ANNONSE

12-03-2014

Eventyrleg idologisk innavl bak frihandelsavtalane TTIP, TiSA osv..

Pådrivarane av frihandelsavtalar av typen TiSA og TTIP får seg til å argumentere for eit hårreisande udemokratisk investorvern (ISDS)

Tobakksgiganten Philip Morris saksøkte i 2011 Australia med krav om erstatning i milliardstorleik for tapt forteneste. Kvifor? Australia ville merke sigarettpakkane med helsefare. Dette ville Philip Morris ikkje ha noko av, og brukte ein frihandelsavtele mellom Hong Kong og Australia som juridisk brekkstang for å få erstatning. Til og med Norge vart i 2012 saksøkt av det same selskapet for dei norske tobakkslovene. Philip Morris vann ikkje fram i saka mot Norge fordi selskapet då ikkje ikkje hadde ein “god nok” frihandelsavtale på si side.

No, i 2014, foregår det forhandlingar der Norge er med, om ein ny frihandelsavtale om tenester, TiSA, der kanskje ei tvisteløysingsordning vil gi industriselskap som Philip Morris langt sterkare kort på hand. Opplegget som frihandelsideologane og lobbyen for dei globale investorane prøver å få på plass, blir kalla ISDS, Investor-State-Dispute-Settlement. ISDS vil gi investorane eit ekstremt sterkt økonomisk vern, på bekostning av nasjonalt politisk handlingsrom for vern av miljø, helse og arbeidforhold osv.

Den politiske motsatsen til dette ville vere å kreve retten for alle arbeidstakarar som mister jobben til å saksøke staten for å få erstatning for tapt framtidig arbeidsforteneste.. Frihandelsentusiastane har ikkje akkurat dette på agendaen, det kan eg love!

Når pådrivarane av frihandelsavtalar av typen TiSA og TTIP kan få seg til å argumentere for eit så hårreisande udemokratisk investorvern som ISDS (som faktisk alt i dag ligg inne i fleire bilaterale avtalar mellom ulike land), då må det basere seg på ein idologisk innavl i vide kretsar som gir seg dei mest utrulege utslag!

I fylgje eit program som er å sjå på denne linken: http://svenska.yle.fi/artikel/2014/03/10/spotlight-varldens-storsta-affar

kan det no faktisk sjå ut til at EU sin handelskommissionær Karel de Gucht har fått litt kalde føter ”i sakens anledning”. Kanskje er ein opinion mot desse avtalane i ferd med å bygge seg opp?

Det er ein god idé å sjå på programmet på linken over her, og også sjå innom desse to linkane som presenterer kritikk spesielt av TTIP: http://ttippen.se og http://ttip2014.eu/home.html.

Dersom du ikkje tidlegare har vore innom stoff rundt TTIP eller TiSA, då er eg ubeskjeden nok til å tipse om denne: http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/cat1003/subcat1010/thread297752/


Internasjonalen Arne Strand Radikale Røster Redaksjonens utvalgte innlegg Perspektiv Publisert på Dagsavisens debattsider samme dag. Blåmandag Grønn hverdag Publisert i Dagsavisens papirutgave samme dag. Ille til mote Anders Heger Diskuter nå Hege Ulstein Espen S. H. Rusdal Ivar A. Iversen Utvalgte innlegg Reidar Sollie Halvor Finess Tretvoll Henvisning 1 Henvisning 2 Cancun Til Dagsavisen.no Refleks Selvbilder Global Voldtekt Dagens leder

Se også

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!