Annonse
Annonse

Anne Viken

Genetisk bondelotteri

Publisert 18. mai

Når eg arvar gard, skal den bli feriehus. Takk til elendige bondelønningar, odelslov og dumpingpris på landbrukseigedomar.

Genetisk bondelotteri.

Eit vanleg argument du får høyre, er at om du ikkje vil ha garden, må du selge slik at ein ivrig ung entusiast kan få realisere sin bondedraum på din odelsgard. Stadig kan ein lese i avisa om unge, ivrige som ikkje får tak i gardar. Det er ingen gardar til salgs og dei må leite i årevis før dei endeleg får kjøpt eit odelsbruk. Det er eit forferdeleg problem at bondeætta byfolk sit og ruger på gardar ute på landet. Lys i alle hus, er eit slagord. Selg garden din til ein som vil drive den er moralen. Den er i grunn ganske latterleg når ein ser på omstendighetene rundt.

Eg kunne ha hjelpt ein av desse, ein gong i framtida. Kanskje selge dei min odelsgard. Men nei. Det har eg ikkje tenkt å gjere. For i Norge er det prisregulering på landbrukseigedomar. Dette betyr at du må selge til fastsett dumpingpris.

Og kvifor er det dumpingprisregulering? Fordi du tjenar så lite pengar på å drive gard at om du måtte betale mykje for å kjøpe den, kunne du aldri ha gjort det. Garden skal altså selgast til nokon som ønsker seg eit dyrt hobbyprosjekt. Sirkelen er slutta. Den er patetisk.

Likevel er vi rasande på alle desse fæle folka som sit og ruger på gardar dei ikkje driv, men eg forstår dei godt, desse rugarane. Eg har tenkt å bli ein slik sjølv. Korleis ellers skal eg kunne skaffe meg ein slik stor hage med slik utsikt, eit så stort hus på landet som ligg så fredeleg til? Det er ikkje mogeleg å selge garden og kjøpe seg noko tilsvarande grunna prisreguleringa. Og nei, eg har ingen medfølelse med dei som ikkje får kjøpe seg gard, like lite som dei har medfølelse med at eg ikkje har råd til hytte på Sørlandet.

Eg lurer på kva folk hadde sagt om dei ikkje fekk lov å selge kåkane sine i Bergen for meir enn ein million. Kåkar dei har brukt to millionar på å pusse opp og som har vore i familien sidan 1600-talet.

Sel eg garden, har eg på grunn av prisreguleringa verken råd til kåk i Oslo eller hytte på Sørlandet likevel. Eg driv ikkje sosial bistand til folk som vil ha gard. Eg vil ha feriehus som alle andre. Slik tenker mange, og eg forstår dei godt.

Når den norske stat har vore dum nok til å dele ut ein gard til meg i den augneblinken eg vart unnfanga, får dei leve med konsekvensane. Etterpå snakkar dei om «avfolkningsproblematikk på bygda» og at «folk vil ikkje selge gardane sine» medan ein forsvarer prisregulering og odelsrett. Reknestykket går ikkje opp. Så kjem naboane viftande med peikefingeren og moralen sin og snakkar om plikta du har til å produsere mat i ei verd som svelt. Men så lenge eg ikkje får betalt for jobben eg gjer som bonde, har eg inga plikt å produsere mat, sjølv om verda svelt aldri så mykje. Då vil eg heller drikke vin og nyte sola på min nedlagde odelsgard. Eg vil også køyre BMW.

Landet gror igjen. Det er forferdeleg, roper Lars Peder Brekk. Vi vil ha billeg mat, brøler forbrukarane. Ute på min odelsgard høyrer eg ikkje denne støyen. Her har vi hagefest.

Løysinga er enkelt. Den ligg oppe i dagen på opa mark: Opphev odelslova, slepp prisane fri. Å endre odelslova krev vedtak i Stortinget, å sleppe prisane fri krev sunn fornuft.

Så lenge du ikkje tjener ei krone på å vere bonde, blir eg ikkje bonde. Så lenge ein ikkje får selge garden til det den er verdt, sel eg ikkje. Så lenge ingen betaler meg for å rydde skogen, skal den få vekse i fred. Konklusjonen er rasjonell, i tråd med norske lover og reglar. Å kjøpe gard til dumpingpris er ingen menneskerett. Å selge den til slik ein pris, er inga plikt. Eit tåpeleg reglement har gjort dette til ein rasjonell beslutning for mange odelsungar.

Eg oppfordrar alle odelsbønder til å følge mitt eksempel. Legg ned, drikk vin og hald hagefest midt i bushen. Gå på hjortejakt om det passar seg, fisk i elva. Lat låven gjerne ramle ned. Du har intet ansvar for turistanes utsikt vert ødelagd. Ingen kan klage på det. Du har inga plikt å selge, du har inga plikt å drive eller halde kulturlandskapet ope. Du har hatt genetisk flaks og denne flaksen pliktar du å nytte til din fordel. Så lenge gardar er så lågt takserte at ein ikkje kan kjøpe seg verken hus eller leilighet for slagssummen, har det inga hensikt å selge det som genetikken har tildelt deg.

Eg har trekt eit flakslodd i eit grunnlovsfesta genetisk lotteri. Takk, norske stat, for denne fine feriestad. Den norske stat kan på si side takke dei elendige bondeinntektene for at gardar vert lagt ned. Etterpå kan dei takke odelslova og prisreguleringa for at desse nedlagde gardane ikkje vert lagt ut for salg.

Høyr Dagsnytt 18-debatten mellom underteikna, Lundteigen og ein Frp-kis

Difor blir eg ikkje bonde

Publisert 13. mai

Slavearbeid, nei takk!

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.

Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet.

Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner.

Arvar gard

Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og sosialt liv. Det er ikkje kompatibelt med det norske samfunn anno 2011. Folk vil ha eit normalt sosialt liv og normale muligheter til å ha ein familie. Er dette for mykje å be om?

Elendige arbeidsforhold, nei takk.

Ein skal ikkje akseptere å arbeide ei heil karriere, tjene luselønn, bli utsliten, bli minstepensjonist. Dette er ikkje eit verdig liv. Det er ikkje slik vår mat skal bli produsert i verdas rikaste land. Men slik er det idag.

Legg det ned

Så legg det heller ned.

Vi må snart også begynne å snakke om menneskeverd for matprodusentar. Det er på tide å avskaffe underbetaling som arbeidsform i norsk matproduksjon. Det harmonerer dårleg med Norge som merkevare. Organisert sosial dumping kan vi ikkje vere oss bekjent av.

Ein snakkar om kulturlandskap.

Dette ønsker ein å behalde. Ein seier ingenting om luselønna som blir utbetalt for den jobben det er å rydde dette kulturlandskapet. Underbetaling avslørt i andre bransjar bleiknar i forhold til dei statlege kronene ein får utbetalt for å halde Norge vakkert.

Og kva skal vi vel med kulturlandskap etter når ein ikkje er villige til å betale for det?

Gro att

Så lat det gro att.

Prisen ein er villege til å betale for å få arbeidet utført, er ikkje kompatibelt med Vestens menneskesyn.

Vi må rett og slett stille oss dette spørsmålet: Har staten Norge ingen sjølvrespekt?

Internasjonal industri

Internasjonalt er landbruksutviklinga eit race mot større, raskere, billigere. Industrilandbruket mange fryktar, er resultatet av denne typen utvikling: Bøndene som blir pressa ned i inntektsspiralen. Ein må produsere stadig meir for å tjene pengar. Norge ligg tjue, tretti år bak denne utviklinga om vi samanliknar oss internasjonalt, men vi følger på.

Og medan folk i Norge oppgir at dei blir stadig meir opptekne av kortreist, etisk og økologisk mat, er det det motsette som er, og vil bli, konsekvensane av dagens utvikling. Inntektsutviklinga, verken i Norge eller internasjonalt, er kompatibel med denne typen kvalitetsmat. Derimot heiar den fram eit stadig meir storskala industrilandbruk. Den som vil ha nisje, må betale, lik det eller ei.

Skivebom

I Norge har vi kanskje lite utvalg, men høg kvalitet i produksjon. Å tru at stort utvalg betyr kvalitet i produksjon, er skivebom. Det betyr stor tilgang på billege råvarer. Billeg mat er blant anna eit resultat av sosial dumping, billeg kraftfôr og eit ras mot botnen når det gjeld dyrehelse.

Vi må snakke om produksjonsmåtar, ikkje berre om sluttpris. Vi må begynne å snakke om menneskesyn i matproduksjonen. Respekt for deg som konsument, for produsenten som menneske og for matproduserande dyr som levande vesen.

Utviklinga internasjonalt går mot ein stadig tøffare industri sjølv om det er historiene om nisjematen og ekslusiv vin media serverer oss. Men dette er ikkje røynda. Det speglar små bitar av virkeligheten, og den historia vi skulle ønske var sann.

Grensa

Kvar går grensa for kva arbeidsforhold ein ønsker å støtte opp under i sitt krav om stadig billegare mat, og kvar går grensa for kva du er villeg til å ete? Ville du ha servert ditt barn melk frå ei stokk halt ku med tuberkolose som lever heile livet på glatt betong, som har store vanskar med og gå, og som får hormon innsprøyta med jevne mellomrom, og endar livet ved å sjølvdaude fordi ingen vil bruke pengar på å behandle den? Beskrivinga her er ei enkel konstatering av forholda i ei rekke større, farmar i EU, mars 2011 (eg snakkar ikkje om Norden).

Tuberkolose er ingen sjukdom vi får i Afrika, den er heilt vanleg i ei rekke andre europeiske land. Og desse kyrne blir ikkje slakta eller behandla. Dei levere melk til deg, som konsument. Det blir eit race mot botn der den som greier produsere billegast, er den som overlever og er konkurransedyktig. Og då vel ein å halde sjuke dyr i live fordi dei kan trass alt produsere melk. Å slakte dei er nemleg reint tap. Du får ikkje betalt, kua er full av tuberkler og drit, men desse kyrne greier fint å produsere melk til deg. Føles det greit? Da bør du rope høgare om billeg mat.

For slik får du billeg mat. Frå sjuke dyr, fallande etikk, industri og dumping. Og kjeft ikkje på bonden. Han skal ha inntekter han og. Litt realitetsorientering må vi ha med oss.

Respekt og etikk

Vi må ta inn nye begrep i debatten om norsk matproduksjon: Respekt for deg som forbrukar, respekt for bonden og etikk. Det er til sjuande og sist forbrukar som blir ramma. Den forbrukaren som ikkje har økonomi til å velge nisje og høgkvalitetsmat. Og eg maler ikkje fanden på veggen. Det er berre ingen som ønsker å sjå han.

Kompetanseløysa i debatten om norsk landbruksproduksjon er omfattande, politikken har feila og finansieringsordningane fungerer ikkje. Men dette er i grunnen ikkje mitt problem. Eg kan lage min eigen mat på hobbybasis. For meg sjølv og for dei som har råd til å betale fett for kvalitet.

Taparen er du som forbrukar som må ete søppelmat frå industrien. Men billeg blir det, og utvalget stort. Framtidas matmarked vil bli klassedelt. Gourmet til eliten, søppel til folket. Men kvifor ikkje? Det er jo det folk vil ha.

Anne Vikens blogg

Folk burde få sjå rettssaken og sjå gjerningsmannen sjølv, ikkje silt gjennom media. Høyre ressonementa framført og høyre kor patetisk det er.

Torsdag drog eg i retten på publikumsplass for å få med ein dag av saken mot ABB. Det var ei surrealistisk oppleving. Veit ikkje heilt kva eg hadde venta meg, men det var uansett absurd. På same tid, som meg og min kompis var einige om etterpå: det var i grunnen greit å dra og sjå. Det var greit å sjå med eigne auge.

Det er ein patetisk mann som knapt greier føre eit ressonement. Som bruker ei rekke fine ord og vendingar men snublar avstad som ramlar han ned ei trapp når han skal forklare seg. Unntatt når han med fynd og klem snakkar om henrettelsane han planla. Då er det entusiasme og innleving.

Det er ikkje meg gitt å stille diagnose, men at dette var ein person utanom det vanlege treng ein ikkje vere psykiater for å sjå. Empati var fråverande. Det var påfallande korleis han med fynd og klem snakka om henrettelsar, ikkje drap, om motorsykkelraid gjennom Oslo der han skulle ha plaffa ned journalistar og blitzarar. Det var interessant å sjå kor han er på defansiven, angstbitersk, patetisk arrogant nektar han å forklare aktor kva ein flammekastar er. Det er ein tåpe som sit tiltalt i Oslo. Ein real klovn. Og det var greit å sjå.

Det gjer noko med oppfatningen av saka å få eit bilete av kva slags menneske det er som står bak. Den totale mangelen på følelsar, den ekstreme egoismen. For meg framstår han som rykande gal. Publikum rista på hovudet og tidvis lo dei av det mannen presterte lire av seg. Så ille er det at det er vanskelge å tru at nokon i fullt alvor kan framføre slike synspunkt og meiningar.

Ivirig forklarer han at han til Utøya tok med seg bajonett og kniv for å halshogge Gro Harlem Brundtland. Dette skulle han filme medan han las opp ein eigenskriven tekst. Så skulle han laste filmen på web medan han venta på å bli tatt. Men ABB sitt kamera hadde gått tom for batteri, difor hadde han det ikkje med til Utøya. Og for det andre, aksjonen hans mot regjeringskvartalet og Utøya var fleire timar forsinka. Og kvifor? Fordi ABB ikkje orka stå opp tidleg, han var så trøtt stakkars. Dessutan måtte han kople opp eit modem før han drog og sprengde bomba i regjeringskvartalet. Han hadde heller ikkje, i løpet av lang lang tid, greidd å kjøpe seg ein Iphone.

Han meinte han (eller "dei militante nasjonalistane i Europa, som han omtalte dei som - "dei" er antegeleg ein fantasi i ABBs hovud) var tvinga til å gjennomføre skytinga på Utøya fordi EU og systemet gjer det så vanskeleg å få tak i innhaldet til bomber, altså kunstgjødsel. EU og systemet har også gjort kunstgjødselen dårleg eigna som sprengstoff fordi den inneheld femten prosent kalk. Om aktor trudde at "militante nasjonalistar" syns det var kult å plaffe ned folk? Nei, nei, dei foretrakk bomber - og var eigentleg mot vold - men fordi det var så vanskeleg å få tak i kunstgjødsel til bomber, var dei tvinga til å gjennomføre skyting av mennesker.

Og utgangspunktet for alle ABBs tankerekker, det som ligg i bånn, er at han måtte gjere noko. At det blei skyting av mange unge menneske på Utøya, skuldast at det var "så vanskelig å få tak i innhald til, og å lage bomber". Som eit slags forsvar eller forklaring på kvifor han drog til Utøya..

ABB snakka om at han har rekognisert i regjeringskvartalet. "Rekogniseringa" gjekk ut på at han raskt gjekk forbi bygget, kasta eit blikk opp og gjekk fort vidare. Han våga ikkje meir enn det. For å ikkje vekke merksemd, hadde han med seg ein plastpose frå ein butikk. Det var ein smart strategi, meinte han.

Han drog til Praha for å kjøpe våpen utan kontakter, og gjekk bort til folk som såg kriminelle ut og spurde om dei hadde kalashnikovs å selge. "Såg kriminelle ut"...

Han skulle gjerne sprengt ei bombe på Youngstorget 1.mai, (på "kommunistanes dag" som han kalte 1.mai) fordi på denne dagen var heile Norges kommunistiske elite samla der. Dette seier litt om ABBs fantasi.

Han skulle også gjerne drept heile regjeringen på ein gong. Dette skulle utførast ved å sprenge ei bilbombe i regjeringskvartalet under mandagsmøte. Problem: regjeringen har ingen mandagsmøte.. Han anser byråkratar for politiske aktivistar, og rota frykteleg med aktivistbegrepet. Virka ikkje som han hadde kontroll på verken begreper eller kva han meinte.

Manifestet var ein kladd, uferdig, og ABB står ikkje inne for alt der sjølv. "Dei" ville at han skal skrive dette manifestet. "Dei" eksiterer antageleg i hovudet til ABB.

ABB vil ikkje drepe ungar, men planla å plaffe ned alle på Blitzhuset. Blitzhuset er tilhaldsstad for ei rekke ungdomar som er under både 18 og 16 år.

ABB hadde ikkje tenkt å skyte folk under 18 år på Utøya, og trudde der berre var ungdomar i alderen 16-18. ABB skulle kun skyte dei over 18. Han skulle alderssortere dei utfrå ansiktstrekk. Men uheldigvis for ABB funka dette ikkje så bra då ungdomane sprang sin veg og alderen var vanskeleg å bedømme bakifrå. Han sa forøvrig at planen var å skyte for å skremme dei på svøm og at dei så skulle drukne. (Kvar vart det av alderssorteringa?) Han rota også med sine kategori A, B og C-forrædarar.

I det heile var det ein patetisk person som framstod i retten. Så latterleg gal framstod ABB at det for min del var greit å få sjå det. Sjå at dette er eit forstyrra menneske uten allmennkunnskap som knapt greier føre eit ressonement. Om han er tilregneleg eller ikkje, verkar for meg vere eit ope spørsmål. Han framstår som patetisk, paranoid og forvirra. Som ein fascist og ekstrem egoist.

Folk burde få sjå rettssaken og sjå gjerningsmannen sjølv, ikkje silt gjennom media. Høyre ressonementa framført og høyre kor patetisk det er. Det er litt lettare å forholde seg til denne saka når ein ser at mannen bak er ganske sprø. Om han er syk, gjenstår å sjå, men eg held iallefall alle dører opne.

Det handlar ikkje verken om dyrevelferd eller religion. Det handlar, i guds namn, om økonomi.

"Når vi ser på debattene rundt halal og kosher, blir dette tydelig; fordi vi tenker at den måten vi gjør det på er riktig, forstår vi våre handlinger som «humane», mens det å be til en gud under slaktet blir mistenkeliggjort, nettopp fordi det ikke er vitenskapelig og rasjonelt. Det ser ut til at man aktivt tar avstand fra religiøse argumenter for korrekt slakt ut fra en gitt antagelse om at modernisering er forbedring – også for dyrene." Dette skriv Runar Døving i ein upresis slutning i essayet Fra lam til stek og kosedyr (Morgonbladet 19.januar).

Døving gjer ein feil: Han lausriv avlingsmetoden halal frå konteksten slaktinga foregår i. Idag forgår slakting i konteksten "industrialiserte slakteri", ikkje eksempelvis heime i bakgarden eller på ein marknad. Dermed har Døving også rett: Vi trur moderne metodar er betre fordi dei er tilpassa moderne konstekst, imotsetning til halal. (Eg går av plasshensyn ikkje inn på kosher).

Halal slik det blir praktisert i mange moderne slakteri i EU i dag, utan bedøving før avliving, er ein industriell avlivingsmetode, og foregår i ein heilt annan kontekst enn kva halal opprinneleg gjorde.

Men det tek framleis opp mot ti minutt før dyret (storfe) taper bevisstheten.

For ordens skuld: halal utan bedøving er ikkje lov i Norge og Sverige. Norsk halalslakt av merket Alfhati er bedøva før avliving. Les Mattilsynets reglar.

Det er noko ganske anna å dø ein sakte død i sitt heimlege miljø enn å bruke opp mot fleire minutt på å dø fastspent i ein stor og bråkete industrihall. Dette er ikkje særleg humant med tanke på at dyret befinn seg på ein i eit stort og bråkete slakteri, ikkje heime eller i bakgarden.

Ein brukar fanghekkar og automatiserte knivar til å skjere over halsen på dyret.

Å tru at ein ser med skepsis på halal utan bedøving av religiøse grunnar er feil. Ein tek praktisk talt avstand fordi ein idag har utvikla raskare og betre, meir humane metodar for bedøving og avliving. Metodar som er utvikla med tanke på, og tilpassa, konteksten i dagens industrialiserte slakteri. Eit eksempel: boltepistol til storfe gir akutt bevissthetstap. Metode er tilpassa konteksten i eit industrialisert slakteri.

Halal utan bedøving er ikkje lov i Norge eller Sverige. Det einaste som skil halal frå ikkje- halal i norske slakteri, er at dyret blir velsigna før det vert slakta. Ofte er det ein muslim som gjennomfører sjølve slaktinga/ avblødninga av dyret. Halal med bedøving før avliving er tilpassa konteksten "industrialisert slakteri". Dette er uproblematisk frå min ståstad. Mitt utgangspunkt er dyrevelferd.

At det i Norge er lov å bruke krumkniv (Forskrift om bruk av krumkniv) på reinsdyr blir av enkelte brukt som eit argument for at vi også skal tillate halal. Argumentet går slik: tillet ein ein tradisjonell samisk metode som krumkniv, må ein også tillate halal utan bedøving.

Dette er i beste fall ei kunnskapslaus samanlikning. For det første: det er ikkje lov å bruke krumknivi slakteri. I slakteri skal reinsdyr avlivast med boltepistol. For det andre: krumkniven gir akutt bevissthetstap. (For ordens skuld: krumkniv blir brukt til hjernestikking).

Konteksten for bruk av krumkniv er som før. Den er kun tillaten brukt slik den alltid har blitt brukt: i den samiske reindrifta, heime eller på beite. Dette er ein vesensskilnad frå halal som er ein gamal metode flytta inn i ny kontekst: industrislakteriet.

Avlving utan bedøving (her: halal) er, som krumkniven, ingen metode tenkt for eit moderne industrislakteri.

I EU er avliving utan bedøving tillate, om det er religiøst begrunna (European Convention for the protection of animals for slaughter). Men medan etterspørselen etter denne typen rituelt slakta kjøt ligg på åtte prosent, foregår der i EU totalt ein vesentleg overproduksjon av slakt der ein droppar bedøving før avliving. Kor stor overproduksjonen er, er vanskeleg å talfeste nøyaktig.

Og bruk av denne metoden er langt frå alltid religiøst begrunna. Avliving utan bedøving blir sagt å vere billegare enn å bedøve før ein avlivar. Det handlar ikkje verken om dyrevelferd eller religion. Det handlar, i guds namn, om økonomi.

om du vil lese meir eller sjå videoar av halalslakt og kosher, klikk på min blogg anneviken.blogspot.com

Anne Viken, veterinær

Er det dette Kristin Halvorsen ønsker seg, eller er det berre ein utilsikta praktisk konsekvens av hennar utspel om å tone ned fokus på sidemål i skulen?

 For å tone ned fokus på sidemål vil i størst grad ramme nynorsk.

Lat oss ta det openbare først. Eg som nynorskbrukar er ikkje interessert i å publisere på eit språk folk ikkje beherskar. Eg er ikkje interessert i å nytte eit språk som folk ikkje treng lære seg.

For meg er ikkje språket eit mål i seg sjølv. Det er eit middel for kommunikasjon. Skal ein formidle må ein ha eit språk som fungerer.

Om no fokuset på nynorsk skal tonast ned i skulen, må ein tenke seg godt om. Skal ein gi ut bøker på nynorsk, på eit språk som er nedprioritert, for dei spesielt interesserte og som folk ikkje vil/ treng bruke tid på å lære seg?

Er dette interessant for meg å bruke eit slikt språk i det lange løp? Bjellene har begynt å ringe for ei rekke nynorskbrukarar.

Kvifor er det slik at ein forlagsredaktør eg prata med, anbefalte meg bokmål? Desse anbefalingane vil nok neppe bli sjeldnare om nynorskkompetansen i skulen skal svekkast. Senka kompetanse vil i sin tur føre til senka bruk. Kvifor er det slik at mange forfattarar tenker slik alt idag? Det blir snakka om kva språk profilerte nynorskingar skal gi ut si neste bok på. Er det på tide å velge bokmålet? Nynorsk er i ferd med å bli kjørt i grøfta.

Er det dette Halvorsen ønsker seg, eller ser ho berre ikkje konsekvensane av eigne forslag? Konsekvensane av nedprioritering av nynorsk i skulen, vil gjere språket også mindre attraktivt å nytte for oss som har nynorsk som hovedmål. Glømte ho å tenke på det, eller? At vi dumpar det i same slengen?

Trur Halvorsen virkelig, at vi som nynorskbrukarar skal stille opp og halde fram å kommunisere på nynorsk, om dette språket ikkje lenger er noko ein prioriterer? Skal vi vere kulturhistorias vaktarar og idealistar? Nei, dei fleste av oss er ikkje språkidealistar. Vi er kvardagsbrukarar. Språk er ikkje eit mål, men eit middel for oss.

Nynorskkompetansen er alt sterkt svekka, også i sentrale nynorskområder, som Sunnfjord, der eg kjem frå. No skal det altså svekkast ytterlegare.

Mange av mine venner frå Sunnfjord har gått over til bokmål. Kvifor? Fordi dei ikkje beherskar nynorsk. Dei aner ikkje kva ord som er lov og kva ord som ikkje er lov. Dei kan ikkje bøye verb, ikkje substantiv, det er vanskeleg å vite korleis ein skal skrive for å vere konsekvent, og dette er ikkje fordi dei er dumme eller ignorante.

Som ein kamerat seier det: «Eg skriv nynorsk på sms privat, men bokmål når eg sender ut epostar til kollegaer. I ei mediebedrift er det faktisk ganske pinleg å sende ut ein mail full av skrivefeil. Difor vel eg bokmål.»

Eg kjenner journalistar som skriv nynorsk når dei har god tid og bokmål når dei har dårleg tid. Kvifor? Fordi det er ikkje lett å vite kva ord som er lov og kva ord som ikkje er lov. Og dette er folk med nynorsk som hovudmål. Etterkvart må ein kanskje no også vurdere å skrive bokmål fordi folk ikkje forstår kva som står der ellers.

Så fortell meg, Kristin Halvorsen, er middelet levedyktig eller tenker du ta det vekk og gjere det ubrukeleg ved å kappe ned på sidemål og nynorskundervisning?

Eg skriv og eg treng eit redskap, eit språk som er i bruk, også i framtida. Vil eg ha det, Kristin Halvorsen? Innbiller du deg virkelig at nynorsk vil vere interessant som kommunikasjonsmiddel om folk flest ikkje innehar kompetanse på språket? Då er du naiv.

Anne Viken, skribent og bloggar

GMO dreper?

Publisert 27. januar

INDIA: I jakten på økt produksjon og en posisjon i det globale markedet, har India tatt i bruk transgene bomullsplanter. Da begynte sauer og geiter å bli syke.

GUMMADIVALLA, ANDHRA PRADESH: Veien snirkler seg gjennom flatt, tørt landskapet. Okser med åk på ryggen trekker plog i rismarkene. Sakte, steg for steg, skulder ved skulder, trekker de hvite oksene plogene fremover der de vasser til knes i vann og planter. Vannkranene i hjørnene av de firkanta markene pumper vann opp av grunnen, og står på så lenge landsbyen har strøm. Noen rismarker ligger tørre og brakk med avskrudde kraner. Kvinnene står bøyd og jobber med plantene.

Insektgift farlig for sau

Noen få høster også bomull, men det meste av bomullen er høstet nå (desember). Etter at bomullsballene er høstet, slipper bøndene sauer og geiter ut på bomullsmarkene for å beite på plantene som står igjen, men noe ser ut til å være galt. I dette området, rundt to timers kjøring fra millionbyen Hyderabad, har det siste fire årene blitt rapportert om flere tilfeller av sauer og geiter som blir syke etter å ha beitet på bomullsplantene.

Mistenksomheten brer seg, for dette er ikke naturlige bomull. Dette er genmodifiserte bomullsplanter, såkalt BT-bomull, fremstilt av den multinasjonale landbruksgiganten Monsanto. Plantene produserer et giftstoff, BT, som dreper insekter, og hindrer at småkryp i å ødelegger avlingene. Det kan være at disse genmodifiserte plantene, ikke bare skader insekter men også gjør dyr syke.


Jernhånd over patenter

I landsbyen er det liv og røre. 26 forsøkssauer skal tas blodprøver av før de slippes ut for å beite på høsta bomullsmarker. En etter en slenges sauene på rygg før blodprøve tas. Forskernefinansierer forskningsprosjektet av egen lomme, og vil ikke ha oppmerksomhet rundt det de gjør.

-- Indiske landsbruksmyndigheter er ikke interessert i å finne ut hva som skjer når dyr beiter på BT, sier Sagari Ramdas, leder for Anthra.

Organisasjon er ledet av kvinnelige veterinærer som jobber med lokalsamfunn og dyrehelse innenfor rammene av bærekraftig bruk av naturressurser i de indiske delstatene Andhra Pradesh og Maharashtra.

-- Men om det lekker ut at vi prøver å finne ut av dette, kan vi møte massiv motstand.

Det har de opplevd før. Monsanto er verdensledende på produksjon av genmodifiserte frø, og har mellom 70 og 100 prosent av markedsandelen for forskjellige arter. Selskapet er kjent for å bruke jernhånd mot både motstanderer og såkalte misbrukere av «deres patenterte gener», eller transgene planter, blant annet bomull, soya og flere kornsorter.

Monsantos monopol

På Monsantos hjemmesider står det at selskapet hjelper bønder med å produsere mer. Det står også at de hjelper farmere med å produsere mer helsemessig mat for både dyr og mennesker. Det står ikke noe om alle rettssakene som kommer i kjølvannet av at selskapet finner planter med Monsantos gener i åkrene til bønder av alle slag rundtomkring i verden.

For å si det helt enkelt er det dette som skjer: Frø blåser over gjerdet, følger med biler og spirer i en åker der det fra før av ikke vokser Monstanto-planter. En monstantoinspektør tar stikkprøve av akkurat denne åkeren, påviser et patentert gen, og neste stopp er rettsapparatet. Det har flere canadiske bønder fått føle. En frykter også at dette kan skje i India.

Mangler beitemarker

I Gummidivalla er det rundt 200 hushold. Mange er gjetere. Landsbyene ligger spredd utover som et teppe med marker mellom, og det er ikke mange minuttene du bruker fra en landsby til den andre i bil. Her finst det ikke mye ledig jord, om noen. I de rurale områdene i Andhra Pradesh er det ikke overflod av beitemarker. Bomullsplantene til Monsanto er ikke beregnet å bli beitet, men når mangelen på beiteland er prekær, må en beite på det en har.

-- Monsanto har ikke testet BT-cotton for direkte beiting på plantene. Monsanto har bare testet foring med fôrkaker laget av plantene, sier Ramdas.

På noen av forsøksmarkene vokser det BT-bomull, på andre naturlig bomull. Noen av markene har kunstig vanning, og andre ikke. På denne måten skal en prøve å finne hva, om noe, som gjør sauene blir syke av plantene. Produserer de for eksempel mer giftstoff når de blir vannet? er noen av spørsmålene forskerne stiller seg. En anslår at rundt hundre prosent av bomullen som vokser rundt landsbyen er genmodisert.

India 2020

Boken «India 2020, visjoner for det nye årtusenet», er A. P. J. Abdul Kalam visjoner for Indias utvikling i årene som kommer. Kalam er teknologioptimist, og en fremtredende indisk forsker, og er blant annet ansvarlig for flere prosjekter som er ment å ta India steg videre i det 21. århundret. I essayet «India 2020: Visjoner for mat, landbruk og prosessering», skriver Kalam at den økende etterspørselen etter matkorn, frukt, melk, kylling og kjøtt fører til nye og større utfordringer for landbruket.

-- Problemene India står overfor idag, er mye større enn under den grønne revolusjonen, skriver han før han konkluderer: Et utviklet India innen 2020 eller før er ikke en drøm. Det er et oppdrag der alle kan ta del i og fullføre.

Bioteknologi for matsikkerhet

En sau trekkes etter bakfoten ut av inngjerdingen mens høner tripper på muren og rykende varm te med geitemelk serveres i blekkrus. Kråker sitter på saueryggene, og fugler trasker side om side med trekkoksene på beite.

Veterinærene jobber raskt. Klokken ti blir strømmen i landsbyen skrudd av, og på grunn av den lave spenningen må alle blodprøvene sentrifugeres dobbelt så lenge som vanlig. Etterpå må prøvene legges i en kjølebag og fraktes tilbake til Hyderabad.

På veien er bioteknologi en viktig ingrediens, skriver Kalam. Han mener bioteknologi spiller en viktig rolle i å oppnå matsikkerhet for India.

-- En av de viktigste teknologiene er den som kan gi oss transgene planter som viser ønskede egenskaper. I India har mange transgene nyttevekster blitt tatt i bruk, og de fleste leser vil ha hørt om det høye antallet selvmord blant bomullsbønder den siste tiden: La oss håpe at det vil komme vitenskaplige og teknologiske gjennombrudd i utviklingen av transgene og sykdomsresistente bomullsfrø.

Han ønsker seg også gjennombrudd i utviklingen av transgene frø for matproduserende planter, ikke bare pengevekster, eller cashcrops som bomull er. Andre cashcrops er planter som dyrkes for biobrensel, og mange farmere bestemmer ikke selv at de skal dyrke disse vekstene. Staten bestemmer.

Noe er galt

Bomullsplantene er høye og grønne, og det er lite annet for sauene å spise. Når forsøkssauene slippes ut i beitene med ikke så lite om og men, er de ganske raske til å krype under gjerdet, surre seg fast i tau eller springe sin vei. Med en gang de kommer utenfor gjerdet, begynner de å spise. De spiser seg bortover bakken i stor fart og en kan lure på hva det er de egentlig spiser.

Her er tørt og goldt så langt øyet kan se. I dagene som kommer blir flere sauer syke, også en trekkokse viser symptomer. Hva som gjør at de blir dårlige, vites ikke, men noe er galt i Gummadivalla.

FAKTA BT-bomull:

-- BT-bomull er ved bruk av genteknologi tilført et gen fra den naturlig forekommende jordbakterien Bacillus thuringiensis. Disse genene koder for produksjon av giftstoff som dreper insekter, og finnes ikke naturlig i bomullsplanter.

-- Fremstilles av den landbruksindustrielle giganten Monsanto.


FAKTA MONSANTO:

-- Monsanto er et multinasjonalt landbruksindustrielt selskap med hovedkvarter i USA

-- Ved hjelp av bioteknologi fremstiller de såkorn, soya, grønnsaker, insektgifter, plantegifter og melkehormoner, for å nevne noe. Selskapet er alltid på jakt etter metoder som kan maksimere produksjonen.

Kilder: www.Monsanto.com og Wikipedia

-- Det gjøres oppmerksom på at resultatet at denne forskingen ikke er kjent. Det gjøres også oppmerksom på at journalisten ikke forfekter et syn som sier at BT-bomull gjør sauer syke.

I India: Anne Viken

Veterinærar i samfunnsdebatten

Publisert 26. januar

Trude Mostue er slik som media liker å framstille oss. Uten forstand på politikk og veldig glade i dyr. Dette er den stereotypiske fortellinga media har skapt av oss.

Tittelen på kveldens debatt er dei tause veterinærane.
Men veterinærar finst i media.

Saken.


Norges mest kjende veterinær, Trude Mostuen, meiner ingen bør få unger uten å ta minst to tre års perm per unge. Mostue er i underhaldningsbransjen, dansar på tv og vekker latterbrøl hos kultureliten.

Mostue er slik som media liker å framstille oss. Uten forstand på politikk og veldig glade i dyr. Dette er den stereotypiske fortellinga media har skapt av oss.

Så ja, veterinærane finst der ute.

Og har nokre underlige kvinnesyn.

Veterinærar og dyr er lettvint underhaldning.

Dette er Trude Mostue eit godt eksempel på, samt tv-serien om veterinærstudentar. Det krev ingenting av mediekonsumenten og vi krev ingenting av dei. I desse settingane flyt vi på mytene og tilbyr lite nytt.

Undehaldningsarenaen bidrar til å styrke det bildet som alt finst av oss i offentlig rom: som snille med dyr. Ein tek tak i ei historie som folk alt kjenner: dyrlegen som fiksar katten, og så bygger ein vidare på denne.

Dette er kjent, og det som er kjent vil vi høyre meir om. Det gir klikk på nettavisene og antal klikk gir reklameinntekter for mediene. Det er grei mediapsykologi. Trude Mostue er ein klikkgenerator.

Eg har møtt ei mengde fordommar mot veterinærar i media.

Folk veit ikkje kva vi kan. Naturvitenskap er lågt verdsatt i media samanlikna med kompetanse på politikk og litteratur. Naturvitarar er ein lågare kaste.

Då eg begynte som journalist i Universitas, fekk eg høyre av ein kollega: veterinærar deltar da aldri i samfunnsdebatt. Det er da ikkje noko poeng for deg å vere journalist.»

Her om dagen fekk eg ein kommentar på min blogg: «Veterinærar er like synlege i offentligheten som pasientane sine».

Dette er ein ganske treffande kommentarar for korleis folk ser på oss.

På veterinærhøgskkulen var det vanleg med kommentarar av typen «Kvifor er du journalist når du er veterinær?»

Folk såg ingen kopling mellom veterinærmedisin og media.

Og på røykerommet klaga professorane seg over dei uengasjerte studentane som berre var opptatt av hundane sine.

Det er forjævlig. Sitat slutt.

Kontrasten mellom studentengasjementet på Blindern og NVH var enorm.

--

Men då Marie her skreiv om Trude Mostue sine mediautspel på leiarplass i veterinærtidsskriftet før jul, skreiv ho at alle veterinærar kan gjere som dei vil. Det var konklusjonen. Da forstod eg litt meir av kvifor veterinærforeningen har trøbbel med å kome på trykk.

Vågar ein ikkje ta stilling, har ein lite i den offentlige debatten å gjere. Det hjelp ikkje å påstå at veterinærar ikkje vil krangle. Det er ein lang veg frå å ta stilling til å krangle.

Det er ingen tvil om at veterinærane trengs i offentleg debatt. Vi sit på svært mykje kompetanse som er usynleg for folk. Vi kjenner til problemstillingar som folk ikkje ein gong veit at eksisterer.

Ikkje minst i møte med forbrukarane kan vi spele ei rolle. Gjennom å tilføre forbrukarane kompetanse kan vi ha innflytelse og påvirkningskraft.

Det er stor avstand mellom landbruk og forbrukar. Folk flest kan svært lite om matproduksjon.

Kva skal dei kjøpe? Øko kylling eller konvensjonell?
Skal dei ete sau eller kalkun?
Er nøkkelholet bra, med tanke på dyrehaldet i fjørfenæringa?

Forbrukarane må ha kompetanse for å ta gode valg. Dei har krav på å få vite kva dei et, og det får dei per dags dato ikkje. Nortura og Tines reklamekampanjer tilbyr for eksempel klisjear, ikkje fakta.

Er norske veterinærars rolle å passivt hegne opp om mytene, eller skal vi bidra til konstruktiv kunnskap til offentligheten?

Kven sitt ærend skal vi gå? Næringane eller dyras?

Ein del av mine kollegaer fryktar journalistar. Eg har opplevd å bli mistenkeliggjort av kollegaer ute i felt. Men det har dei ingen grunn til. For ein journalist er kildevern like basic som at ein ikkje publiserer journalar på Facebook.

Eg skal sei litt om korleis eg skriv.

Eg er opptatt av å bli lest og av å gjere inntrykk på den som les. Eg er tabloid, tilgjengelig og skriv enkelt.

Eg bygger artiklane pedagogisk og bygger dei opp rundt ei konflikt. Eg er ikkje redd for å vere personleg og ikkje redd for å appellere til følelsar, for å spisse eller problematisere.

For det er som sagt stor avstand mellom forbrukarar og landbruk. Det ein veit lite om, er vanskeleg å lese om. Difor må det skrivast slik at dei skjønar kva som står der, og slik at dei føler at det angår dei.

Kvifor ellers skal dei lese det? Folk les ikkje for å vere greie med deg.

Skal du skrive om landbruk i VG nyttar det ikkje å sende inn ein artikkel om mastitt på ku og konkludere med at det er synd på kua.

Eg skal ta nokre pene eksempel fra eigne artiklar

og før eg les opp, skal eg påpeike ein viktig ting. Det er aldri blitt påvist faktafeil i mine artiklar, med trykk på aldri...

Første eksempel:
Tittel: Det er greit at vi halal-slaktar i Norge. (Interessevekker) artikkel i Dagsavisen. Tittel som fekk mange til å tenke, shit, gal dame som vil halshogge kyr.

med denne tittelen solgte eg inn denne saken: halalslakt i Norge er akkurat som anna slakting. Einaste skilnaden er at ein ved halalslakt ber ei bøn.

Rein folkeopplysning ikledd ein festlig tittel, men uten festlig tittel, ingen lesarar.

Neste eksempel er ein kronikk frå Bergens Tidende:

Tittel: Søppelkalkun.

Ingress: Når ein veit korleis produksjonen går føre seg, er det vanskeleg å forstå korleis kalkun kan kallast festmat.

Kronikken handla om dyrevelferd i kalkunproduksjon.

Så kan forbrukern tenke sjølv.

Nortura vart skikkelig forbanna, men greidde ikkje påvise ein faktafeil i artikkelen. Dei forsøkte få meg til å framstå som dum. Backfire.


Ein annan tittel er denne: Frå beite til bur. Frå Aftenposten.

Problematikken her går på at norske dyr ikkje lenger går på beite. Dei står i bur og hallar. Vi produserer meir og meir kylling, kalkun og gris. Vi går over frå grasbasert til kraftforbasert produksjon.

Simple facts for ein veterinær. Ukjent for forbrukarane.

Men denne kunnskapen er viktig for forbrukarane å ha når dei står i butikken og skal handle mat. Denne kunnskapen er også viktig å ha når forbrukarne skal stemme ved valg, når dei skal bestemme seg for om dei skal kjøpe norsk eller import. Er Norge betre enn andre land på dyrevelferd eller er det ein bløff? Folk blir stadig meir kritiske.

Og forbrukarane lyttar og les. Det haglar inn med tilbakemeldingar, pakkar i posten, mails, trugsmål, middagsinvitasjonar og telefonar. Ein mottar også meldingar av typen:

Store problem har du vesle jente.

Eller denne varianten:

huttetu, du er gal, søk hjelp.

Ein snill versjon er denne: Du er støgg og tom i pappen.

Eller: får du psykologhjelp på fylkeskommunens budsjett?

Svaret på det siste spørsmålet er altså nei.

BØNDENES SAK:

Eit anna argument eg har fått høyre er at veterinærane skal tale bøndenes sak.

Eg er ingen bondens talsmann på andre måtar enn at eg meiner bønder må tjene betre. Betre lønn for bonden gir betre velferd for dyra.

Vi må integrere politikk i veterinærmedisinske perspektiv. Vår jobb er ikkje å oppretthalde norsk landbruk, men å oppretthalde eit norsk landbruk i verdsklasse.

Igjen kan vi spørre oss: kven er det vi snakkar på vegne av?

Og Kvifor får veterinærforeningen så masse pes for å sei nei til pelsdyr?

Kvifor får eg så masse kred for å påpeike at Tine bløffer i sine reklamefilmer når dei seier alle norske kyr går på beite? Og er det greit at Tine bløffer forbrukarane?

Og kven skal sei frå når ingen veit at det er ein bløff?

Vi har inga plikt til å delta i det offentlige ordskiftet. Men vi har ein rett. Skal vi kome til orde, må vi våge å ta stilling. Om vi ikkje vågar det, kan vi halde oss til å klappe kattar i Trude Mostue-stil og delta i Veterinærdrømmeprogram.

Min konklusjon er at det er stor interesse for vår kompetanse i det offentlige rom. Og det er stort behov.

Anne Viken, veterinær

Norge er verdsmeiser i dyrehald, ifølge oss sjølv. Dyrevelferden er vårt konkurransefortrinn. Ei lang rekke andre land påstår nett det same. Blant andre Sverige.


"God dyrevelferd er et mål i seg selv, og er et gode for samfunnet og konkurransefortrinn for norsk landbruk," kan vi lese i einpresentasjon av landbruksmeldinga hos Landbruks og matdepartementet.

Norge er verdsmeiser i dyrehald, ifølge oss sjølv. Dyrevelferden er vårt konkurransefortrinn. Ei lang rekke andre land påstår nett det same. Blant andre Sverige. Men sjølv verdsmeistrar har sine problem, blant anna er skalaen på melkebruka på veg oppover.

I sjølvutnemd verdsmeister Sverige er beitekravet sonedelt. Fire månader i sør, tre i mellom-Sverige og to i nord.

Men alt er ikkje rosenraudt sjølv om verdsmeister Sverige slår verdsmeister Norge ned i støvlane (vi har ut året null beitekrav for kyr i lausdrift). I verdsmeisterlandet Sverige motarbeider organisasjonen Sveriges Mjölkbönder det svenske beitekravet. 

Per Andersson, ordförande i interesseforeningen, argumenterer med at melkekyr har det best inne. (Sveriges Radio Ekot (9.juni 2009) lytt her: Mjölkbönderkritiska mot beteskrav).

Har du ikkje for mange kyr for arealet ditt, spør journalisten då.

Andersson har 160 kyr og held til i Sörmland der det krav om tre månaders beitetid.

Jo, svarar Andersson.  

Han meiner det blir så skite når mange kyr må dele lite areal. Det er aralet som er for lite, ikkje kyrne som er for mange, ifølge Andersson.

Garden sin skala er ikkje tilpassa geografien. Difor vil han ha dei inne.Misforhaldet mellom skala og geografi hos mange bønder går altså utover dyrevelferden.Antalet kyr stig og er mange stader i ferd med å sprenge gardanes beitetilgang.

Lat oss så gå over til verdsmeister Norge.

Dei same protestane mot beitekrava vil vi nok også få sjå i Norge når åtte vekers beitekrav for alle kyr trer i kraft neste år. Per idag står trass alt rundt tretti prosent av alle norske lausdriftskyr inne året rundt. Det vil forundre meg om alle desse slepp ut utan protestar.Mange fryktar også at stadig større gardar vil føre til beiterelaterte problem.

Pånationen.no klagar ein i kommentarfelta på at «det er umogeleg å ha femti - seksti kyr ute med dei arealforholda som er på Vestlandet». Garden sin skala/ antal kyr/ beliggenhet er altså ikkje tilpassa geografien.

Vi er ikkje Skåne, seier nordmennene når ein viftar med syd-Sveriges fire månaders beitekrav.

Nei, og Norrbotten er ikke Jæren. Norrbotten len med Kiruna har to månaders krav, Jæren og Sørlandets lausdrifter null. 

Greit, vi er ikkje Skåne, men Jæren ligg på breiddegrad med Ørebro. I Ørebro er det tre månader beitekrav. På ein av mine største gardar i Sverige har dei 700 kyr, 2000 dyr totalt. Desse kyrne går ute tre månader i året.

Dei som driv garden klagar aldri over beitekrava sjølv om kravet set store krav til areal. Årsak: skala og geografi passar ihop. Garden er stor nok til å tilby 700 kyr pluss ungdyr beitemarker.

Difor er ikkje beitekravet eit problem. Eventuelt meiner desse unge bøndene at kyr skal gå ute. Haldningar hjelp på.

Med mindre lovar og reglar som fremmar kyrs velferd skal bli sett på som hinder for vekst, eller eit stort praktisk problem, må gardane, inkludert beitetilgang, vere tilpassa geografien. Det skal ikkje lenger vere ei løysing å halde kyr inne heile året. Iallefall ikkje om vi vil vere verdsmeistrar i dyrevelferd.

Skala tilpassa geografiske forhold heng i hop med dyrevelferd. Dette må ein ta høgde for i landbruksmeldinga. Neste år trer åtte vekers beitekrav i kraft for alle kyr.

Anne Viken, veterinær

Når stormen rammar kjem det statsrådar til Sogn og Fjordane, men til dagleg, når fasttelefon og internett forsvinn i dagar og veker, meiner ordføraren at ein syt om ein seier frå og klagar på nettet. Og Telenor tilbyr ingen service.

I årevis har vi sagt frå om elendig telefon og internett, utan å få hjelp.


No er det problemer med telenettet på Vestlandet etter stormen og folk har vore utan telefon i dagesvis.

Jasså. Det er da vanleg. Vi er vane med det her. Telenor gir katten, ordføraren blir sur og meiner ein klager om ein seier frå. Eg syns det er underleg at det ikkje har gått liv tapt før grunna likegyldigheten som råder rundt telenettet i Sogn og Fjordane til dagleg.

Her i Bygstad i Sogn og Fjordane kan telefonen vere ute i mange dagar, opp mot ti dagar, utan at Telenor bryr seg med å ordne problemet. Vi er vane med å vere utan fasttelefon. Det trengs ingen storm for å fjerne den. Den dett ut sjølv i pent ver. At telefonen vår ikkje forsvann med stormen, er i grunnen litt underlig. I halve desember fungerte den ikkje. Og kva gjorde Telenor? Ingenting sjølv om dei vart kontakta om problemet mange gonger.

Telenor bryr seg ikkje om at folk er utan telefon. Tenk om det skjer noko? Nei, det rakar ikkje dei. Dei tilbyr ingen tjenester, krev berre betaling for abonnement og anna som ikkje held kvalitet.

Internett har vi hatt store problemer med i mange år. Og det er inga hjelp å få hos monopolisten i området, Telenor. Dei svarar ikkje på henvendelsar, sjekkar ikkje kva som er problemet, tilbyr ingen service. I lange periodar har vi vore utan internett, eller internett fungerer knapt nok. Likevel bryr ikkje Telenor seg. Dei meiner tilbodet er godt nok. Dette meinte også forhenverande ordførar i Gaular, Jenny Følling. Ho var nøgd med at folk var utan telefon og internett, og det i år 2011. Inga hjelp var det å få.

Ingen tar det på alvor at her verken har vore fasttelefon eller internett. Sikkerhet, anyone?

Det er ikkje rart vi får nettkollaps og problemer med telenettet på Vestlandet i storm når kvardagsservicen er så elendig. Telenor set folks liv og sikkerhet på spel, og det har dei gjort i mange år. Godt hjelpt av neglisjerande lokalpolitikarar som meiner at folk får vere nøgde med det dei får, her på bygda.

Når stormen rammar kjem det statsrådar til Sogn og Fjordane, men til dagleg, når fasttelefon og internett forsvinn i dagar og veker, meiner ordføraren at ein syt om ein seier frå og klagar på nettet. Telenor tilbyr ingen service då. Korleis kan dei då takle ein storm?


Les også Drukna i turisme: satsar på turisme framfor telefon og internett til lokalbefolkingen.

Eller: Internett virkar ikkje. Må arbeide i ein fjøs.

Industriell søppelkalkun - festmat?

Publisert 21. desember 2011

Når ein veit korleis produksjonen går føre seg, er det vanskeleg å forstå korleis kalkun kan kallast festmat.

Jula er rundt hjørnet, og hos mange står kalkun på festmenyen. Då NRKs Forbrukerinspektørene laga programmet «Egg og kylling» om fjørfeproduksjon i Norge (12. oktober), sleppte ikkje journalistane inn på Nortura sitt slakterianlegg. Vi kan spekulere i årsakene, men noko veit vi: Slakterianlegg i Norge manglar slakteriutstyr som er tilpassa storleiken på kyllingane. Mange kyllingar, etter bedøving, passerer knivane utan å få halsen avskoren, altså utan å bli avliva.

Enkelte slakteri har hatt fritak frå slakteriforskrifter slik at kyllingane i praksis vart slakta levande, utan bedøving. Når vi veit dette, er det tryggast å stenge dørene og servere forklaringar om at slakting er eit sterkt syn som ikkje passar seg på tv. Vi veit at kyllingtransportane til Nortura køyrer utan varme på om vinteren (for å spare pengar) og utan godkjende lufteanlegg sommarstid (for å spare pengar), noko som gjer at fjørfeet anten frys i hel under vegs eller blir kvelte medan bilane ventar på å lesse av ved slakteria.

Er banda mellom næring og tilsyn for nære? Det er ikkje alt som lyser på middagsbordet som toler tv-kameras søkelys.


På sine nettsider skriv Nortura dette: «- fra råvarer til merkevarer. Norges ledende aktør innen kjøtt og egg. Vi leverer landets fremste merkevarer. Nortura er en garantist for at forbrukeren får et mangfold av kvalitetsprodukter med likeverdige tilbud i hele landet».

Merk deg «landets fremste merkevare». Slagord og biletbruk er heftig nytta for å skape historier om produkta dei ønskjer å selgje deg, men slagorda i marknadsføringa av norske fjørfe kunne vel knapt vore lengre frå røynda.

Det folk vil ha: Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) sa på eit møte i Småbrukarlaget tidleg i november, at det er avgjerande for landbruket å levere det forbrukarane vil ha: «Vi er heilt avhengig av å ha eit godt forhold til forbrukarane. Forbrukarane vil ikkje finne seg i at vi politikarar skal bestemme kva folk skal ha på tallerkenen», sa Brekk til landsmøteutsendingane. (Nationen 5. november 2011). Brekk snakka vidare om at legitimiteten til bøndene avheng av at ein leverer det forbrukarane etterspør.

Spørsmål: Vil norsk fjørfe behalde sin legitimitet om forbrukarane visste meir om korleis produksjonen går føre seg? Er fjørfeproduksjonen slik den går føre seg i dag, det forbrukarane vil ha?

Fakta: Fjørfe i Norge er ikkje friske dyr som ville sprunge rundt på tunet med kyllingar om dei fekk lov. Det er dyr som er avla opp for eit liv på betong.

Kalkunar: greier ikkje pare seg naturleg fordi dei er for feite. I naturen utan evne til formeiring, og med store, unaturlege kroppar, ville dei effektivt utrydda seg sjølv. Grunna overvekt slit dei med hofteleddsproblem. Det er difor kalkunar i fangenskap verkar svært rolege. Dei har for vondt til å røre seg.

«Kalkunar sliter med halthet og sirkulasjonsforstyrrelser. Helseproblemene skyldes den hurtige veksten, som nesten er fordoblet i løpet av de siste 25 år. Verken hjerte-/karsystemet eller skjelett- og seneapparatet utvikles proporsjonalt med kroppsstørrelse og -tyngde. Ein periode på 1990-tallet oppsto omfattende problemer med at kalkunenes hud revnet på grunn av forets sammensetning. Det benyttes kunstig inseminasjon, da fuglene ikke er i stand til å pare seg naturlig». (Kilde St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd).

Spørsmål: Korleis kan ein kalle kalkun produsert på denne måten for festmat?

Reklamen: «Prior har produkter av kylling, kalkun og egg. Med den nye visjonen ‘Gjør livet lysere’ tilbyr vi deg sunn og trygg mat som vil gi forbrukerne gode matopplevelser, og være tilpasset den moderne forbruker. Prior skal gjøre livet enda lysere på alle norske fest- og kjøkkenbord». (Prior, www.nortura.no)

Industrielle verpehøns.
Verpehøns kan ikkje lenger ruge. Rugeeigenskapen er bortavla fordi høner som ruger, tar ein verpepause, ergo må eigenskapen bort. Å ta verpepause er uøkonomisk i ein industri der eitt egg skal leggast kvar dag, året rundt. Hønene sit fjørlause i bur, eller oppvarma hallar, ingen av alternativa særleg hensiktsmessige med tanke på dyrevelferd.

Om dyrevelferd skriv Nortura: «gjennom mange år har (det) vært stort fokus på dyrehelse i Norge. Både gjennom avlsarbeid og annet forskningsarbeid, samt aktiv deltagelse og ønske om forbedring ute hos produsentene.»

Broilerkyllingar: toler ikkje fri mattilgang, evne til matregulering er øydelagd gjennom avl. Ein har avla fram dyr som berre toler å ete førti prosent av det dei hadde sett til livs om dei fekk fri tilgang til mat. Grunna matrestriksjonane går dei konstant svoltne. Det er desse kyllingane som skal, ifølge Prior, «lyse opp» ditt middagsbord.

Etterlysing: bevisste forbrukarar. Men ein høyrer sjeldan frå forbrukarane. Forteljingane om norsk fjørfeproduksjon si fortreffelegheit er vel det nærmaste ein kjem indoktrinering. Der finst ulike forklaringar: Forbrukarane føler seg makteslause, dei trur på historiene om fjørfenæringa eller dei bryr seg ikkje.
Eventuelt manglar dei informasjon. Det er så vasstette skott mellom næringar og forbrukar at ein nesten må vere dyrlege for å få innsikt i kva som går føre seg.

Problem: Det er vanskeleg for forbrukar å stille krav når forbrukar ikkje får tilgang til informasjon om kva som skjer i næringane.

Fakta: Prognosene for 2011 viser at cirka halvparten av kraftfôret vi nyttar i Norge i år, vil vere importert. Totalt 900. 000 tonn. (Kilde: SLF og NILF). Norge beslaglegg 2,5 millionar dekar mark utanfor Noregs grenser for produksjon av kraftfôr. Kraftfôrproduksjonen er driven av, og prisane haldne nede, ved bruk av sosial dumping.

Fjørfenæringa baserer seg eine og aleine på kraftfôr som mat. Kvitt kjøt som kjem frå kraftfôretande fjørfe er ikkje betre for helsa di enn raudt. Det er kvitt kjøt frå fjørfe på naturleg grasdiett som er helsefremjande, men dette forskingsfunnet er for mange ein godt bevart hemmelegheit. Kanskje ikkje utan grunn all den tid eit krav om grasbasert fjørfeproduksjon ville slå beina under næringa slik den er i dag.

I den framlagde landbruksmeldinga ser det ut til at fjørfenæringa vil halde fram som den stevnar. Sidan forbrukaren etterspør fjørfe, vil det bli det dei får. Under dekke av at utgiftene må haldast nede, vil produksjonsforholda forbli som dei er.

Etterpå vil forbrukaren få skulda. Fjørfenæringa produserer trass alt berre det folk vil ha. Metodane dei brukar, eller etikken, er i følge næringa gode nok. Men vi er etter kvart ganske mange som ikkje ønskjer å ete søppelkjøt frå sjuke dyr på nyttårsafta.

Spørsmålet eg stiller meg er dette: Kan norske industrikalkunar kallast for festmat?


Trykt som kronikk i Bergens Tidende 21.desember 2011.

Anne Viken er veterinær og bloggar på anneviken.blogspot.com