ANNONSE
1.1024839.1505200912

Angsten sin seier over framtida

Vi valde eit kjøligare samfunn. Det er greit for oss som har tjukke jakker, men ikkje alle har det. Vi har tynnkledde medborgarar som og vil gjere nytte for seg og å ha verdige liv. Desse får fire nye år med nedsnakk og strammare rammer.

Eg vakna i natt klokka 0220 av at eg drømte at eg grein. Eg slo so opp på nyheitene på nettbrettet på nattbordet. Då tok eg til å grine for alvor. Eg tok til å grine for alle som ikkje er kvite, friske og privilegerte som meg sjølv. Dei får fire nye år med Høgre bak rattet, i ein kvardag der dei dagleg blir minna på at dei er verken kvite, friske eller privilegerte. Dette blir dei minna på med krenkande språk, hån og stadig innskrenka rammer for å leve eit likeverdig, likestilt og anstendig liv. 

Vi får no fire år med eit sjølvgodt Høyre som halvhjerta freistar å tøyle eit Frp som stadig tøyer grensene for anstendigheit. Halvhjerta, fordi Frp får støyten for ein politikk Høyre sjølv både dikterer og står inne for frå A til Å. Frp, eit parti som dagleg krenker grunnverdier om fellesskap og individet sin ukrenkelege status. Eit drittparti som nesten ein halv million av oss stemmer på. Eg lever saman med nesten ein halv million menneske eg skjems av. Hilary fekk tyn for sitt "deplorable". Eg er ikkje Hilary. I deplore you all.

Det er godt de har vener i kvarandre. Ingen av dykk er mine vener. Demokratiet gir dykk lov til å klynge dokker saman i ein stor klan av likesinna. Demokratiet gir meg høve til å forakte dykk av heile mi sjel. Eg har medynk med den angsten desse sjelene må bere rundt med til dagleg. Angsten for å gje slepp på eit einaste gode for å hjelpe eit einaste menneske.

Eg forakter og alle som let Frp ture på. Eg forakter at Venstre klarar seg fast på brua i høgreskipet, som gong på gong viser at dei ikkje har verken sjel eller hjarte. To parti som ynder å setje krav til andre, men som gjer seg sjølv amnesti til å trakke over dei minste og svakaste med jernskodd hel og ukvemsord. At Venstre har som sin fremste hobby å håne lærarstanden har etter kvart blitt eit dagleg ritual å oversjå. At mikropartiet der i mot likevel har makt til å kødde til det meste, OG gjer det, er nesten ikkje til å leve med. Venstre i praksis er ein hån mot sosialliberalismen.

Eg gruer meg til fire år der våre svakaste må finne seg i stadig nye grep som vil forringe kvardagen deira, nappe kroner ut av allereie slunkne budsjett og prise helsa og velferden deira lågare og lågare.

Eg er trist og lei. Trist og lei.

Fire nye skråsikre år, der vi i profesjoner i offentleg sektor må rekne med enda meir overstyring og nedsnakking. 

Fire nye år der vi skal løftast løftast løftast og føler oss meir og meir nedtrykt og forakta for kvar løfting. Neste gong eg høyrer om "norske verdier" skal eg drøyme meg vekk til svenske tilstander.

Fire nye år, der folk skal lurast til å tru at dei får betre livskvalitet med lette i person- og eiendomsskatt. Skattelette som du ikkje merker før du er so steinrik at du klarer deg uten. Kanskje du merker det når kreftmedisinen du treng for eit ekstra leveår har blitt for dyr, grunna ein politikk som heller vil ha rimelegare påhengsmotorar enn styrka folkehelse.

Vi har blitt so rike at vi har blitt for fattige til å dele. Høge på oss sjølv. Høge på materiell velstand og dyre feriereiser. Velfødde gjøgrisar som helst vil bygge høge murar mot all verdas faenskap og la alle som ikkje fyller våre krav, segle sin eigen sjø. Vi har vraka mangfaldet og gått inn i det einsame, triste og egoistiske einfald.

No skal eg legge meg att, og vil ikkje anna enn å sove. Reknar med at det er fåfengt å knipe seg i armen. Dette er eit mareritt vi sjølv har bretta fint saman og køyrt ned i valurnene so hardt at det for eit gufs av kjøld gjennom og ut av vallokalet. Eit gufs som vil vare i fire år, og bli kaldare, råare og meir og meir gjennomtrengande. "Det fins ikke piller mot møkkete vann", og det fins ingen parkas varm noko til å halde varmen i Høgre sitt nye Norge.Den lille redde egoisten i oss sørger for det.

Allerede Kinck skreiv: "Når det er aften i Europa, kaster selv dvergene lange skygger". Eg tykkjer skyggene er for lange og for mange. Dette sitatet er for øvrig tatt frå baksida av ei bok av Erling Aadland.

Der skriv Aadland og for eiga rekning:

"Jeg kjenner ikke tingene til bunns, men er kommet til at du bør gå så lenge i tiende klasse at de tror du er vaktmester".

Eg grin for våre unge som skal ut i det kalde samfunnet som no blir bygd, isblokk for isblokk. Unge som skal testast og vurderast hyppigare og grundigare, som dei var husdyr på utstilling.

Politikarar som brukar dei styggaste orda om dei i verda som har minst av oss alle, skal halde fram med å legge stadig trangare føringar for livsutfalding. Dei mest liberale partia vi har i dag er startar ved Arbeiderpartiet og går mot venstre på partiskalaen. Det er kun desse partia som anerkjenner mangfaldet som realitet og ressurs, og som vil gje både det profesjonelle og det private spelerom til livsutfalding på eigne vilkår.


Dei fattige får i fire nye år skulda for fattigdom, og krigsoffer får i fire nye år skulda for krig. Opp er ned og ned er opp.

Klokka er 03:15. Det er seint i eit ungt og nyrikt land som ikkje lenger hugser kva kår det kom frå, med borgarar som har bytta ut langtidsminnet med grådigheit.


Se også

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!