Debatt

Arbeiderpartiet spreier feilinformasjon om TiSA-avtalen

Ap spreier ein feilaktig og udokumentert påstand om at TiSA vil ha gunstig sysselsettingseffekt. Ein farleg "politisk virus".

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
Trass i at det har kome fram at sysselsettingseffekten av TiSA-avtalen i beste fall er usikker, og faktisk truleg negativ, så held Arbeiderpartiet fram med å påstå det motsette.

No nyleg var det Hedmark Arbeiderparti som i ein årsmøteuttale skriv. "Vi støtter Arbeiderpartiets landsmøtes uttalelse om TISA, der det heter at «Arbeiderpartiet legger stor vekt på TISA-avtalens betydning for norsk verdiskaping og sysselsetting».

Det har vist seg uråd å få leiinga i Ap til å kome fram med grunnlaget partiet har for sin påstand.

For å sjå kvifor det motsette er meir sannsynleg, kan for eks denne linken vere interessant: http://www.thebrokeronline.eu/Blogs/Employment/TTIP-don-t-mention-the-job-losses

Det er farleg at Ap held fram med å påstå at TiSA vil vere bra for sysselsettinga, fordi dette kan føre til at partiet, og dermed eit fleirtal på Stortinget kan kome til å seie ja til avtalen.

Dette vil vere langt verre enn det folk så langt har fått vite. Eksempelvis er slike avtaler som TiSA og TTIP ekstremt udemokratiske.

 D
en konservative(!) britiske tidlegare ministeren, Peter Liley, kallar slike avtalar "eit verdensomspennande diktatur av internasjonale storselskap.” Storselskapa vil få vestentleg større makt til å "terrorisere" nasjonale politiske styresmakter (påvirke den politiske prosessen), men vil sjølve ikkje stå til ansvar for andre enn sine "ansiktslause" investorar..
Eit "tilstrekkeleg" eksempel på galskapen i TiSA, finn vi i framlegget til innsynsreglar i avtalen, i Transparency Annexe, der det står at utanlandske storselskap skal at tidleg innsyn i planar som politiske styresmakter måtte ha om endringar i lover og reglar som kan påvirke storselskapa sin profitt! Og styresmaktene skal måtte bevise overfor storselskapa at slike endringar er "nødvendige" (necessity test), at formålet ikkje kan oppnåast på andre måtar, osv, osv!!
Dette er altså så "himmelropande udemokratisk" at det er ufatteleg at ikkje alle presumptivt fornuftige parti forlengst har konkludert med eit nei til ein slik avtale. 
Vi veit altså forlengst kva som er formålet for dei som "skriv" denne avtalen. Og det er primitivt nok sikring av interessene til storselskapa sine ansiktslause investorar. Resultatet kan bli eit brutalt samfunn å leve i... Vi treng eit TiSA-nei frå Arbeiderpartiet for å hindre dette...

Mer fra: Debatt