Debatt

Bispenominasjonen i Oslo bispedømme

Dagsavisen har ein presentasjon av bispenominasjonen i Oslo bispedømme. Her har det snike seg inn eit par feil som det kan vere greitt å rydde opp i.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

For det første blir det hevda at den grunnleggjande føresetnaden for å bli nominert til biskop i Den norske kyrkja er at ein er ordinert til prest. Det er ikkje rett. Derimot seier lova at dei «som nomineres må oppfylle kvalifikasjonskravene for tilsetting som menighetsprest». Krava det er snakk om, er medlemskap i Den norske kyrkja, rett til å bruke tittelen candidata/cantidatus theologiae, altså teologisk embetseksamen, fullført praktisk-teologisk utdanning og dugleik i norsk språk etter bestemte krav. Utdanningskravet inkluderer òg teologiske og kristendomsfaglege mastergradar. I tillegg kan annan tilsvarande kompetanse og særlege kvalifikasjonar godkjennast på visse vilkår.

Å oppfylle kvalifikasjonskrava for å bli tilsett som prest, er ikkje det same som å vere ordinert til prest. Det er fullt mogleg å bli tilsett som biskop utan å vere presteordinert. Rett nok skjer det ikkje så ofte. Siste gong var ved utnemninga av Ernst Baasland til biskop i Stavanger i 1998. Baasland var professor i teologi, men ikkje ordinert. Han måtte då først bli ordinert til prest, før han kunne bli vigsla til biskop. Dette er vanleg praksis ved slike høve.

For det andre skriv avisa at professorar ved dei teologiske fakulteta har røysterett ved utpeiking av biskop. Dette er ikkje utan vidare rett. Formelt sett er røysteretten reservert for professorar i teologiske fag. Det er nemleg ikkje sjølvsagt at ein professor ved eit teologisk fakultet er professor i eit teologisk fag. Professorar ved teologiske fakultet har dermed ikkje automatisk røysterett ved bispeval. Å vere professor i eit teologisk fag, er åleine ikkje nok. Eit vilkår for røysteretten er dessutan medlemskap i Den norske kyrkja, då det ikkje er eit krav til professorar i teologiske fag ved teologiske fakultet at dei skal vere medlemmar i Den norske kyrkja.

Mer fra: Debatt