Kultur

Etterlyser stortingsrepresentant

Noreg er med i forhandlingar om ein frihandelsavtale, TISA, som vil forverre konkurransesituasjonen som EØS-avgtalen alt no gjer vanskeleg. Ingen stortingsrepresentant har til no sagt si meining om avtalen...

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Eg etterlyser ein stortingsrepresentant som meiner noko om TISA. Ein som har lest detaljane i det som er dei norske "inital offers" i dei pågåande TISA-forhandlingane, og som UD presenterte i november i fjor. Eg veit at Stortinget i det minste skal vere informert om at Noreg er med i ei gruppe land (USA, EU og eit trettitals land til..) som arbeider for å få til ein "ambisiøs avtale om frihandel med tenester", med namnet Trade In Services Agreement (TISA). Og der er det så visst ikkje berre bagatellar som skal konkurranseutsettast! Alle tenester som dei ulike landa ikkje tek reservasjon for, skal privatiserast og konkurranseutsettast. Frå helsetenester, utdanningsektoren, husbygging, og "you name it". Ein ekstremt aggressiv og pro-liberalistisk måte å forhandle på. Den kan skape eit stygt kaos i den norske arbeidsmarknaden. Har du som stortingsrepresentant sett ein konsekvensanalyse for dette? Ikkje det nei? Mest sannsynleg har einkvan i staden prøvd å få deg til å tru at ein slik avtale vil vere i "Noreg sine interesser". Ein gamal bløff som framleis verserer i visse kretsar. Kretsar der dei priviligerte storkonserna med "offensive interesser" får dominere...

Og apropos interesser: Eg lurer på om Stortinget har hatt besøk frå mange “små og mellomstore bedrifter” som har bedd om meir internasjonal konkurranseutsetting? Neppe. Derimot veit eg at initiativet til TISA-forhandlingane kom frå storkonserninteresser i USA og Australia, og slett ikkje frå norske stortingsrepresentantar eller frå representantar for små og mellomstore norske bedrifter...

Det er mange som med god grunn er urolege for konsekvensane av ein slik TISA-avtale. Denne linken viser kritikken som er signert av 345 organisasjonar “worldwide”, mellom dei også fleire norske: http://ourworldisnotforsale.org/en/signon/international-civil-society-sends-letter-governments-opposing-proposed-trade-services-agreeme .

Der kritiserer dei at ein slik avtale drastisk og på irreversibelt vis, vil redusere det politiske handlingsromet vi er vande med å ta som ei sjølvfylgje i eit demokrati...

Eg har ikkje sett at det same er gjort her til land, men den svenske nettavia Dagens ETC, har fått fram kor dårleg svenske folkevalde er orienterte om TISA-forhandlingane. Resultatet er oppsiktsvekkande: http://dagens.etc.se/nyhet/mp-%E2%80%9Dtisa-forhandlingarna-borde-avbrytas-omedelbart%E2%80%9D

Eg har sjølv gjort eit ærleg forsøk på å lese og forstå UD-dokumentet med dei norske “inital offers” i TISA-forhandlingane. (Sjå det evt her http://www.regjeringen.no/upload/UD/Vedlegg/Handelspolitikk/tisa_offer.pdf ). Dei som gjer det same, vil nok forstå kva eg meiner når eg påstår at dette er presentert i eit svært så udemokratisk språk. Det sit altså teknokratar og formulerer dei norske “posisjonane” i forhandlingane. Dette skjer tydelegvis etter formuleringsmalar som er brukte tidlegare i svært så liberaliseringsvenlege avtalar i WTO-systemet. Og altså i eit språk som er veleigna til å hindre innsyn frå folk som elles kunne finne på å protestere...

Dei norske "inital offers" pr november 2013, inneheld (delvise) reservasjonar mot fri flyt på ei rekke områder. Dette er vel og bra. Avtalen er likevel "designa" slik at reservasjonane virkar meir som midlertidige demningar som før eller seinare er tenkte å skulle gi etter... Det er innlysande at avtalen blir konstruert for å sikre dei økonomiske "offensive" interessene til globale storkonsern. Det er ikkje råd å spore noko som vil styrke vanlege folk sine interesser og eit demokratisk, politisk handlingsrom i forhold til det som er dagens situasjon.

Eg etterlyser altså ein stortingsrepresentant som tek den "politiske korrekturlesinga" og kvalitetssjekken på denne avtaleteksten. Dersom nokon veit kven som gjer det, så vil eg vere svært takksam for å få vite det. For dei som driv denne avtalen framover, har ei blytung ideologisk slagside som gjer denne avtalen farleg, og folk med politisk ryggrad må derfor ta tak og få den stansa.

Det er jubileumsår for Grunnlova. Det som har skjedd i samband med forhandlingane om TISA-avtalen burde provosere dei aller fleste stortingsrepresentantane. Det er mykje om tyder på at dei ikkje blir tekne på alvor når det gjeld dei mest fundamentale spørsmåla for landet...

Mer fra: Kultur