Annonse
Annonse
Terje Marøy
Innlegg: 41
Kommentarer: 527

Gazas tårer - og bakanfor?

- 2661 visninger Innlegg

Vibeke Løkkebergs film syner kvifor det var naudsynt for Israel å stengje journalistar ute. Dei ville lyge om hendingane. Filmen syner og at Eirik Fosse og Mads Gilbert tala sant. Og bakanfor ligg ein tapt krig mot terror.

Eg har sett filmen. Alle som vil meine noko om krig bør sjå han. Ved å gå inn i draumane og opplevingane til tre born i Gaza, syner Vibeke Løkkeberg kva livet handlar om.

Livet er ynskjet ...

... om å skape, der talent skal vakse og blomstre. Krig løyser ikkje noko som helst, den skapar sår - som gjer framtida tyngre og utfordringane enno større. Desse tre borna skil seg ikkje mykje frå våre eigne; bortsett frå at krigen øydelegg vona.

Bomber i verdas tettast folka område kan ikkje føre godt med seg. Ved å bruke filmane til lokale fotografar, gir Løkkeberg oss nærleik til hendingane. Akkurat den nærleiken militærsensuren ville løyne. Bilete av redsla til sivile i flukt frå sundbomba bustadområde gjer noko med folk.

Enno sterkare ...

... står det sjølvsagte. For kvar som blir drepen, står nokon att. Den definerte fienden er born som saknar ein far eller mor, syster eller bror. Eller vaksne som ser at framtida, borna er borte.

Den handa som tørkar tåra frå Gazas born i den såraste timen, er og den handa som leier barnet vidare. Til fred - eller til meir vald. Forsoning eller hat.

Sjølvsagt ...

... kjem dei himmelfrelste her heime med motseiingane, filmen er kryssklipt og gjev ikkje rett bilete. Løkkeberg hevdar at slik gjer kvar einaste redaksjon, og ikkje minst Israel sjøl. Det er slik at eit fly fyrst skremer med lyden det ber med seg, så drep det med bombene som drapspiloten sender frå seg. Skildringa ber med seg eit realistisk bilete av kva krig er; fyrst og fremst redsle, dernest sorg og sist politikk.

Difor er eg og så sterk motstandar av krig som eit verktyg i den utanrikspolitiske verktykassa, som sofa-kommentatorar lirer or seg, utan tanke på kva verktyet gjer med folk. Krig blir eit premiss i utanrikspolitikken i staden for ei siste løysing.

Eg slepp filmen her. Den bør sjåast av alle.

Bakom filmen ...

... ligg den uløyste over 60 år gamle konflikta. I strid med alt verda kjenner til, vedtok FN å oppretta ein jødisk stat på vilkår som aldri tidlegare var gjort. Dei tredde ein ny stat ned over hovudet på eit anna folk, som måtte underkaste seg. Rett nok skulle dei ha borgarlege rettar, men dei vart underlagt andre i sitt eige land. Etter kvart har dei borgarlege rettane og smuldra bort. Ikkje ein gong dei palestinarane som busette seg i Israel har fått att jorda dei vart drivne vekk frå.

Den nye staten vaks fram gjennom terror og enisk rensing. Fleire massakrar skremde folk frå heimane sine, og dei fekk aldri venda attende. Gjennom fire krigar har Israel, med sterk støtte frå USA, utvida området sitt - og sett jarnhælen på det palestinske folket.

Eitt er krigane. Truleg er den daglege terroriseringa og audmjukinga frå herrefolket den viktigaste årsaka til det veksande hatet. Etter kvart har unge palestinarar tatt til seg den israelske taktikken før og etter statsdanninga, reine terrorhandlingar.

Mislukka strategi

Som den israelske militærmakta - angrip og palestinarar reint sivile mål og drep skuldige som skuldlause. Dei er bundne saman i ein odskapsspiral, som ingen av dei kjem seg ut av. Strategien er mislukka, særleg for palestinarane.

Dei har korkje våpen eller andre ressursar som kan måle seg med den israelske militærmakta når det gjeld effektiv terror. Slik blir og tapstala 50-1 til israel eller der omkring.

Rakettane

Ingen stat vil godta rakettåtak på eiga mark, som Israel grunngjev åtaka sine med. Fleire titusen rakettar seier propagandaen. Israels informasjonsoffiserar lyg konsekvent om kva som skjer. Ingen veit difor kor mange rakettar som er skotne opp frå Gaza. Men om vi tippar at talet er ti prosent av propaganda-tala, så er det likevel for mange. Ein rakett er for mykje.

På israelsk mark? Jaudå, innanfor statens grenser. Men mykje av denne marka er stolen frå palestinske bønder, der dei sjølve og etterkomarane ser at deira fedres jord blømer og gir profitt til tjuvane. Berre hat er den naturlege kjensla for dei som ser slikt, og samstundes sit innesperra på 30 gonger 10 km, i stor armod.

Like lite som palestinske rakettar, kan israelske bomber fjerna røtene til dette hatet. Berre ein forpliktande fred kan vera fyrste spiren til forsoning.

Noko å miste

Til no er alt som det internasjonale samfunnet freista byggje, rive ned att. Israel klagar over at palestinske styresmakter ikkje slær ned på valdelege grupper, medan dei sjølve bomba både politistasjonar med tilhøyrande arkiv, fengsel og politiske institusjonar.

Inga styresmakt kan kontrollere noko som helst utan dei verkty ein treng for å gjera dette. Inkje anna enn kaos fylgjer av institusjonell kollaps, det veit Israel, og dei har sjølve skapt kaoset dei klagar over.

Fredsbygging er å leggja stein på stein. Fyrst når nokon får eit kvart å miste, får dei og noko å verne.

Johan Galtung ...

... seier ikkje som hin frå litteraturen, at kompromissets ånd er Satan; (høyrest som Brand - men eg hugsar ikkje). Men han har mist trua på at kompromiss er løysinga i denne konflikta. Han vil ha ei grensesprengjande løysing. Noko nytt. Korleis det nye skal sjå ut, veit vi ikkje heilt i dag.

Men ein kjem ikkje utanom å gi palestinske flyktningar ein marknadspris på det dei er drivne bort i frå. Det internasjonale samfunnet må i byte  for fred gi fødehjelp til den nye staten, eller kanhende ein føderasjon med like demokratiske rettar for alle, hvis vi fyrst skal sprengje grenser? Investeringar må kome. Ikkje minst må folket sjølv få trua på at det dei byggjer i dag, ikkje blir sundsprengd i morgon.

Gaza har til dømes kimen i seg til å bli porten mot den muslimske verda, der midt-aust og Europa kan møtast. Slik kan fred gagne både eit ope Israel og eit ope Palestina. Vibeke Løkkebergs born kan drøyme, eg nøyer meg med å pirke.

Krig mot terror

I dag er det klart at den såkalla krigen mot terror ikkje kan vinnast militært. Eg skreiv sjølv om dette i "De nye korstogenes tid", ein antologi utgjeven på Spartacus forlag i 2002.

Terror er det nye våpenet som fattige tyr til i kamp mot dei store militærmaktene. Sjølv eit samla Nato, med Israel i front, klarer ikkje å stå mot små bandar i afghanske fjell. Noko betre er resultatet av god gamaldags politistrategi på heimebane, som vistnok har hindra fleire terrortåtak enn dei meiningslause krigane på framand mark. Og til ein mykje lågare pris, både i menneskeliv, skadde og pengar.

Utan å oppnå noko som helst, er desse krigane i ferd med å kvele internasjonal, og særleg amerikansk økonomi.

Om inkje anna, så skulle omsynet til oss sjølve få oss til å tenkje på andre løysingar.

Utan løysing på den palestinsk-israelske konflikta, kan kampen mot muslimars terror aldri løysast. (Eg minner om at terror for kristne framleis er historisk dominerande. Falsk grunngjeving for krig, krenkjer og grensa mellom sivilisasjon og terror - men det rekk eg ikkje å gå inn på her.)

Tennsats

Om bomba er aldri så stor, er ho harmlaus utan tennsatsen. I storleik er den palestinsk-israelske konflikten av dei mindre i Midtausten. Men den har i seg kimen til noko større. Den gir grobotn for nye rekruttar til både motstandsrørsler og terror-organisasjonar.

Kvar einaste muslim, og vi andre utan skylappar, ser dobbeltstandarden i det vestlege verdisynet. Vi skrik høgt om demokrati og brorskap, så lenge det gagnar våre eigne interesser, gjerne av økonomisk art.

Men vi gjer lite for å løyse det som er viktig for ein muslim; fritt tilgjenge til sin tredje heilagdom og frigjering av deira palestinske broderfolk. Nato går gjerne til eit meiningslaust hevnåtak mot Afghanistann, etter at sudi-arabarar sprengde tre bygningar i USA. Vi lyftar ikkje ein finger for å hjelpe palestinarar etter at dei har mist fleire dei siste åra enn USA i World Trade Center.

Når vi hevnar oss, vel vi ein strategi som tek livet av hundretusenvis av sivile muslimar. Ikkje stort å byggje fred på.

Eg skal ikkje gå ...

... i djupna av eit kompleks bilete. Det er likevel ikkje fakta som styrer aksjon og reaksjon i verda.

Det gjer derimot menneske si subjektive tolking av fakta.

Slik sett nyttar korkje krig, fagre ord eller fordømande ord.

Berre tingingar fiendar mellom, at ein snakkar med dei ein vil kjempe mot, kan løyse låste frontar. Fyrste og einaste staden å starte, er å løyse konflikta mellom Israel og palestina. Alt anna er nyttelaust om ein vil vinne den muslimske verdas "hearts and minds".

Utan reell vilje til det, sender vi og norske soldater i dauden for ei tapt sak.

Terje Marøy

http://www.stigmavakta.no

Joakim Møllersen
Innlegg: 14
Kommentarer: 695

Kommentar #1

Flott innlegg. Jeg har ikke sett filmen ennå, men det er bra at offentligheten vises hva Israel faktisk driver på med. Vi har jo fått et lite oppsving i å vise krigens sanne ansikt i det siste med Armadillo (meget bra film), WikiLeaks og nå Gazas Tårer.

Løkkebergs film er blitt kalt den ultimate antikrigsfilm og det må jo sies å være en hedersbetegnelse. Dessverre gir det et noe forrvridd bilde av hva som skjedde under de 22 dagene Israel invaderte Gaza.

Under aksjonen ble 1.417 palestinere drept, hvorav 350 barn. 13 israelere mistet livet.  Fire av disse ble skutt av israelske kuler. Tre var sivile som ble rammet av palestinske rakett- og granat angrep i Israel. Vi står altså med en drapsratio på 109 - 1.

Breaking the Silence er en israelsk organisasjon bestående tidligere soldater. Deres aktivisme består i hovedsak i å intervjue sodater om livet i det israelske forsvaret. Etter invasjonen i Gaza sa nesten alle intervjuobjektene at de ikke hadde deltatt i noen kamper, men likevel brukt "sinnsyke mengder ammunisjon". En soldat sa han følte seg som et barn som brenner maur med forstørrelsesglass. Israel kaller dette for krig, men det er i virkeligheten ikke annet enn en massakre.

"Men det regnet jo raketter fra Gaza inn i Israel", sies det. Vel, siden 2001 har 28 mennesker blitt drept i Israel og i israelske kolonier på palestinsk land. Israel tok livet av 1.417 på 22 dager. Hamas har for øvrig et stående forslag til en 10-årig våpenhvile med Israel: At Israel trekker seg tilbake til grensene før 1967.

Den FN-utnevte "Gaza factfinding mission" skrev en rapport og ble ledet og ført i pennen av den sørafrikanske sionisten Richard Goldstone. Her er et lite utdrag fra den:

Israel’s military assault on Gaza was designed to "humiliate and terrorize a civilian population, radically diminish its local economic capacity both to work and to provide for itself, and to force upon it an ever increasing sense of dependency and vulnerability”.

Terje Marøy
Innlegg: 41
Kommentarer: 527

Polarisert debatt

Kommentar #2

Gode Joakim Møllersen

Takk for innlegg. I motsetnad til deg er eg ikkje ajour med talmaterialet. Eg trudde ikkje mishøvet var så stort, men la gå. Poenget er at dette ikkje må halde fram i det uendelege.

Eg har sjølv budd i den israelske byen Naharyia ei mils eg frå Libanons grense. Eg var i Gaza då den uvæpna intifadaen starta i desember 1987. Den gongen svara og Israel med å drepe, var det kring 1700, som svar på det som mest var ytringar mot undertrykking.

Drapstala er eitt. For kvar drepen, vil ein kunne multiplisere mange gonger talet på skadde. Mange med varige funksjonsnedsetjingar. Dei skal leve vidare i eit samfunn der ingenting ligg til rette, korkje for dei, eller folk utan slike skader. Summen av dette blir ille.

Massakre

Du kaller åtaka i fjor for ein massakre. Det er eit særs sterkt ord. Sett til mangel på proporsjon i våpenmakt, trur eg ordet kan nyttast. Men dette er ikkje einaste massakren i denne konfliktas nyare historie.

Fleire av desse massakrane blir løynde av den valde undertrykkingsstrategien. Den israelske militærmakta IDF let det vera luft mellom drapa. Eitt drap her, og eit anna der, kanhende ein dag  - eller to-tre - mellom drapa. I sum blir det ein massakre kvar einaste månad. Men dette strategivalet får verda til å late att augo. Israel slepp unna det same som Serbia måtte betale dyrt for.

Viktige motrøyster

Det er spesielt å bli kalla antisemitt når ein lyfter røysta si mot slik terror og undertrykking. Difor er slike miljø som den israelske fredsrørsla og veteranorganisasjonar som Breaking the Silence og Yesh Gvul viktige. Yesh Gvul har skrive i tekstboks Gjest på nettsida mi, http://www.stigmavakta.no

Ingen kan skulda desse jødane for antisemittisme. Dei er heller tidsvitne om ein grusom tidsbolk i den israelske statens nyare historie.

Desse miljøa ...

... er viktige å lyfte fram i ein polarisert debatt. Det er og viktig at Palestina-aktivistar oppmodar til kontakt med desse miljøa. Like eins er det viktig at israelsvenene søkjer kontakt med den palestinske fredsrørsla. Sjølv intervjua eg Mubarak Awad for meir enn 20 år sidan. Han forkynte ikkjevald inspirert av Mahatma Ghandi sine læresetningar.

Fred i dette området kan aldri bli bærekraftig om ikkje desse to folka finn løysingar som begge ser seg tent med.

I dette arbeidet blir fredsrørla ein viktig missing link, som i dag er fråverande i den lenka som skal knyte dei saman til to broderfolk. Og dit er det framleis ein lang veg å gå.

Terje Marøy

http://www.stigmavakta.no

 

 

Joakim Møllersen
Innlegg: 14
Kommentarer: 695

Kommentar #3

Det tragiske i det hele er at i USA har de laget et ord for for jøder som er uenige i Israels undertrykking av palestinerne. "Self hating Jew" kaller de dem. En amerikansk (jødisk) kompis fortalte meg det for noen år siden. Jeg syntes nesten det hele hørtes komisk ut, men når jeg undersøkte litt så jeg hvor omfattende dette patetiske uttrykket er i bruk og hvordan det brukes for å få folk til å føle seg som forrædere og skremme andre fra å uttrykke sin menneskelighet og heve stemmen mot urettferdighet.

Det du beskriver og det stadig flere i Norge og verden får øynene opp tyder dessverre stadig mer på at Israel er i ferd med å miste bakkekontakten totalt. De stenger seg inne, overbeviser seg selv om at alle hater dem av antisemittiske årsaker mens de fortsetter å behandle palestinerne som dyr.

Terje Marøy
Innlegg: 41
Kommentarer: 527

Sjå og lær

Kommentar #4

Eg vaks opp i ein pinsevenfamilie, der læra er svært så fundamentalistisk i synet på jødar og det lova landet. Etter sjølv å ha budd i landet ei tid, inviterte eg mor nedover, medan den fyrste intifadaen var på sitt sterkaste. Både for henne og meg var sjølve landet interessant, mest som å kome til våre røter.

Hendingane der nede har prega norsk kultur mykje meir enn arven etter dei gamle vikigane.

Så tok eg henne med til Gaza ei lita veke, let henne møte kjenningar og vener eg hadde fått der. Tok henne innom sjukehus, let henne sjå på såkalla opprør, der born demonstrerte mot undertrykking.

Ho vart aldri den same. I veneflokken heime minna ho brørne og systrene om at palestinarar og var ein del av skaparverket, skapt i Guds bilete som anna folk. Mange måtte gå i seg sjølve og innrøme, at det ikkje nett var desse dei hadde teke med i bønene sine når dei tenkte på Israel og naboane kring dei.

Det blir skeivt når eine fronten i ordskiftet ikkje vil ta bort skylappane og sjå. Dei vil heller høyre kva andre seier, og gjera seg opp ei meining utfrå den propaganda som stemmer med overtydinga dei alt har.

Som fru Else Michelet i NRK sa: Ein gubbe er ein som har tenkt dei tankane har tenkt å tenkje i livet.

I israel-palestina-ordskiftet ser eg mange gubbar, av båe kjønn, som er forgubba frå ung alder og oppetter.

Apropos skrifta, som mange kristne les som fanden sjølv, og tyder henne som om den skulle vera eit tinglyst skøyte. Sjølv om Israel vart skipa etter eit sekulært mistak i FN, er det tvillaust religiøs overtyding som driv den amerikanske støtta til landet, applaudert av norske fundamentalister. Det står ikkje eit kvidder om at Israel skal vera jødisk eigedom til evig tid. Tvert i mot. I den grad ein skal nytte skrifta, står det om Ibrahim at han skal bli opphav til ei mengd folkeslag som skal erve riket. Ei moderne tyding skulle difor vera at området skal vera eit mangfaldig demokrati, med like rettar for ei mengd folkeslag. Som kjent var Juda berre ein av Jakob/Israels søner, oldebarn av Ibrahim. Ismael var grandonkelen hans.

Sjølvsagt skal ein ikkje leggje religion til grunn for hendingane. Men ein må kjenne til dette for å skjøne dei sterke kjenslene som er knytt til dette området. Religiøs overtyding er sjeldan lett å vende. I denne striden står trua førebels i vegen for freden.

Terje Marøy

Del dette innlegget: