Kultur

Breiviks vitnesbyrd

Når Breivik hevdar å ha opplevd den islamske trusselen som vald på kroppen, koplar han straks dette til at islam utgjer ein trussel mot Norge og vidare at det er ein del av ein kosmisk kamp mellom det gode og det vonde.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Tårene til Anders Behring Breivik kom når hans eigen youtube-video vart avspelt i rettsal 250. Dei kom fordi Breivik set seg sjølv i scene som tempelriddar, som helt i det godes kamp mot det vonde. Ein helt er eit bilete på det gode, han viser kva slags eigenskapar og val som er dei rette. Ei slik helterolle har Anders Behring Breivik tiltenkt seg sjølv. Helten er ufeilbarleg i kampen mot draken, han kan ikkje overvinnast av ein ytre fiende. Men helten kan bli dolka i ryggen av sine eigne. Eit nederlag kan difor berre komme dersom ein indre fiende dolkar nasjonen i ryggen. Men om ein ser trusselen komme må ein peike ut den indre fienden og fjerne han for godt. I forteljinga om tempelriddaren Breivik rettar kampen seg difor ikkje først og fremst mot den islamske draken. Den får vente. Først skal han forhindre ein dolkestøyt frå den indre fienden.

Motivet er kopla til politisk retorikk, til dømes i Hitlers «Mein Kampf», ved at det held opp eit dualistisk bilete av verda der det gode kjempar mot det vonde. I dolkestøytlegenda er den indre fienden som konspirerer mot nasjonalstaten, ein del av ein mykje større verdsomspennande vond konspirasjon. Der Adolf Hitler fylte biletet med den jødisk-kommunistiske konspirasjonen, fyller Breivik det med islam og «multikulturalisme/kulturmarxisme». I denne sekken puttar han Ap, akademia, journalistar osb. For sjølv om Breivik kallar AUF for Hitlerjugend, veks han ut av den same underverda som Hitlers tredje rike. (At han er motstandsmann viser samstundes óg forsøka på å ta avstand frå Hitler). Konspirasjonen mot Norge kallar Breivik til handling. Fienden Breivik ser er Arbeiderpartiet. Dei skil seg frå dei rettruande ved berre å «gje seg ut» for å tilhøyre nasjonen. Men Breivik gjennomskodar dei og ser at dei eigentleg er ein del av det vonde styre. Difor må dei døy.

Breivik hentar alle bevis og fakta som underbyggjer dette frå andre stader enn der konspirasjonen rår, ikkje i vanleg anerkjend forsking. Forskinga er infisert av vondskap, og alt den fortel er falskt. Difor bryt Breivik med ei forskingsbasert tilnærming til sanning. Breivik fyller i staden på med eigen statistikk, bilete og illustrasjonar som skal gje belegg for påstandane hans. Difor er det ei offisiell løgn at 99,9 prosent av muslimar ikkje støttar vald. Sanninga ser Breivik, den er at 25-40 prosent av muslimar støttar jihadistisk vald. Men det er ikkje berre statistikk som er bevis. Historiske hendingar inngår òg i argumentasjonen. Sjølve namnet på manifestet, «2083», spelar på ei omtolking av den ottomanske beleiringa av Wien i 1683. Den blir forstått som ein del av den pågåande kampen mellom det gode og det vonde. Når Breivik skriv sin eigen kamp inn i historia, heng den nøye saman med årstalet 1683. Breivik viser at den endelege kampen skal kronast med siger i år 2083, fire hundre år etter 1683.

For Breivik er det sentralt ikkje berre å utfordre fortolkinga av historia, men òg fortolkinga av vitskap og vitskapleg sanning. Bevisførselen insisterer på å finne bevis i eigne samanstillingar og eigen produksjon av fakta. Derfor nemner han Sitting Bull og Thomas Hylland Eriksen i same andedrag. Og er der noko som ikkje passar, har dei vonde kreftene forfalska det. Breivik må difor leggje til vonde krefter for å få ideologien til å henge i hop. Den føreset ei verd fylt av gode og vonde krefter, dei inngår i bevisførselen, og verda til Breivik kan ikkje forståast utan dei. Bakgrunnen for dette er at som helt må ikkje Breivik bli freista til å tenkje som djevelen. Han må tenkje, skrive og bevise på sin eigen måte, som berar av sanninga.

Breivik gjev alt tre betydningsnivå. Alle hendingar og dei forteljingane dei blir plasserte i, er organiserte i tre konsentriske sirklar med Breivik i sentrum. Det Breivik erfarer i ein ring, finn han att i dei to andre. Når Breivik hevdar å ha opplevd den islamske trusselen som vald på kroppen, koplar han straks dette til at islam utgjer ein trussel mot Norge og vidare at det er ein del av ein kosmisk kamp mellom det gode og det vonde. Den same koplinga skjer når han opplever at nokon påstår at muslimar trugar Norge. Breivik kan sjølv bekrefte dette gjennom si eiga erfaring, noko som igjen blir kopla til den kosmiske kampen. Dei tre sirklane bind på denne måten saman tre nivå som alle tek utgangspunkt i den personlege erfaringa til Breivik. Den personlege erfaringa til Breivik blir lik den nasjonale, som igjen er lik den kosmiske. Konsekvensen er at Breivik kan overføre den personlege kampen han sjølv har med omgjevnadene sine, til ein kosmisk kamp mellom godt og vondt.

I denne kampen er han ikkje ein ung mann på Oslo vest som mistrur bebuarar i Groruddalen og på Holmlia. Nei, han er ein helt som skal drepe det vonde. Og kampen mellom det gode og det vonde skal no flyttast ut og involvere heile verda. Difor gjer Breivik verda til eit magisk univers, ein stad der gode og vonde krefter utkjempar ein endeleg kamp, ein stad der Breivik spelar ei avgjerande rolle. Dette er ei skjebnebestemt oppgåve der den utvalde er «pålagd» å bere ansvaret med å innleie motstandskampen. Slik hentar Breivik eit skjebnebegrep der nokre få er utvalde til å spele viktige roller i den endelege kampen mot det vonde. Å lyde skjebnen er hos Breivik å underkaste seg den og være den som gjev det største offeret for det norske folk, for fellesskapet. Breivik hevdar slik ein autoritet bygd på einskap med det utvalde folket, « urfolket» som han kallar det. Og evna til å avkode folkeviljen gjer Breivik i stand til å bringe dette offeret, å frelse «urfolket» frå det vonde. Difor kjem tårene når hans eigen youtube-video vert spelt i retten. For det er snart fullbrakt. For Breivik må få formidla visjonen sin og rolla si som verdsfrelsar. For det er den som skal leve vidare etter offeret hans, som Breiviks vitnesbyrd.

Simon Malkenes er aktuell med boka «Apokalypse Oslo» der han analyserer høgreekstrem retorikk før og etter 22. juli.

Mer fra: Kultur