Erling Outzen
Viser innlegg | Se kommentarer (52)«I am strongly in favour of using poisoned gas against uncivilized tribes.»
Den store alliansen som knekte Hitler og redda sivilisasjonen, blei leidd av Churchill, Stalin og Roosevelt. At Stalin trass i dette var alt anna enn ein helt, meiner dei aller fleste. Men Churchill då?
Winston Churchill var ein ivrig tilhengar av Det britiske imperiet, som var bygd på vald, og blei forsvart med vald – med vald mot dei underkua. Churchill var kanskje* demokrat heime, men stod for eit fascist-liknande syn på befolkningane i koloniane. Han var ansvarleg for massedød i fleire av koloniane.
(*I 1926 ville han bruke maskingevær mot streikande gruvearbeidarar, og roste korleis Mussolini hadde ordna opp med sosialistane i Italia).
Etter at han blei vald inn i parlamentet i 1900, kravde Churchill fleire koloniar, med grunngivinga at «den ariske rasen er bestemt til å vinne» (“the Aryan stock is bound to triumph.”). Som krigs- og koloniminister i 1920, sende han dei illgjetne Black and Tans-styrkane for å terrorisere befolkninga i Irland. Då kurdarane gjorde opprør mot britisk styre i Irak, uttalte han “I am strongly in favor of using poisoned gas against uncivilized tribes.”
Då Gandhi begynte sin ikkje-valdelege motstandskamp i India, meinte Churchill at Gandhi “ought to be lain bound hand and foot at the gates of Delhi and then trampled on by an enormous elephant with the new Viceroy seated on its back.”
I 1943 braut det ut hungersnaud i Bengal i Britisk India på grunn av feilslått og omsynslaus britisk politikk i området. Statsminister Churchill meinte at dette var indarane sin eigen feil fordi dei fekk for mange barn, og nekta å gjere noko for å hjelpe. Det er berekna at 3 millionar døydde under denne hungersnauda. Dette var ein katastrofe som har mange likskapstrekk med hungersnauda i Ukraina og Sør-Russland under Stalin, og Churchill var den politisk ansvarlege leiaren. (Sjå mellom anna Bengal famine of 1943 på den engelskspråklege wikipediaen).
Då kikuyufolket gjorde opprør i britisk Kenya på 1950-talet, medan Churchill var statsminister igjen, blei store delar av befolkninga tvinga inn i konsentrasjonsleirar, med omfattande massedød som følgje – på grunn av svolt, sjukdom, mishandling og avrettingar. Truleg døydde mellom 100 000 og 300 000 av denne folkegruppa i Kenya i desse åra. Historikaren Caroline Elkins har skrive ei nyleg utgitt bok om dette, og kalla boka “Britain’s Gulag”. Churchill og etterfølgjarane hans var ansvarlege for undertrykkinga, gav amnesti til gjerningsmennene, og var med å skjule spora av ugjerningane.
Winston Churchill spelte ei stor og viktig rolle i alliansen som knekte Hitler. Ein del av æra for sigeren i andre verdskrigen er utan tvil Churchill sin. Men ein politisk helt heilt generelt var han ikkje.