Debatt

Barbere seg eller skjære av seg haka? TTIP og fisketoll.

I eit innlegg i Dagsavisen fredag 8. april, går Høgre sine representantar, Gunnar Gundersen og Elin Agdestein, til åtak på min motstand mot TTIP- og TISA-avtalane.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Som basis for sin generelle kritikk om at eg er i mot «vekst og arbeidsplassar», syner dei til ein merknad frå næringskomiteen om marknadstilgjenge for fisk. Gjennom kritikken viser Agdestein og Gundersen at dei ikkje ser ulikskapen mellom å justere gjeldande handelsavtalar, og det å fullstendig reformere norsk handelspolitikk med potensielt fatale konsekvensar både for norsk verdiskaping og demokratiet i nasjonalstaten.

Høgre sine to talspersonar har fått det for seg at «i dag er tollbarrierene høyere jo høyere bearbeidingsgraden er." Dette er feil. Alle produkt av torsk, hyse og sei har null-toll inn i EU. Store mengder sild og makrell har null-toll inn i EU. Norge sel aukande mengd norsk fisk i ei rekkje andre marknader enn EU. Dette har pågått i lang tid. Marknadene utanom EU veks raskare enn EU-marknaden.  Noreg sin eksport til EU har hatt sterk vekst dei siste åra. Samstundes har eksporten til land utanfor EU vakse endå meir, trass i at tollsatsane til desse landa ofte er høgt over tollsatsane EU krev. Den auka eksporten til marknader utanfor EU gjer desse marknadene viktigare enn før.

Til Gundersen og Agdestein sin informasjon kan eg opplyse om at handelsavtala som no regulerer eksporten av norsk fisk til EU, i grunntrekk er den handelsavtala Noreg inngjekk med EU i 1973. Frihandelsavtala er, i tillegg til fiskerirelevante punkt i EØS-avtala, gradvis justert sidan. Norsk sjømatnæring har hatt ein eventyrlig vekst dei siste åra innafor dagens regelverk. Kan Gundersen eller Agdestein gje meg eit døme på ei anna eksportnæring som har vakse med om nær 150 % dei siste ti åra?

Agdestein og Gundersen ser ikkje forskjellen på å barbere seg og å skjære av seg haka. Det kan vere i Noregs interesse å forhandle fram justeringar av tollsatsar i vår eksisterande handelsavtale. Å gjere Noreg til ein del av TTIP- eller TISA-avtala er derimot eit radikalt grep som kan gje omfattande konsekvensar, langt utanfor fiskerisektoren. Eg reknar elles med at Gundersen og Agdestein veit at TISA omhandlar handel med tenester og ikkje reduserte tollsatsar. Når dei problematiserer tollsatsar på fisk, burde dei spesifikt vise til TTIP, ikkje TISA-avtala.

Kva vil TTIP medføre? Avtala vil gjere det vesentleg vanskelegare, eller til og med ulovleg, å innføre nye reglar for å verne arbeidarar sine rettar, folk si helse, forbrukarar sine rettar eller miljøet, utan at ein får dette godkjent frå både USA og EU sine leiarar, samt dei internasjonaleselskapa som blir berørt. Avtala vil kunne gje internasjonale selskap rett til å saksøke den norske stat, altså oss norske borgarar, for at norske folkevalde gjer politiske vedtak til det beste for det norske samfunnet. Røykelova ville til dømes med stort sannsyn aldri sett dagens lys, om me var bundne av TTIP-avtala. Vidare vil ei slik avtale kunne rasere norsk landbrukog tilhøyrande næringsmiddelindustri, då me gjennom å knyte Noreg til avtala vil måtte redusere tollsatsane våre. Den økonomiske studien av TTIP som er mest sitert har spådd at TTIP-avtala vil gje ein økonomisk vekst tilsvarande ein kaffikopp i veka for den jamne europear. Det kan like fullt fort vise seg at veksten blir negativ, på same måte som NAFTA førte til eit tap på opp mot ein million arbeidsplassar i USA.

Seinast fjor sommar skrytte regjeringa av at ein hadde fått redusert nokre tollsatsar for nokre fiskesortar. Dette greidde dei godt utan nokon TTIP-avtale. Eg har ei oppmoding til Gundersen og Agdestein: Kva fiskeslag har Noreg overskot av i dag og som me ikkje får eksportert grunna EU sine tollsatsar? Kva er tollsatsane på desse? Kan de så vise at desse tollsatsane ikkje er mogleg å  forhandle ned gjennom handelsavtala Noreg allereie i dag har med EU?

Det er interessant at Hedmarksrepresentanten Gunnar Gundersen ivrar på å knyte Noreg til TTIP. Er dette noko han har drøfta med jordbruket, næringsmiddelindustrien eller næringssjefar i Hedmark? Det er oppsiktsvekkjande at ein av dei sterkaste pådrivarane for at Noreg skal gå inn i TTIP-avtala kjem frå eit fylke som er særs avhengig av eit sterkt landbruk. Nord-Trøndelag, Agdestein sitt heimfylke, har vel også sterke landbruksinteresser.

Gundersen og Agdestein vil knyte Noreg til TTIP-avtala. Gjennom dette vil dei svekke folkestyret vårt og risikere å leggje store deler av norsk landbruk brakk.  Då bør dei også kunne vise konkrete problem Noreg står ovanfor og som me ikkje får løyst på anna vis enn å knyte oss til TTIP.

Mer fra: Debatt