkje ved å vise til ideologisk fellesskap.

Det er ikkje lett å vite når det starta, men kanskje med omgrepa borgarleg og ikkje-sosialistisk? Ordet borgarleg har sitt opphav i ein samfunnsklasse, men kom etter kvart til å bli brukt om personar og eit politisk segment i opposisjon til adelen og kyrkja, og seinare sosialismen. «Ikkje-sosialistisk» er utelukkande ein negasjon, ei mobilisering mot sosialismen som stod så sterkt i Noreg.

På motsett side kom ordet «raud-grønt» inn i språket omkring i 2004. Det var den sjølvvalde tittelen på samarbeidet mellom SV, Ap og Sp – parti som kvar for seg vart oppfatta som raude eller grøne. Åtte år seinare fekk vi ei regjering av Høgre og Frp, som ganske enkelt vert kalle H/FrP-regjeringa. Det viktigaste alternativet etter valet i 2013, ei regjering av H/KrF/V, vert gjerne omtala som blå-grøn. Det siste tilskotet på stammen av plasseringsord er «sentrum-venstre», til dømes brukt av tankesmia Agenda for å markere sitt nedslagsfelt.

Desse merkelappande er effektive i ein valkamp, då dei enkelt formidlar kva parti som er på lag. Men dei seier lite om felles verdiar og idégrunnlag. Dei kan også skjule avstand og meiningsulikskap. Ta til dømes sentrum-venstre: Kva seier det? Finst det eit sentrum-venstre, i ideologiske termer?

Etter valet kan det fort få stor praktisk tyding, fordi vi kan få ei regjering som utgår frå dette sentrum-venstre. I kva grad det finst eit verkeleg idéfellesskap vil ha stor tyding for styrken i samarbeidet.

Alle stortingspartia til venstre eller i sentrum – SV, MDG, Ap, Sp, KrF og V – står for ein politikk med vekt på fordeling, sterke fellesskap og ein omfattande velferdsstat. Også i synet på statens rolle i økonomien finst det eit fellesskap. Partia er tilhengar av eit omfattande statleg eigarskap, ein aktiv statleg rolle i næringspolitikken og ein arbeidsmarknadspolitikk der myndigheitene både regulerer og finansierer. Ulik politikk, ja, frå radikal til moderat fordelingspolitikk til dømes. Partia ligg trass alt frå venstre til sentrum langs den økonomiske aksen. Men eg vil argumentere for at det finst ein felles overbygning i ein fordelande økonomisk politikk med ein sterk stat.

Også på to andre felt meiner eg å sjå dette fellesskapet: Det eine er i den særeigne norske tradisjonen eg vil kalle periferi-tradisjonen. Vi har prioritert geografisk fordeling. Ved å legge stor vekt på ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk, for å sikre gode vilkår for busetting og næringsverksemd over heile landet. Det er store forskjellar mellom sentrum-venstre partia her også, men igjen meiner eg vi finn eit verdi- og interessefellesskap.

Kanskje meir overraskande synst eg vi ser det same fellesskapet i vilja til global fordeling, både økonomisk og geografisk. Mine to periodar i utanrikskomiteen i Stortinget har gang på gang vist meg at det same fellesskapet mellom sentrum og venstre finst i utviklingspolitikken. Seinast i vår viste det seg i handsaminga av stortingsmeldinga om utviklingspolitikken, der alle sentrum-venstre partia fann saman i sentrale vegval.

Kvar finn vi så spenningane? Dei historiske skilja knytt til kultur, identitet og religion finst framleis. Til dømes er nok SV og KrF ytterpunkt i det politiske landskapet her. Men desse politiske motsetnadane har ikkje den krafta dei ein gong hadde. Sjølv om den identitetspolitikk gjer sitt inntog igjen, slår den i vår tid inn i nye og andre dimensjonar.

For tydelegare er det at dei nye dimensjonane i politikken, som har gjeve grunnlag for to nye partigrupper, ikkje passar like godt inn i sentrum-venstre mønsteret.

Miljø og innvandring er to saksfelt som har blitt viktige for mange veljarar, som dominerer samfunnsdebatten og som truleg vil dominere politikken i vårt hundreår. Ingen levande ideologi, ingen samarbeidskonstellasjon med ambisjonar, kan stå utan svar på desse viktige utfordringane. På desse plasserer Ap og delvis SP seg i ein tradisjonell posisjon, relativt nær Høgre. Dei fire mindre partia har ein langt meir radikal posisjon, medan Framstegspartiet dreg den andre flanken. Her finst ikkje eit like tydeleg fellesskap i sentrum-venstre. Det gjer det heller ikkje i sentrum-høgre, men det er ei fattig trøyst.

Kanskje kan vi oppsummere med at sentrum-venstre har eit naturleg fellesskap knytt til den norske økonomiske og sosiale modellen, men ikkje eit like klårt fellesskap knytt til det som endrar den no. Det er ei utfordring.

Det finst håp. I denne stortingsperioden har sentrum-venstre partia funne saman i ei rekke miljøsaker. Tankesmia Agenda sette ned eit integreringsutval med representantar for SV, Ap, Sp, KrF og V, som leverte ei felles innstilling med forslag til løysingar.

Når eg synst dette er viktig, er det ikkje berre fordi eg unner vår neste regjering gode samarbeidsvilkår. Det er mest fordi eit politisk fellesskap som skal vare, og som skal prege utviklinga av Noreg, må bygge på felles idear. Ser vi på den raudgrøne regjeringa eller på H/Frp-regjeringa er det lett å sjå at det først og fremst er der ein hadde eit politisk fellesskap ein fekk til verkeleg endring. Dette fellesskapet trengs også for å få samarbeid til å vare forbi dårlege målingar og harde konfliktar.

Det som avgjer om sentrum-venstre blir ein potent og viktig allianse, som varer over tid, er i kva grad vi har eit felles idégrunnlag.

Mer fra: Debatt